Læringsmiljøutvalet REFERAT FRÅ MØTE MELLOM AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING OG LÆRINGSMILJØUTVALET Tid: Måndag 16. januar 2012 kl 9.00 11.00 Stad: Møterom Berte Kanutte 220 (VIP) Til stades frå Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning: Jon-Arild Kvamme Sollid, Arne Myklebust, Bente Mari Afset, Peder Haug, Frode Opsvik, Stig Jarle Helset, Odd Helge Mjellem Tonheim, Helge Edinsen (student 1. år GLU 5-10), Elisabeth Welle, Marit Dyrstad, John- Ove Verkland (student engelsk), Anne Øie. Til stades frå LMU: Studentar - Amanda Isaksen, Eskild Valsø Lied, Julie Alexandra L. Pau. Tilsette Per Halse, Ingunn Teigen Nordal, Leif Roar Strand. Møteleiar: Eskild Valsø Lied Sekretær: Ingunn Teigen Nordal Ordinær saksliste LMU-S 1/2012 LMU-S 2/2012 LMU-S 3/2012 GODKJENNING AV INNKALLING GJENNOMGANG AV SPØRSMÅL FRÅ LÆRINGSMILJØUTVALET TIL AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING EVENTUELT Side 1 av 5
Gangen i møtet Møtet vart innleia med ein presentasjonsrunde, før ein gjekk i gang med saklista. Det vart ikkje meldt nokon saker under eventuelt. LMU-S 1/2012 GODKJENNING AV INNKALLING Det var ingen merknadar til innkallinga. LMU-S 2/2012 GJENNOMGANG AV SPØRSMÅL FRÅ LÆRINGSMILJØUTVALET TIL AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING 1.0 Studentservice 1.1 Er avdelingsadministrasjonen lett tilgjengeleg for studentar? Det meste av undervisninga skjer på gamle Kaarstad, og undervisarar og studieleiarane føler på avstanden, samanlikna med tidlegare. Studentane opplever det som greitt, brukar også e- post. 1.1.1 Er det avgrensingar for tilgjenget, t.d. opningstider, plassering eller anna? Flytting til anna bygg gir mindre av dagleg dialog. 1.2 Korleis syter avdelinga for at studentar/søkarar får eintydig og relevant informasjon om studia? Informasjonen skjer mest via nettet, og det er nokre problem med at gamal informasjon er tilgjengelig. Studentane syns Fronter er ein god informasjonskanal. Informasjon om rom er no gjort tilgjengeleg på eigen skjerm i BK og via nett. 1.3 Har avdelinga mottatt klager på forhold knytt til læringsmiljø? I liten grad. Kaarstad har små klasserom utan ventilasjon, men Statsbygg har ny ventilasjon på planane for våren 2013. 2.0 Utdanningssamtale/ studieløpsrettleiing 2.1 Får alle studentar som har rett til det, tilbod om utdanningssamtale? Ja, men fungerer truleg ikkje heilt etter intensjonen enkelte opplever at dei ikkje har hatt tilbodet. Tilbodet kjem nokre gonger seint i semesteret. 2.2 I kor stor grad nyttar avdelinga den individuelle utdanningsplanen til studenten i utdanningssamtalar? Den vert ikkje nytta, og ein spør om tilgang til FS. 2.3 Har de registrert problem med at studentar får fråvær for utdanningssamtalar? Nei. Side 2 av 5
2.4 I kor stor grad legg avdelinga til rette for val på tvers av avdelingane i valfrie delar av utdanninga? GLU inneheld fag på tvers av avdelingane AHL, AHS. 2.5 Forbetringspotensial? Det er ei utfordring for studentar og tilsette å få oversikt over alle tilgjengelege val. Rettleiing for studentar som planlegg å ta PPU er i ein del tilfelle ufullstendig eller direkte feil. 3.0 Tilrettelegging 3.1 Kva tilpassingar vert gjort i undervisninga for å ta vare på studentmangfaldet? Rammefaktorar gir ofte lite rom for tilpassing. Men ein forsøker å ha opa dør, slik at studentar som slit kan ta kontakt. Det er tilbod om støttekurs i matematikkfaget. Praktisk tilrettelegging har blitt gjort, med t.d. tilpassa pult. Ein del spørsmål vert vist vidare til t.d. studentrådgivar, når ein opplever at problematikken er utanom det faglege. 3.2 Kva tiltak er gjort for å få meir universell utforming av studia? Det var liten kjennskap til omgrepet universell utforming, og LMU understreka at dette omfattar veldig mykje. T.d. utforming av presentasjonar, god standard på kompendium, pdffiler av det som vert publisert og konsekvent bruk av mikrofon. Mikrofon og teleslynge skal vere tilgjengeleg i alle store undervisningsrom, men vart etterlyst i nokre mellomstore rom. 3.3 Har de samarbeidsrutinar knytt til tilrettelegging og rådgjeving for studenten? Ikkje systematisert, men ein sender ofte vidare spørsmål om dette. 3.4 Forbetringspotensial? 4.0 Lærings- og bibliotekressursar 4.1 Sørgjer avdelinga for at alle studentar får opplæring i kjeldebruk? Første semester får ein god informasjon om bruk av kjelder på mange studium, men det sviktar ofte for studentar som startar om våren. Det kjem skrivekurs no, som ein oppmodar om at studentane får fri til å delta på. Det kan skape noko problem at ein nyttar ulike standardar, men prinsippa er felles. GLU har valgt same standard som biblioteket (APA). Det kom opp spørsmål i møtet rundt informasjon til Erasmus-studentar/ framandspråklege studentar. Denne informasjonen ligg på nettet: http://www.hivolda.no/eng/studies/examinformation 4.2 Sørgjer avdelinga for at alle studentar får opplæring i studieverktøy (t.d. Fronter og andre digitale verktøy)? Obligatoriske kurs er lagt i starten av GLU og FLU. 4.3 Korleis vert eventuelt denne opplæringa organisert? Nokre har obligatoriske kurs, andre frivillig. 4.4 Har avdelinga registrert misnøye med kapasiteten på grupperom/ arbeidsplassar? Side 3 av 5
Nei. 4.5 Har avdelinga rutinar for å sikre god bruk av pedagogisk verktøy (til dømes teknisk utstyr), og gjeld dette i så fall også gjesteforelesarar? Avdelinga har ikkje eigne ordningar, men nyttar drift sine ressursar ved behov. I nokre tilfelle er utstyr kopla om, så det ikkje fungerer normalt. Oppmoding frå studentane: Møt opp i god nok tid til å sjå at alt fungerer. Gjesteforelesarar får som regel hjelp til å kome i gang. Også gjesteforelesarar må bruke mikrofon. Det finnast ikkje opplæring/ retningslinljer for rett bruk av utstyret, t.d. mikrofon. Dette bør ein vurdere å få sentralt. 4.6 Har de varslingssystem for å registrere misnøye/ innspel? Studentane går via ulike kanalar avhengig av kva det gjeld. Fagutvalet har ei rolle, men fungerer svært ulikt. Ein bør sikre at alle følgjer retningslinjene for fristar og referat, slik at saker vert løyste eller tatt vidare. Ris og ros-knappen vert også nytta, og er ein kanal for den enkelte. Det vart problematisert at sakene vert sendt vidare, med tanke på anonymiteten til klagaren. I etterkant av møtet kom det fram at det vert opplyst om at ein ikkje er anonym når ein nyttar denne kanalen. På nettsida der ris og ros vert registrert, står det: «Anonyme meldingar blir ikkje behandla. Meldinga di vert sendt til studiedirektøren som sender den vidare til ansvarleg leiar.». LMU vil vurdere denne praksisen i eit seinare møte. Ein forsøker no å få meir undervegs-evaluering på nokre studium, slik at eventuell misnøye blir fanga tidlegare. 5.0 Studiemiljø 5.1 Er det registrert mobbing, og vert det i så fall gjort noko med det? Det er ikkje fanga opp saker. 5.2 Er det registrert rusproblem, og vert det i så fall gjort noko med det? Ja, og ein gjer noko med det. Studentar kan vere bekymra for medstudentar, det kan bli fanga opp i praksis eller undervisningssituasjon. Enkelte kan bli rettleidd ut av studiet. 5.3 Opplever studentar og deira tillitsvalde at dei har reell innverknad på organisering av undervisning og val av undervisningsformer? (Spørsmålet må svarast på av studentrepresentant frå avdelinga) Kva skal ein ha innverknad på? Enkelte får kritikk fordi dei t.d. berre går ut frå boka, men studentane veit ikkje heilt korleis dei skal følgje opp dette. Det er evaluering av alle fag i etterkant, og studentane opplever at fyldig tilbakemelding vert verdsett. 5.4. Korleis kan forelesarane vere tilgjengelege for studentane? - Side 4 av 5
5.5 Korleis har studentane innverknad på det studentretta arbeidet forelesarane gjer? Ein viser til spørsmål 5.3. 5.6 Kva tiltak gjer avdelinga for å betre samarbeidsklimaet, både studentar i høve til kvarandre og i høve til forelesarane. Vert det gjort noko for å halde det bra? Ikkje felles avdelingstiltak, men t.d. tur og felles julelunsj på GLU. Studentane set pris på slike tiltak. Ikkje noko tilsvarande på engelsk, berre kveldsarrangement som studentane sjølve ordnar, og då alltid med alkohol. 5.7 Ved arbeid i grupper: Kva tiltak blir sett i verk for at studentgrupper skal fungere? GLU og FLU: Praksis-/basisgrupper har kvar sin fagperson som følgjer dei opp. Ved problem koblar ein gjerne inn studieleiar. I særlege tilfelle endrar ein gruppene. 6.0 Anna 6.1 Jobbar de bevisst med læringsmiljø i arbeid med studie- og emneplanar? Ein jobbar med studiekvalitet, som heng saman med læringsmiljø. 6.2 Jobbar de bevisst med universell utforming i arbeid med studie- og emneplanar? I liten grad, og omgrepet er lite kjent. Det kom framlegg om at lærarutdanningane kan ta dette inn som tema i studiet, eventuelt som eit prosjekt med støtte via Universell. 6.3 Har de registrert misnøye med inneklimaet? Nei. 6.4 Har de andre kommentarar? LMU-S 3/2012 EVENTUELT Høgskulen i Volda, 20. januar 2012 Ingunn Teigen Nordal sekretær for LMU Side 5 av 5