saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.02.2017 18526/2017 Line Thorvik Thue Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt 13.03.2017 Regional- og næringsutvalet 14.03.2017 Utdanningsutvalet 23.03.2017 Fylkesrådmannens tilråding 24.03.2017 Fylkesutvalet 04.04.2017 Fylkestinget 26.04.2017 Energi og klimatiltak i fylkeskommunale bygg Bakgrunn Regional delplan for klima og energi 2015 2020 vart vedtatt i fylkestinget juni 2015 i sak T-24/15. I saka vart det skissa to hovudtilnærmingar for å oppnå utsleppsreduksjonar i byggesektoren; energieffektivisering og konverteringstiltak. Målet for Møre og Romsdal er å redusere klimautsleppa med meir enn 10 prosent innan 2020 i forhold til utsleppa i 2009. Fylkeskommunen har allereie oppnådd målet for energieffektivisering for dei fylkeskommunale bygningane. Sett i samband med erfaringane frå mellom anna Romsdal vgs ønsker fylkesrådmannen med denne saka å ha ei offensiv haldning til klimautfordringane og fremje nye mål og tiltak i høve til både framtidige byggeprosjekt og dagleg drift. I tillegg til regional delplan er det også tatt omsyn til føringar i andre avtalar og vedtak. Noreg skal, basert på Parisavtalen frå 4. november 2016, kutte klimagassutsleppa med minst 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg skal også vere karbonnøytralt innan 2050. Stortingsmelding 28 (2011-2012) (STM 28) har som visjon Betre bygg for eit betre samfunn med hovudmåla godt utforma, sikre, energieffektive og sunne bygg. Nærare 40 prosent av den stasjonære energibruken i Noreg blir i dag brukt i bygg. STM 28 peikar på at ein rekke studiar viser eit stort potensial for energieffektivisering i bygg, og det blir venta at energikrava kjem til å bli skjerpa i byggteknisk forskrift (TEK) i framtida. Det pekast også på at klimautslepp skjer gjennom heile levetida til bygget og at det er viktig å sjå på klimapåverknad ved ulike løysingar. Det auka fokuset på klimapåverknad har gitt ein auke i miljøsertifisering av bygg. BREEAM-NOR er døme på eit miljøsertifiseringsverktøy som skal bidra til auka bærekraft og kvalitet i norske bygg. Parisavtalen betyr eit auka fokus på reduksjon av klimautslepp, og som ein stor aktør i fylket er det viktig at Møre og Romsdal fylkeskommune har fokus på
reduksjon av klimautslepp. Hovudføremålet med saka er å fastsette korleis vi skal følje opp vår eigen klimaplan og sentrale retningslinjer innanfor ei fornuftig økonomisk ramme. Dagens energiforbruk og oppvarmingskjelder I 2016 var energiforbruket til skolebygga på 25,4 GWh (ca. 18 prosent av totalen kjem frå fjernvarme) noko som betyr ein reduksjon på 18,2 prosent i høve til energibruken i 2009. 3 prosent av reduksjonen kjem frå nedlegging av 2 skolar, medan den resterande reduksjonen kjem av energieffektivisering og konverteringstiltak. Konvertering til fjernvarme med fyring av biomaterial reduserer ikkje antal kwh som trengs til oppvarming av bygget, men gir likevel ein reduksjon i CO2 utsleppet da fyring av biomaterial er CO2 nøytralt. Konvertering til varmepumpe gir ein reduksjon i talet på kwh som går med til å varme opp bygget noko som igjen fører til CO2 reduksjon. Rehabilitering av gamle bygg, og konvertering til fornybar energi er nokre av dei tiltaka som allereie er gjennomført for å redusere klimautsleppa frå skulebygga. Fleire av tiltaka har blitt gjennomført med midlar frå sal av overskotskonsesjonskraft. Større vasskraftverk har plikt til å levere ein del av krafta som blir produsert til kommunen der kraftutbygginga er gjennomført. Retten til konsesjonskraft er avgrensa til kommunen sitt behov til den alminnelige elektrisitetsforsyninga. Overskytande kraft blir tildelt fylkeskommunen. Fylkeskommunen hadde i 2016 eit budsjett på ca. 5 mill. kroner for gjennomføring av enøk-tiltak. Fylkeskommunen har i dag åtte skolar som bruker fjernvarme eller varmepumpe som hovudoppvarmingskjelde. I tillegg brukar to skolar varmepumpe til delar av oppvarminga. Ni skolar har i dag fortsatt oljekjel som blir brukt til spiss- og reservelast. Målet er å fase ut bruk av fossilt brensel i fylkeskommunen sin bygningsmasse innan utgangen av 2020. Ei oversikt over forbruket for 2016 er å finne som vedlegg til saka. Massivtre Nybygget på Romsdal videregående skole er eit forbilde i høve til STM 28. Nybygget på ca. 12 300 m 2 er bygd i massivtre som er rekna som eit fornybart byggematerial med gode miljøeigenskapa. Trematerialar har lang levetid og er med på å motverke drivhuseffekten gjennom direkte karbonlagring og substitusjon av materialar med høgt CO2-utslipp. Det er også forventa at trematerialet skal medverke til eit godt inneklima. Undersøkingar gjennomført av Universitetet for Miljø og Biovitenskap viser at dersom 1 m 3 tre blir brukt i staden for stål/betong blir CO2-utsleppa redusert med ca. 0,2-2,1 tonn i høve til betong og 0,2-0,5 tonn i høve til stål. I tillegg bindast det 0,9 tonn CO2 per 1 m 3 trelast brukt i bygget. Dette betyr til saman ca. 7200 tonn CO2 reduksjon grunna bruk av massivtre i nybygget på Romsdal vgs (ca. 50 prosent reduksjon). I tillegg fører valet av teknologi til ein reduksjon i CO2 på ca. 30 prosent. Det er viktig at kunnskapen frå prosjektet på Romsdal vgs også blir brukt på framtidige prosjekt. Eit auka fokus på utslipp av CO2 er bra for miljøet, og i mange tilfelle økonomisk lønnsamt.
Nye straum- og oppvarmingskjelder For å redusere klimautsleppa kan fylkeskommunen velje fornybare energikjelder som for eksempel fjernvarme, bergvarme og solceller. Skal ein skole bruke fjernvarme krev det at fylkeskommunen sjølv tar kostnaden ved å kople skolen på anlegget på sekundærsida av vekslaren. Ved bruk av fjernvarme kan fylkeskommunen redusere kostnaden for drift av eige fyrrom. Elkjelar og oljekjelar kan fasast ut. Det skal heller ikkje vere behov for eigen spisslast ref. Atlanten vgs, Borgund vgs, Fagerlia vgs og Ålesund vgs. I nokre tilfelle har vi valt å la oljekjel eller elkjel stå i backup. Det er sjeldan dei blir brukt, og kunne med fordel vore tatt vekk. I tilfelle må fjernvarmeleverandør garantere for drift. Fjernvarme har ein fastpris, noko som gjer av fylkeskommunen ikkje blir påverka av svingingar i straumprisane, men samstundes får fylkeskommunen ikkje dra nytte av dagens låge straumpris. Ved konvertering til bergvarme betyr det ein investeringskostnad for å bore brønnar og installere varmepumper. Skolen vil da ha eigne brønnar og varmepumpar. Bruk av bergvarme vil føre til ein reduksjon i årleg energiforbruk på ca. 60 prosent. Den reduserte energikostnaden vil dekke inn investeringskostnaden ved anlegget innan 7-10 år. Dette er vesentleg kortare enn levetida på anlegget som blir rekna å vere 20 år. Fylkeskommunen kan også bruke solceller til straumproduksjon. Solcelle er i dag lite utbredt som straumkjelde i Noreg, men i Tyskland står solenergi for ca. 7 prosent av det totale straumforbruket. I Tyskland blir det produsert 623 W/innbyggar medan i Noreg er talet berre 9 W/innbyggar dette sjølv om Noreg gjennomsnittlig har like god solinnstråling som Tyskland.
Nullhus og plusshus Massivtre og nye tekniske løysingar betyr eit stadig mindre behov for energi i nye bygg. Dei nye løysingane visar seg å vere både bra for klimaet og å vere økonomisk lønsame. Med ei slik utvikling burde nullhus og plusshus bli vurdert ved alle nye byggeprosjekt i høve til kost/nytte. Eit nullhus skal produsere like mykje energi som det totalt har behov for per år. Blir varmepumpe installert er energien nødvendig til oppvarming av bygget kraftig redusert, og solcellepanel og solfangarar kan produsere den straumen som trengs for å drifte varmepumpa og forsyne bygget med lys etc. For å bli rekna som eit nullhus skal det også vere karbonnøytralt når det gjeld utslepp frå materiale, riving og byggeprosessen. For å bli rekna som eit plusshus må bygget skape meir energi gjennom si levetid enn det som blir brukt til produksjon av byggevarer, oppføring, drift og riving av bygget. Bygget må da produsere meir energi ved hjelp av solfangarar, solceller, varmepumper, vindmøller etc. enn bygget treng til oppvarming, varmtvatn, elektrisk utstyr og belysning totalt over året. Økonomisk vurdering Det er i regional delplan for klima og energi 2015-2020 skissa to hovudtilnærmingar for å oppnå utslippsreduksjon i byggesektoren; energi og konverteringstiltak. Energi- effektiviseringstiltak er i mange tilfelle lønsame, mens konverteringstiltak er noko meir kostbare. Ved val av riktig løysing kan konverteringstiltak vere både økonomisk lønnsamt, og bra for miljøet. For ein skole på ca. 5000 m 2 og med eit årleg forbruk på ca. 450 000 kwh kan det lønne seg å konvertere frå bruk av elkjel som hovudoppvarmingskjelde. Konvertering til fjernvarme betyr ein investeringskostnad på 0,8 mill. kroner, ein årlig kostnad ved å nytte spiss- og reservelast på 0,1 mill. kroner og ein fastpris på 70-90 øre/kwh. Bergvarme medfører ein investeringskostnad på 2,0 mill. kroner, årlig kostnad for service avtale på 11 000 kr (frå år 8) og ein gjennomsnittlig kostpris på straum på 1kr/kWh (1 kwh straum gir ca. 3 kwh varme).
Sjølv om fjernvarme er rimeligare enn bruk av elkjel når fastprisen er så låg som 70 øre vil det vere mykje rimelegare for fylkeskommunen å gå for bergvarmeløysningen. Med bygg som i framtida brukar mindre og mindre energi til oppvarming vil også drifta av fjernvarme som energikjelde vere økonomisk usikkert. Dette er også nemnt i Stortingsmelding 28. Bergvarme er ei sikker løysing da anlegget vil fungere sjølv om ein av modulane som anlegget er bygd opp av skulle slutte å verke. Anlegget har også ein garanti på 7 år. Installerer man bergvarme vil fylkeskommunen få ein reduksjon i driftskostnadar frå dag ein. For bergvarme er også distribusjonen av varme kortreist noko som er bra for miljøet. Bergvarme vil derfor vere den beste løysinga for fylkeskommunen både økonomisk og i høve til miljøet. Val av materiale kan også vere med på å redusere klimautsleppa, og på same tid vere økonomisk lønsamt. Massivtre synes å vere prismessig gunstig jo større energikrava til bygget er. Ser ein på prosjektet på Romsdal vgs synes også massivtre å redusere byggetida vesentleg, noko som også vil vere med på å redusere den totale kostnaden. Tiltakspakke for fylkeskommunen si bygningsmasse 1. Fylkeskommunen skal redusere energiforbruket i sin bygningsmasse med 25 prosent (om lag 7,8 GWh) innan 2020 i høve til energibruken i 2009. 2. Fylkeskommunen skal innan 2020 fase ut fossilt brensel i sin bygningsmasse. 3. I nye bygg skal minst 60 prosent av varmebehovet dekkes av annen kjelde enn elektrisitet. 4. Nye bygg skal primært byggast i massivtre. 5. Ved nybygg og vedlikehald av varmeanlegg skal fylkeskommunen primært bruke grunnvarme som energikjelde. 6. Ved nybygg bør minimumskravet vere nær nullenergi, plusshus skal vurderast i høve til kost/nytte. 7. I alle nye bygg og rehabiliteringar skal solvarme og solcelle vurderast.
Forslag til vedtak: Fylkestinget vedtek tiltakspakken lagt frem i saka. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Per Olaf Brækkan byggje- og vedlikehaldssjef Vedlegg 1 Energiforbruk videregåande skolar 2016