VIK KOMMUNE Områderegulering- reguleringsføresegner for Vikja - Seimsvegen

Like dokumenter
FØRESEGNER FOR DETALJREGULERINGSPLAN FOR NÆRINGSOMRÅDE PÅ NESSANE

2 Arealføremål ( 12-5): LÆRDAL UTBYGGING AS

Reguleringsplan, detaljregulering for: jf. plan- og bygningslovens (pbl) kap.12

Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone ( 12-5, nr.6)

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan Hollingsetervegen

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Voss kommune Kommunalavdeling for tekniske tenester Reguleringsføresegner Detaljreguleringsplan Bjørgamarka 3

- Industri/lager - Angitt bebyggelse og anleggsformål kombinert med andre angitte hovedformål

Reguleringsføresegner

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

Siste revisjon: 1.2 Planavgrensing Det regulerte området er vist med plangrense på plankart i målestokk 1:1000, dagsett

(Plan-id )

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

FUGLE SKEI - DETALJREGULERING JØLSTER KOMMUNE FØRESEGNER

Føresegner

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

SUND KOMMUNE 1 INTENSJON I PLANEN

Detaljreguleringsplan. Reguleringsføresegner pbl 12-7

Detaljreguleringsplan for: Del av gnr. 31, bnr. 4 m. fl. Trafikkplan Vik, Jondal. Reguleringsføresegner pbl 12-7

Detaljregulering for gnr/bnr 56/295 m.fl., Tjødnåsen Plan ID: Stord kommune

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

for Kommunens Dato: Møtedato: 1. gangs 2. gangs Sak: 203/12 Side 1 av 5

Reguleringsføresegner pbl 12-7

REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner

FØRESEGNER LEMHAGEN. Sogndal kommune Reguleringsplanføresegner Lemhagen Eining/avd/ PLN/TE. Arkiv L12 30B. Vår ref 04/

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegner. for. Alverneset. gbnr 137/28 m.fl.

(Plan-id )

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsbestemmelser Reguleringsplan for Gorolie Revidert iht vedtak i kommunestyret , saknr. 31/08

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner

Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for Bjørnevik bustadområde. Jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12

ASKVOLL OG NAUSTDAL KOMMUNAR REGULERINGSFØRESEGNER FOR DETALJREGULERINGSPLAN VASSLEIDNING SKORVA ENGEBØ

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 27/ 606 m.fl, Svehaugen». Stord kommune. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 27/606 m.

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR GOTEBAKKEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

Føresegner. Reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter. Tysnes kommune

FØRESEGNER DETALJREGULERING FOR BUDAFJELLET II - Plan ID

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR MÅSVIKREMMA SYD

FØRESEGNER FOR. DETALJREGULERINGSPLAN FOR BUSTADFELT B1, KOLSET, plan-id

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

Reguleringsføresegner for. Bustadområde på Alver, gbnr 137/188

REGULERINGSFØRESEGNER

Detaljregulering for gnr/bnr 27/89 m.fl.,borggata Stord kommune

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR GOTEBAKKEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

REGULERINGSFØRESEGNER

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR HJELMESET 3, GNR. 31 BNR. 2, 4 M.FL. HERØY KOMMUNE

Reguleringsføresegner. for. Hordasmibakken. Lovheimel: Plan- og bygningslova Kommunens saksnummer: 2013/1408 og 2014/1885. Plan-ID:

Meland kommune Reguleringsplan for Leirdalen, Ryland Gnr 43 bnr 132 med fleire; idrettsanlegg og barnehage Reguleringsføresegner

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR ØVRE RINGEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

1.3. Terrenghandsaming (pbl 12-7 nr 3) Reguleringsføresegner for Områdeplan for Bø skule og barnehage

Føresegner. Falkhytten Aust. Detaljregulering. for

Reguleringsføresegner for Hillesvåg bustadområde Gbnr 196 / 21 og 30 m.fl.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

HYTTEFELT LAUVFJELLET F Ø R E S E G N E R. Detaljreguleringsplan, gnr. 15, bnr. 9 m. fl.

REGULERINGSFØRESEGNER Justert etter mindre endring , delegert vedtak formannskapet 17/3

FØRESEGNER TIL DETALJPLAN FOR BUSTADOMRÅDE PÅ GBNR. 83/1 M.FL. PÅ AMDAM I ØRSKOG KOMMUNE

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R F O R R E G U L E R I N G S P L A N - D E T A L J R E G U L E R I N G D A L E L I A 2

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSENDRING FOR LANGEVÅG SØR OG FOR EIT OMRÅDE KRING OLAFSMINDE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

Reguleringsføresegner

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Meland kommune. Reguleringsplan (detalj) Detaljregulering fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv Reguleringsføresegner

Arealformål som inngår i planen, etter plan- og bygningslova 12-5:

FØRESEGNER FOR SKÅRNESVIKA, TOSKA GNR. 43, BNR 94 m.fl. I RADØY KOMMUNE

Reguleringsføresegner

Føresegner. Obersthaugen. Detaljregulering. for

REGULERINGSFØRESEGNER FOR: STRANDEBARM BARNEHAGE, KVAM HERAD FORSLAGSSTILLAR: KVAM HERAD

FOTGJENGARUNDERGANGAR, ØLENSVÅG

Solund kommune Solnes Reguleringsplan: Saksnummer: Dato sist revidert: Godkjent plan:

FØRESEGNER FOR LEIKNES SKULE MED OMKRINGLIGGJANDE AREAL (Plan-id )

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

Bruk og vern av sjø og vassd r ag, med tilhøyrande strandsone ( 12-5, nr. 6 )

SAMNANGER KOMMUNE FORSLAG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADOMRÅDE GJERDE LØNNEBAKKEN

REGULERINGSPLAN. Svartabrotet naustområde del av gnr. 14 bnr.38 PlanID: Bømlo KOMMUNE


R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R F O R D E T A L J R E G U L E R I N G Y T R E J U L S E T

REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner Plan: Privat detaljreguleringsplan Norddalsfjord, GBnr. 75/5, Hytter/ bustad. Utarbeidet av: Flora kommune/ INC Engineering AS

REGULERINGSFØRESEGNER DETALJREGULERINGSPLAN FOR GANGVEG SYLTE

FØRESEGNER SKAGEN STEG 3, DETALJREGULERING DEL AV GBNR 75/30, 74/6 M.FL. I GAULAR KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR HANSABAKKEN II GNR. 40 BNR. 8 M.FL. SVEIO KOMMUNE

Føresegner Plan: Del av gbnr. 88/3. Bustadtomter Hopen

Reguleringsplan for <del av Rauland sentrum - aust >

Reguleringsføresegner

Detaljreguleringsplan for ny tilkomstveg til Sundheim Bo- og Treningssenter m.m. Nord-Fron kommune. Reguleringsføresegner. Planid

Transkript:

VIK KOMMUNE Områderegulering- reguleringsføresegner for Vikja - Seimsvegen Utarbeidd av Asplan Viak AS Leikanger Dato for siste revisjon av plankart: 04.04.17 Dato for siste revisjon av føresegner: 04.04.17 Plan: OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR VIKJA - SEIMSVEGEN Vedtak /Stadfesting: Avskrift Planid: 1417 2014007 Arkiv nr.: Dato org. føresegner: Siste revisjon: Sign.: 1 GENERELT Heimel for reguleringsføresenger er plan- og bygningslova 12-7 (pbl). Føresegnene er saman med plankartet eit juridisk bindande dokument. Føresegnene er knytt til plankartet, med plannummer 1417 2014007, dagsett 04.04.2017, og gjeld for planområdet med planavgrensing som vist på plankartet. 1.1 Arealføremål (Plan og bygningslova 12-5, 12-6 og 12-7): Område for bygningar og anlegg ( 12-5, nr.1) Bustader, frittliggjande småhus, BFS1-2 [Rp 1111] Næringsbygningar, BN 1-2 [Rp 1300] Kombinert renovasjonsanlegg og skytebane, BRE/BSK [Rp 1800] Kombinert massedeponi og næringsbygningar, BSM/BN [Rp 1800] Samferdsel og teknisk infrastruktur ( 12-5, nr. 2) Veg, SV1-2 [Rp 2010] Køyreveg, SKV 1-2 [Rp 2011] Fortau, SF1-2 [Rp 2012] Gang- og sykkelveg, SGS1-2 [Rp 2015] Gangveg, SGG1 [Rp 2016] Annan veggrunn tekniske anlegg Annan veggrunn grøntareal Grønstruktur ( 12-5 nr. 3) Grøntstruktur, G1-3 [Rp 3001] Landbruks-, natur- og friluftsformål ( 12-5 nr.5) Jordbruk, LJO1-2 [Rp 5111] Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone ( 12-5 nr.6) Friluftsområde i vassdrag, VFV1-2 [Rp 6710] Omsynssoner ( 12-6, jf. 11-8) Sikringssone (11-8, a.1): Frisikt Faresone (11-8, a.3): Ras- og skredfare Faresone (11-8, a.3): Høgspenningsanlegg Faresone (11-8, a.3): Flaumfare Områdebestemmelsar ( 12-7) Anlegg- og riggområde Kulturminne som vert søkt frigjeve

2 FELLES FØRESEGNER 2.1 Plankrav til søknad Søknad om løyve til tiltak skal m.a ha med detaljert høgdesett situasjonsplan i målestokk 1:500 eller større. Planen skal gjera greie for dei aktuelle tiltaka på ein tenleg måte. Kommunen skal ved handsaming av søknad om tiltak sjå til at bygg får ei god form og materialbruk og at bygningane får ei heilskapleg og harmonisk utforming med omsyn til fargar, materialbruk mm. 2.2 Støy Tilgrensande bustader skal ikkje utsetjast for høgare støybelastning frå nærings- / industriområdet enn fastsett i rundskriv T-1442. Det er drivar av verksemda som til ei kvar tid er ansvarleg for at støygrensa ikkje vert overskriden. 2.3 Ureining Det er drivar av verksemda som etter pålegg frå ureiningsstyresmakta må kontrollere at utslepp ikkje vert for høgt. Området kan ikkje takast i bruk til nye formål /næring før det er avklart om grunnen er ureina. Det må også undersøkast om evt. ureina grunn påverkar elva, og naudsynte tiltak må då gjerast for å gjera grunnen trygg. Dersom ein under gravearbeid /anleggsverksemd eller liknande finn ureina grunn, skal arbeid stansast, styresmaktene varslast og tiltak setjast i verk. 2.4 Flaumfare Byggje- /anleggsområde som ligg innanfor flaumutsett område /faresone skal byggjast opp til flaumtrygt nivå før det kan gjennomførast tiltak, jf. pkt 8.4. 2.5 Skilt Skilt- og reklamebruk skal godkjennast av kommunen. All skiltbruk skal vere underordna fasadeuttrykk med omsyn til storleik, farge og materialbruk. Skilt som vert festa til bygningar skal ikkje rage over gesims. 2.6 Universell utforming Det skal leggjast vekt på universell utforming, dvs. at areala og anlegga skal utformast slik at dei kan brukast på like vilkår av så stor del av befolkninga som råd. Produkt, bygningar og omgjevnader skal utformast slik at dei kan brukast av alle menneske i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for spesiell tilpassing. 2.7 Rekkefølgjekrav a. Før bygningar og anlegg vert tekne i bruk, skal trerekke i anna veggrunn grøntareal langs Elvagata, o_skv1 (jf.4.8), vere etablert på den aktuelle strekninga. Dersom bygningar eller anlegg vert teke i bruk vinterstid, skal treplanting /grøntanlegg opparbeidast så snart som mogleg påfølgande vår. b. Før bygningar og anlegg vert tekne i bruk, skal godkjende vatn og avlaups-anlegg vere etablert i området. 2.8 Krav til utforming av areal Terrenginngrep skal gjennomførast på ein mest mogleg varsam måte. Nyanlagde fyllingsskråningar og randsoner skal ikkje vere brattare enn 1:2. Nyanlagde fyllingsskråningar og randsoner skal såast til. Det kan nyttast mur av naturstein med maks helling 3:1 der nivåforskjellane er større enn at ein tar opp nivåforskjellane med skråning 1:2.

3 BYGNINGAR OG ANLEGG 3.1 Bustader BSF1-2 a. Området skal nyttast til einebustader med tilhøyrande anlegg. b. Grad av utnytting er maks %-BYA=35 %. Biloppstillingsplassar kjem i tillegg. Gesimshøgda skal ikkje overskride 7 meter frå gjennomsnittleg planert terreng. c. Det skal leggjast vekt på å få til god tilkomst til kvar tomt, garasje og bustadhus. Det skal leggjast vekt på å få til gode uteopphaldsareal på kvar tomt ved å ta omsyn til innsyn, sol og klima. d. Minste uteopphaldsareal (MUA) på bakkeplan skal vere 25m 2 pr bueining. Uteopphaldsareal skal vere eigna for opphald og ha god tilkomst frå husværa, samt vere skjerma for støy, og ha gode sol- og lystilhøve. Arealet skal ikkje vere brattare enn 1:3. e. På tomt skal det opparbeidast min. 2 biloppstillingsplassar pr. bustadeining. Parkering skal vera opparbeidd før bruksløyve vert gitt. f. Garasjar og uthus skal vera tilpassa bustadhuset med omsyn til materialval, form og farge. Gesimshøgde maks 3 meter. Gesimshøgde 4 meter kan tillatast ved plassering i skrått terreng. g. Byggesøknad skal vise korleis avfallsordning skal fungere, både i vanleg brukssituasjon og ved framsetjing for tømming /dunkoppstillingsplass. 3.2 Næringsbygningar BN1-2 Føremålet gjeld område for etablering av næringsverksemd med tilhøyrande teknisk anlegg, vegar og parkering.område regulert til næringsføremål kan nyttast til småindustri, lager, verkstad, trelast og anna arealkrevjande varehandel, med naudsynt grøntareal og parkering. Området kan ikkje nyttast til detaljhandelverksemder. BSM/BN skal ha vegtilkomst via BN2. a. Det er ikkje tillate å etablere bedrifter som driv berre kontorverksemd. Kontor skal avgrensast til administrasjon og støttefunksjon for forretning, lager eller industri. b. Verksemder som kan skape støy, ureining, avfallsprodukt og liknande som er sjenerande for omgjevnadane, skal ikkje leggjast i området. c. Det kan etablerast utandørs lagring. Areal for utandørs lager skal visast i situasjonsplan. Areal for utandørs lagring skal skjermast mot innsyn frå veg og nabotomter. 3.2.1 Utnyttingsgrad Maks tillate bebygd areal: %-BYA : 40% Berekning av %BYA gjeld pr. framtidig tomt og omfattar alle bygningar og overbygd areal. Naudsynte biloppstillingsplassar og manøvreringsareal mellom oppstillingsplassane skal ikkje gå inn i utrekning av %BYA. 3.2.2 Byggjehøgder Gesimshøgde skal ikkje overstige 10 meter, og maksimal byggjehøgde skal ikkje overstige 12 meter. Det kan tillatast større høgder enn ovannemnde for mindre takoppbygg for ventilasjon, heissjakt etc.

3.2.3 Byggjegrense og fasaderetning Dei viste byggjegrensene gjeld bygningar, og er ikkje til hinder for å plassere trafikkanlegg, parkeringsplassar (på terreng) eller liknande nærare føremålsgrensa. Det same gjeld støttemurar. Bygningane skal ha fasaderetning tilnærma parallelt med /vinkelrett på offentleg veg i vest, Elvagata (SKV1). 3.2.4 Utforming av bygningar a. Ved etablering av store bygningsvolum, der lengda på fasaden vert over 60 meter, skal det vere brot i fasaden i form av endra byggjehøgde, framspring eller tilbaketrekking av fasadelinje. b. Det bør nyttast matte fargar på bygningar som er synlege på lang avstand (fjernverknad). Fargen på omsøkte bygg bør harmonere med omkringliggande bygg. c. Det er ikkje høve til å sette opp plasthallar og liknande som permanente bygg. 3.2.5 Uteareal Skråningar og randsoner langs byggjeområde skal behalde naturleg vegetasjon så langt det er mogleg. Nye skråningar og randsoner skal ha eit topplag med matjord og plantast til med stadeigen vegetasjon. 3.2.6 Krav til parkering Det skal dokumenterast tilstrekkeleg parkering på eigen grunn eller anna areal i samband med søknad. 3.2.7 Energiløysingar For alle bygg skal det vurderast energifleksibilitet og alternative løysingar for varme og kjøling. 3.3 Kombinert føremål renovasjonsanlegg og skytebane BRE/BSK Området er avsett til renovasjonsanlegg. Det kan etablerast skytebane under eksisterande rampe/køyreareal for avfallslevering. Skytebana skal ha tilkomst frå, og parkering på, o_sv2 nord for BRE/BSK. 3.3.1 Utnyttingsgrad %-BYA er maks 50% for BRE/BSK samla. Berekning av %BYA omfattar alle bygningar, konstruksjonar og overbygd areal. Naudsynte biloppstillingsplassar og manøvreringsareal skal ikkje gå inn i utrekning av %BYA. 3.3.2 Byggjehøgder Sør i området kan det plasserast driftsbygning for renovasjonsanlegget avgrensa som eksisterande bygning (jf. kartgrunnlaget). Gesimshøgde skal ikkje overstige 10 meter, og maksimal byggjehøgde skal ikkje overstige 12 meter Det kan tillatast større høgder enn ovannemnde for mindre takoppbygg for ventilasjon, heissjakt og liknande.

3.3.3 Byggjegrense Dei viste byggjegrensene gjeld bygningar og er ikkje til hinder for å plassera trafikkanlegg, parkeringsplassar (på terreng) eller støttemurar eller liknande nærare føremålsgrensa. Bygningen i sør kan, der det er tenleg, byggjast saman med eller vera del av bygning på næringsområdet BN2. 3.3.4 Utforming av bygningar Det bør nyttast matte fargar på bygningar m.m. som er synlege på lang avstand (fjernverknad). Fargane bør harmonera med fargar på omkring-liggande bygningar. 3.3.5 Uteareal Skråningar og randsoner langs byggjeområde skal behalda naturleg vegetasjon så langt det er mogleg. Nye skråningar og randsoner skal ha eit topplag med matjord og plantast til med stadeigen vegetasjon. Areal for utandørs lagring skal i størst mogleg grad skjermast mot innsyn frå veg og nabotomter. 3.3.6 Energiløysingar Det skal vurderast energifleksibilitet og alternative løysingar for varme og kjøling. 3.4 Kombinert massedeponi og næringsbygningar BSM/BN Området skal nyttast som matjord-deponi så lenge det er trong for det. Området skal i etterkant nyttast til næringsbygningar, då med %-BYA maks 40% for BSM/BN samla. Reglane for næringsbygningar, slik dei går fram av punkt 3.2 over, gjeld elles så langt det høver. Området er delvis omfatta av faresone, høgspenningsanlegg, jf. pkt. 8.3. Maks fyllingshøgde 3 meter frå dagens terreng. Trerekke langs næringsområdet, jf. pkt. 4.8, skal etablerast når området vert nytta til næringsføremål.

4 SAMFERDSELSANLEGG 4.1 Køyreveg, o_skv1-2 Område SKV1 og SKV2 er avsett til offentlege køyrevegar. Samferdsleanlegg skal ikkje koma nærmare elva enn dagens vegkant. Vegline kan justerast noko i samband med detaljprosjektering for å optimalisere tiltaket. Særleg området kring Vange bru kan justerast når val av bruløysing er fastsett. Frå SKV2 er det tillate med avkøyrsler til eigedommane innanfor BFS1. 4.2 Veg, o_sv1-2 SV1 er avsett til offentleg køyreveg frå SKV2, Seimsvegen, til renovasjonsanlegget innanfor BRE/BSK. SV2 er tilkomst med parkering knytt til skytebaneanlegget, BRE/BSK. BN1 skal ha tilkomst frå Elvagata via SV2, det skal tilretteleggjast for gangtrafikk gjennom SV2. 4.3 Avkøyrsler Områda skal utformast trafikktrygt, med gode sikttilhøve i avkøyrslepunktet. Det skal opparbeidast tilstrekkelege frisiktsoner. Plassering av avkøyrsler til BN1-2, BRE/BSK og BSM/BN er vist som avkøyrsler eller med avkøyrslepil på plankartet. Avkøyrslepiler og avkøyrsler kan justerast /flyttast noko i samband med detaljprosjektering for å optimalisere tiltaket og tilpassing til intern struktur. Avkøyrsler må visast på situasjonsplan og godkjennast av kommunen ved søknad om byggeløyve i kvart enkelt tilfelle. 4.4 Fortau, o_sf1-2 Fortau har breidde på 2.5 meter inkludert kantstein. Fall på fortau skal vera einsidig mot vegkant /skulder. Vestre fortauskant skal ikkje koma nærare elva enn dagens vegkant. 4.5 Gang- og sykkelveg o_sgs 1 og SGS2 Gangveg er regulert med breidde på 3.5 meter. Gang- og sykkelveg SGS1 er offentleg medan SGS2 er privat. SGS2 kan nyttast som tilkomstveg for eigedommane. SGS1 kan nyttast som tilkomst til BSM/BN. 4.6 Gangveg, SGG1 Arealet skal opparbeidast med gangsamband /snarveg mellom Elvagata og Seimsvegen, kople saman SV2 og SV1 for gåande. 4.7 Anna veggrunn teknisk anlegg Innanfor areal sett av til anna veggrunn teknisk anlegg kan det plasserast, grøfter, skjeringar, støttemurar og liknande. Arealet skal elles opparbeidast på ein tiltalande /parkmessig måte. 4.8 Anna veggrunn grøntareal I området kan det plasserast grøfter, skjeringar, støttemurar og liknande. Det skal leggjast inn trerekke som buffersone i anna trafikkareal grøntareal langs næringsområdet, BN1, BN2 og BSM/MN. Breidde på grøntarealet er 3 meter. Tre skal vere storkrona lauvtre og planteavstand maks 8 meter. Arealet skal opparbeidast på ein tiltalande /parkmessig måte.

5 GRØNTSTRUKTUR 5.1 Grøntstruktur, G1-3 Det skal, i G1 (offentleg) og G2 (privat), etablerast buffersone mellom næringsområde og nærliggjande område for bustader. Sona skal fungere som ei visuell skjerming. Eksisterande vegetasjon skal takast vare på i størst mogleg grad. Det skal ikkje gjerast inngrep i kantsona langs Vikja, G3 (offentleg). 6 LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSFORMÅL 6.1 Jordbruk, LJO1-2 Områda skal nyttast til jordbruk. Det er ikkje tillate med oppføring av andre bygningar eller anlegg enn dei som trengst i samband med gardsdrifta. 7 BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDAG 7.1 Friluftsområde i vassdrag Dette er sjølve elvestrengen. 8 OMSYNSSONER 8.1 Sikringsone frisikt I frisiktsoner ved veg skal terrenget planerast og haldast fritt for sikthindringar, under dette vegetasjon og parkering, slik at desse ikkje ragar meir enn 0,5 m over køyrebanenivå i tilstøytande vegar. 8.2 Faresone ras- og skredfare Sona syner ras- og skredutsett areal. Planområdet ligg innanfor tryggleiksklasse S2 (jf. TEK10). 8.3 Faresone høgspenningsanlegg Alt som skal etablerast innafor byggjeforbodsbeltet, skal godkjennast av kommunen og leidningseigar. Det vere seg vegar, forandring av terrengformasjonar, nye bygg m.m. Leidningseigar skal kontaktast dersom anleggsmaskiner skal oppstillast /nyttast nærmare leidningar enn 30 m. 8.4 Faresone flaumfare Innafor areal i omsynssone for flaumfare skal terrenget på området for bygg og anlegg byggjast opp til eit trygt nivå. Tryggleiksnivået for nye bygg skal leggjast tilsvarande høgder for 200-årsflaum inkl. klimaendring.

9 OMRÅDEBESTEMMELSAR 9.1 Anlegg og riggområde Områda er regulerte til ulike føremål i samsvar med bruken i dag eller planlagd bruk, men kan mellombels nyttast som anleggsområde. I samband med gjennomføring av planen, kan det i desse områda gjerast masseflytting, transport og andre anleggstiltak. Inngrepa/tiltaka skal gjennomførast med varsemd, og områda skal, når anlegga er fullførde, vere attendeførde til tilstanden ved anleggsstart eller tilrettelagde for dei permanente føremåla. 9.2 Bandleggingssone Automatisk freda kulturminne vert søkt frigjeve (ID 223629).