Kvinnherad kommune Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde Oppstartsdokument
Føremål Den statlege friluftslivspolitikken, jf. Prop. 1 S (2013-2014) har følgjande nasjonale mål: Alle skal ha mulighet til å drive friluftsliv som helsefremmende, trivselsskapende og miljøvennlig aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Områder av verdi for friluftslivet skal sikres og forvaltes slik at naturgrunnlaget blir tatt vare på. Allemannsretten skal holdes i hevd. Store deler av befolkninga har eit aktivt forhold til friluftsliv. Friluftslivet er viktig for individet, og ferdsel og opphald i friluft er for mange ein viktig del av livet. Friluftslivet har ein verdi i form av umiddelbar glede ved sjølve aktiviteten, kjensle av meistring, naturoppleving og høve til fysisk aktivitet, rekreasjon, avkopling og samvere med andre. Dette gjer at friluftslivet har fleire direkte nytteverdiar, som betre helse og auka livskvalitet. Det har lenge vore eit nasjonalt mål for friluftslivspolitikken at det skal vera mogeleg for alle å drive friluftsliv i nærmiljøet og naturen elles, og det bør difor vere naturleg for ein kommune å ha eit medvite forhold til eigne friluftslivsområde. Då samfunnet nyttar store summar på reparerande helsetiltak, er det ei utfordring i det å utnytta potensialet friluftslivet har som helsefremjande aktivitet. Det er mange gode grunnar til at kommunen bør kartleggje og verdsette sine friluftslivsområde, mellom anna for å: Sikre god tilgang til friluftslivsområde og eit godt friluftslivstilbod for dagens og framtidige brukarar Skape føreseielegheit i arealplanlegginga og unngå del-for-del utbygging og fragmentering Sikre at dei viktigaste områda og arealgrunnlaget for mangfaldet av aktivitetar blir ivareteke Ei målretta forvaltning av friluftslivsområde som sikrar at desse vert ivaretekne og tilrettelagde Etablera eit godt grunnlag for: Utarbeiding av kommuneplanens arealdel Utarbeiding av planar for grønstruktur, marka og liknande Enkeltsakssaksbehandling og konsekvensutgreiing Søknad om spelemidlar og sikringsmidlar Å utarbeide sti- og løypeplanar Ein målretta innsats for å betra tilrettelegging for friluftsliv Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde bør utførast som eit grunnlag for arbeidet med kommuneplanen, areal og tiltaksplanlegging for grønstrukturen, marka og kulturlandskapet. Alt areal bør kartleggjast. Det er særskild viktig der arealbrukskonfliktane er størst som i og i nærleiken av tettstader og i strandsona. Sjøområde vil takast med i den grad det er relevant og områda har ein reell funksjon som friluftslivsområde. Kartlegginga kan òg nyttast som grunnlag for andre kommunale planer som til dømes kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og liknande. 1
Kartlegging og verdsetting av friluftslivområde er eit viktig kommunalt verkemiddel for å identifisera, utvikle og ivareta areal for friluftslivet. Metoden vil kunne bidra til å oppnå det nasjonale målet om å sikra befolkninga høve til å drive eit variert friluftsliv både i nærmiljøet og naturen elles. For å oppnå dette er det viktig å ivareta eit breitt spekter av område med ulike kvalitetar som gjev befolkninga høve til å utøve friluftsliv ut frå eigne preferansar og der dei helst ynskjer. Utbyggingspress utgjer ofte ein trussel for eigna areal for friluftsliv og i den samanheng er det viktig å ha kartbasert dokumentasjon som visar kvar dei viktigaste friluftslivsområda ligg. Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde er forankra i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv (2014-2020), Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområder (2014-2020), Regional plan for folkehelse (2014-2025) og i høyringsforslag til Regional kulturplan (2015-25). Målet er at alle kommunar skal ha kartlagt og verdsatt sine viktigaste friluftslivsområde innan 2018. Då vert denne kartlegginga ein føresetnad for å kunne søke om statlege midlar til sikring av friluftslivsområde. Oversikt over eksisterande kunnskap Forslag til ny kommuneplan for Kvinnherad Arealdel Reguleringsplanar Kommunedelplanar, 6 stk. Barnetråkk, 2006, for enkelte område (Malmanger, Åkra og Baugstranda (rådata), Ølve (rådata)) Strandsonekartlegging i Kvinnherad kommune. Statuskartlegging i 100-meters belte. Rapport 2010 Temakart knytt til strandsoneprosjektet Strandsoneplotting frå 1980-talet Nasjonal database for Tur- og friluftsruter. Kartverket. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. 2014-2022. 69 merka turstiar i Kvinnerad. Kvinnherad turlag. Diverse andre temakart (ski, fiske, orientering ol.) Friluftsrådet Vest. Forvaltningsplan for Kvinnherad 2013-2017. Område for friluftsliv. Kartlegging og verdsetting av regionalt viktige område i Hordaland. Prosjektrapport 2008 Nettsider: ut.no, lommekjent.no, godtur.no www.geonorge.no o Potensielt tilgjengelig strandsoneareal for friluftsliv o Sikra friluftslivsområde fra Miljødirektoratet o Friluftsliv kartlagt www.naturbase.no 2
Organisering Prosjektleiar: Geir Ove Fosse. Folkehelsekoordinator Prosjektkoordinator: Eirik Knive. Hordaland Fylkeskommune GIS ansvarleg: Torbjørn Eidsheim Bøe. Hordaland Fylkeskommune Arbeidsgruppe: Geir Ove Fosse. Folkehelsekoordinator Hildegunn Furdal. Samfunnsutviklar Linda Øen. Rådgjevar Kultur og Fritid Referansegruppe: Aktuelle ressurspersonar vert henta inn frå lag, organisasjonar, skular, barnehagar og anna for det aktuelle området som skal kartleggjast. Andre personar/institusjonar som vil bli nytta aktivt er til dømes barn og unge sin representant i kommunen, landbrukskontoret, samt grunneigarar og næringsorganisasjonar. Arbeidsmetode: Det er vurdert at kommunen organiserar arbeidet gjennom ei lita arbeidsgruppe med kommunalt tilsette. Arbeidsgruppa vil gjennom arbeidsmøter der kommunen er delt inn i soner nytta referansepersonar frå aktuelle organisasjonar og verksemder med god oversikt over ulike typar friluftsliv i kommunen. Det er ynskt at desse lokale ressurspersonane skal femna om eit breitt interessefelt, og det vil såleis bli henta inn personar frå turlag, skular, barnehagar og andre som har god kunnskap om friluftsliv både i nærmiljøet og i skog og mark. For å sikre at det ikkje er område som er oversett vil det verta høve for enkeltpersonar og organisasjonar å komme med innspel gjennom ei høyring. 3
Tidsplan Oppgåve Framdriftsplan Nedsetjing av arbeidsgruppe Haust 2015 Førebuing av arbeidsmøter: Haust 2015 Metodikk/arbeidsform, få tak i informasjon om friluftslivsområda, avgrensing område/test av metodikk Systematisering av eksisterande informasjon Haust 2015 Politisk oppstartsvedtak* Februar 2015 Arbeidsgruppemøter med referansepersonar: Desember 2015 - April 2016 1) Avgrensing og skildring av friluftslivsområde. 2) Verdisetting av friluftslivsområda, ferdigstilling av manuskart og tilhøyrande tabell med eigenskapar og skildring for kvart område Kvalitetssikring (enkel høyring) og eventuelle Desember 2015 April 2016 justeringar Arbeidsgruppemøte: Korrektur kart Desember 2015 April 2016 Digitalisering av områda, utarbeiding av enkelt April 2016 August 2016 kart på nett, ferdigstilling SOSI-fil og kort rapport Presentasjon i kommunestyret Haust 2016 *Hordaland fylkeskommune har tilgjengeleg ein ressursperson med erfaring frå dette arbeidet i andre kommunar til og med desember 2015. Vi vurderer at det er særs viktig å nyttegjere seg av denne konsulenttenesta, som vi får gratis, og gjennomfører difor fyrste møte i arbeidsgruppa ved hjelp av denne personen før endeleg politisk vedtak. Ressursbruk Det er motteke kr 60 000 i tilskot frå Kultur og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune. Det er her sett krav om 50 % eigne ressursar, noko som vil bli fulgt opp gjennom arbeidsinnsats frå dei kommunale tilsette. Kommunen har i tillegg fått informasjon om at det vil verta gjeve kr 30 000 i stønad til arbeid med digitalisering. Desse midlane vil verta overførde til verksemd for Samfunnsutvikling då denne vert ansvarleg for dette arbeidet. Det er forventa at det ikkje vil krevje ekstra kostnadar ut over løyvd tilskot. Referansepersonar vil i størst mogeleg grad verta nytta gjennom frivillig innsats gjennom tur/idrettsorganisasjonar og liknande, men det vil verta naudsynt med noko møteverksemd frå kommunalt tilsette i barnehagar, skular, næring, landbruk og liknande for å innhenta deira kunnskap. Oppfølging og bruk Når arbeidet er ferdig vert det presentert som eit temakart og lagt fram til politisk orientering. Eit temakart er ikkje eit juridisk bindande dokument, men eit viktig kunnskapsgrunnlag ved utarbeiding av planar og i enkeltsaksbehandling. For å få fram friluftslivets arealbehov er det viktig at resultatet av arbeidet vert synleggjort og nytta som eit av fleire grunnlag til kommuneplanen sin arealdel og andre relevante planar. Særs viktige og viktige friluftslivsområde bør innarbeidast under eigna føremål i kommuneplanen sin arealdel slik at desse omsyna vert synleggjort på lik linje med anna arealbruk i kommunen. Oppdatering av 4
datasettet bør fastsetjast som del av arbeidet med rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Resultatet av arbeidet bør nyttast som grunnlag for komande arealplanar. Ei kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde vil ofte avdekkje behov for tilretteleggingstiltak eller mangel på informasjon. Det kan f.eks. vera behov for å auka eller redusera ferdsel, redusera og førebygga slitasje, tiltrekka seg nye brukargrupper eller at ein ynskjer å leggje til rette for nye aktiviteter som kommunen ikkje har eit tilbod for. Fysisk tilrettelegging og informasjon kan til dømes redusera slitasje og trekka til seg nye brukargrupper eller auka dagens bruk. Data skal digitaliserast i samsvar med gjeldande standard for kartlagde friluftslivsområde og vert lagra i nasjonal database hjå Miljødirektoratet. På denne måten kan kommunar og andre interessentar henta data og karttenester til eigne GIS-løysingar og analysera desse saman med anna temainformasjon. Ein vil og kunne sjå dataa via www.naturbase.no. Resultatet skal òg om mogleg leggjast til rette som eit kartlag i kommunen sitt innsynsverkty. Kjelde og rettleiar for arbeidet Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder. Veileder. M98-2013. Miljødirektoratet. 2014 5