MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for plan og næring Sygna, Fylkeshuset Møtedato 17.02.2015 Kl. 10:00 13:00 Faste medlemer til stades: Hilmar Høl Ap Arve Helle Ap Karen Marie Hjelmeseter Sp Aleksander Øren Heen Sp Bjørn Hollevik H Olav Klungre Krf Forfall til møtet: Jorunn Eide Kirketeig Ap Rita Navarsete Frp Klaus Iversen V Varamedlemer til stades: Bjørnar Førde Ap Britt Dalsbotten Frp Det møtte ikkje vara for Klaus Iversen V Til stades med møte- og talerett: Jan Heggheim og Svein Arne Skuggen Hoff Sekretariat for møtet: Oddveig Hove Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtebok frå 25.11.14, 08.01.15 og 27.01.15 vart godkjend utan merknader. Munnleg orientering: Reiselivssatsinga i fylket orientering ved Jan Heggheim Kommuneretta næringsarbeid orientering ved Endre Høgalmen Informasjon om Driftig.no ved Birte Tuxen Bø Prosjektet «Samfunnsbyggjande organisasjonar i Sogn og Fjordane» ved Arne Osland UWC og Elisabet Kjærstad Bøe Litt informasjonsutveksling m.a. om dei komande møta i hovudutvalet Aleksander Øren Heen gjekk frå som ugild under handsaming av sak 8/15 - Omstillingsløyving 2015 Omstillingsstatus
SAK 3/15 Skriv og meldingar - hovudutval for plan og næring 17. februar 2015 1: Høyring - fjordlinjer - avgrensing i storleik for fartøy 2: Politisk deltaking ved Aqua-Nor 2015 Vedtak: Hovudutval for plan og næring ønskjer deltaking også i framtida. 3 a): Rapport 2014 - Sogn og Fjordane fylkeskommune 3 b): Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2014 3 c): Oversyn over tiltak med kort skildring 3 d): Oversyn over tiltak som har fått tildeling 4 a): Rapport- tilskot til skogsbilvegar 4 b): Oversikt frå fylkesskogmeisteren over tilskot til skogsbilvegar SAK 4/15 Søknad om midlar til ferdigstilling av utgreiing om regional park for HAFS - kommunane 1. Hovudutvalet for plan og næring meiner at interkommunalt parksamarbeid vil vere eit nyttig verktøy for å samordne og målrette innsatsen for økt verdiskaping med basis i natur og kultur 2. Hovudutvalet løyver 300 000 kr til å ferdigstille utgreiinga om etablering av regional park for HAFS-kommunane. 3. Midlane vert henta frå tenesteområde 7151 Regional plan og utviklingsarbeid SAK 5/15 Statusrapport 2014 Handlingsprogram, Fylkesdelplan for klima og miljø Frå Fylkesdirektøren for plan og samfunn låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren for Plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1. Hovudutvalet for plan og næring tek statusrapporten til vitande 2. Hovudutvalet ser at det i arbeidet med å rullere handlingsprogrammet hausten 2015 er behov for å få gjennomført ei evaluering av både tiltak og løysingar, gjennomføring og arbeidsmetode, samt mål og samfunnseffektar i klimaarbeidet. 3. Hovudutvalet ser at det er behov for å greie ut og konkretisere korleis fylkeskommunen kan bidra i omstillinga til eit berekraftig samfunn og samstundes peike på utfordringar og mulegheiter for næringsliv, kommunar og andre aktørar i denne omstillingsprosessen. Endringsframlegg: Hovudutval for plan og næring sette fram slikt framlegg til nytt punkt 4: Side 2 av 7
4 Hovudutvalet ber om at det i samband med revidering av handlingsprogrammet kjem konkrete framlegg til korleis fylkeskommunen kan ta ei tydeleg rolle på dei områda fylkeskommunen har makt til å styrke klimaarbeidet. Til dømes innkjøp, anbod buss og båt, bygg. Avrøysting: Framlegget frå fylkesdirektøren for plan og samfunn med framlegget frå hovudutvalet til nytt punkt 4 vart samrøystes vedteke. Dette gir følgjande Fylkesdirektøren for Plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1. Hovudutvalet for plan og næring tek statusrapporten til vitande 2. Hovudutvalet ser at det i arbeidet med å rullere handlingsprogrammet hausten 2015 behov for å få gjennomført ei evaluering av både tiltak og løysingar, gjennomføring og arbeidsmetode, samt mål og samfunnseffektar i klimaarbeidet. 3. Hovudutvalet ser at det er behov for å greie ut og konkretisere korleis fylkeskommunen kan bidra i omstillinga til eit berekraftig samfunn og samstundes peike på utfordringar og mulegheiter for næringsliv, kommunar og andre aktørar i denne omstillingsprosessen. 4. Hovudutvalet ber om at det i samband med revidering av handlingsprogrammet kjem konkrete framlegg til korleis fylkeskommunen kan ta ei tydeleg rolle på dei områda fylkeskommunen har makt til å styrke klimaarbeidet. Til dømes innkjøp, anbod buss og båt, bygg. SAK 6/15 Budsjett 2015 plan og samfunn - fullmakter 1 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 1,900 mill. kr sett av til arbeid med regionalt plan- og utviklingsarbeid. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte overførte midlar frå 2014. Større einskildtiltak skal hovudutvalet handsame. 2 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte restmidlar frå 2014 på 0,674 mill. kr løyvd frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til satsing på Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). 3 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,138 mill. kr til å følje opp arbeidet med GIS, statistikk og analysar. 4 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,200 mill. kr til ungdomstiltak. 5 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,100 mill. kr til arbeidet med analysar og simuleringsverktyet Panda. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte overførte midlar frå 2014. 6 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,660 mill. kr til internasjonalt arbeid. Større søknader om prosjektstøtte skal til handsaming i hovudutvalet. Side 3 av 7
7 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 1,900 mill. kr til tiltak i tråd med handlingsprogrammet for klima og miljø. 8 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,200 mill. kr til vilt- og fiskeforvaltningsområde. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte statlege midlar til friluftsliv i tråd med føremål definerte av MD, i rundskriv for tilskotsordningar. Fordelinga vert lagt fram for hovudutvalet til orientering. 9 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 0,300 mill. kr til å følgje opp arbeidet med vassressursforvaltning. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte statlege tilskotsmidlar til ordninga. 10 Fylkesrådmannen får fullmakt til forvalte 0,600 mill. kr til å følgje opp arbeidet med regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 2017. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte statlege midlar til friluftsliv. Fordelinga vert lagt fram for hovudutvalet til orientering. 11 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 3,350 mill. kr til å følgje opp arbeidet med folkehelse drift av partnarskapen 12 Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte 1,400 mill. kr til å følgje opp arbeidet med helseovervaking, program og satsingar. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte overførte midlar frå 2014. Fylkesrådmannen får fullmakt til å forvalte statlege tilskotsmidlar til ordninga. Fordelinga vert lagt fram for hovudutvalet til orientering. 13 Fylkesrådmannen vil hausten 2015 rapportere til hovudutvalet på korleis fullmakta er blitt nytta i 2015. SAK 7/15 Budsjett 2015 plan og næring - fullmakter næringsutvikling Frå fylkesdirektøren for næring låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1. Fylkesrådmannen får fullmakt til å: - Følgje opp grunnløyvinga til Vestlandsforsking og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp løyvinga til VRI 3 og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp løyvinga til næringshagane og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp gjeldande avtale med Fjord Norge, og handsame og tildele midlar til prosjektet Explore Fjord Norway i 2015. Samla ramme for dette er kr. 3 000 000 - Nytte administrative midlar på inntil kr. 200 000 sett av til oppfølging av reiselivsplanen - Nytte restmidlar frå INU-FSF til reiseliv i tråd med handlingsplanen for reiselivsarbeidet - Nytte avsette midlar på inntil kr. 50 000 til miljøseminar innan sjømatnæringar - Handsame og tildele midlar på inntil kr. 220 000 til marine rekrutteringsleirar. Tilskotet skal dekkast av midlar avsett til program innan sjømatnæringar i verdiskapingsplanen - Disponere avsette kr. 600 000 på 2014-budsjettet, samt kr. 100 000 i restmidlar til oppfølging av AHA Side 4 av 7
- Følgje opp og tildele inntil kr. 100 000 til Energiforum Sogn og Fjordane. Tilskotet skal dekkast av midlar sett av til energisatsing 2. Fylkesdirektøren for næring rapporterer på fullmaktene gjennom rapportering i verdiskapingsplanen eller gjennom årleg rapportering til hovudutval for plan og næring. 3. Hovudutvalet får oversyn over tildelte midlar frå administrativ fullmakt til fylkesdirektør for næring ein gong i året. 4. Midlar tidlegare sett av til AHA og til reiseliv frå plan og næring sitt budsjett som ikkje vert disponert i denne saka vert trekt attende og går inn i utviklingsfondet for næring som er disponible midlar for hovudutvalet. Endringsframlegg: Fylkesdirektør for næring sette fram slikt framlegg til nytt punkt 4: «Midlar tidlegare sett av til AHA frå plan og næring sitt budsjett, som ikkje vert disponert i denne saka, vert trekt attende, og går inn i utviklingsfondet for næring som er disponible midlar for hovudutvalet. Midlar sett av til reiseliv vert å komme tilbake til i seinare møte.» Avrøysting: Framlegget frå fylkesdirektøren med endringsframlegget i punkt 4 vart samrøystes vedteke. Dette gir følgjande 1. Fylkesrådmannen får fullmakt til å: - Følgje opp grunnløyvinga til Vestlandsforsking og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp løyvinga til VRI 3 og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp løyvinga til næringshagane og skrive tilsegnsbrev - Følgje opp gjeldande avtale med Fjord Norge, og handsame og tildele midlar til prosjektet Explore Fjord Norway i 2015. Samla ramme for dette er kr. 3 000 000 - Nytte administrative midlar på inntil kr. 200 000 sett av til oppfølging av reiselivsplanen - Nytte restmidlar frå INU-FSF til reiseliv i tråd med handlingsplanen for reiselivsarbeidet - Nytte avsette midlar på inntil kr. 50 000 til miljøseminar innan sjømatnæringar - Handsame og tildele midlar på inntil kr. 220 000 til marine rekrutteringsleirar. Tilskotet skal dekkast av midlar avsett til program innan sjømatnæringar i verdiskapingsplanen - Disponere avsette kr. 600 000 på 2014-budsjettet, samt kr. 100 000 i restmidlar til oppfølging av AHA - Følgje opp og tildele inntil kr. 100 000 til Energiforum Sogn og Fjordane. Tilskotet skal dekkast av midlar sett av til energisatsing 2. Fylkesdirektøren for næring rapporterer på fullmaktene gjennom rapportering i verdiskapingsplanen eller gjennom årleg rapportering til hovudutval for plan og næring. 3. Hovudutvalet får oversyn over tildelte midlar frå administrativ fullmakt til fylkesdirektør for næring ein gong i året. 4. Midlar tidlegare sett av til AHA frå plan og næring sitt budsjett som ikkje vert disponert i denne saka vert trekt attende og går inn i utviklingsfondet for næring som er disponible midlar for hovudutvalet. Midlar sett av til reiseliv vert å komme tilbake til i seinare møte.» SAK 8/15 Omstillingsløyving 2015 Omstillingsstatus Side 5 av 7
1. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Askvoll kommune omstillingsstatus for åra 2015 og 2016. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Askvoll kommune ei løyving på inntil 2 190 000 kr til omstillingsarbeidet i 2015. 450 000 kr av løyvinga er avhengig av at 150 000 kr i frie midlar frå næringslivet til omstillingsarbeidet kjem på plass. Unytta omstillingsmidlar frå 2014 - løyvinga vert godkjent overført til bruk i 2015. I omstillingsperioden skal kommunalt næringsfond forvaltast av omstillingsstyret i samsvar med avtale inngått mellom Askvoll kommune og fylkeskommunen ved oppstart av omstillingsarbeidet. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Hyllestad kommune ei løyving på inntil 3 000 000 kr til omstillingsarbeidet i 2015. 900 000 kr av løyvinga er avhengig av at 300 000 kr i frie midlar frå næringslivet til omstillingsarbeidet kjem på plass. Unytta omstillingsmidlar frå 2014 - løyvinga vert godkjent overført til bruk i 2015. I omstillingsperioden skal kommunalt næringsfond forvaltast av omstillingsstyret i samsvar med avtale inngått mellom Hyllestad kommune og fylkeskommunen ved oppstart av omstillingsarbeidet. 4. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Lærdal kommune ei løyving på inntil 3 000 000 kr til omstillingsarbeidet i 2015. Unytta omstillingsmidlar frå tidlegare års løyvingar vert godkjent overført til bruk i 2015. 5. Midlane i punkt 2,3 og 4 vert henta frå budsjetterte omstillingsmidlar i 2015. Vilkår for omstillingsløyvinga Det skal leggast vekt på høg kvalitet og god styring i alle prosjekta. Innovasjon Norge sin prosjektleiarprosess (PLP prosjektlederprosessen) skal nyttast i alle prosjekt All støtte til bedrifter skal vere i samsvar med EØS-avtalen sine retningsliner om offentleg støtte til næringslivet Øvrige vilkår går fram av tilsegnsbrevet SAK 9/15 Cruisestrategi for Vestlandet Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet sluttar seg til vedtaket i Vestlandsrådet av 27.11.14, sak 15/14, og ber om at det blir utarbeidd ein felles cruisestrategi for Vestlandet. Fylkesutvalet har ikkje merknad til at AU/næringssjefkollegiet i Vestlandsrådet vert styringsgruppe for arbeidet og godkjenner endeleg mandat. SAK 10/15 Føringar for verkemiddelbruk Innovasjon Norge 2015 - Oppdragsbrev 2015 1. Hovudutval for plan og næring godkjenner tilsegnsbrev og føringar 2015 Oppdragsbrev til Innovasjon Norge Sogn og Fjordane 2015 slik det ligg føre i vedlegg 1. 2. Hovudutval for plan og næring godkjenner retningsliner for arbeidsdeling i finansieringssaker slik dei går fram av vedlegg 2. Side 6 av 7
3. Hovudutval for plan og næring har ein intensjon om å løyve 10-15 % av midlane frå Statsbudsjettet, kap. 551, post 61, kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift, til bedriftsretta tiltak forvalta av Innovasjon Norge. Desse midlane skal hovudsakleg nyttast innan kommunane Førde, Sogndal og Flora. Løyvinga vert først gjort gjeldande etter at ramma for 2015 er kjend og handsama av hovudutvalet. SAK 11/15 Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid 1 Statusrapport og evaluering av prosjekt kommunal næringsutvikling vert teke til vitande. 2 Fylkesrådmannen får fullmakt til å disponere 1,5 mill kr til kommuneretta næringsutvikling, avsett i budsjettet for 2015 under tenesteområde 7015 nyskaping. 3 Fylkesrådmannen får fullmakt til å disponere kr 400 000 til planlegging og oppstart av nye tiltak innan plantema nyskaping, jf midlar avsett i HPN-sak 43/14. 4 Avsette midlar i sak 56/14 (kr 800 000) vert ståande disponible for nye tiltak innan plantema nyskaping, og disponert av hovudutval for plan og næring. 5 Restmidlar på kr 456 000 vert tilført utviklingsfondet for næring. Side 7 av 7