Regionale strategiar for Møre og Romsdal som petroleumsregion Fylkesordførar Olav Bratland
Petroleumsklyngen i Møre og Romsdal Petroleumsklyngen i Møre og Romsdal er sett saman av følgjande hovudelement: Gassknutepunkt Nyhamna Gassbasert industri og framtidig CO 2 - knutepunkt på Tjeldbergodden Operasjonelt senter for Norskehavet i Kristiansund. Offshore-retta maritim aktivitet på Sunnmøre (verft, rederi og engineering) Leverandørbedrifter (heile fylket) Møre og Romsdal fylkeskommune satsar på å vidareutvikle petroleumsklyngen med utgangspunkt i dei fortrinna som desse knutepunkta alt har.
Gassknutepunkt Nyhamna Stortinget har lagt til rette for at Nyhamna kan utviklast til eit gassknutepunkt for Norskehavet Nyhamna har store disponible areal og Langeled nord har ledig kapasitet. Gass frå andre felt t.d. Onyx og Luva kan blandast inn på Nyhamna utan CO 2 - reinsing. Samarbeidsprosjektet Gassknutepunkt Nyhamna er etablert saman med Aukra og GassROR IKS for å forsterke arbeidet. Nyhamna har naturlege føresetnader for å bli bygt ut som gassknutepunkt for Norskehavet og kan ta i mot gass frå nye felt.
Tjeldbergodden som knutepunkt i ei framtidig CO 2 -løysing a Klimakur 2020 peikar på Tjeldbergodden som knutepunkt for handtering av CO 2 frå store punktutslepp i Midt-Norge Både metanolfabrikken og Ironman kan bruke gass med høgt CO 2 -innhald (>10%) i sin produksjon Har eit sterkt industrielt miljø, store areal og utbygt infrastruktur klar for ny gassbasert industri-etablering. Etablering av infrastruktur for CO 2 frå industrien i MidtNorge kan og ta hand om CO 2 - rik gass frå problemfelt på sokkelen som ei eventuell framtidig løysing Møre og Romsdal si framtid som vertsfylke for gassbasert industri og petroleumsverksemd står og fell med at ein løyser CO 2 -utfordringa
IRONMAN ein del av klimaløysinga 60 70% reduksjon av CO 2 -utslepp samanlikna med tradisjonell teknologi Investering på 6 mrd NOK 120 arbeidsplassar direkte Bedriftsøkonomisk lønsamt Finansieringsbeslutning medio 2011 Produksjonsstart 2014 Ironman -prosjektet står og fell på at norsk industri får samme vilkår som industrien i EU Vi forventar at norske styresmakter saman med EU medverkar til at norske utsleppsvilkår blir harmonisert med EU sine.
Operasjonelt senter for Norskehavet i Kristiansund Logistikk-knutepunkt for Norskehavet Subsea-senter for Norskehavet Sterke og veksande engineeringmiljø Stort antal leverandørbedrifter Heliport og stamruteflyplass 4 Industriparkar Driftsorganisasjonar for Draugen, Ormen Lange og Njord Statoil samlar sine aktivitetar i Kristiansund i nytt bygg med plass for fleire aktivitetar? Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for at driftsorganisasjonane for nye felt i Norskehavet blir lagt til Kristiansund.
Manglande handlekraft inkonsekvent politikk Kraftsituasjonen i MidtNorge og andre delar av landet skrik etter handling. Kvifor skal produksjon av gasskraft i Norge være politisk umuleg medan norske statseigde selskap produserer gasskraft av den same gassen i utlandet utan reinsing Ny fornybar energi blir ikkje bygt ut på grunn av manglande løyve eller rammevilkår. Manglande avklaringar har ein avvisnings-effekt på ny industriutbygging med karbonlekkasje som resultat. Norsk petroleumspolitikk er meir prega av hausting av ein naturressurs enn av industriell tenking - industripolitikk og verdiskaping må settast på den politiske agendaen igjen!!
Oppsummering Det er viktig for Møre og Romsdal å : Vidareutvikle petroleumsklyngen i fylket Etablere Nyhamna som eit Gass-knutepunkt for Norskehavet Forsterke Tjeldbergodden som lokasjon for gassbasert industri gjennom bygging av framtidig CO 2 -infrastruktur. Få etablert miljøprosjektet IRONMAN Forsterke Kristiansund som operasjonelt senter for Norskehavet Sikre kraftforsyninga til fylket Sette industripolitikk på den nasjonale dagsorden og auke verdiskapinga av petroleumsressursane.