Strategiplan for Hallingdal Kraftnett AS



Like dokumenter
Strategi- og handlingsplan Februar 2017

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 2015

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Side 1 av 6. Vår dato Vår referanse Årdal Energi KF NET Revisjon Retningslinjer for anleggsbidrag 3

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Plan for selskapskontroll

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

STRATEGIPLAN

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Utgreiing om framtidig strategival for nettverksemda

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

VEDTEKT av februar 2007

Etablering og drift av kraftselskap

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Forslag frå fylkesrådmannen

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Lønnsundersøkinga for 2014

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Rapport 1/2008 Samnanger kommune. Finansplasseringar

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Team Hareid Trygg Heime

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Farleg avfall i Nordhordland

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Kvam herad. Arkiv: N-550 Objekt:

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Kommunedelplan for oppvekst

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Den nye seksjon for applikasjonar

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: Vår ref.: 2013/ /2013 Ark.kode:

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

OEDs kontaktmøte med kraftbransjen 29. oktober Agnar Aas. vassdrags- og energidirektør

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Transkript:

Strategiplan for Hallingdal Kraftnett AS 2014-2016 «En strategi er en plan av handlinger med hensikt å nå et spesifikt mål. Strategi handler mer om hva som skal gjøres enn om hvordan noe skal gjøres. Ordet kommer fra gresk «strategia» som har betydningen «generalkunst», eller «hærføring». I dag brukes begrepet om langsiktig planlegging generelt, særlig når det er snakk om planer for å oppnå bestemte mål» (Wikipedia) September 2013

Innhaldsliste 1. Innleiing 2. Føresetnader 3. Overordna mål 4. Strategiske planar delområde 4.1 Kjerneverksemd utbygging og drift av kraftnettet 4.2 Økonomi 4.3 Beslekta verksemd - breiband 4.4 Beslekta verksemd pellets 4.5 Samfunnsaktør/investor/lokal næringsutvikling 4.6 Beredskap 4.7 Truslar og sårbarheit 4.8 Kundane våre 4.9 Helse, Miljø og Sikkeheit/Internkontroll 4.10 Som arbeidsplass utvikling av personell og kompetanse 4.11 Overordna myndigheiter

1. Innleiing og føresetnader Denne planen skal leggja overordna rammer for HKN sine strategiske mål i eit langsiktig perspektiv. Dei rammene ein finn her skal reflekterast i det planverk HKN for øvrig produserar og arbeider etter, kortsiktig så vel som langsiktige. Denne planen formulerar fyrst og fremst arbeidsområde og mål, og berører i mindre grad middel og metodar for korleis ein skal nå dei ulike måla. Ein har valt å ta for seg ti ulike delområde og formulera strategiske mål innanfor kvart enkelt av desse. Planen tek for seg det som er dei viktigaste arbeidsområda og felta til HKN pr. i dag, med utgangspunkt i den forretningsstrategien som er vedteken for selskapet: «Hallingdal Kraftnett AS baserer sin virksomhet på en sikker, økonomisk og rasjonell overføring av el-kraft i konsesjonsområdet. Selskapet skal arbeide for en bærekraftig utvikling både med tanke på miljø og ressurser. Hallingdal Kraftnett AS kan delta i annen forretningsvirksomhet som hører naturlig inn under eller er beslektet med virksomheten» 2. Føresetnader Hallingdal Kraftnett er eit selskap som i stor grad er regulert av overordna myndigheiter, herunder OED, NVE, DSB, kommunar, fylke osb. Desse legg kvar på sin måte føringar for korleis selskapet skal arbeida, og gjev til dels tunge premissar for drift og utvikling. I tillegg utarbeider selskapet sjølv ulike planar og dokument som ligg til grunn både for det kortsiktige- og meir langsiktige arbeidet, herunder langtidsbudsjett, risikodokument, handlingsplanar, beredskapsplanar, tilsynsplanar, «Kraftsystemplan», «Plan for videre utbygging av breibånd i Hallingdal», «Eigarskapsmelding for Hallingdal Kraftnett AS»,osb. I tillegg til dei meir detaljerte planane som er nemnt ovanfor, legg selskapet gjennom dette dokumentet fram ein strategiplan. Dette er ein meir langsiktig, overordna plan som ikkje i særleg grad gjev detaljar for korleis ein vil nå dei strategiske måla, men som peikar ut retning i eit meir langsiktig perspektiv. Planen er eit dokument som byggjer på eigarane sin overordna visjon og mål for selskapet og vert forankra i eigargruppa, i eigarmøte og generalforsamling. Denne planen vert gjennomgått årleg, fortrinnsvis i styremøtet i oktober måned.

3. Overordna mål Hallingdal Kraftnett AS er historisk samansett av fem mindre, kommunale e-verk. Den opphavelege oppgåva til selskapet var og sørgja for straumforsyning til innbyggarar og næringsliv i Hallingdal. Då selskapet vart omdanna i 1995 vart arbeidsområdet utvida noko til også og omhandla beslekta verksemd. Selskapet har følgjande forretningsstrategi: -HKN skal sikra trygg, påliteleg straumforsyning i Hallingdal til ein rimeleg pris. -HKN skal til ei kvar tid tilby næringsliv, hushaldning og hytter den kapasitet som vert etterspurt. -HKN skal byggja ut og utvikla nytt nett, samt driva dette på ein mest mogeleg kostnadseffektiv måte. -HKN skal bedriva beslekta virksomheit der ein m.a. kan dra nytte av eksisterande infrastruktur og kompetanse. -HKN skal vere ein samfunnsaktør som bidreg positivt til lokal næringsutvikling -HKN skal bidra til å gje Hallingdal ein identitet som ein attraktiv region å busetje seg i. Det er utarbeidd eit sett med måltal for selskapet. Desse fastset ei rekkje grenser og mål for økonomi, prisar, oppetid, sjukefråvære, IK osb. Desse måla er viktige i styret sitt arbeid og gjev til ei kvar tid svært god informasjon om tilstand og kondisjon for selskapet. Desse storleikane byggjer på dei langsiktige måla til selskapet.

4. Strategiske planar delområde 4.1 Kjerneverksemda utbygging og drift av kraftnettet HKN har områdekonsesjon i Hol, Ål, Gol, Nes og Flå, dvs. rett og plikt til å byggja ut distribusjonsnett i dette området. HKN eig i dag oml. 1.100 km 22 kv-nett, 7 transformatorstasjonar, 1650 nettstasjonar og 2500 km lågspenningsnett. I tillegg eig og/eller driftar HKN oml. 100 km regionalnett. Det har vore bygd ut mykje nett i Hallingdal dei siste 20 åra og kvaliteten er høg. HKN er pålagt å drive tilsynsverksemd med elektriske anlegg hjå sluttbrukar i konsesjonsområdet. Det Lokale Eltilsyn (DLE) utøver denne funksjonen for HKN. HKN skal oppretthalda den gode kvaliteten på nettet, samt fornya, tilpassa, dimensjonera og byggja ut nytt nett i takt med etterspørsel og dei krav samfunnet elles set. Eit mål på kor godt ein lukkast på dette området vil m.a. vera utviklinga av ILE (Ikkje Levert Energi) ila. eit år og om ein oppfyller dei mål og krav som er gitt i Forskrift om leveringskvalitet. HKN skal etterstreba ein n-1 struktur i 22 kv-nettet, dvs. utvikla nettet på ein slik måte at så mange som mogeleg av nettstasjonane/kundane har ei alternativ mating dersom hovudmatinga sviktar. Dei overordna måla skal nedfellast i det planverket administrasjonen utarbeider og arbeider etter, herunder kraftsystemplan, langtidsbudsjett, beredskapsplanverk osb. Nettap: Oppfølging Tilgjengeligheit: 99,95% Utrykning på vakt: <200/år Antal tilsyn pr. år: Ihht. Tilsynsplan gitt av DSB

4.2 Økonomi Selskapet har hatt, og har ein sunn økonomi. Etter at Energilova vart innført i 1991, med påfylgjande inntektsrammeregime, er rammene for den økonomiske utviklinga til nettselskapa, til dels lagt utanfor rekkevidda til eigarar og styre i det enkelte selskap. Det finst likevel eit handlingsrom der ein t.d. må gjera val i høve til oppbygging av kapital, utbyttestrategi, prisstrategi og kva rolle ein skal ha i lokal næringsutvikling (sjå eige punkt), osb. Tradisjonelt har energiselskapa vore solide og har hatt ein svært høg kredittverdigheit. Eigarane i HKN har så langt valt og ikkje ta ut utbytte frå selskapet, dette står eigarane imidlertid fritt til å endra. HKN vil arbeida for til ei kvar tid å ha ein solid økonomi med høg eigenkapitalsgrad. HKN skal på eigen basis ha økonomiske musklar for å møta utfordringar ein med rimelegheit kan forutsjå, og ein skal kunna møta det forventa behovet for nødvendige investeringar og oppgraderingar i nettet. Ein vil arbeida for å oppretthalda den høge kredittverdigheiten selskapet har i dag. Selskapet skal generelt ha ein låg risikoprofil og i liten grad eksponera seg i marknader som tradisjonelt har store svingningar. Årleg driftsresultat før skatt: > 10 mill.kr Løpande likviditet: > 30 mill.kr Rekneskap/budsjett: Avvik < 3% Arbeidskapital: > 20%

4.3 Beslekta verksemd - breiband HKN har dei siste åra bygd ut eit omfattande breibandsnett i Hallingdal. Breibandsnett er ein type infrastruktur som har mykje til felles med kjerneverksemda til HKN, både i struktur, oppbygging og drift. Då breibandsutbygginga vart sett i gang var hovudmålsettinga å kunna tilby næringsliv og private i Hallingdal breibandstenester med kvalitet og pris som ikkje skulle stå tilbake for det ein elles kunne få i det sentrale austlandsområdet. HKN ynskjer å vidareutvikla eit robust breibandsnett i Hallingdal, som skal vera dimensjonert for å møta framtidige krav til kapasitet og kvalitet. Ein skal innanfor forsvarlege økonomiske rammer, og så langt det er mogeleg, byggja ut fiberbasert breibandsnett fram til den enkelte bedrift og det enkelte bustadhus. Hallingdal Kraftnett AS skal fyrst og fremst utvikla, eiga og drifta infrastruktur. For å sikra tenestenivå og tilbod i vårt nett, skal vi også i enkelte tilfelle tilby tenester til sluttbrukarar. Breibandssatsinga i Hallingdal er ei svært langsiktig satsing som historisk kan samanliknast med utbygginga av kraftnettet. Dei overordna måla for breibandsutbygginga skal nedfellast i det planverket administrasjonen utarbeider og arbeider etter, herunder utbyggingsplanar og langtidsbudsjett. Oppetid i breibandsnettet: > 99,5% Transportert volum (TB/mnd): Oppfølging

4.4 Beslekta verksemd - trepellets Hallingdal Trepellets vart etablert i Kleivi for å utnytta lokale synergiar der overskuddsvarme frå Hallingdal Renovasjon og lokal skogsnæring er sentrale parametrar. HKN ser produksjon av ein miljøvenleg energibærar som ei beslekta verksemd som også er viktig i lokal næringsutvikling og utnytting av lokale ressursar. HKN såg det som og naturleg å gå inn på eigarsida for å stimulera og bidra i oppbygging av ein fabrikk som både vil kunna tilby lokale arbeidsplassar, direkte og indirekte, samtidig som ein produserte eit miljøvenleg produkt. HKN sine strategiske mål er å bidra til vidareutvikling av ein fabrikk som har hatt store utfordingar dei fyrste åra. Så langt det er økonomisk forsvarleg vil ein saman med andre lokale og regionale interesser, bidra til å få fabrikken over i ein stabil fase der han skal kunna stå på trygg grunn både teknisk og økonomisk. HKN ser ikkje på dette som ei satsing der ein forventar store avkastningar på den investerte kapitalen, men har eit langsiktig mål om å kunna få att for investeringane med ei rimeleg rente. HKN si rolle er først og fremst som investor. 4.5 Samfunnsaktør/investor/lokal næringsutvikling I tillegg til dei områda utanfor kjerneverksemda som er nemnt over, er HKN engasjert i ei rekkje andre aktivitetar (HallingKonsult AS, Aal Stasjon AS, Torpomoen Drift AS, Kittilsviken Kraftverk AS osb). Sjå for øvrig «Eigarskapsmelding for Hallingdal Kraftnett AS». Dette er aktivitetar der HKN har ei rolle der ein ynskjer å bidra til lokal næringsutvikling og vere fødselshjelpar for lokale etableringar. HKN vil ha ei rolle der ein bidreg til lokal næringsutvikling for lokale etableringar. Ein forventar ikkje store avkastningar på den investerte kapitalen, men har eit langsiktig mål om å kunna få att for investeringane med ei rimeleg rente. Dersom det er økonomisk rom vil HKN kunna bidra til vidare utvikling for dei etableringane som er nemnt ovanfor. Vidare vil ein kunna foreslå å gå inn i nye etableringar dersom ein finn det forsvarleg og det er i tråd med selskapet sine interesser og mål.

4.6 Beredskap Kraftforsyninga er kanskje den viktigaste infrastrukturen i eit samfunn, og heilt avgjerande for eit velfungerande samfunnssystem. Straumstans fører til at samfunnet heilt eller delvis stoppar opp, og medfører store bedriftsøkonomiske- og samfunnsøkonomiske kostnader. Det har dei siste åra stadig vorte stilt høgare krav til leveringstryggleik. Nettselskapa har i stor grad auka oppetida i takt med krava. HKN skal strekkja seg mot målet om 100 % oppetid. Det målet vil ein ikkje nå, men ved å ha gode beredskapsplanar for mannskap, reservemateriell og reserveløysingar, vil ein kunna korta ned feilrettings- og utkoplingstider. HKN skal søkja å inngå gode samarbeidsavtalar med andre everk, entreprenørar og leverandørar som vil kunna bidra til kortast mogeleg utetid. Tilgjengelegheit: > 99,95% Antal utrykningar på vakt: < 200/år 4.7 Truslar og sårbarheit HKN er eksponert for truslar på fleire hald. Ein har alltid vore, og vil kanskje i aukande grad vera utsett for problem utløyst av ekstremvér. I tillegg kan ein tenkja seg (koordinerte) åtak eller sabotasje retta mot sentrale nettkomponentar som t.d. hovudtransformatorar eller hovudlinjer. Ein vil også kunna verta utsett for hacking-åtak mot kunde- og økonomisystem eller fjernstyringssystema. HKN skal søkja å identifisera aktuelle truslar og minimalisera konsekvensane dersom selskapet skulle verta utsett for ein eller fleire slike. Gjennom grundig ROS-arbeid (Risiko- Og Sårbarhetsanalyse) skal selskapet så godt som mogeleg førebu seg på dei truslar ein kan verta utsett for.

4.8 Kundane våre HKN har i 2013 oml. 22500 kundar fordelt på dei ulike kundegruppene. Kundemassen har auka kraftig dei siste åra, ei utvikling som nå truleg er i ferd med å flata noko ut. Kundane våre er den viktigaste grunnen til at selskapet eksisterar og det er naturleg å nemna dette området særskilt i ein strategisk plan. Det er naturleg at kundane sitt krav og ynskje til selskapet er å ha ein så høg leveringskvalitet som mogeleg. I måltala for selskapet er det nedfelt eit mål om oppetid på 99,95 % Målet og strategien er difor å levera ei vare med minst denne oppetida, helst høgare. I tillegg har NVE fastsett ein del andre kriterium i Forskrift om leveringskvalitet. Desse krava vil naturleg inngå som mål i strategien. Eit anna kriterium som er viktig for kunden er pris. Denne vert i stor grad regulert av NVE, men innafor det handlingsrommet som føreligg ynskjer HKN å tilby næringslivet så rimelege prisar som mogeleg for også på den måten å støtte lokale, til dels sterkt konkurranseutsett næringar. Dei inntektsrammene selskapet til ei kvar tid får tildelt, vil bestemma dei ytre rammene for tariffane. Styret fastset i kor stor grad ein skal utnytta desse inntektsrammene, men målsettinga er å halda tariffnivået så lågt som mogeleg, utan at det går ut over dei overordna måla ein til kvar tid arbeider etter. HKN vil etterstreba ei jamn tariffutvikling der ein m.a. utnyttar mekanismane i meir-/mindre inntektsregimet. Hushaldningstariffen: Maks 20% av nettselskapa skal ha lågare nettleige enn HKN Næringstariffen nivå 4: Maks 20% av nettselskapa skal ha lågare nettleige enn HKN Næringstariffen nivå 5: Maks 20% av nettselskapa skal ha lågare nettleige enn HKN Utvikling i kundeantalet: Oppfølging Utvikling i forbruk: Oppfølging

4.9 HMS/IK Den bransjen HKN tilhøyrer er eksponert for risiko. Mange aktivitetar HKN sitt mannskap utfører er på risiko-anlegg, anlegg med store energiar, i farlege høgder osb. Det er difor særleg viktig at selskapet har eit bevisst forhold til tryggleik, både for eigne tilsette, innleigd mannskap, kundar og publikum. HKN tok i bruk eit nytt HMS-system frå 1.1 2013 som vil kunne gje oss ei betre oppfølging på dette området enn tidligare. Selskapet har ein null-visjon når det gjeld skadar og ulykker. HKN skal til ei kvar tid oppfylla dei krav og pålegg myndigheitene fastset gjennom lovverk og forskrifter. Selskapet skal etterstreba høgast mogeleg tryggleik for sine tilsette gjennom god opplæring, kursing, klare instruksar og retningslinjer, gode haldningar, god sikkerheitskultur og god tilgang på verne- og skikkerheitsutstyr. HKN skal sjå til at innleigd mannskap har fokus på HMS, Internkontroll og tryggleik generelt. Kunde og publikum generelt kan i enkelte tilfelle verta eksponert for fare og HKN vil, ved å fylgja lovar og forskrifter etterstreba å gjera denne risikoen så liten som mogeleg. HKN skal kontinuerleg arbeida for å forbetra rutinar og arbeidsmetodar, opplæring og haldningar hjå eigne tilsette og innleigd mannskap. Sjukefråvære: < 4% Eigenmeldinar: < 0,9 Ulykker/skader: 0 Nesten-ulykker: 0 Gjennomtrekk: < 3%

4.10 Som arbeidsplass utvikling av personell, kompetanse og rekruttering. I lokal samanheng er HKN ein relativt stor arbeidsplass. Selskapet har (i 2013) oml. 70 tilsette. Det er viktig for eit nettselskap å ha stabil arbeidskraft, ikkje minst fordi lokalkunnskap er svært verdifullt. Denne kunnskapen tek det lang tid å tileigna seg. HKN er ein god arbeidsplass med svært lite gjennomtrekk. Selskapet treng fortløpande påfyll av nye energimontørar, ingeniørar, merkantilt personell og andre. HKN skal vidareutvikla seg til ein endå betre arbeidsplass. HKN skal vera ein attraktiv arbeidsplass der ein lokalt er fyrstevalet for kompetanse som ynskjer seg inn i elkraftbransjen. HKN skal bidra til utdanning av lærlingar i energimontørfaget. HKN skal bidra til utdanning av ingeniørkompetanse ved å tilby gunstige etterutdanningsordningar. Lærlingar: Inntak av lærlingar vert løpande vurdert 4.11 Overordna myndigheiter HKN er underlagt ei rekkje krav og forordningar frå overordna myndigheiter som DSB, NVE, kommune, fylke osb. HKN skal vera eit selskap som har fokus på å oppfylla dei krav og pålegg som kjem frå overordna hald. Så langt som mogeleg skal selskapet gjennom sine interesse- og fagorganisasjonar bidra med kompetanse til utforming og endring av lovar og regelverk med mål om å få fram eit best mogeleg system for bransje og kunde.