MEDBORGERNOTAT. «Kva kjenneteiknar meiningane til dei nye veljarane til Senterpartiet?»

Like dokumenter
MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

MEDBORGERNOTAT # 5. «Norske velgeres tilfredshet med demokrati og regjering i stortingsperioden »

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Å løyse kvadratiske likningar

MEDBORGERNOTAT #6. «Holdninger til innvandring » Runa Falck Langaas Universitetet i Bergen August 2017

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Språkstatistikk for departementa for 2009

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Sosialdemokratiet i dag?

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Refleksjon og skriving

Elevundersøkinga 2016

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Til deg som bur i fosterheim år

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

HØYRING REGLAR TIL VAL AV SOKNERÅD, BISPEDØMERÅD OG KYRKJEMØTET HØYRINGSSVAR FRÅ BJØRGVIN BISKOP

Sogn og Fjordane R A P P O R T. Sentio Research Norge AS Verftsgata Trondheim Org.nr MVA. Mottaker. Deres ref:

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Kommunereform og demokrati - før, under, etter

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

tapte årsverk i 2011

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Den nye seksjon for applikasjonar

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Språkstatistikk for departementa for 2010

Analyse av kvantitativ undersøking Kinn kommune

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

UNIVERSITETET I OSLO

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Holdninger til Europa og EU


Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

TORSDAG 6. november NR ÅRGANG - LAUSSAL KR 20,- Høgre ned, AP opp HUSK - GÅ TUR I TYSVÆR. i Tysvær ko kulturhus!

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Spørjeundersøking om sentrumsområde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Intranett Spørjeundersøking i DOT Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

6-åringar på skuleveg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Rødts landsmøte. Vedtekter for Raudt framlegg frå vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Brukarrettleiing E-post lesar

Til læraren. H. Aschehoug & Co

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

Norske tenåringsmødrer få, men fattige

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Frank Willy Djuvik. Kor mykje makt har partiet? Partiet er [x] i regjering [] i opposisjon.

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Transkript:

MEDBORGERNOTAT #4 «Kva kjenneteiknar meiningane til dei nye veljarane til Senterpartiet?» Lina Hamre hamre.lina@gmail.com Universitetet i Bergen August 2017

Kva kjenneteiknar meiningane til dei nye veljarane til Senterpartiet? Frå ein oppslutnad på 5,5 prosent ved førre Stortingsval, har Senterpartiet opplevd ein vekst det siste halvåret som ser ut til å gje partiet ein oppslutnad på om lag det doble ved valet til hausten. Ved siste meiningsmåling, frå juli 2017, seier 9,7 prosent av veljarane at dei vil røysta Senterpartiet (Kristoffersen 2017). I juni 2017 utførte Respons Analyse, på oppdrag frå Aftenposten, ein analyse av dei nye veljarane til Senterpartiet. Av eit utval på om lag 5000 respondentar, oppgav om lag 400 at dei vil røysta SP. Halvparten av desse røysta ikkje SP ved førre stortingsval. Desse 200 respondentane var utgangspunktet for ein analyse som såg på bakgrunnsvariablane kjønn, alder, utdanning, arbeid i privat/offentleg sektor, inntekt, kommunestorleik, og kva parti dei røysta ved førre val. I dette Medborgarnotatet ser me ikkje nærare på kven dei nye SP-veljarane er, men hovudfokuset ligg snarare på kva desse veljarane meiner. Kva kjenneteiknar haldningane til dei nye veljarane til Senterpartiet? Mange har freista forklara og forstå den raske veksten til Senterpartiet. I mediebiletet ser særleg to konkurrerande forklaringar ut til å råda. Den eine forklaringa går ut på at Senterpartiet surfar på bylgja av høgrepopulisme som skyl over Europa. Ifylgje Kristin Clemet er SP det mest nasjonalkonservative partiet i Noreg fordi partiet «kombinerer en restriktiv innvandringspolitikk med skepsis til europeisk integrasjon og globalisering, og et ønske om å gjeninnføre en meir permanent grensekontroll» (Clemet 2016, 26). Den andre forklaringa handlar om at skiljelinja sentrum-periferi er vekt til live att i Noreg. Den har aldri lege daud, men ifølgje Harald Stanghelle i Aftenposten er den no reaktivert (2017). Stanghelle meiner det er ein altfor lettvint analyse å sjå framgangen til Senterpartiet som del av dei same internasjonale strøymingar som har skapt Trump og Brexit. Ut frå desse to forklaringane kan me utleia to hypotesar: H1 (Clemet): Dei nye veljarane til Senterpartiet er kjenneteikna av EU- og innvandringsskeptisisme. Operasjonalisert ved: EU-skeptisisme: «Synest du EU-integrasjonen har gått for langt?» (runde 8) Innvandringsskeptisisme: «Enig/uenig: Innvandring utgjør en alvorlig trussel mot norsk kultur» (runde 8) 1

H2 (Stanghelle): Dei nye veljarane til Senterpartiet er kjenneteikna av motstand mot sentralisering. Operasjonalisert ved: Kommunereform: «Hvor mye støtter eller motsetter du deg denne kommunereformen?» (runde 9) Sentrum-periferi: «Enig/uenig: Sentrale myndigheter tar for lite hensyn til utkant-norge» (runde 9) Ein konkurrerande hypotese er knytt til tilfredsheit med regjeringa. Tidlegare har FrP kanskje vore det partiet som i størst grad har fanga veljarar som opplever ei generell misnøye med styringa av landet. På grunn av naturen i sakene som har vore mest omdiskuterte og skapt størst misnøye den siste tida, mellom anna ulvedebatten og kommunereforma, er det grunn til å tru at SP fangar desse strøymingane av generell misnøye, som korkje er knytt spesielt til sentrum-periferi-skiljelinja eller nasjonalkonservatisme. Ein siste hypotese me testar er difor: H3: Dei nye veljarane til Senterpartiet er kjenneteikna av ei sterk misnøye med den sitjande regjeringa. ANALYSE Denne analysen er basert på krysstabuleringar mellom stemmeintensjonen i runde 9 (vår 2017) og variablane som er nemnd over. Me undersøker fyrst haldningane til alle dei som i runde 9 seier at dei ville ha røysta SP dersom det var stortingsval i morgon. Dette utgjer om lag 11 prosent, 733 personar, av dei som svarar på spørsmålet om kva dei vil røysta ved valet til hausten. Deretter isolerer me den gruppa som røysta noko anna eller ikkje røysta ved stortingsvalet i 2013, og som seier at dei ville røysta SP dersom det var stortingsval i morgon. Denne gruppa utgjer 281 personar. Dei nye Senterpartiveljarane viser seg å ha svært samanfallande haldningar med dei som røysta SP ved førre val. Grafane under baserer seg difor på haldningane til samtlege som seier at dei vil røysta SP i runde 9. 2

EU-skeptisisme 100 80 60 40 20 Enig/uenig: Europeisk integrasjon gjennom EU gått for langt 0 AP H FRP KRF SP V SV MDG Annet Ville ikke stemt Svært/enig Verken eller Svært/uenig Total Om lag 76 prosent av SP-veljarane oppgir at dei er svært einige eller einige i påstanden om at europeisk integrasjon gjennom EU har gått for langt. Berre FrP-veljarane er meir einige i denne påstanden, med 87 prosent. Basert på desse tala er det rimeleg å seia at SP-veljarane er kjenneteikna av EU-skeptisisme, noko som støttar Clemet sin analyse av Senterpartiet som eit nasjonalkonservativt parti. Men kan det takast til inntekt for ei forklaring som ser veksten til Senterpartiet i ljos av høgrepopulismen i resten av Europa? Det er ikkje utenkjeleg at ulike mekanismar er i spel når ein ser på motivasjonen SP-veljarar og FrP-veljarar har for å vera einige i at europeisk integrasjon har gått for langt. SP har hatt ei viktig rolle i kampen mot EU-medlemskap, og tuftar denne motstanden på frykt for lokaldemokratiet og sjølvråderetten til Noreg under Brüssel. I prinsipprogrammet sitt for perioden 2017-2021 (side 8) er også FrP imot norsk medlemskap i EU, men partiet tok ikkje eit endeleg standpunkt i saka før i fjor, og har tradisjonelt ikkje vore motstandarar av EU-initierte marknadsliberaliserande reformer. Me kan difor tenkje oss at motivasjonen til dei to veljargruppene er noko ulik, der veljarane til FrP generelt er meir negative til innvandring, medan SP sine veljarar kanskje er meir opptekne av norsk sjølvråderett. 3

Innvandringsskeptisisme Enig/uenig: Innvandring trussel mot norsk kultur 100 90 80 70 60 50 40 30 20 10 0 AP H FRP KRF SP V SV MDG Annet Ville ikke stemt Svært/enig Verken eller Svært uenig Total Omtrent 55 prosent av veljarane til Senterpartiet seier seg svært einige eller einige i påstanden om at innvandring er ein trugsel mot norsk kultur. Både FrP-veljarane og Høgre-veljarane har fleire veljarar som er einige i påstanden, med høvesvis 92 prosent og 61 prosent. I verdispørsmål som dette har Senterpartiet ein klar borgarleg/konservativ profil. Partiet ligg langt unna sine tidlegare samarbeidspartnarar i dei raudgrøne regjeringane: Mellom veljarane til Arbeidarpartiet seier om lag 28 prosent seg einige i påstanden, medan SV sine veljarar har aller lågast prosentandel som er einige i påstanden - berre 7 prosent. Heile 89 prosent av veljarane til SV seier seg ueinige eller svært ueinige i påstanden, noko som gjer partiet til den diametrale motsetnaden til FrP i dette spørsmålet. SP ligg nærare dei to borgarlege partia enn regjeringas noverande samarbeidspartnarar KrF og V. Mellom KrF-veljarane seier omtrent 34 prosent seg einige eller svært einige, for Venstre-veljarane sin del er dette talet på 22 prosent. Dette kan vera med og forklara kvifor nestleiaren for Senterpartiet, Ola Borten Moe, og kulturminister for Høgre, Linda Hofstad Helleland, kom med felles bodskap til VG om «norske verdiar» i slutten av juli. 1 http://www.vg.no/nyheter/innenriks/stortingsvalget-2017/hoeyre-linda-og-sp-ola-samstemte-norske-verdierer-under-angrep/a/24105685/ 4

Kommunereform Hvor mye støtter eller motsetter du deg denne kommunereformen? 90 80 70 60 50 40 30 20 10 0 AP H FRP KRF SP V SV MDG Annet Ville ikke stemt Mye/støtter Verken eller Mye/motsetter seg Total På spørsmål om kor mykje respondentane støttar eller motset seg kommunereforma, er veljarane til Senterpartiet den gruppa som i størst grad motset seg. Her svarar cirka 60 prosent av veljarane at dei motset seg eller motset seg mykje. Av dei andre partia, er det SV sine veljarar som er i nærleiken av å motsetja seg i like stor grad; 40 prosent av deira veljarar motset seg noko eller mykje kommunereforma. Det er likevel 20 prosentpoeng skilnad mellom dei to partia, noko som syner at Senterpartiet i stor grad ser ut til å plukka opp veljarane som er imot kommunereforma. Her ser me også korleis veljarane til dei to regjeringspartia og deira samarbeidsparti er nokså samde i spørsmålet om kommunereforma. Mellom desse veljarane er det størst stønad til kommunereforma, med mykje støtte eller støtte på 81 prosent hos Høgre-veljarar, 67 prosent hos Venstre-veljarar, 66 prosent hos FrP-veljarar, og 58 prosent hos KrF-veljarar. 5

Sentrum-periferi Enig/uenig: Sentrale myndigheter tar for lite hensyn til utkant-norge 120 100 80 60 40 20 0 AP H FRP KRF SP V SV MDG Annet Ville ikke stemt Svært/enig Verken eller Svært/uenig Total Heile 95 prosent av veljarane til Senterpartiet er einige eller svært einige i påstanden om at sentrale myndigheiter tar for lite omsyn til utkant-noreg. På dette spørsmålet kjem distriktsprofilen til Senterpartiet tydeleg fram. Dette spørsmålet plukkar nok opp ei generell misnøye med nedlegging av distriktstilbod innan helsetenester og politiressursar, men også heilt konkrete misnøye knytt til dømes til ulvedebatten i vår. I tillegg har det skjedd nokså omfattande omleggingar i landbrukspolitikken til fordel for større gardsbruk i meir sentrale strok i denne regjeringsperioden, noko som denne påstanden også kan tenkjast å plukka opp. Alle partia har ein betydeleg større andel veljarar som er einige i påstanden enn veljarar som er ueinige i påstanden om at sentrale myndigheiter tar for lite omsyn til utkant-noreg. Den største andelen veljarar som er ueinige i påstanden finn me hos Venstre, Høgre og Frp (29, 29 og 23 prosent). Det er fyrste gong dette spørsmålet er med i Norsk medborgarpanel, og difor veit me ikkje så mykje om korleis haldninga til sentrale myndigheiter har vore tidlegare. Det er mogleg at det er ei generelt høg misnøye med sentrale myndigheiters omsyn til utkant-noreg blant alle veljargruppene. Det me veit er at sentrum-periferi skiljelinja har gjort seg gjeldande i Noreg frå dei fyrste partia vart stifta. Motstand mot sentralisering og stønad til lokaldemokratiet er noko samtlege parti på Stortinget har programfesta, men tiltaka for å sikra utkant-noreg er svært ulike. Til dømes oppfattar Høgre og FrP kommunereforma som ei styrking av lokaldemokratiet, medan Sp og SV på si side hevda at denne reforma svekkar det lokale sjølvstyret. 6

Tilfreds med regjeringa Tilfredshet med regjeringen 80 70 60 50 40 30 20 10 0 AP H FRP KRF SP V SV MDG Annet Ville ikke stemt Total Svært tilfreds Tilfreds Noe tilfreds Lite tilfreds Ikke tilfreds i det hele tatt Tilfredsheita med regjeringa er, ikkje uventa, størst hos regjeringspartia. Deretter kjem samarbeidspartia til regjeringa. Aller minst tilfreds er SV-veljarane, der tre firedelar er lite tilfreds eller ikkje tilfreds i det heile. MDG sine veljarar er også lite tilfredse med regjeringa; godt over halvparten er lite eller ikkje tilfreds i det heile. Mellom SP sine veljarar er andelen som er lite eller ikkje tilfreds i det heile på om lag 45 prosent. Dette er relativt høgt, men samstundes ser dei reine «protestveljarane» til denne regjeringa ut til å befinna seg på venstresida, eller hos Miljøpartiet. Kanskje er det dei nasjonalkonservative verdiane Sp-veljarane deler med Høgre- og FrP-veljarane som gjer at misnøya ikkje er større? Dei nye veljarane Ved fyrste augekast ser desse resultata ut til å støtta H2 om at Senterparti-veljarane er kjenneteikna av motstand mot sentralisering, her operasjonalisert ved spørsmål om kommunereforma og spørsmål om sentrale myndigheiter tar for lite omsyn til utkant-noreg. Her har me sett på alle dei respondentane som i runde 9 seier at dei ville ha røysta Sp. Kva så med dei nye veljarane til Sp? Dei som har røysta andre parti eller ikkje røysta ved førre stortingsval. Dei nye veljarane skil seg svært lite frå det dei tidlegare veljarane til SP har svara på dei fem spørsmåla knytt til EU, innvandring, kommunereforma, sentrum-periferi og tilfredsheit med regjeringa. Fordelinga er svært lik, med berre ein til to prosentpoengs skilnad. Den einaste skilnaden som er verkeleg verd å merka seg finn me på spørsmålet om europeisk integrasjon gjennom EU har gått for langt. Her svarar 71 prosent av dei nye Sp-veljarane at dei er einige eller svært einige, mot 76 prosent av dei tidlegare veljarane til Sp. Koplar ein dette saman med at heile 97 prosent av dei nye veljarane 7

til Sp meiner at sentrale myndigheiter tar for lite omsyn til utkant-noreg (mot 95 prosent blant dei tidlegare Sp-veljarane), gir det stønad til H2 om at det særleg er mostand mot sentralisering som kjenneteiknar dei nye Sp-veljarane. Men utvalet her er såpass lite, noko som gjer at me får store konfidensintervall. Avstandane i prosentpoeng er difor ikkje store nok til at ein kan seia at det er ein reell skilnad mellom dei gamle og nye veljarane til SP. Det er likevel svært interessant at veljarane SP har «stole» frå andre parti har svært samanfallande meiningar med dei tidlegare Sp-veljarane på desse spørsmåla, sjølv om dei røysta på eit anna parti ved førre stortingsval. Kanskje viser det oss at meiningane deira har blitt meir «senterpartistisk» av medvinden til Senterpartiet og det store fokuset på dette partiets hjartesaker? 8

Kjelder: Clemet, Kristin. 2016. «Nasjonalkonservatismen er i seg selv hverken farlig eller ond». Morgenbladet 33, 26. august 1. september 2016: 26-27. FrP. 2017. «Prinsipprogram for perioden 2017-2021». https://files.acrobat.com/a/preview/5122b056-9bdf-484e-a98f-e1ac3e964f5f Kristoffersen, Martin Jacob. 2017. «Miljøpartiet flørter med sperregrensen». Nationen, 08.07.2017. http://www.nationen.no/stortingsvalet/miljopartiet-florter-med-sperregrensen/ Stanghelle, Harald. 2017. «Avmakt gir SP-suksess». Aftenposten, 09.06.2017. https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/avmakt-gir-sp-suksess--harald-stanghelle- 622864b.html VG. 2016. «FrP sier nei til EU for første gang». 04.09.2016. http://www.vg.no/nyheter/innenriks/frp/frp-sier-nei-til-eu-for-foerste-gang/a/23784902/ 9