Bø kommune MØTEPROTOKOLL Fellesnemnd for den nye kommunen Møtedato: 12.05.2017 Møtestad: Bø kommunehus, kommunestyresalen Møtetid: Kl. 13.00 Medlemane vart innkalla 5.5.2017 Følgjande medlemar møtte Mette Haugholt Kristin Kleppen Alf Rose Sørgaarden Kristin Digranes Bøen Borgar T. Kaasa Per Simon Slettebø Aslaug Norendal Olav Kasland Parti AP H KRF KRF SP SP V V Følgjande medlemar forfall Parti Fylgjande vararep. møtte Parti Glenn Thore Isaksen AP Hagen, Karin Tom Ivar Gravklev FRP Wenche Karin Akkerhaugen Merknader: Frå adm møtte: prosjektleiar Per Dehli Andre: Bø Blad/Marta Kjøllesdal Administrasjonsavdelinga sekretariatet, 18.5.217 Olav Kasland leiar Ann Sissel Lyngen møtesekretær
Vedtaksliste: Sak nr: Tittel: 14/17 Godkjenning av protokoll 15/17 Referatsaker 16/17 Aktuell informasjon 17/17 Felles planstrategi for Bø og Sauherad 2017-2019. Drøfting av utkast 18/17 Ny kommune som leietakar i Kunnskapsparken 19/17 Vidareføring av Bygdepakke Bø i hovudprosjekt
14/17: Godkjenning av protokoll Protokoll frå forrige møte godkjennas som den foreligg. Samrøystes. Fellesnemnd- 14/17 Vedtak/Tilråding: Protokoll frå forrige møte godkjennas som den foreligg. 15/17: Referatsaker Referatsakane takast til orientering. Samrøystes. Fellesnemnd- 15/17 Vedtak/Tilråding: Referatsakane takast til orientering. 16/17: Aktuell informasjon Aktuell informasjon takas til orientering. Orientering frå rådmann: Er i prosess med å definere leiarstruktur i Ny kommune frå 1.1.2020. Kommunalsjefane vil bli prosjektleiar for å få på plass sine kommunalsjefområde. 6 kommunalsjefområder: økonomi
og digitalisering, utvikling og HR, oppvekst, teknisk, helse og arbeid, pleie og omsorg. Det er gjennomført to drøftingsmøte med hovudtillitsvalde. AMU, administrasjons- og hovudutvala i begge kommunar får informasjon om saka før Partssammensatt utval gjer si tilråding. Rådmann har fått full makt til å gjere endeleg vedtak om organisasjonsstrukturen. Endeleg beslutning takas ca. 20 juni. Det går ei sak parallellt om etablering av felles kommunalsjef-område på teknisk og oppvekst for Bø og Sauherad i interimsperioden. Sauherad som arbeidsgjevar for oppvekst, Bø for teknisk. Operativt frå 12.6.17. Orientering frå prosjektleiar Per Dehli: Planlegging av programmet er i gang. Det vart gjennomført eit planseminar med leiinga i kommunane, hovudtillitsvalde og hovudverneombod 10.5.17. Programplanen vil bli lagt framfor fellesnemnda og partssammensatt utval 16. juni, i ein førebels versjon. Det vil ganske raskt bli oppretta fleire arbeidsgrupper, for mellom anna målform, delegasjonsreglement, arbeidsgiverstrategi, førebuing til kommunevalet 2019 og interkommunalt samarbeid. Presentasjonane frå rådmann og prosjektleiar ligg ved protokollen. Borgar Kaasa orienterte om namnegruppa sitt arbeid. Det har komme mange innspel, og dei gikk igjennom forslaga og begrunnelsane på møte 11.5. Arbeidsgruppa legg fra eit forslag for fellesnemnda i juni-møtet. Kommunalsjef Joar Sættem orienterte om søknad til KMD om infrastrukturmidlar for utarbeidding av reguleringsplan for GS-veg Gvarv-Mannebru. Fellesnemnd- 16/17 Vedtak/Tilråding: Aktuell informasjon takas til orientering. 17/17: Felles planstrategi for Bø og Sauherad 2017-2019. Drøfting av utkast Utkast til felles planstrategi for Bø og Sauherad 2017-2019 vert lagt fram for offentlege styresmakter og nabokommunar for innspel slik det ligg føre. Aslaug Norendal, V, la fram fylgjande forslag til tilleggspunkt: Rådmannen vurderer om det er hensiktsmessig at ein i staden for å lage ein strandsoneplan etter plan- og bygningslova bør prioritere å lage ei grundig utgreiing som skal danne grunnlag for den kommande kommuneplanens arealdel.
Per Simon Slettebø, SP, la fram fylgjande forslag til tilleggspunkt: Pkt 1.1: - og for å ivareta intensjonane i sammenslutningsavtalen. Forslag til sykkelplan: Lage en sykkelplan for hele den nye kommunen. Samrøystes, som rådmannen, med dei endringane som er foreslått. Fellesnemnd- 17/17 Vedtak/Tilråding: Utkast til felles planstrategi for Bø og Sauherad 2017-2019 vert lagt fram for offentlege styresmakter og nabokommunar for innspel slik det ligg føre, med fylgjande endring i planen: Rådmannen vurderer om det er hensiktsmessig at ein i staden for å lage ein strandsoneplan etter plan- og bygningslova bør prioritere å lage ei grundig utgreiing som skal danne grunnlag for den kommande kommuneplanens arealdel. Pkt 1.1: - og for å ivareta intensjonane i sammenslutningsavtalen. Forslag til sykkelplan: Lage en sykkelplan for hele den nye kommunen. 18/17: Ny kommune som leietakar i Kunnskapsparken Fellesnemnda godkjenn at Ny kommune planlegg for etablering av hovudbibliotek i Kunnskapsparken. Nye og auka driftskostnader vert innarbeida i budsjett for Ny kommune. Bø kommune må eventuelt bere ei auke i driftskostnader for perioden fram til budsjettåret 2020. Felles nemnd oppmodar Bø kommune om å stå for det praktiske arbeidet med denne saka fram til 1.1.2020. I Ny kommune vil det bli vidareført/etablera ein filial av biblioteket lokalisera til det område som i dag er Sauherad kommune. Per Simon Slettebø, SP, la fram fylgjande forslag til tillegg: Det legges til grunn en økonomisk ramme på kr 700 000 i økte driftskostnader og at Fellesnemnda vil beslutte investeringsbudsjettet. Videre forutsetter Fellesnemnda at Bø kommune vurderer konsekvensene av å flytte biblioteket, og gir sin tilslutning til gjennomføringen. Samrøystes, som rådmannen, med forslag til tillegg. Fellesnemnd- 18/17 Vedtak/Tilråding: Fellesnemnda godkjenn at Ny kommune planlegg for etablering av hovudbibliotek i Kunnskapsparken. Nye og auka driftskostnader vert innarbeida i budsjett for Ny kommune. Bø kommune må eventuelt bere ei auke i driftskostnader for perioden fram til budsjettåret
2020. Felles nemnd oppmodar Bø kommune om å stå for det praktiske arbeidet med denne saka fram til 1.1.2020. I Ny kommune vil det bli vidareført/etablera ein filial av biblioteket lokalisera til det område som i dag er Sauherad kommune. Det legges til grunn en økonomisk ramme på kr 700 ooo i økte driftskostnader og at Fellesnemnda vil beslutte investeringsbudsjettet. Videre forutsetter Fellesnemnda at Bø kommune vurderer konsekvensene av å flytte biblioteket, og gir sin tilslutning til gjennomføringen. 19/17: Vidareføring av Bygdepakke Bø i hovudprosjekt Saka leggast fram til drøfting utan tilråding. Fellesnemnda tek rapporten til orientering og ønsker at Sauherad inviteras inn i hovudprosjektet. Samrøystes. Fellesnemnd- 19/17 Vedtak/Tilråding: Fellesnemnda tek rapporten til orientering og ønsker at Sauherad inviteras inn i hovudprosjektet.