Aukra kommune Arkivsak: 2013/490-41 Arkiv: 026 Saksbeh: Geir J. Göncz Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet 26.01.2016 7/16 Kommunestyret 02.02.2016 Ungdomsrådet - referatsak 09.02.2016 Kommunereforma - Vidare prosess Rådmannen si tilråding: 1. Aukra kommunestyre tar rapport om «Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya» til orientering 2. Aukra kommunestyre er positiv til initiativ frå Sandøy kommune om vurdering av eventuell kommunegrensejustering for Ona, Sandøy og Orten. 3. Dato for rådgjevande folkerøysting vert sett til 25. april 2016. Saksprotokoll i Formannskapet - 26.01.2016 Behandling E-post frå Sandøy kommune, datert 22.01.16, vart lagt fram på møtet Til pkt. 2 i tilrådinga frå rådmannen: Ordførar Bernhard Riksfjord sette fram følgjande forslag: Aukra formannskap viser til e-post frå Sandøy kommune v/ordføraren. Da Sandøy kommunestyre ikkje ønskjer at øyane Ona Sandøy Orten vert skilt frå Sandøy kommune. Aukra formannskap tek beslutninga frå Sandøy kommunestyre til vitande. Forslaget frå Ordførar Bernhard Riksfjord vart samrøystes vedtatt Rådmannen trekte pkt. 2 i si tilråding Odd Jørgen Nilssen (H) sette fram følgjande forslag: 1. Aukra kommunestyre tek rapport om "Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya" til Beskrivelsen gir et godt utgangspunkt for videre sonderinger/forhandlinger fram mot en mulig intensjonsavtale med ny kommune-romsdalshalvøya. I god tid før rådgivende folkeavstemming den 25.04.16 må denne intensjonsavtalen være på plass, for å synliggjøre et reelt alternativ til intensjonsavtalen mellom Aukra og Midsund.
2. Dato for rådgivende folkeavstemming settes til 25.04.16. 3. Aldersgrense for å stemme settes til 16 år. Ordførar Bernhard Riksfjord (AP), varaordførar Helge Kjøll (KRF) og formannskapsmedlem Heidi Løklingholm (SP) sette fram følgjande forslag: 1. Aukra kommune tek rapporten om Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya til 2. Aukra kommune sitt vidare arbeid med kommunereforma held fram med følgjande retningsval: a) Med bakgrunn i rapporten Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya ønskjer ikkje Aukra kommunestyre å gå vidare med forhandlingar rundt alternativet ny kommune- Romsdalshalvøya. b) Aukra kommune ser på Aukra Midsund som sitt primære alternativ. Forhandlingane med Midsund kommune held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan leggje grunnlaget for etablering av ein ny kommune c) Aukra kommunestyre vil leggje fram følgjande tre alternativ i samband med ei 1. Samanslåing mellom Aukra kommune og Midsund kommune. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. 2. Aukra kommune som eigen kommune 0-alternativet. 3. Ein stor kommune med kommunane på Romsdalshalvøya (Molde, Aukra, Midsund, Fræna, Eide og Nesset) 3.Aukra kommune ønskjer å gjennomføre ei rådgjevande folkeavrøysting 25.april 2016. Det vart 5 min. pause Ordførar Bernhard Riksfjord (AP), varaordførar Helge Kjøll (KRF) og formannskapsmedlem Heidi Løklingholm (SP) trekte pkt. 2a i sitt forslag, og la fram forslag på eit pkt. 4: aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000. Odd Jørgen Nilssen (H) trekte sitt forslag Avstemming: Forslaget frå Ordførar Bernhard Riksfjord (AP), varaordførar Helge Kjøll (KRF) og formannskapsmedlem Heidi Løklingholm (SP) vart samrøystes vedtatt Tilrådinga frå rådmannen fall Innstilling frå formannskapet 1.Aukra kommune tek rapporten om Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya til 2. Aukra kommune sitt vidare arbeid med kommunereforma held fram med følgjande retningsval: a.aukra kommune ser på Aukra Midsund som sitt primære alternativ. Forhandlingane med Midsund kommune held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan leggje grunnlaget for etablering av ein ny kommune b.aukra kommunestyre vil leggje fram følgjande tre alternativ i samband med ei
1.Samanslåing mellom Aukra kommune og Midsund kommune. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. 2.Aukra kommune som eigen kommune 0-alternativet. 3.Ein stor kommune med kommunane på Romsdalshalvøya (Molde, Aukra, Midsund, Fræna, Eide og Nesset) 3.Aukra kommune ønskjer å gjennomføre ei rådgjevande folkeavrøysting 25.april 2016. 4.Aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000. Saksprotokoll i Kommunestyret - 02.02.2016 Behandling Ordførar Bernhard Riksfjord orienterte Pål Terje Huse (AL) sette fram følgjande forslag til eit pkt. 5: Forhandlingane om ein kommune med kommunane på Romsdalshalvøya (Molde, Midsund, Fræna, Eide, Gjemnes og Nesset) held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan legge grunnlaget for etablering av ein ny kommune på Romsdalshalvøya beståande av ein eller fleire av desse. Alternativet Aukra Midsund blir utreda allereie som eget alternativ. Odd Jørgen Nilssen (H) sette fram følgjande forslag: 1. Aukra kommune tek rapporten om "Beskrivelses av ny kommune Romsdalshalvøya" til 2. Aukra kommune deltar videre i fase 2 i sonderingar/forhandlingar om «Romsdalshalvøya»,for å komme fram til ein intensjonsavtale om ein eventuell ny kommune innanfor «Romsdalshalvøya» som grunnlag for ei rådgjevande folkeavrøysting. Aukra kommunestyre legg til grunn at ein ny kommune, med Molde som senter, må vere i stand til å stille naudsynte garantiar for låna som må takast opp for å full-finansiere Kjerringsundet, slik at dette prosjektet kan realiserast samtidig med Møreaksen. Administrasjonen må sørge for at dette ender opp i eit dokument som summerer opp fordelar og ulemper med kvart enkelt alternativ. 3. Forhandlingar med Midsund mot en mulig intensjonsavtale held fram. 4. Med dette som grunnlag legg Aukra kommunestyre fram følgjande tre alternativ til ei a. Aukra-Midsund b. Aukra som egen kommune- 0-alternativet. c. Ein ny kommune der ein eller fleire ROR-kommunar er med 5. Aukra kommune gjennomfører en rådgjevande folkeavrøysting den 25.04.2016 6. Aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000 Heidi Evelyn Løklingholm sette fram følgjande forslag på vegne av: Aukra Venstre, Aukra Senterparti, Aukra KrF og Aukra Arbeidarparti :
1. 1.Aukra kommune tek rapporten om Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya til 2. Aukra kommune ser på Aukra Midsund som sitt primære ønske. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. Forhandlingane med Midsund kommune held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan leggje grunnlaget for etablering av ein ny kommune. Alternativt Aukra kommune som eigen kommune 0 alternativet. 3. Aukra kommunestyre kan ikkje tilrå alternativet ny kommune-romsdalshalvøya. Det vert fortsatt deltaking i dei møta som ROR arrangerer, sidan dette er eit av alternativa som blir lagt fram til folkerøysting. 4. Aukra kommunestyre vil leggje fram følgjande tre alternativ i samband med ei rådgjevande folkeavrøysting den 25. april 2016: 1. Samanslåing mellom Aukra kommune og Midsund kommune. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. 2. Aukra kommune som eigen kommune 0-alternativet. 3. Ein stor kommune med kommunane på Romsdalshalvøya. 5. Aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000. Pause til kl. 17.20 Avstemming: Formannskapet trekte si innstilling Odd Jørgen Nilssen sette fram nytt forslag: Stryke pkt. 2 og 3 i forslaget. Og erstatte dei med forslaget frå Pål Terje Huse: 1. Aukra kommune tek rapporten om "Beskrivelses av ny kommune Romsdalshalvøya" til 2. Forhandlingane om ein kommune med kommunane på Romsdalshalvøya (Molde, Midsund, Fræna, Eide, Gjemnes og Nesset) held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan legge grunnlaget for etablering av ein ny kommune på Romsdalshalvøya beståande av ein eller fleire av desse. Alternativet Aukra Midsund blir utreda allereie som eget alternativ. 3. Med dette som grunnlag legg Aukra kommunestyre fram følgjande tre alternativ til ei a.aukra-midsund b.aukra som egen kommune- 0-alternativet. c.ein ny kommune der ein eller fleire ROR-kommunar er med 4. Aukra kommune gjennomfører en rådgjevande folkeavrøysting den 25.04.2016 5. Aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000 Forslaga vart satt opp mot kvarandre: Forslaget frå Odd Jørgen Nilssen (H) og Pål Terje Huse (AL) fall med 14 mot 7 stemmer
Forslaget frå Heidi Evelyn Løklingholm sette fram følgjande forslag på vegne av: Aukra Venstre, Aukra Senterparti, Aukra KrF og Aukra Arbeidarparti vart vedtatt med 14 mot 7 Vedtak 1. Aukra kommune tek rapporten om Beskrivelse av ny kommune-romsdalshalvøya til 2. Aukra kommune ser på Aukra Midsund som sitt primære ønske. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. Forhandlingane med Midsund kommune held fram. Formålet er å få til ein intensjonsavtale som kan leggje grunnlaget for etablering av ein ny kommune. Alternativt Aukra kommune som eigen kommune 0 alternativet. 3. Aukra kommunestyre kan ikkje tilrå alternativet ny kommune-romsdalshalvøya. Det vert fortsatt deltaking i dei møta som ROR arrangerer, sidan dette er eit av alternativa som blir lagt fram til folkerøysting. 4. Aukra kommunestyre vil leggje fram følgjande tre alternativ i samband med ei rådgjevande folkeavrøysting den 25. april 2016: 1. Samanslåing mellom Aukra kommune og Midsund kommune. Dette under forutsetning av at vi får etablert eit brusamband mellom Gossen og Otrøya. 2. Aukra kommune som eigen kommune 0-alternativet. 3. Ein stor kommune med kommunane på Romsdalshalvøya. 5. Aldersgrense for å stemme blir 16 år, født i år 2000. Vedlegg 1 Beskrivelse av ny kommune - Romsdalshalvøya 2 Utkast til intensjonsavtale Aukra-Midsund Særutskrift: Bakgrunn: Aukra kommunestyre vedtok i møte 17.09.15: 1. Aukra kommunestyre tek Telemarkforsking sin sluttrapport til 2. Det vert etablert eit sonderings- og forhandlingsutval med ordførar, varaordførar, ein representant frå kommunestyret og rådmannen. 3. Aukra kommune ser Aukra-Midsund som sitt primære alternativ. Andre alternativ er Aukra som fortsatt eigen kommune. Og som eit tredje alternativ, vert det vidare samtalar/drøftingar/forhandlingar om Ny-kommune med ein eller fleire andre ROR-kommunar. 4. Milepælsplan vert justert i tråd med vedlagte plan. Tidspresset er stort og fristane korte i arbeidet med kommunereforma. Sjølv om det er kort tid sidan kommunestyret sist handsama og vedtok ovanståande, og kommunestyret i kvart møte har ei munnleg orientering om kommunereforma, så vert som for andre kommunar i ROR, lagt opp til ei sak om vegen vidare, for om mogleg å spisse prosessen vidare. Utgreiing: Romsdalshalvøya
Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak den 17.09.15, pkt 3, har sonderingsutvalet delteke i ROR sin prosess for ny kommune - Romsdalshalvøya. Vedlagt er rapporten «Beskrivelse av ny kommune- Romsdalshalvøya». Rapporten er resultatet av første fase i arbeidet med å gje innhald i ein slik ny kommune. Neste fase vil vere nærare utarbeiding av detaljar/intensjonar i form av m.a intensjonsavtale. Rådmannen finn ikkje grunn til å vurdere enkeltformuleringar i innhaldet i den vedlagte rapporten. Rapporten er ikkje, slik rådmannen ser det, eit eigna dokument for å ta ei realitetsvurdering om ny kommune. Dokumentet/prosessen hittil er ikkje detaljert om kva den vil bety for den einskilde kommune. Utan vidare konkretisering vil ikkje det vere grunnlag for innbyggarane å ta stilling i ei rådgjevande folkerøysting. Resultatet av ein intensjonsavtale om eventuell ny kommune innafor ROR vil kome som eiga sak, og danne grunnlaget for den rådgjevande folkerøystinga. Aukra-Midsund Som kjend i tidlegare saker og jamne orienteringar er det i gang forhandlingar med Midsund kommune om intensjonsavtale for ein ny kommune. Arbeidet er ikkje sluttført. Vedlagt er utkast til intensjonsavtale slik den er utforma pr dato. Resultatet av intensjonsavtalen vil kome som eiga sak, og danne grunnlaget for den rådgjevande folkerøysting saman med innhaldet i ny kommune for Romsdalshalvøya. Andre initiativ Ordførar har motteke brev frå ordførar i Sandøy kommune 21.12.15, med ønskje om signal frå Aukra kommune om det kan vere aktuelt å sjå nærare på ei kommunegrensejustering, der Ona, Sandøya og Orten vert ein del av Aukra kommune. Sandøy kommune har tidlegare gjort sitt retningsval som går mot Sunnmøre og regionkommune, men er altså open for vidare drøftingar om slik grensejustering om Aukra kommune ønskjer det. Det er i første omgang Sandøy kommunestyre som må gjere formelt vedtak om grensejustering. Rådmannen finn det grunnleggjande å greie ut konsekvensane og etablerar god dialog om intensjonar før eit endeleg vedtak. Det er fleire grunnar til at rådmannen innstiller positivt til å greie ut dette vidare: - Invitasjon frå Sandøy kommune - initiativ frå innbyggjarar på Ona, Sandøy og Orten - Eit felles øyrike - Felles kultur, regionorientering På same tid kan rådmannen sjå fleire utfordringar knytt til tenesteyting, investeringar og beredskap. Vestnes Etter initiativ frå Vestnes kommune har det vore gjennomført eit første møte/sondering 14.01.16 i høve mogleg ny kommune Vestnes-Midsund-Aukra. Både Vestnes og Midsund har omtala eit slikt alternativ i sine kommuestyrevedtak.
Konklusjonen/uttalen frå dei tre sonderingsutvala frå dette møtet var: «Kommunane ser positivt på eit framtidig samarbeid når samferdselsløysingar mellom kommunane er på plass». Møreaksen vil ikkje vere på plass før tidlegast 2023. Ein eventuell ny kommune med dei tre kommunane er ikkje gjennomførbar før Møreaksen er på plass. Alle dei tre kommunane har andre alternativ som primære alternativ, jf kommunestyrevedtak. Såleis er det pr dato usikkert om ein etter 2017 (endeleg vedtak om kommunesamanslåing) har dei same tre forhandlingspartar/kommunar. Det er semje om ikkje å ta inn dette alternativet i dei rådgjevande folkerøystingane i dei tre kommunane. Fræna 9. desember 2015 vart det gjennomført eit møte med sonderingsutvala i Fræna og Aukra. Det var felles semje om ikkje å gå vidare med forhandlingar for ein ny kommune, men bygge vidare på samarbeid på konkrete tenesteområder. Informasjon og medverknad - Dialogkafe For å tilrettelegge for informasjonsspreiing er det tenkt eetablert ein fast uformell møtestad der kommunen sin politiske og adminstrative leiing kan møte innbyggarane. Dette i form av ein «dialogkafe» på frivillighetssentralen sine lokaler første torsdag kveld i februar, mars og april. - Rådgjevande folkerøysting Kommunestyret har tidlegare vedteke at det skal gjennomførast rådgjevande folkerøysting. Ifølge lovverket bestemmer kommunestyret sjølv korleis ein vil gjennomføre ei folkerøysting. Det er derimot gode grunnar til at ein tar utgangspunkt i regelverket i valloven. I eigen sak (sjå denne) vert det såleis etablert eit valstyre, som vil ta hand om sjølve gjennomføringa, til dømes førehandsstemming, vallokale på Julsundet og Gossen. Fleire kommunar i ROR har vedteke folkerøystingar. I vedtak i ROR styret den 12.01.16 rår styret til at kommunane samlar seg om 25. april som dato for folkerøysting om kommunereformen. Rådmannen kan ikkje sjå gode grunnar til ikkje å følgje dei andre RORkommunane i dette. Økonomiske og administrative konsekvensar: Ingrid Husøy Rimstad Rådmann Geir J. Göncz Kommunalsjef