1 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 13.05.11 Frå: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld: Tomas Jonson Pasienttryggleikskampanjen «I trygge hender» Status for Helse Fonna Arkivsak Styresak 40/12 O Styremøte 30.05.12 Forslag til vedtak Styret tek saka til orientering.
2 Bakgrunn I trygge hender er ein treårig kampanje som skal redusere pasientskadar og forbetre pasienttryggleiken i Noreg. I trygge hender blir gjennomført i spesialist- og primærhelsetenesta i perioden 2011 2013, på oppdrag frå helse- og omsorgsministeren. Kampanjen har tre hovudmål: Redusere pasientskadar Byggje varige strukturar for pasienttryggleik Forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta Kampanjen sine mål skal ein nå ved å innføre konkrete forbetringstiltak på utvalde innsatsområde. Følgjande innsatsområde er valde ut: Innsatsområda er identifiserte av norske fagmiljø gjennom ein brei gjennomgang og prioritering av eksisterande initiativ i helsetenesta. Følgjande kriterium har lege til grunn for val av innsatsområde: stort forbetringspotensial, tiltak som er dokumentert effektive og gode metodar for å evaluere effekt av tiltaka. Fordi pasienttryggleik er eit leiaransvar, er det også utvikla tiltak på leiing som går på tvers av innsatsområda i kampanjen. Organisering av kampanjen: I trygge hender er eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Ei breitt samansett styringsgruppe, leidd av helsedirektøren, har ansvaret for alle sentrale vedtak i kampanjen. Kampanjen blir driven av eit sekretariat i Nasjonal eining for pasienttryggleik ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Alle regionale og lokale helseføretak har kampanjeleiarar som hjelper og rettleier med å setje i verk kampanjen lokalt.
3 For Helse Fonna er status følgjande: Arbeidet er organisert i dei forskjellige fokusgruppene som teamarbeid. GTT Måling av pasientskade I heile kampanjeperioden kartlegg ein talet på pasientskadar ved norske helseføretak. Formålet er å skape eit grunnlag for forbetring over tid. Pasientskadar blir målte gjennom strukturert journalgjennomgang ved bruk av Global Trigger Tool (GTT). GTT er ein prosedyre som ser etter kriterium for pasientskade i eit tilfeldig utval journalar. I Helse Fonna er det for arbeidet med GTT etablert to team med 2 sjukepleiarar og 1 lege. Sjukepleiarane si rolle er å leite etter triggerar i 10 tilfeldig utvalde pasientjournalar kvar 14. dag. Legen si rolle er å verifisere om ein funnen trigger viser til ein skade eller ikkje. Metodikken er ei retrospektiv journalgransking for å finne helsetenestrelaterte pasientskadar uavhengig av om skaden er å sjå på som ein komplikasjon eller ein skade som kunne førebyggjast/unngåast. Journalane er tilfeldig utvalde blant inneliggjande pasientar med liggjetid over 24 timar i perioden, og der opphaldet ikkje er eit reindyrka rehabiliteringsopphald og pasienten er over 18 år. Undersøkinga omfattar berre somatisk helseteneste, då metoden ikkje er tilrettelagd for psykiatri. GTT-tala for 2010 er rapporterte nasjonalt og offentleggjorde. Helse Fonna sine tal er viste på heimesida og lagt fram for styret. Tilsvarande tal for 2011 er rapporterte til den nasjonale databasen, men er enno ikkje offentleggjorde og er ikkje tilgjengelege for samanlikning med den tidlegare målinga. Når talmaterialet er ferdig bearbeidd og analysert og klar for bruk, skal materialet gjennomgåast av leiinga i føretaka med tidsserieanalyse og sub-analysar av skadetypar. Analyseresultatet, med rapportering om tiltak på risikoområde som blir avdekte ved analysen, skal etter nasjonale krav rapporterast til respektive føretaksstyre. Denne typen undersøkingar har størst verdi når dei blir brukte til fortløpande samanlikningar i det interne kontinuerlege kvalitetsarbeidet. Samstemming av legemiddellister Arbeidet er organisert med eit team som består av éin LIS lege, éin turnuslege, éin sjukepleiar, éin merkantil leiar og éin farmasøyt. Samstemming av legemiddellister er eit arbeid som går ut på å kontrollere om pasientar som søkjer spesialisthelsetenesta, har med seg oppdatert og korrekt legemiddelliste. I Helse Fonna har arbeidet blitt utført etter dei nasjonale retningslinjene med inkludering av 20 pasientar kvar 14. dag. Inklusjonskriteria er at pasienten skal ha to eller fleire legemiddel. Det blir deretter registrert om dei har legemiddelliste, og om det er tilfelle, om ho er frå fastlegar, kommunehelsetenesta eller nokon annan. Kvar 14. dag blir også 20 pasientar kontrollerte om dei har oppdatert legemiddelliste med seg ut frå sjukehuset. Kvart kvartal blir det gjort ein kvalitetskontroll om dei eventuelle forandringane som er mellom legemiddelliste ved innkomst og utskriving er noterte i journaltekst/epikrise, samt om lista oppfyller vedtekne kriterium for korleis legemiddellista skal utformast når det gjeld innhald. Der er eit avsluttande nasjonalt nettverksmøte med sluttrapport 24.05.12. Trygg kirurgi med særleg fokus på postoperative sårinfeksjonar Arbeidet er organisert med eit team som består av av to overlegar, éin LIS-lege, to operasjons- og éin anestesisjukepleiar samt éin hygienesjukepleiar. Trygg kirurgi med særleg fokus på postoperative sårinfeksjonar inneheld fire aksjonspunkt: Bruk av sjekkliste ved operasjonar, rett hårfjerning, normotemperatur (unnvikande av avkjøling) og rett antibiotikabruk ved operasjon.
4 Det er utført slike målingar i Helse Fonna, og resultata frå dette er under bearbeiding og skal leggjast fram på det avsluttande nasjonale nettverksmøtet med sluttrapport 31.05.12. Pasienttryggleiks-kulturmåling Pasienttryggleikskulturen påverkar kvaliteten på pasientbehandlinga. Kulturen skal kartleggjast i alle behandlingseiningar i spesialisthelsetenesta. Eitt av måla i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen I trygge hender er å forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta. Omgrepet kultur seier noko om måten vi gjer ting på hos oss. Pasienttryggleikskulturen beskriv i kva grad dei tilsette sine haldningar og handlingar er prega av rutinar og prioriteringar som førebyggjer uønskte hendingar og pasientskade. Pasienttryggleikskulturen påverkar pasientbehandlinga. Undersøkingar viser at pasienttryggleikskulturen varierer mellom avdelingar, og at han påverkar den behandlinga pasientane får. Kultur og leiing får ei sentral rolle når ein skal forklare variasjon i førekomst av pasientskadar mellom ulike behandlingseiningar. Undersøkingar viser at dei tilsette ofte har betre kjennskap til korleis pasienttryggleiken i verksemda og avdelinga blir teke vare på, enn det nærmaste leiar har. Det kan for eksempel handle om den enkelte tilsette si oppleving av eigen og andre sin praksis, om leiinga legg til rette for trygg behandling eller i kva grad han eller ho opplever at arbeidsfellesskapet oppfordrar til å diskutere og lære av uønskte hendingar. Pasienttryggleikskultur skal kartleggjast ved at medarbeidarar i alle behandlingseiningar svarer på spørsmål om korleis dei opplever at organisasjonen og teamet dei jobbar i, prioriterer trygg pasientbehandling. Formålet med målingane er å gje leiinga konkret innsikt i korleis tilsette opplever at tryggleiken til pasientane blir teken vare på i dei ulike avdelingane. Resultata vil rettleie målretta intervensjonar for å betre kulturen og styrkje pasienttryggleiken. Målinga foregår ved hjelp av spørjeskjemaet Safety Attitudes Questionnaire (SAQ), som har blitt nytta i pasienttryggleiks-kulturmålingar ved over 2000 sjukehus i elleve land. Spørjeskjemaet er validert for norske forhold og har tidlegare blitt nytta ved Akershus Universitetssjukehus. Resultata vil bli brukte i praktisk forbetringsarbeid. Målinga av pasienttryggleikskultur vil gje leiinga større kunnskap om korleis tilsette opplever at dei ulike einingane arbeider for å redusere risiko for pasientskade. Målingane vil brukast som innspel til overordna planar og strategiar for å forbetre pasienttryggleiken i føretaka. I Helse Fonna er arbeidet organisert med ein lokal kontaktperson for arbeidet med elektronisk distribusjon og innsamling av resultata. Arbeidet har høg grad av regionalt samvirke. Kulturmålinga har fokusert på tre område: Teamarbeidsklima Tryggleiksklima Leiing Pasienttryggleiks-kulturmålinga er utført i Helse Fonna som eit regionalt samordna prosjekt med elektronisk innsamling av respondentdata. Det nasjonale kravet er minst 70 % deltaking i kvart føretak, og samtlege føretak i Helse Vest har oppfylt dette målet. No er datainnsamlinga sluttført, og bearbeiding av data gjennom analyse pågår med regional koordinering i samarbeid med dei lokale og den regionale kampanjeleiaren. Bruk av resultata har blitt diskutert i det regionale kvalitetsforumet, der tillitsvalde og brukarrepresentantar er medlemmer.
5 Det har i dette forumet blitt vedteke at regional HR-funksjon skal involverast, då ein ser det formålstenleg å bruke den same metodikken som er blitt brukt i dei tidlegare medarbeidarundersøkingane for presentasjon og oppfølging av resultata etter kulturmålinga. Frist for å levere innrapportering nasjonalt er september 2012 for dei føretaksovergripande tala med spesifisering ned til og med nivå 2. Det vidare arbeidet i føretaket kjem til å involvere linjeorganisasjonen på klinikk- og seksjonsnivå. Det kjem ikkje til å bli vist tal frå einingar med mindre enn 12 utførde enkétar, for å garantere anonymitet blant dei som har svart. Resultata skal brukast ti internt forbetringsarbeid, med konkrete tiltak, på det nivået resultata er gjort greie for. Kor stor del av aktuelle einingar som har brukt materialet, bearbeidd det og sett i verk tiltak skal rapporterast nasjonalt innan 1. november 2012.