Årsmelding (2016) Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ÅRSMELDING 2016 NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL Organisatorisk Årsmøte Årsmøte sist vart halde i møtelokale på Molde vidaregåande skole, den 4.4.2016. Styret I styret har det i denne perioden vore følgjande: Leiar: Øystein Folden (Tingvoll) Styremedlemmer: Yngve Birkeland (Ålesund og omegn) Japke Stobbe (Molde) Svein Gunnar Rydjord (Rauma) Johan Fr. Schmedling (Kristiansund og Averøy) Knut Festø (Ørsta-Volda) Kersti Hasund (Ytre søre) Gunn N. Morstøl (Fritt grunnlag 2016-2018) Øystein Solevåg (fritt grunnlag 2015-2017) Kjell Lyse (Fritt grunnlag 2016-2018) Natur og Ungdom Thor Due/Sondre Stette Lea Fabri Revisor: Valkomite: Leif Ivar Nerhus Dale Knut Løken, John A. Aasen, Gunn N. Morstøl og Geir Ole Sætremyr. Knut Løken har vore kasserar utan plass i styret. Styret har hatt 2 ordinære styremøte og i tillegg mykje e-postveksling, og har handsama eit breitt utval av saker. Det hadde vore betre om vi hadde gjennomført 2 styremøte til. Medlemmer: 2004 2005 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Totalt 605 638 806 782 779 771 752 785 792 Lokallag 441 532 551 553 559 543 555 523 1
Vestnes Aure Halsa Rindal Surnadal Gjemnes Smøla Sunndal Hareid Ulstein Herøy Vanylven Stranda Sykkylven Ørskog Stordal Haram Fræna Nesset Midsund Aukra Sandøy Eide ålesund og omegn Molde Kristiansund og Averøy Ørsta og Volda Tingvoll Rauma Sum lokallag Fordelt på lokallag og kommunar utan lokallag: 122 117 65 119 35 65 523 26 9 7 6 25 5 4 38 11 25 13 12 26 12 3 2 16 7 7 5 3 2 5 269 Temagrupper: Fylkeslaget har ingen temagrupper eller underutval. Representasjon: Landsstyret: Medlem: Øystein Solevåg (august 09-) Varamedlem: Gunn N. Morstøl (august 09-) Deltaking i utval oppnemnt av landsstyret/sentralstyret: Vassdragsvernrådet: Øystein Solevåg, Vidar Skiri, Per Bersås og Øystein Folden Andre utval: Forum for natur og friluftsliv (FNF): Øystein Folden Fagleg rådgjevande utval for Reinheimen: Knut Festø Fagleg rådgjevande utval for Dovrefjell-Sunndalsfjella: Øystein Folden Landsmøte Det har ikkje vore landsmøte i 2016. Tilsette: Det er ingen tilsette. Økonomi: Økonomien er robust. Styreleiar har i 2016 fått utbetalt kr 90000 i godtgjersle for utført arbeid. 2
Arbeidsplan for 2016 dette blei gjort Organisatorisk Reorganisering/nystart av 1 lokallag, dvs. reorganisere lokallaget i Hareid/Ulstein/Herøy. Ved utgangen av 2015 var det 785 medlemmer i fylkeslaget. Vi har eit mål om å vere 820 medlemmer innan utgangen av 2016. Ruste opp organisasjonen med omsyn til tillitsvalde: Kursing av tillitsvalde og interesserte. I eigen regi legg ein opp til å gjennomføre kurs i alle lokallag i lokal kartlegging spesielt innretta på arealsaker, der ein tar utgangspunkt i ei aktuell sak. Slåttedagar på Vollasetra 12.- 15. august vil vere det viktigaste samlepunktet utanom styremøte. Der vil ein få både fagleg og sosialt påfyll, samtidig som vi utfører eit arbeid mange set pris på. Lokallaga bør få hjelp til å publisere på nettsidene til lokallaga. Hjelp kan vi få frå Oslo. Det har vore aktivitet i Hareid/Ulstein/ Herøy, men det manglar framleis litt på at ein er i gang igjen. Det er verva nye medlemmer i 2016 også, og medlemstalet er auka til 792. Det er lokallag i Ørsta, Volda, Sula, Giske, Ålesund, Skodje, Rauma, Molde, Averøy, Kristiansund og Tingvoll. Slåttemark blei tema i Molde i ei konkret sak. Framande artar var tema på årsmøtet i Rauma. Utanlandske treslag har vore tema i Kristiansund. Dette er sakene som har hatt ei form for kursinnhald. I 2016 blei det slått både på Vollasetra og Langbakksetra i Sunndal, i samsvar med ei avtale med verneområdestyret for Trollheimen. Tiltaket fungerer godt sosialt, men har ikkje spesielt medlemspreg. Det har ikkje vore kurs i publisering av nettsider. Miljøpolitisk arbeid Mål Tar tak i saker der ein ser at ein kan få gjort noko, eller ein har spesielle føresetnader eller interesser. Biologisk mangfald, med særleg vekt på kulturpåverka areal og skogspørsmål. Insektliv i hagen, med utgangspunkt i humlekasser og bidød er eit døme. Oppfylling og vurdering Det er motiverande å kunne ta tak i saker som vi meiner vi kan gjere ein forskjell i, og så la andre saker passere utan vår medverknad og utan å ha dårleg samvit for dette. Slått, sjå over. Vi har laga rapport om spreiing av japanlerk og hybridlerk innan fylket, med finansiering frå Miljødirektoratet. Spreiing av andre utanlandske artar har fått merksemd også elles. Det er brukt mykje tid på store rovdyr, jerv og gaupe. Forvaltingsplanen er no under revisjon, og vi har spelt inn 3
behov for endringar. Ei sak om arkeologiske utgravingar utan godkjenning i lokalitet av slåttemark, dvs. utvalde naturtypar, i Molde er under arbeid, men framleis ikkje avslutta. Representasjon i fagleg rådgjevande utval og tilsvarande knytt til verneområda. Synleggjere energisparing som den viktigaste einskildløysinga på klimautfordringane. Minikraftverk og småkraftverk Fylkesmannen har fått spørsmål om eit ras ved Høgsetleira i Gjemnes. Vi deltar i fagleg rådgjevande utval i Dovrefjell-Sunndalsfjella og Reinheimen ved at vi representerer FNF. Verneområdestyret har vedtatt at FNF-representasjonen skal halverast frå 2017, så vi har arbeidd med dette for å unngå at vi fell ut av utvalet. Så lenge samfunnet tenkjer meir energi når noko skal gjerast, er vår løysing på området stadig aktuelt. Vi har arbeidd med småkraftpakker i Rauma, Stranda og Norddal. Einskildprosjekt i Haram. Fleire av sakene som vi arbeidde med året før er avgjort, og mange har gått i dei retningane vi ba om. Det blir arbeidd med klage på løyve for Bordalselva kraftverk i Molde. Kollektivtrafikk, gang og sykkelvegar Bergmesteren/Raudsand Motorferdsel i utmark. Kommunesamanslåingsprosess, med styrking av forvaltning av Arbeidsmengda har gått noko ned samanlikna med dei siste åra på denne sakstypen. Det er bypakkar under handsaming i dei tre største byane. Engasjementet her går gjennom lokallaga i hovudsak. Produksjonen ved reinseverksemda har stått stille mykje av året, som følgje av stort press over tid som har ført til skjerping av utsleppskrav. Nytt er at det er planar om spesialavfallsdeponi i fjellet. Vi har kravd å få undersøking av området for radioaktivitet etter tidlegare avfallsdeponering, men nådde ikkje gjennom. Tildekking av avfall er no i gang. FNF hjelper oss litt med dette temaet. Vi klaga på vedtak om omgjering av anleggsveg til permanent veg i Vestnes, og fekk medhald. Det er framleis ganske usikkert kva kommunar som kjem til å slå seg 4
naturmangfaldet. saman, men det vil venteleg skje noko på området i 2017. Naturvernforbundet syner i media, som følgje av aktivitet frå alle organisasjonsledd. Lokallag syner på Facebook. - Høyringar/fråsegner: Mange. Mange av sakene er nærare omtala på www.naturvern.no/moreromsdal Det finst nokre personar i kommunar utan lokallag som har sagt seg viljuge til å vere kontaktar i einskildsaker. Det er nok ein del saker som ikkje er blitt med her, men i alle fall: Takk til tipsarar, og takk til alle som har medverka med opplysningar og tilrettelagt så fylkesstyret kunne gjere noko med sakene. Vedtatt av årsmøtet. 5