FØRDE TOMTESELSKAP Brendeholten
Plassering Slåttebakkane er eit godt etablert byggefelt i Førde, med ferdig utbygd infrastruktur. Det nye feltet ligg mellom den eldre delen av Brendeholten og Hjortefaret. Det eksisterande byggefelt i framkant ligg langt lågare i terrenget, og det same gjeld feltet Hjortefaret. Her får ein fritt utsyn over heile Førde, frå Førdsnipa til Viefjellet og Hafstadfjellet. Tomtene som ligg nærast Hjortefaret får også utsyn mot inste delen av Førdefjorden, i retning Bymarka. Opparbeiding og storleik Arbeidet med infrastruktur i feltet er i gang. Dette blir ferdigstilt til 31.10.2017. Då blir tomter tilgjengeleg for kjøparar. Tomtene blir selt til fast pris, og ved fleire interessentar til same tomt vert det loddtrekning. Sjå eigen informasjon i dette prospektet. Tomtene gjev høve til stor einebustad med garasje og hage. Tomtestorleiken er frå 600 m 2 til 785 m 2, med ei utnyttingsgrad på maks 30 % BYA. Bil- og kollektivtransport Det nye feltet koplar inn på den eksisterande vegen, og gangvegnettverket, i Slåttebakkane cirka 150 meter ovanfor innkøyringa til Hjortefaret. Internt i feltet blir det god vegstandard, med asfaltert vegbreidde på 4 meter, samt 2,5 meter grøft per side. Næraste haldeplass for buss ligg 50 meter nedanfor innkøyrsla til feltet, langs gangveg. Bybussen går cirka ein gong i timen, med siste stogg i Slåttebakkane kl 22.35 på kvardagar. I helgene har bybussen sitt siste stogg i Slåttebakkane kl 02.35. Bur du i Brendeholten har du såleis god tilgang til Førde sitt breie tilbod innan kultur, handel, idrett og fritidstilbod via kollektivtrafikk. Skular og barnehagar Næraste barnehage er Slåttebakkane barnehage. Det er også barnehage på Halbrend. Næraste skular er Flatene skule, som har elevar frå 1. til 4. klassetrinn, og Halbrend Skule med elevar frå 5. til 10. klassetrinn. Det er gangvegar i Slåttebakkane, som ein kan følgje ned til både skulane og barnehagane. Gangveg for fotgjengarar og syklistar går under E39 ved inngangen til Slåttebakkane. Fritid Frå Brendeholten har du kort veg til to av Førde sine flottaste friluftsområde. Det går turløype frå Reset like over feltet, heilt fram til Langeland Skiog fritidssenter på Skilbrei. Du har også kort veg til turområda rundt Bekkjevatnet kjent som Bymarka. På Halbrend finn ein store friområde, turvegar, fotballbane og badekulp. Det er mogleg å gå opp mot Bymarka, med turveg vidare opp på Hafstadfjellet. Det vil bli laga eit friområde/grøntområde på grensa mot eksisterande utbygging i eldre del av Brendeholten. I tillegg blir det laga to område for tunleik, eit i kvart byggetrinn. Bak feltet er det i dag naturområde.
Brendeholten 12 einebustadtomter med flott utsikt over Førde Førde Tomteselskap ønskjer å bidra til eit variert bumiljø i Førde. Det er stor etterspurnad etter sentrumsnære einebustadar i kommunen. Difor opnar vi no salet av eit nytt einebustadtomtefelt, i tilknyting til byggefeltet Brendeholten i Slåttebakkane. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer einebustad nær Førde sentrum. Det er ingen byggeklausul på tomtene, og du står fritt til å sjølv velje hustype. Sentrumsnært og solrikt med fantastisk utsikt Det nye feltet består totalt av 18 tomter. Byggetrinn 1, som vert lagt ut for sal no, består av 12 tomter. Her kan du bygge einebustad innan bybussringen i Førde. Feltet ligg i eit område som er solrikt året rundt, og alle 12 tomtene får fantastisk utsikt over Førde. Slåttebakkane har eit godt kollektivtilbod, samt skular og barnehagar i nærleiken. Det tek cirka 5 minutt med bil til sentrum. Det gjev nærleik til både den største jobbmarknaden i fylket, samt dei ulike service-, handels-, idretts- og fritidstilboda i Førde. Feltet ligg også sentralt plassert i høve det meste av indre Sunnfjord. Å køyre høvesvis til Sande og Naustdal tek om lag 18 minutt, og til Vassenden 23 minutt. Visning 23.04.2017 frå kl. 12.00-13.00.
Tildeling av tomt Tomtene vert selde til fast pris. Dersom det er fleire interessentar til ei tomt, skjer tildeling ved loddtrekning. Private utbyggarar vert prioriterte framfor kommersielle utbyggarar. Dei som ynskjer å kjøpe tomt kan seie seg interesserte i fleire tomter, då med prioritering frå 1 til 6. Interessentar må vere fylt 18 år. Førde Tomteselskap vil legge ut eit skjema på Førde kommune sine nettsider, og/eller på finn.no, der interessentar kan fylle inn informasjonen vi ynskjer. Reguleringsføresegner vil og verte lagt ut på nemnde nettsider. Leidning for vatn, avløp, overvatn, fiberkabel og straumkabel vert lagt til tomtegrense. Visning Det blir halde visning på tomtene 23.04.2017, frå kl. 12.00 til 13.00. Arbeidet med infrastruktur er i gang og skal være ferdig til 31.10. 2017. Tomtene vil vere tilgjengelege frå same dato. Søknad om tomt sendast til: gisle.stafsnes@forde.kommune.no eller Førde Tomteselskap, Postboks 392, 6802 Førde. Søknad må vere oss i hende innan 30.04.2017. Prisar/kostnadar Tomt vert seld til fast pris, i tillegg kjem følgjande omkostningar: Dokumentavgift til staten: 2,5% av marknadsverdi/kjøpesum. Kostnad med deling og oppmåling: kr 22.160,- for tomter opp til 750 m 2, kr 25.600,- for tomter over 750 m 2. Tinglysingsgebyr: kr 1.050,- Prisar på tomtar Tomt 1 kr 1.140.000 Tomt 2 kr 1.140.000 Tomt 3 kr 1.090.000 Tomt 4 kr 1.090.000 Tomt 5 kr 1.140.000 Tomt 6 kr 1.250.000 Tomt 7 kr 1.490.000 Tomt 8 kr 1.240.000 Tomt 9 kr 1.140.000 Tomt 10 kr 1.140.000 Tomt 11 kr 1.140.000 Tomt 12 kr 1.140.000 Tomtestorleik: 600-785 m 2, med utnyttingsgrad på maks 30 % BYA. Sjå eige kart for storleik på dei individuelle tomtene.
Rein Design Kontakt Førde Tomteselskap Leiar: Gisle Stafsnes Tlf: 916 13 487 gisle.stafsnes@forde.kommune.no Førde rådhus, Hafstadvegen 42