Årsmelding Øystese Fotball 2016 Styret Leiar: Ola Fjerdingen Kasserar Martin Lunestad Styremedlem: Arne Skeie Styremedlem: Jarle Ystebø Styremedlem: Camilla Fykse Vara: Lene Huun Valkomité: Rekneskap: Ola Mikal Fykse, Camilla Øystese, Øivind Kristiansen Vekstra Administrasjon Dagleg leiar: Roger Vassnes Sportssjef: Erling Fykse inntil 01.07 Møter og arbeid i styret Styret har i 2016 hatt i alt 14 styremøter og 2 arbeidsmøter. Arbeidsmøtene i samanheng med Øystese Cup Styreleiar møter fast i styret i Øystese Idrettslag. Organisasjon Klubben har i dag fem tilsette, med totalt 305 % stilling. Klubben sin daglege leiar gjer jobben på dugnad medan sportssjef (inntil 01.07)/dagleg leiar Telenor Xtra FotballSFO (100% til 01.07 60% etter 01.07) og assistenter på Telenor Xtra FotballSFO/idrettsSFO vert lønna av klubben.
Medlemmar Klubben har i 2016 hatt over 300 aktive medlemar og ein hadde i 2016 25 lag i seriesystemet som er på same nivå som tidlegare Ekstraordinært årsmøte Hausten 2016 behandla fotballgruppa eit forslag frå Norheimsund FK om samanslåing til Kvam FK. På ekstraordinært årsmøte i ØIL 2. november vart forslaget nedstemd. Representasjon Ola Fjerdingen har stilt på møter i regi av Hordaland Fotballkrets i samband med Kvalitetsklubb prosjektet. Erling Fykse har stilt på NFF sine møter i regi av Telenor Xtra (fram til 01.07) Øystese Kunstgrasbane Kapasiteten på bana er sprengt på dei fleste tidspunkt. Dessutan er det mykje uorganisert aktivitet på bana på tidspunkt då den ikkje er i bruk av klubben sine lag. Slik at det er folk på bana omtrent heile tida. Sportslege resultat Sesongen 2016 var ein dårleg sesong sportsleg for Øystese Fotball. Herrar senior A lag A-laget vårt leverte middels resultat i 3 divisjon menn på våren, etter sommaren vart det hovudfokus på å klare å stille lag og ein tapte bortimot alle kampane og enda heilt sist i 3 divisjon. I cupen vart det også nedtur då ein rauk ut i fyrste kvalikrunde borte mot Odda med 1-0 Hovudtrenar for herrar senior var Øyvind Olsen. Herrar senior B lag Låg rundt midten i 6 divisjon til våren men sidan A laget mista mange mann gav dette og dårlege rammevilkår for B laget. Hausten enda med kun tap (mange av dei store) og ein enda desidert sist i 6 divisjon også. Også her var det hovudfokus på å klare å stille lag og ikkje på å klare å vinne kamper Trenar har vore Ole Andre Glesnes
Herrar junior Juniorlaget rykka opp til 2 divisjon etter å ha vunne sin avdeling på våren, men på hausten forsvann mange mann og ein klarte ikkje å stille lag slik at juniorlaget måtte trekkast frå seriespel. Dette er fyrste gong på mange år at Øystese ikkje har klart å stille juniorlag Damer junior Damer junior vann sin avdeling på våren. Gjorde det litt svakare på hausten men havna midt på tabellen Hovudtrenar for damer junior var Joao Vitor med Vidar Østerbø som oppmann Ungdomsfotball Klubben har i 2016 hatt eit gutelag 00/01, eit gutelag 02 og eit smågutelag 03.I jenteklassen har ein hatt eit jentelag 01/02, og eit småjentelag 03. Gutelaget 00/01 Starta i 2 divisjon på våren men rykka ned til 3 divisjon på hausten Kom på 3. plass i 3 divisjon. Deltok og på Norway Cup i sommar, og gjekk vidare til a-sluttspel. Hovudtrenar for gut 00/01 har vore Sebastian Vangen fram til sommaren og John Bogevåg og Ola Fjerdingen etter sommeren med Geir Arne Fasteland og Ola Fjerdingen som oppmenn. Gutelaget 02 kom på øvre halvdel i si avdeling i 3 divisjon Hovudtrenar for gut 02 var Erling Fykse før sommeren og Ole Andre Glesnes etter sommaren med Terje Melstveit som oppmann Småguttelaga 03 Har klart seg heilt greitt i 2 divisjon Hovudtrenar for gut 03 har vore Joao Vitor med Hilde Børven og Elisabeth Joensen som oppmenn Jentelaget i 00/01/02 stilte 1-2 år yngre enn sine konkurrenter i jenter 17 serien og enda på nedre halvdel. Hovudtrenar for jenter 00/01/02 har vore Arild Hammer fram til sommeren og Svein Rune Stakseng etter sommeren med Karsten Samland som oppmann Småjenter 03 Vann si avdeling på våren og kvalifiserte seg soleis for 1 divisjon. Der har dei fått tøff motstand på hausten men enda likevel på ein fin 3 plass i 1 divisjon. Hovudtrenar har vore Øivind Kristiansen og oppmann har vore Torbjørn Eide
I tillegg til å delta i serien har alle laga unntatt dei to eldste vore med Sogndal Cup Sogndal Cup er ein tradisjon for laga frå 11 til 14 år der Øystese har svært gode erfaringar både sportsleg og sosialt Barnefotball Det har i 2016 vore 14 lag i barnefotballen. Dei fleste av desse spelar i lokal serie men enkelte lag har spelt i Bergensserie pga av få andre lag lokalt i Hardanger. Gut 04, gut 05, og jente 04 har alle deltatt i Bergensserie. Det er positivt at det i vår klubb deltek nesten like mange jenter som gutar i barnefotballen. På nokon trinn er 100% av ungane med på fotball. Barnefotballen er elles prega av positiv framgang og god/stor aktivitet. I 2016 har laga frå klubben deltatt i fleire cupar. I seriespelet prøver ein å legge til rette for jevne kampar slik at ungane lærer seg både å tape og vinne. Sportsplan Gjeldande sportsplan er revidert og styret oppmodar alle trenarar og foreldre til å setta seg inn i sportsplanen som legg føringar for klubben. Utdanning Aktiviteten på utdanning har ikkje vore so høg som den burde. Målet er å ha utdanna trenarar på alle lag. Målet er også å ha trenarar som ikkje er foreldre på alle ungdomslag. Også på dommersida burde det vore iverksett nye kurs då Øystese pr no har får få rekrutterings- og kretsdommarar for ungdoms- og seniorfotball. På klubbdommarkurs for barnefotballen våren 2016 deltok 31 stk. Nettsida Klubben har ei eiga internettside som webredaktør Trygve Laupsa og Roger Vassnes styrer. Heimesida har mellom 3 og 500 besøkande kvar dag og er soleis blant dei mest besøkte heimesidene i Kvam Fotballskular Klubben har i år arrangert to fotballskuler. Johan Torbjørnsens fotballskule i starten av sesongen med ca 70 deltakarar og TINE fotballskule like etter skulestart med omtrent tilsvarande antal deltakarar Ansvarleg for fotballskulane har vore Roger Vassnes Øystese Cup Øystese Cup vart arrangert for 5. gong i slutten av mai med 125 deltakande lag frå heile Hordaland og over 1000 deltakarar. Det var eit vellukka arrangement både med omsyn til resultat og kvalitet. Øystese hadde brukbart vær under cupen og omtrent
alle lag sa at dette ville dei delta på også i 2016. Dette er blitt Øystese Fotballs største inntektskilde Turneringsleiar for Øystese Cup i 2016 var Roger Vassnes Klubben bør starte arbeidet med Øystese Cup 2017 for å få inn fleire personer som kan bidra. Telenor Xtra Fotball SFO Øystese er ein av seks klubber i Hordland som er ein del av Telenor Xtra Fotball SFO. Dette er eit satsingsprosjekt frå NFF og vert i Øystese drifta av Øystese Fotball. 20 born er ein del av dette tilbodet der ein kan trene fotball kvar dag etter skuletid Øystese har også IdrettsSFO der 40 born frå 1 til 6 klasse har benytta seg av tilbodet om fysisk aktivitet kvar dag etter skuletid Erling Fykse var dagleg leiar for Telenor Xtra Fotball SFO/IdrettsSFO i tillegg til å vera sportssjef fram til 01.07. Etter sommaren tok Kristin G Teigland over. Resten av personalet vart også bytta ut. Ida Sørheim tok over for Arild Hammer, Ole Andre Glesnes tok over for Marcelo Ribeiro og Pedro Leitao tok over for Divaldo Cardoso Joao Vitor er også ansett ved IFO/SFO Klubbens dag Øystese arrangerte for femte gong i 2016 klubbens dag der ein samla ca 100 fotballspelande born til aktivitetar, bingespel, kampar på tvers av aldersgrense og mykje moro Dette er eit tiltak som vert vidareført i 2017. Klubbens dag samanfallar med fyrste heimekamp for A laget mot Nordhordaland Økonomi Øystese Fotball har inga gjeld eller uteståande fordringar For ytterligare informasjon om økonomien i 2016 viser me til årsrekneskap. Takkeord Øystese Fotball vil elles nytta høvet til å takka våre samarbeidspartnarar og sponsorar for god støtte gjennom sesongen. Styret ynskjer å retta ein særskild stor takk til alle trenarar/ leiarar/ tilsette og alle dei føresette som gjer at me kan byggja anlegg og driva ein klubb med høg aktivitet. Øystese 6. januar 2017 Ola Fjerdingen Jarle Ystebø Arne Skeie Martin Lunestad Camilla Fykse Lene Huun