Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. Kontor: 901 61 334 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: karin.uglum@sisof.

Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Studentbarnavisa. Nr /2017. Teikning av barn 3 år på avdeling Måne (sol og ballong)

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Informasjonshefte Tuv barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Studentbarnavisa Nr /2018 Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Månadsplan for Hare November

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Plassebakken Barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Velkomen til Mork barnehage

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Hei alle sjøstjerneforeldre

Plassebakken Barnehage

Studentbarnavisa Nr /2019 Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Vi lærer om respekt og likestilling

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Månadsbrev for Februar

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Tilbakeblikk på mars:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Psykologisk førstehjelp i skulen

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

april 2016 *****************************************************************

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til nytt barnehageår!

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Plan for Liabygda SFO

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. Kontor: 901 61 334 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: karin.uglum@sisof.no / ingvild.slaen.nornes@sisof.no

Då er vi i gang igjen med eit nytt barnehage år og vi tilsette ønskjer alle gamle og nye barn og deira føresette hjarteleg velkommen. Først av alt, vi er veldig interessert i få tilbakemeldingar frå dykk foreldre, det er i saman med dykk at vi får til den gode barnehagen. Kom til oss om det er noko de lurer på eller vil forandre på eller rett og slett har ønskjer om aktivitetar for dykkar barn, - forandring skjer ikkje før vi har fått vite at de ønskjer forandring. Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage drifta av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Det er 44 plassar i barnehagen, og plassane blir i hovudsak nytta av studentar og tilsette i HiSF. Barnehagen har samordna opptak med Sogndal kommune. Ved lediggang kan vi tilby plassar til barn med foreldre som ikkje er studentar eller er tilsette i SISOF eller HiSF. Barnehagen lagar ei avis kalla Studentbarnavisa. Denne blir lagt ut på våre nettsider sisof.no - barnehage. Om nokon vil ha den i papir, kontakt styrar på kontoret. I avisa vil du få informasjon frå styrar, frå foreldrerådsutvalet, samarbeidsutvalet, evaluering av arbeid på avdelingane, samt oversikt over planar framover. NB! Ny ordning for foreldrebetaling frå 2015, sjå: sisof.no barnehage - foreldrebetaling Innhaldet vil variere frå periode til periode, avisa kjem ut 5 gonger i året, (september, november, januar, mars, og siste avisa kjem ut i mai). Det er styrar saman med dei pedagogiske leiarane som har ansvar for avisa. Alle avdelingar har eigne tavler der foreldra kan sjå oppslag over veka, samt anna informasjon som vedkjem deira barn. På Sisof sine nettsider www.sisof.no ligg ein del generell informasjon. T.d. vedtekter, rammeplan, foreldrebetaling, årsplan, Studentbarnavisa, song-perm, rim og regle- hefte, smittevern og lus informasjon, m.m. Den daglege kontakten og kommunikasjonen med dykk foreldre er veldig viktig for oss. Om det er noko, smått eller stort, så vil vi gjerne at de snakkar med oss om det. Då kan vi få til ein barnehage som er god for alle. Barnehagen vil freista å ta individuelle omsyn så langt det let seg gjere. Barnehagen opnar 7.30 og stenger 16.15. Kjernetida i barnehagen er frå kl. 9.30 til kl. 14.00. Dersom barnet tek fri eller om barnet er sjuk, er det fint om de ringer om morgonen. Tal barn som er i barnehagen er ofte avgjerande for korleis vi legg opp dagen. Tlf.nr. står på framsida. Vi har bedriftsnett, noko som betyr at om de ikkje får svar inne på dykkar avdeling så vert de sendt vidare. Barnehagen har ikkje fasttelefon, men mobil telefon. Når vi ringer dykk så vil eit mobilnummer dukke opp på dykkar skjerm. (lurt å legge telefonnummera inn på telefonen, slik at ikkje nummeret vises som ukjent)

Barnehagen kontor : 901 61 334 Barnehagen måne : 480 31 132 Barnehagen sol/ stjerne : 480 64 858 Avdeling Måne skal gjennom dette barnehageåret være med i eit forskingsprosjekt om fysisk aktivitet i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Føremålet med dette prosjektet er å kartlegge fysisk aktivitetsnivå og fysisk aktiv leik hjå 3-5 år gamle barn i barnehagen. Samt innhente kunnskap om kva som fremjar fysisk aktiv leik og fysisk aktivitet i barnehagen. Alle foreldra har fått utdelt informasjonsskriv og samtykkeskjema. Fredag 11.september blir det utleveringing av aktivitetsmålare, samt måling av høgde og vekt. Fotograf frå Fovea vil også i år kome å ta bilete av ungane i barnehagen, det vert anledning til å ta enkeltbilete, gruppebilete og søskenbilete. Dato for fotografering er sett til 13. oktober. Det blir arrangert foreldremøte på Måne 24. september og på Sol/ Stjerne 22.september frå kl. 16.30 18.00. På møte får de kort informasjon om SISOF/ Studentbarnehagen, om kvardagen i barnehagen, og om det pedagogiske arbeidet. Det blir val til samarbeidsutvalet, og ein post der de kan komme med det de har på hjarte. Vi tilbyr barnepass til dei av dykk som treng det. Dette er eit tilbod først og fremst til dei som er aleine med barnet sitt her i Sogndal. Det blir hengt opp påmeldingsliste på avdelingane, for dei som treng dette. Sogndal Studentbarnehage var for nokre år sidan med i eit prosjekt kalla Entreprenørskap i barnehagen. I den forbindelse oppretta vi ein Kafé i barnehagen. Det er dei eldste barna i barnehagen som driftar kafeen. Kafégjengen er med i heile prosessen. Det er dei som inviterer til arrangement i barnehagen Dei lagar handleliste, handlar på butikken, lagar invitasjon er med i prosessen rundt det å lage mat. Dei yngre barna og småbarnsavdelingane får tildelt oppgåver frå kafé-gjengen om det er noko dei treng hjelp til. Bli kjent middag er kafégjengen sitt første arrangement. Føresette, søsken og venner/ besteforeldre blir invitert til middag i barnehagen. Personalet opplever dette som ein veldig hyggelig ettermiddag, og takkar alle for eit fantastisk oppmøte denne ettermiddagen. Det er ikkje sikkert at de har moglegheit til og vere med på alle tilstellingar som vi har i barnehagen. Då gjev dykk beskjed til oss, så er barnet dykk saman med ein av dei vaksne frå barnehagen i denne tida. Nå foreldra kjem på arrangement, anser vi barna for henta. Då er det dykkar ansvar å sette grenser og å vere saman med barnet. Vi lagar til leikerom, inne på avdeling sol og inne på personaldelen. Der inne er de velkommen til å leike saman med barna.

I samband med FN dagen vil vi ha ei markering i barnehagen tysdag 20. oktober. Vi har basar der vi sel pølse m/brød og loddar ut gevinstar. Gevinstane er gåver vi har fått av våre samarbeids partnarar, - og mykje sjølvlaga flotte gevinstar. Sjå etter plakat på døra når tida nærmar seg. Det kjem studentar i barnehagen i perioden vi no går i møte. Det kjem truleg ein 3BLU student på Stjerne og ein 3 BLU student på Måne. I veke 42.43,44 og 45. Desse vil i løpet av denne perioden også ha ei overtakingsveke. Det vil bli foreldre samtala med alle nye barn i løpet av hausten. Dei andre får samtaler etter nyttår. Gi beskjed om de ønskjer samtale før denne tid. Foreldre kan låne barnehagen gratis. Kontakt styrar for å låne nøkkel. Barnehagen har vore brukt til bursdagsfeiring, sosiale samankomstar, leik, barnedåp, konfirmasjon osv. Dersom det er noko de vil snakke med meg om, kom inn på kontoret eller ring. Ingen saker er for store, ingen saker er for små. NB! Porten må alltid takas igjen både med kjetting og lås. La ikkje bilen gå på tomgang ved henting og bringing i barnehagen. Det er ikkje anledning til å parkere her på dagtid, berre for levering og henting i barnehagen. Helsing Ingvild Slåen Nornes Stedfortreder styrer

EVALUERING AV AUGUST Avd; Sol og Stjerne Nå er august månad forbi og kvardagen i barnehagen byrja å ta form. Vi har i heile august jobba med tryggleik og tilvenning av nye barn og barn som har gått her før. På begge avdelingane er det no 8 barn på plass. Barna begynnar no å bli trygge på oss vaksne og barnehagen, og personalet tykkjer at tilvenningsperioden har gått fint. Å starte opp i barnehagen er nytt for både barn og foreldre, og ved at vi alle kommuniserer godt i lag, samarbeider, utvekslar idear og nødvendige opplysningar, ligg alle føresetnader til rette for at alle skal trivast og finne seg godt til rette i barnehagen. Det vi har lagt vekt på denne månaden er å prøve å fylgja dagsrytmen best mogeleg, slik at barna kan få tryggleik i at ting skjer til faste tider. Alle barna har fått sin stol og fast plass ved bordet, dette for å skape tryggleik hos barna. Vi vil også nå i september ha god tid til å leggja til rette for at alle skal bli trygge og kjende med dei ulike rutinesituasjonane i barnehagen, og me skal jobba med å finna gode rutinar som passar for alle. Vi har starta opp med songstund før frukt kl. 9.30. Her brukar vi enkle songar med bevegelse som barna lett kan kjenna att, og namnesongar. Kvar song har sitt bilete, noko som hjelper barna til å kjenne att songen frå dag til dag. Viktig å gi merksemd til den enkelte, og skape tilhøyre og vi føling i barnegruppa. I august har me feira Brage og Viljar på Stjerne, og Joanna på avd. Sol. «Bli kjent middagen» ble gjennomført med masse folk og god stemning. Vi takkar for besøket denne gongen, og ønskjer velkommen igjen neste gong. Planar for september og oktober oktober MEG SJØLV Nå i oppstartinga av barnehageåret er det viktig å fokusere på kvart enkelt barn og framheva barnet på ein positiv måte overfor dei andre i gruppa. På denne måten lærer barna seg sjølve og dei andre å kjenne. Det er naturleg for alle barn å bruke kroppen for å bli bevisst seg sjølv. Difor har vi valt å bruke ein del songar som me kan bevega oss etter, og songar som går på kroppen. Me vil også ha formingsaktivitetar som går på dette temaet. Satsingsområde for alle barnehagane i kommunen er dette barnehageåret fysisk og psykisk helse. Dette vil vi i vår barnehage jobbe med på ulikt vis. Vi har dei seinare åra hatt fokus på mangfald, og vil fortsatt ha det, fordi det er viktig for å sørgje for at alle er inkludert og på den måten har det bra. Barnehagen skal være et miljø hvor ulike individer og ulike kuturelle ytringar møtes i respekt for det som er forskjellig. Å belyse ulikhetene og det som er felles kan gi grunnlag for forståelse og innsikt (Kunnskapsdepartementet 2006a:18) Barnehagen skal formidle grunnleggande verdiar som fellesskap, omsorg og medansvar. Barnehagen skal representere eit miljø som bygger opp om respekt for menneskeverd og retten til å være forskjellig. Gje melding til oss om det er høgtider /tradisjonar de ynskjer vi skal markera. Gjennomgåande i kvardagen har vi stort fokus på sosial kompetanse, og viktige omgrep her er empati, sjølvhevding, sjølvkontroll, prososiale handlingar, leik, glede og humor. Sjølvsagt på det nivået barna på Sol og Stjerne er.

Leken skal ha en framtredende plass i barnas liv i barnehagen. (Rammeplan s. 25) Ein viktig del i barnehagen er at barna skal kunne leika med andre barn under trygge forhold. Leiken er viktig for barna si utvikling og læring. Gjennom leiken brukar barna kroppen sin, og får slik motorisk trening og kunnskap om korleis kroppen fungerar. For å kunne legge opp til aktivitetar som passer dei forskjellige alder og modningsnivå, vil vi dele opp litt etter alder. Eksempel på dette kan vere at dei eldste barna er på tur, og dei yngste er inne. Eller dei eldste er inne og har formingsopplegg, mens dei yngste er ute. Utover hausten vil vi etter kvart ha grupper på tvers av avdelingane, og i oktober vil vi ha prosjektdagar der temaet fysisk og psykisk helse blir spesielt sett fokus på. Framleis er vi i friluftslivets år, og dette håper vi vil prege uteaktiviteten vår. Ein gang i månaden vil vi ha felles samling for heile barnehagen. Då samler vi alle barna på huset på ei av avdelingane, for ei felles hyggeleg stund, leia av vaksne frå dei ulike avdelingane. HAUST Naturen gir rom for et mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. (Rammeplan s.38) For små barn opplever vi det er nærliggande å bruke dei ulike årstidene som tema. Det er konkret og noko som i seg sjølv gir grunnlag for gode opplevingar og læring. Hausten står for tur, og me vil bruke denne tida til å sjå på endringane i naturen, og gi barna erfaring med denne årstida. Me vil ta med oss barna ut i naturen, sjå, vere i, og ta med noko frå naturen til barnehagen. Dette kan vi bruke det til å lage haustbilde. Vi fokuserer på haustfargar og syng haustsongar. KOMMUNIKASJON, SPRÅK Dette fagområdet er aktuelt på avdelingane for dei under tre år gjennom heile året. Tidleg og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhald. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle et godt munnlig språk. Rammeplan s.34. For å kunne støtte dei minste barna i deira språkutvikling, må dei vaksne heile tida vere tilgjengeleg, og nær barna. Dei vaksne må vere medvitne om korleis ein bruker språket, og at ein heile tida er modell i dei små barna si språkutvikling. Slik vil vi få til eit gjensidig samspill, og hjelpe og støtte i deira måte å uttrykke seg på verbalt og nonverbalt.vi skal ha ein kvardag prega av song, musikk, rim, regler og høgtlesing. Barna skal oppleve tal og bokstaver, og vi skal følgje opp barnas initiativ når det gjeld å telje. Her har de eit utval av songar, rim og regler som vi nyttar knytt til tema meg sjølv, haust, språk og generelt fysisk og psykisk helse. Teksten på songane finn dykk på nettsida til barnehagen. www.sisof.no

Bevegelse sangar: God morgen alle sammen. Hokus og pokus.. Oppe på fjellet... Lille petter edderkopp.. Lillegutt kan tromme... Hjulene på bussem.. Hode skulder kne og tå.. Så klappa me på.. Hendene våre spelar vi med.. Tommelfinger, tommelfinger.. «En familie på fem»(pinnsvinsangen) «Vi tek kvarandres hender» Haust sangar: Epler og pærer.. Blada faller ned.. Hausten kommer.. Epler pærer plommer.. Regler: Pannebein Tetill, tåtill, tillerot Tommeltott, slikkepott, langemann Edderkopp, edderkopp.. Dingeli, dangeli dokka. Høgt, høgt i eit tre Ormen lange, kraup som ein slange Oppen poppen

SEPTEMBER 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 31 1 2 3 4 36 TEMA: MEG SJØLV av gruppa 7 8 9 10 11 av gruppa Formingsaktivitet 37 Ped.leiarm:13.15-14.15 Stjerne:13.15-14 Sol: 13.15-14.15 38 14 Vi feirer Nora 1 år! Ped.leiarm:13.15-14.00 15 Stjerne: 13.15-14.00 16 av gruppa 17 Formingsaktivitet Sol: 13.15-14-00 18 39 21 Ped.leiarmøte:13. 15-14.15 22 Avd.møte Stjerne: 13.15-14.00 Foreldremøte 16.30-18.00 23 av gruppa 24 Formingsaktivitet 25 Fellessamling

OKTOBER 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag TEMA : HAUS T 40 28 Prosjektdag: Ped.leiarm:13.15-14 29 Stjerne: 13.15-14 30 av gruppa 1 Formingsaktivitet 2 5 6 7 8 9 PLANLEGGING SDAG. av gruppa Formingsaktivite t Vi feirer Emma Sofie 2 år! 41 Barnehagen er stengt! Måne:10-11 Sol:13.15-14 12 Prosjektdag: 3F studentar 13 Fotografering i barnehagen 14 av gruppa 15 Formingsaktivitet 16 42 Ped.leiarm:!3.15-14.15 Stjerne:13.15-14 Sol: 13.15-14 19 20 22 23 43 Prosjektdag: Ped.leiarm: 13.15-14.15 FN BASAR (sjå oppslag på døra) av gruppa Formingsaktivitet Sol:13.15-14 44 26 Ped.leiarm:13.15-14.15 27 Stjerne: 13.15-14 28 av gruppa 29 Formingsaktivitet Sol:13.15-14 30 Vi feirer ISAK 2 år Fellessamling

Avd.måne August månad er over og ein sommar er begynt å gå over i haust. Nesten alle borna er på plass på avdeling Måne, og me er godt i gang med å bli kjend med kvarandre. Me har starta, som vanleg, med tilvenning av nye born og born frå småbarn. Dette gjer me med å lære oss namna på kvarandre, og vere litt nøye med å følgje rutinar, slik at dei nye raskt blir trygge på avdeling Måne. Blå gruppe har vore på blåbærtur og laga blåbærsyltetøy. Og same dage lagan me pannekaker med blåbærsyltetøy som alle fekk smake. Dette er noko som har blitt ein koseleg tradisjon på Måne. Resten av syltetøyet blir lodda ut på Basaren i oktober. Me har hatt bli kjent middag, med ein ivrig kafé- gjeng, som har jobba godt med alle oppgåvene som høyrer til i denne samanhengen. Dei har teke opp poteter frå grønnsaksåkeren til barnehagen, handla, laga mat og teke imot inngangspengar. Stort oppmøte, god mat, og nøgde gjestar blir konklusjonen etter årets bli kjent middag. I år var dei eldste invitert med på eit opplegg i regi av Fjell- og Fjordfestivalen. Det var ein flott dag i Vikane med flinke studentar og fint vær. Borna vart delt inn i stasjonar der dei skulle bruke sansane sine og finne ulike ting i naturen. Og det var litt klatring med tau og sele. Etterpå var det bading/vassing i vannkanten og laging av grønnsakssuppe. Me har hatt besøk av 2 BLU studentar som har laga handdokker saman med ei gruppe. Borna laga flotte og kreative dokker av ein sokk og ulike stoffer. Veldig kjekt å få bruke dei etterpå i leik og dokketeater. På avdeling Måne deler me borna i faste grupper,( blå, raud og gul). Dette har me komme litt i gang med i august månad, og vil fortsetje med gjennom heile barnehageåret. Kven som er i dei ulike gruppene heng på oppslagstavla, slik at de veit kva gruppe borne dykkar er i. På tysdagane har me hatt ei fast utegruppe frå kl 9 og ut dagen, dette har vore halve barnegruppa (gruppe 1, sjå oppslag på døra). Dei har leika ute, vore på tur, ete ute og hatt samling og lest bok i lavoen. I august har me feira Julian 4 år og Leah Celine 3 år, hurra!

Satsingsområdet for alle barnehagane i Sogndal er psykisk helse. Dette er eit tema vi vil fokusere på gjennom heile barnehageåret. Barn er skapt for å vere i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og mestringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår. Fysisk aktivitet har også positiv verknad på barns mentale helse, emne til sosialt samspel, emne til å konsentrere seg og lære, og såleis gjere at barn trivst betre. Rammeplanen Me vil auke borna si forståing av seg sjølv og kroppen sin. Fokus på mestringsglede hos det enkelte borne. Kva kan me bruke kroppen vår til, hoppe, springe, danse m.m. Kva kler me på oss? Kva farge har me på auge og hår? Fokus på at me alle er litt ulike. Me ser på bilde av korleis me ser ut når me er glade, sinte, lei oss. Borna lagar hand og fot avtrykk og me vil bruke sanseboksar. Songar er blant anna ; "Hode, skulder kne og tå", "Vi har to øyner", "Hvis dine ører henger ned", Fingrene våre spiller vi med", og "Vi tek kvarandres hender" og "Buggi, buggi". Me skal og ha eit prosjekt på tvers av avdelingane, der borna blir delt inn i grupper og det blir lagt opp til ulike aktivitetar inne og ute med fokus på fysisk aktivitet. Dette blir på måndagane og startar i slutten av september. for meir informasjon. Brannvernveka er ein landsomfattande informasjonskampanje i veke 38 som arrangerast bl.a. av Norsk brannvernforening. Det er ikkje tilfeldig at Brannvernveka arrangerast om hausten. Folk treng ei påminning om brannsikkerheit før me skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrer i ovnen. I barnehagen snakkar me om kva me gjer om det brenn. Me høyrer på brannalarmen og har brannøving. Me går i små grupper opp til brannstasjoen for at alle borna får sjå kor den ligg. Barna lærer nød nummeret me ringer om det brenn, 110. Laurdagen den veka er det open dag på Sogndal brannstasjon frå kl 10-14. Der di foreldre kan ta med borna for og sjå Ei veke i oktober har me mykje fokus på eit FORUT prosjekt, som vi kvart år vel å støtte og samle inn pengar til. Frå me startar i august produserer me gevinstar til ein basar som me arrangerer i barnehagen i oktober. Borna er sterkt medverkande i prosessane fram mot basaren. Dei får høyre om korleis barn lever og har det i andre delar av verda. Gjennom slikt arbeid får dei gjere seg tankar om korleis dei og kan bidra til å gjere tilhøva litt betre for nokon som ikkje har det så godt som oss. Meir informasjon om FORUT vil de få når det nærmar seg. Me ser på haustfargar og at naturen forandrar seg. Naturen er ein ynda stad for å fokusere på sansane. Her kan me undre oss over mangfalde i naturen ved å sjå, lytte, smake, føle og bevege

oss. Med endringar i årstider og skiftande vær kan kvar tur bli ei heilt ny oppleving. Borna malar og haustbilde og me skal ha ei epleveke i oktober der borna bl.a. lagar epletrykk og eplemos. I barnehagen jobbar vi mykje tverrfagleg. Det tydar at me er innom fleire fag når me jobbar med ulike tema. Desse to månadene er me likevel mest innom desse fagområda frå Rammeplanen: «Kropp, rørsle og helse», «Natur, miljø og teknikk», og «Etikk, religion og filosofi» I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motoriske ferdigheiter, kroppsmeistring, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk." (Jmf rammeplanen) I september startar me og opp med varmmat kvar fredag. Det vil alltid vere slik at nokre born er med å lagar maten me skal ete. I tillegg er det slik at ved bursdagsfeiring er bursdagsbarnet med å lagar «bursdagsmaten». Barnehagelærarstudentar kjem innom, og ein student som går siste året, skal ha overtakingsveke i oktober. Dette tydar at pedagogisk leiar skal ut av avdelinga, og studenten overtek leiinga for ei veke. Me er no komne til hausten og temperaturen søkk, minner difor om at de må ta med varme og gode ytterklede og skifteklede, - då me kan ha mange våte dagar i vente. Det vil bli gjennomført foreldresamtalar for nye born i september. Direkte tlf. nr på Måne: 48031132 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt

MÅNADSOVERSIKT SEPTEMBER 37 Tema: Meg sjølv 7 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 8 9 10 11 Hilde 4 år, hurra! Utedag for gr. 1 frå kl. 9.00 Emil 5 år, hurra! VARMMAT: Graut Øve på sangar til Sisof dagen onsd. 16. sept. 38 Tema: Brannvernveke 14 Ei gruppe på tur til brannstasjonen Eskil 3 år, hurra! 15 Utedag for gr. 1 frå kl. 9.00 Ei gruppe på tur til brannstasjonen 16 Sisof dag: kl. 11-13, blå og raud gr. skal synge på Hisf 17 18 VARMMAT: Feire Kevin 4 år, hurra! 21 22 23 24 25 39 Meg sjølv Utedag for gr. 1 frå kl. 9.00 I samanheng med forskningsdagane er dei eldstre på Måne invitert til boklesing på Hisf. Foreldremøte MÅNE Kl. 16.30-18 VARMMAT: Feire Jenny Sofie 3 år, hurra! 28 29 30 40 Epleveke Prosjekt på tvers av avdelingane. Tema fysisk og psykisk helse Utedag for gr. 1 frå kl. 9.00 På tur og hauste eple Gruppe 1 lagar epletrykk Gunnar 3 år, hurra! Gruppe 2 lagar epletrykk NB: Sjå 14-dagars planar for meir informasjon, heng på døra i gangen.

MÅNADSOVERSIKT OKTOBER 40 Tema: Epleveke Måndag Tysdag. Onsdag. Torsdag. Fredag. 1 2 Lage eplekake Foreldre får Lage eplemos smake ved henting VARMMAT: 41 Tema: Haust 5 Planleggingsdag Barnehagen er stengt 6 Blå gruppe lagar haustlykter Madina 5 år, hurra! 7 Ei gruppe på tur til Trudvang Skule 8 Ei gruppe på tur til Trudvang Skule 9 Vi lagar mat i Lavoen VARMMAT: 12 13 14 15 16 42 Tema: FORUT Prosjekt på tvers av avdelingane. Tema fysisk og psykisk helse 3 BLU student i 4 veker 19 FORUT- PROSJEKT Fotografering 20 21 22 23 VARMMAT: 43 Tema: FORUT Prosjekt på tvers av avdelingane. Tema fysisk og psykisk helse BASAR i BARNE- HAGEN (Sjå plakat) VARMMAT: 44 Tema: Sjå studenten sitt opplegg 28 Overtakingsveke for 3 BLU student. Sjå eigen vekeplan 29 30