Sakshandsamar, telefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 29.05.2017 Dykkar dato 19.01.2017 Vår referanse 2017/1174 331.1 Dykkar referanse Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 RONG ØYGARDEN KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til same skatteøyre for kommunane i 2017 som i 2016, 11,8 prosent. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 127.642.000,- i skatt på eige og inntekt for 2017. I 2016 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 9,7 prosent. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2016 til 2017 med 1,0 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2016 var 83,9 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2017 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2017 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 269,4 mill. Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
Inntektsprognosen for 2017 er no oppdatert med innbyggjartal per 01.01.2017 og innkomen skatt i 2016. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal per 01.01.2017. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal per 01.07.2016. Dei budsjetterte frie inntektene er om lag på same nivå som i den siste inntektsprognosen. Eigedomsskatt Det er budsjettert med i underkant av kr. 154,0 mill. i eigedomsskatt for 2017. Innkomen eigedomsskatt i 2016 var kr. 150,8 mill. Budsjettert eigedomsskatt vil bli justert i samsvar med dei siste kjente opplysningane, det vil seie til kr. 153,0 mill. Eigedomsskatten for 2017 er vedteke med sju promille på verk og bruk. Utbytte Det er budsjettert med kr. 2,1 mill. i utbytte frå BKK for 2017. Det er same utbytteinntekt som i 2015 og 2016 (0,52 prosent av kr. 400 mill. ). Pris og kostnadsvekst Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i statsbudsjettet 2,5 prosent. I det inngår pårekna lønsvekst med 2,7 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 32,2 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dei budsjetterte avdraga oppfyller det tilrådde minstenivået for ordinære avdrag. Nye investeringslån blir tekne opp som serielån med nedbetalingstid på 20 år. Unntatt frå dette er lån til sjølvfinansierande investeringar. Avdragstida for slike lån er slik at rente- og avdragsutgiftene samsvarer med inntektene. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. 2
Netto driftsoverskot i budsjettet for 2017 er kr. 21,7 mill. Det er planlagt nytta til driftsfinansiering av investeringar, avsetjing til disposisjonsfond og avsetjing til bundne driftsfond. Reduksjon i netto driftsoverskot i budsjett 2017 samanlikna med 2015 og 2016 har samanheng med at om lag kr. 15 mill. av utgiftene som tidlegare er førte som investeringsutgifter i staden er førte som driftsutgifter i budsjettet for 2017. Det er gjort for å oppfylla krava som er gitt med omsyn til skiljet mellom drift og investering (GKRS). Utgiftene blir ikkje vurderte å oppfylla krava til å kunne bli førte som investeringsutgifter. Til dømes er tilskot til andre sine investeringar driftsutgifter for kommunane. Fylkesmannen er positiv til at kommunen har gjennomført denne omgjeringa frå investeringsutgifter til driftsutgifter. Det er eit netto driftsoverskot i rekneskapen for 2016 med kr. 54,1 mill. Etter driftsfinansiering av investeringar (kr. 33,1 mill.) og netto avsetjingar er det eit mindreforbruk i rekneskapen for 2016 med kr. 17,4 mill. I økonomiplanen er det lagt til grunn at årlege netto driftsoverskot skal utgjere minst kr. 30 mill. og minst seks prosent av driftsinntektene. 20 prosent av inntektene frå eigedomsskatt skal nyttast til investeringsføremål. Netto driftsoverskot bør vere høgt for Øygarden kommune i lys av at den høge eigedomsskatten. Det vil vere uvisse knytt til dei framtidige eigedomsskatteinntektene. Kommunen må unngå at ein for stor del av eigedomsskatteinntektene blir nytta til driftsføremål. Kommunen må ha eit tilstrekkeleg stort disposisjonsfond. Ved utgangen av 2016 var dette om lag kr. 54 ½ mill. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2017 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 162,4 mill. Dei største investeringane er i idrettshall og i utviding av Rong skule. Investeringane er i hovudsak planlagt finansierte med bruk av lånemidlar ( kr. 119 ¾ mill.). Resten av investeringane er planlagt finansierte med momskompensasjon, driftsfinansiering og statleg investeringstilskot. I tillegg kjem låneopptak til vidareutlån med kr. 2,5 mill. (startlån). Eigenkapitalinnskot i KLP, som ikkje kan finansierast med lån, er kr. 1,2 mill. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2015 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr. 73.804,- per innbyggjar. I det talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 67.461,-. Kommunane samla i fylket, utanom Bergen, har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet si langsiktige lånegjeld ved utgangen av 2015 var kr. 70.482,- per innbyggjar. Pensjonsforplikting er ikkje medrekna. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2016 er rekna til om lag kr. 366,1 mill., eller kr. 74.690,- per innbyggjar. 3
Kommunen sine investeringar og låneopptak bør over tid vere på eit moderat nivå, særleg dei investeringane som ikkje er sjølvfinansierande gjennom gebyr eller leigeinntekter. Det er viktig på bakgrunn av uvisse knytt til framtidige eigedomsskatteinntektene. Den økonomiske situasjonen kan bli meir krevjande over tid. Det er difor også viktig at kommunen har eit stort disposisjonsfond som driftsreserve. Oppsummering Fylkesmannen er positiv til kommunen si omgjering av utgifter, som tidlegare er førte som investeringsutgifter, til driftsutgifter i 2017, jf. god kommunal rekneskapsskikk. Netto driftsoverskot bør vere høgt for kommunen i lys av at den høge eigedomsskatten. Det vil vere uvisse knytt til dei framtidige eigedomsskatteinntektene. Kommunen må unngå at ein for stor del av eigedomsskatteinntektene blir nytta til driftsføremål. Kommunen sine investeringar og låneopptak bør over tid vere på eit moderat nivå, særleg dei investeringane som ikkje er sjølvfinansierande gjennom gebyr eller leigeinntekter. Kommunen må unngå eit for høgt gjeldsnivå. Dette er særleg viktig på bakgrunn av uvissa knytt til framtidige inntekter. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Deloitte AS, Postboks 6013, 5892 Bergen 4
5