Fakultet for lærar- og tolkeutdanning Eksamensoppgåve i LGU53004 Naturfag 2 5-10, Emne 1 Biologi Fagleg kontakt under eksamen: Ragnhild Lyngved Staberg Tlf.: 73 55 98 70 / 997 44 855 Eksamensdato: 28. november 2016 Eksamenstid (frå-til): kl.09.00-12.00 (3 timar) Hjelpemiddelkode/Tillatne hjelpemiddel: Kunnskapsløftet (2013) - læreplanen i naturfag henta frå nettsidene til Utdanningsdirektoratet eller frå emnesida på It s learning Lommereknar med tomt minne 2 håndskrevne A4-sider som støtteark Annan informasjon: Deleksamen i biologi, teller 40 % av 15 studiepoeng Studenten skal svare på alle oppgåvene. Fest Vedlegg 1 til eksamensinnleveringa. Målform/språk: Nynorsk Sidetal (utan framside): 5, inkludert vedlegg Sidetal vedlegg: 1 Informasjon om trykking av eksamensoppgåve Originalen er: 1-sidig x 2-sidig svart/kvit fargar x Skjema for fleire val? Kontrollert av: Dato Sign Merk! Studentane finn sensur i Studentweb. Har du spørsmål om sensuren må du kontakte instituttet ditt. Eksamenskontoret vil ikkje kunne svare på slike spørsmål.
Oppgåve 1 Cellebiologi (10 %) Studer biletet nedanfor (Figur 1). Skriv svara på a) og b) direkte i Vedlegg 1 og fest dette vedlegget til eksamensinnleveringa. a) Kva heiter denne prosessen? b) Set på piler og set namn på dei komponentane du kjenner igjen (12 mogelege). c) Forklar med stikkord det som skjer på biletet. d) Figur 2 viser ein annan modell av same prosess. Kva slags to komponentar ser du her, som ikkje visast i Figur 1? e) Nemn ein DNA-modell du kunne brukt i undervisninga, og oppgi to sterke og to svake sider ved denne modellen. Figur 1. Kjelde: https://www.youtube.com/watch?v=hetongf4z0a Figur 2. Kjelde: Frederiksen 2
Oppgåve 2 Transport (15 %) Figur 3 illustrerer eit forsøk vi gjorde i undervisninga. I dette tilfellet lå potetbitar i tre ulike løsningar over natta. Dei to bileta til høgre viser resultatet. a) Kva for prosess er dette forsøket eit eksempel på? Oppgi namnet på denne prosessen og grunngje svaret ditt. b) Foreslå ei hypotese som kunne vore utgangspunktet for dette forsøket. c) Forklar resultata ved hjelp av relevante faglege omgrep, bruk stikkord. d) Skisser punktvis korleis dette forsøket kunne vore gjort lukka og åpent, og angi antall frihetsgrader i dei to føreslåtte tilnærmingsmåtane. Figur 3. Kjelde: Fotografier, Ragnhild Lyngved Staberg Oppgåve 3 Fotosyntese og celleanding (30 %) a) Ei plante som står i svakt lys, vil etter kvart tape vekt. Forklar kvifor dette skjer (de trenger ikkje forklare korleis). b) Forklar med figurar og tekst (stikkord) kva som er forskjellen mellom ei C 4 -plante og ei C 3 -plante. I svaret ditt må du også forklare kva slags fordelar dei to plantetypene har, og nemne eksempel på arter i dei to plantekategoriane. c) I både fotosyntese og celleanding dannes ATP. Forklar med stikkord korleis elektron brukast til å danne ein protongradient i dei to prosessane, og korleis protongradienten kan utnyttast til å lage ATP. Korleis er kloroplasten tilpassa dei oppgåvene du forklarer? Oppgåve 4 Genetikk (5 %) Ei vanleg misoppfatning blant elevar er at gener berre finnast i enkelte celler (kjønnsceller). Korleis kan du, med bakgrunn i din kunnskap om celledeling, legge opp til undervisning som motarbeider denne misoppfatninga? 3
Oppgåve 5 Genetikk (30 %) Hos høns tar vi utgangspunkt i at eigenskapane fjærhette, farge og fjærform er styrt av kvart sitt eine genpar. Gena er kobla. Ei høne med genotypen FfHhRr pares med ein hane med genotypen ffhhrr. Sjå tabellen over genpara nedenfor. Egenskap Genvariant Dominant/recessiv Symbol Fjærhette Gen for fjærhette Dominant F Gen for manglende fjærhette Recessiv f Fjærfarge Gen for hvit farge Dominant H Gen for brun farge Recessiv h Fjærform Gen for rynkete fjær Dominant R Gen for rette fjær Recessiv r a) Kva betyr det at genpara er kobla? Tegn dei homologe kromosoma med genpara for både høna og hanen. Genet for fjærfarge ligg mellom genet for fjærhette og fjærform. b) Høna si mor var homozygot recessiv og høna sin far var homozygot dominant for alle genpara. Kva var deira genotypar? c) Bestem fenotypen til høna og hanen. d) Kva for genkombinasjonar kan kjønnscellene til høna og hanen ha, dersom det ikkje har skjedd noen overkrysningar i løpet av meiosen hos høna? e) Vis mogelege genkombinasjonar til kyllingane dersom det ikkje har skjedd noen overkrysningar. f) Vi tenker oss at under danninga av kjønnsceller kan det skje ei overkrysning kor bruddet er mellom genvariantane F/f og H/h. Illustrer overkrysninga og vis alle dei mogelege genotypane som kjønnscellene til høna og hanen nå kan ha. g) Lag eit krysningsskjema som viser mogelege genkombinasjonar kyllingane kan få dersom overkrysning kan skje som angitt i f). Kva for fenotypar har desse kyllingane når dei blir voksne? Oppgave 6 Bioteknologi (5%) a) Kva er bioteknologi? b) Kva er genteknologi? c) Kva er restriksjonsenzym, og kvifor er dei så viktige «verktøy» i bioteknologien? Oppgave 7 Evolusjon (5 %) Du har ei utfordring med elevar som gjer uttrykk for at evolusjonsteorien «berre er ein teori» og at dei derfor ikkje er overtydd om at evolusjonsteorien er gyldig. Kva for svar ville du gjeve til elevane for å forklåra at «berre ein teori»- argumentet ville dei fått vanskar med i ein vitenskapeleg debatt? 4
Vedlegg 1 Kandidatnummer:.. HUSK Å FESTE DENNE TIL EKSAMENSINNLEVERINGA! Oppgave 1 a) Kva heiter prosessen det er bilete av nedanfor?... b) Set på piler og set namn på dei komponentane du kjenner igjen (12 mogelege). Kjelde: https://www.youtube.com/watch?v=hetongf4z0a 5