Kurs i gamle handverk



Like dokumenter
Kurs i gamle handverk. Overflatebehandling av eldre hus Praktisk øving i turrmuring

Kurskatalog Bygningsvern i Valdres

#1 SMIING FOR UNGDOM #3 KARVESKURD

Heime og på støle. - områdetiltak for satsing på stølsbruken i Vestre Slidre

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Lokal forvaltning av stølsområder. 6. april 2013 Valdres Natur- og Kulturpark

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Forslag frå fylkesrådmannen

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

«Ny Giv» med gjetarhund

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Lønnsundersøkinga for 2014

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Kulturlandskap på alles tunger

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

M/S NYBAKK SI HISTORIE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Handlingsprogram og økonomiplan

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

BARFOT HOVRØKT OG. med Sigbjørn Ånes og Kleo Delaveris Handnesgarden -senter for naturleg hestehald. Korleis verke ein hov?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Fjellstyret har den oversendt søknaden til Statskog og Oppland fylkeskommune til uttale.

98-/-17 Handlingsprogram og budsjett 2018

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

BARFOT HOVRØKT OG. med Sigbjørn Ånes og Kleo Delaveris Handnesgarden -senter for naturleg hestehald. Korleis verke ein hov?

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Guide. Valen Asyls Gravlund. Gøymt, men ikkje gløymt. til

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

Høring - finansiering av private barnehager

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Støtteordningar og søknader

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Til deg som bur i fosterheim år

Team Hareid Trygg Heime

Samansette tekster og Sjanger og stil

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kurskatalog Restaurering og tradisjonshåndverk. Valdresmusea, Verne-Vøla og Valdres Natur. og Kulturpark

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

EnergiKompe- tansesenteret

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Setring ved Håbakkselet Hareid

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Transkript:

Kurs i gamle handverk

Kurs i gamle handverk I samband med restaureringa av Bjørkheimstølen (94/1) i Vestre Slidre Statsallmenning, arrangerer Valdresmusea AS kur i eldre handverksteknikkar og byggjekonstruksjonar. Målet med kursa er å byggje nettverk og varig kompetanse som vil koma handverkarar, eigarar, produsentar og verneinteresserte i regionen til gode. Valdresmusea AS er administrativt og fagleg ansvarleg for kursa. Kurs 3 Restaurering av vindauge: 18. 19. mars 2010. Påmeldingsfrist: 8. mars 2010. Kurs 4 Taktekking med never og torvjord: 8. 10. juli 2010. Påmeldingsfrist: 28. juni 2010. Kurs 5 Skifertekking: 15 17. juli 2010. Påmeldingsfrist: 5. juli 2010. Kurs 6 Restaurering av pipe og eldstad: Dato ikkje fastsett. Påmeldingsfrist: Dato ikkje fastsett. Kostnad Kursa blir arrangert på Valdres Folkemuseum og på Bjørkheimstølen. Kursavgifta er kroner 1500 per kurs. Kursavgifta inkluderer mat og kursperm. Hovudmålgruppe er handverkarar. Verneinteresserte, museumsfolk og eigarar av hytter og stølar er òg velkomne til å melde seg på. Det er bindande påmelding. Dei som trekker seg frå kursa utan å ha meldt i frå før fristen, blir fakturert reelle kurskostnader, kroner 4000. Kontaktinfo Odd Arne Rudi Ole Aastad Bråten Bygningsvernrådgjevar Fagkonuslent Valdresmusea Valdresmusea Tlf: 61 35 99 09 Tlf: 61 35 99 11 E-post: odd.arne.rudi@valdres.museum.no ole-aastad.braten@valdres.museum.no

Bjørkheimstølen Bjørkheimstølen (94/1) ligg i Vestre Slidre Statsallmenning, tilhøyrande bruket Bjørkheim (88/3) i Vestre Slidre kommune. Bjørkheim (før 1927 Ulvestadhagen) var opphavleg husmannsplass under garden Ulvestad. Plassen vart truleg rydda i 1770-åra. Fleire husmenn budde her fram til 1881. Då vart plassen dregen innunder hovudbølet att. I 1894 vart plassen seld til Skraddar n, Ole Olsen Magistad, som i 1907 selde han til Ole Olsen Lahaug. I 1927 døypte han plassen om til Bjørkheim. I 1983 overtok Astrid Nordli (Lahaug, 50/2 i Vestre Slidre kommune) Bjørkheim og Bjørkheimstølen etter syskenbarna til faren: Ola (1905 1999), Øystein (1907 1958) og Olga Bjørkheim (1913 1981). Valdres Natur- og Kulturpark og Verdiskapingsprogrammet for kulturminne Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til lokale natur- og kulturverdiar, skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Slik vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter. Kunnskapen knytt til heile spekteret av vår materielle og immaterielle kulturarv er viktige verkemidel i denne verdiskapinga. I 2006 starta Riksantikvaren satsinga Verdiskapingsprogrammet for kulturminne. Hensikta var å bidra til at kulturminne og kulturmiljø vart tatt i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv. Valdres er saman med Nord-Gudbrandsdalen ein av elleve pilotar for Verdiskapingsprogrammet for kulturminne. Dette betyr ei ekstra satsing på tiltak som kan gje auka verdiskaping i Valdres. Hovudintensjonen med programmet i Valdres er å styrke kulturarvsdimensjonane, med vekt på stølsliv og stavkyrkjer. I Valdres finn ein det største samanhengande stølsområdet i Nord- Europa. 400 av totalt 1600 stølsbrukarar i landet held til her. Valdres står også i ei særstilling i stavkyrkjesamanheng. Seks av dei 28 stavkyrkjene i Noreg ligg i Valdres. Kursserien er støtta av Valdres natur- og kulturpark gjennom Verdiskapingsprogrammet.

Restaurering av vindauge, 18 19. mars 2010 Dag 1 Klokka 09.00 17.00 Teoretisk innføring o Vindauge : konstruksjon, funksjon og kondensproblem. o Varmeøkonomi, U-verdi, akustikk og støyredusering. o Trekunnskap, skadedyr. o Døme frå prosjekt. Praktisk arbeid o Sesongutjamning med bygg-glas. o Demontering av glas og beslag. o Sliping av skraper. o Målingsfjerning: alternativ og vedlikehald av gamle overflater. o Samanføyingsteknikkar i tre. o Lim og limingsteknikkar. o Tilskjering av glas. Dag 2 Klokka 09.00 17.00 Teoretisk innføring o Linoljens historie, eigenskapar og aldring. o Bruksområde ute og inne o Moderne måling samanlikna med linoljemåling. Praktisk arbeid o Impregnering av tre. o Reinhald og rustvern av beslag. o Kitting med linoljekitt. o Målingsteknikk i samband med glas og dører (turkemiljøet). o Måling med linoljemåling ute og inne o Overflatebehandling av golv, glaskarmar og panel. o Penslar og penselvask. o Tettingslister, material og montering. Lunsj 12.30 13.15 begge dagar

Om kurshaldarane Sonja og Hans Allbäck I 1982 realiserte Sonja og Hans Allbäck draumen om det gode arbeidet og det gode liv. Som sjuke og arbeidslause menneske tvinga dei seg til å ta ansvar for sine eigne liv, og å legge grunnlaget for ein stabil økonomi og ein økologisk utvikling. Allbäck ynskte å arbeide saman, nær familien og i harmoni med naturen. Eit artig og kreativt arbeid ville gjere oss glade, seier dei to. Dermed utvikla dei eit nytt tverrfagleg yrke: glashandverket. På 1970-talet dreiv dei eit lite bygningsfirma i Skåne. Her arbeidde dei mellom anna med ombygging av eldre bustader. Med utgangspunkt i arbeid på musea og kontakt med eldre handverkarar vart dei etter kvart inspirerte til å søkje si eiga framtid i fortida. Studie i etnologi ved universitetet i Lund gav god teoretisk innføring. Her fann dei metodar frå 17- og 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, for framstilling av farge, kitt, trefyllmasse, lim og reingjeringsmidel. Espen Marthinsen Espen Marthinsen har sin yrkesfaglege utdanning gjennom prosjektarbeid i samarbeid med Norsk Handverksutvikling (NHU). I perioda 2003 2006 var Marthinsen tilsett som handverksstipendiat her. Då jobba han spesielt med kunnskapen knytt til turrmuring og muring med leire. I tillegg til sin yrkesfaglege kunnskap har Marthinsen akademisk bakgrunn gjennom eit 3-årig ingeniørstudie frå 1989 1992. Marthinsen driv firmaet MURING. Firmaet jobbar med eldre murkonstruksjonar og murteknikkar. MURING leverer ulike tenester; utførande, rådgjevande, instruksjon og forelesing, og er ein viktig aktør innan bygningsvernet i Noreg med fleire oppdrag i regi av Riksantikvaren og fylkeskommunane. Musea er òg ein viktig kunde, i tillegg til private eigarar som ynskjer å ta vare på unike bygg og anlegg. Odd Arne Rudi Odd Arne Rudi er utdanna tømrer med vidareutdanning innan bygningsvern. Sidan fyrst på 1990 talet har han i sommar -sesongane jobba mest som taktekkjar, med skifer av ymse slag, likevel mest med Valdres-skifer. Han har hatt oppdrag over store delar av aust -landet, og har også arbeid med freda og verneverdige bygg. Rudi har i alle desse åra vore i eit enkeltmanns foretak, men er i dag ansatt på Valdresmusea AS som bygningsvernrådgjevar.

Om initiativtakarane Valdresmusea AS Valdresmusea AS vart stifta i 2007 og er den konsoliderte driftsorganisasjonen for Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Ved dei to avdelingane i Sør-Aurdal er det aktive eigarorganisasjonar (båe stiftingar), ved Valdres Folkemuseum er det eit passivt styre (AS). Ved dei tre avdelingane er det venelag som er med og organiserer den friviljuge verksemda. Jamfør vedtektene for Valdresmusea AS er formålet å drive Kulturhistorisk bevaring, formidling og forsking, spesielt knytt til den lokale kulturarven. Det internasjonale museumsforbundets formålsparagraf skal ligge til grunn. Selskapet skal vidare drive sal av produkt og tenester, samt utøve annan aktivitet som er samsvarande med hovudformålet. Selskapet skal vera ein aktiv partnar i den regionale utviklinga av reiselivet i Valdres. Valdresmusea AS har 22 fast tilsette på heil- og deltid. Else Sprossa Rønnevig For om lag 25 år sidan fekk Else Rønnevig oppnamnet Sprossa. Bakgrunnen var eit brennande engasjement for den lokale bygningsarven og kraftige protestar mot det ho meinte var unødvendige og øydeleggande glasutskifting med falske sprosser på gamle hus. Rønnevig er interessert i bygningsvern fordi ho meiner det ikkje er likegyldig korleis det ser ut rundt oss. Vi har eit ansvar overfor dei som bygde og levde før oss og for dei som kjem etter oss. Godt utprøvde løysningar blir ofte forkasta til fordel for kjappe snarvegløysingar, seier Sprossa. Sprossa har skrive ei mengd bøker og artiklar og kjend frå aviser og vekeblad og program i radio og tv. Heime og på støle Stølsbruket i Vestre Slidre kommune er det mest aktive og intakte i landet. Kommunen og fjellstyret ynskjer å bruke eit treårig områdetiltak som oppstart på eit langsiktig arbeid med å sikre stølsdrifta i kommunen. Hanne Lykkja er tilsett i full stilling som prosjektleiar. Stølane har i mange hundre år vore viktige for landbruket i Slidrebygdene, og kulturlandskapet i fjellet ber sterkt preg av dette. Landbruket i Vestre Slidre har den mest aktive stølsbruken i heile landet, over 95 % av mjølkebruka tek buskapen til fjells om sommaren. Nedgangen i landbruket trugar no dette landskapet og den livsforma som har skapt stølslandskapet vi kjenner i dag. Det gamle kulturlandskapet med levande tradisjonar og stort biologisk mangfald er Valdres-landbruket sitt viktigaste bidrag til storsamfunnet. Skal vi redde stølsdrifta i Vestre Slidre, må vi jobbe både heime og på støle med tilbod til dei 91 mjølkebruka og alle andre som ynskjer å bruke stølane aktivt. Prosjektet vil få ansvar for mobiliseringsarbeid i lag med stølsbrukarane, arbeid med beitebruksplan, SMIL-midlar og andre utviklingsprosjekt.

Valdresmusea as www.valdresmusea.no www.valdres.no www.sprossa.no Verne Vøla Lokalavdeling for Fortidsminneforeningen