HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Hordaland fagskulestyre Dato: 16. april 2009 Kl.: 10.30 12.00 Stad: Voss tekniske fagskule (Voss vidaregåande skule) Saknr.: 3/09-6/09 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Robberstad, Hans Otto (A) Nævdal-Bolstad, Eivind (H) Stenseide, Roald (FRP) Hellesøy, Aslaug (KRF) Schultze-Florey, Sunniva (R) Terje Wilfred Rye (lærarrepresentant) FORFALL Møgster, Harald (lærarrepresentant) Aaland, Sigve-André (elevrepresentant) DESSUTAN MØTTE Rektor ved Austevoll vidaregåande skule, Håvard Rabben Rektor ved Bergen maritime skole, Anne de Lange Rektor ved Rubbestadnes vidaregåande skule, Rune Gåsland Rektor ved Fusa vidaregåande skule, Annbjørg Laupsa Rektor ved Voss vidaregåande skule, Odd Kløve Rektor ved Fitjar vidaregåande skule, Anna Bodil Hestenes Tislevoll Leiar for seksjon drift- og utvikling, Inger Øvsthus Tønder Rådgjevar opplæringsavdelinga, Hanna Gjesdal Spesialrådgjevar opplæringsavdelinga, Torbjørn Mjelstad Fagansvarleg Voss tekniske fagskule, Ivar Flatabø Assisterande rektor Voss tekniske fagskule, Sveinung Hansen Styresekretær, Øydis Rydland MERKNADER TIL INNKALLINGA Innkallinga vart godkjend med følgjande merknad frå Hans Otte Robberstad: Utsetjing av møtet bør vurderast når det er få saker på saklista. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend med følgjande merknad: Synneva Schultze-Florey melder inn tilleggsak, saksnr. 06/09. 1
GODKJENNING AV MØTEBOKA 19.02.09 Møteboka vart godkjend utan merknader. YMSE Dokument utdelt i møtet: Referat frå møte i fagskulerådet i helse- og sosialfag datert 14.04.09 OPEN TIME Voss tekniske fagskule. Rektor v/voss tekniske fagskule Odd Kløve, assisterande rektor Sveinung Hansen og fagansvarleg Ivar Flatabø orienterte om drifta og aktiviteten ved Voss tekniske fagskule og viste fagskulestyret rundt på skulen. Opplæringsfartøy. Rektor v/rubbestadnes vidaregåande skule, Bergen maritime skole og Austevoll vidaregåande skule orienterte om arbeidet som er gjort så langt vedk. vurdering av nytt opplæringsfartøy til Hordaland fylke. Hordaland fagskulestyre oppmodar dei tre rektorane om også å vurdera eventuelle leigeavtalar. Hordaland fagskulestyre gjev sin tilslutnad til vidare arbeid med saka. Søkjartal til tekniske fagskular 2009/2010. Fagskulane orienterte om søkjartala pr. d.d. Etter drøftingar vart det presisert følgjande: Viktig med dialog/samhandling mellom fagskulane for å kunna utnytta total kapasitet Markedsføringsdelen også mot distriktsskolane - er svært viktig. Nettsidene har stort forbetringspotensiale Neste styremøte 11. juni. NOKUT vert invitert til møte med Hordaland Fagskulestyre i samband med styremøtet 11.06.09. Styremøtet må då avviklast i Bergen. Første styremøte til hausten vert på Fusa vidaregåande skule. Orientering om samarbeid mellom fagskulane/søknad om prosjektmidlar. Rektor ved Bergen maritime skole, Anne de Lange, presenterte eit omfattande samhandlingsprosjekt med detaljerte planar om kursing, erfaringsoverføring og samarbeid mellom ti fagskular. Oppmoding om sterkare fagleg, pedagogisk og praktisk samarbeid har kome frå Sjøfartsdirektoratet. Det er nyleg send finansieringssøknad til Kunnskapsdepartementet på kr. 500.000 til kurset Stø kurs. Orientering frå fagskulerådet for helse- og sosialfag. Rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll gjekk gjennom referatet etter rådsmøtet 14.04.09 (omdelt i møtet). Hordaland fagskulestyre tek referatet til orientering. Alle møtebøker frå dei ulike fagskuleråda i Hordaland vil liggja som vedlegg til sakspapira til Hordaland Fagskulestyre. Markedsføring av fagskuletilbodet i Hordaland. Rektor ved Austevoll vidaregåande skule, Håvard Rabben, stillte følgjande spørsmål vedk. markedsføring av fagskuletilbodet i fylket: Korleis vert dei løyvde midlane nytta? Kor målretta er markedsføringa? Kva med felles markedsføringssystem? Kva typar markedsføring fungerer best? Plakat/kinoreklame/nettreklame? Tidspunkt for annonsering? Korleis møta dei private aktørane? Korleis få opp statusen til fagskulane? Hordaland fagskulestyre oppmodar Opplæringsdirektøren om å invitera fagskulerektorane til eit møte i løpet av våren 2009 for å drøfta ovannemnde problemstillingar. 2
MELDINGAR Periode: 19. februar 2009-16. april 2009 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 8/09 200800905-34 Marknadsføring fagskulen i Hordaland 2009 Merknad: Hordaland Fagskulestyre ber om at opplæringsdirektøren justerer budsjettet for 2008 i samsvar med overforbruket på kr. 40.000. 9/09 200805685-12 Finansiering av fagskoleutdanningen 10/09 200803565-7 Medlemskap for fagskulestudenter i Studentsamskipnaden i Bergen 3
SAKNR. 3/09 OPPNEMNING AV FAGSKULERÅD NAUTISK OG SKIPSTEKNISKE FAG Hordaland fagskulestyre oppnevner følgjande personar til fagskuleråd i Nautisk og skipstekniske fag: Håvard Rabben, Ove Normann, Gisle Aasebø, Torgeir Troland, Lars Hellevik, Kåre Johnsen, Espen Haugan. Fagskulerådet må sjølv konstituere seg og velje leiar. 4/09 OPPNEMNING AV FAGSKULERÅD HELSE OG SOSIALFAG Hordaland fagskulestyre oppnevner følgjande personar til fagskuleråd i Helse- og sosialfag: Anna Bodil Hestenes Tislevoll, Kjellaug Johansen, Jorunn Sætre, Annbjørg Laupsa, Marianne Moberg, Åslaug Bøhn Botne. Fagskulerådet må sjølv konstituere seg og velje leiar. 5/09 OPPNEMNING AV FAGSKULERÅD I PETROLEUMSFAG Hordaland fagskulestyre oppnevner følgjande personar til fagskuleråd i Petroleumsfag: Anne de Lange, Steinar Landro, Helge Fjeldberg, Gustav Bahus, Tom Getz, Olav Træen. Fagskulerådet må sjølv konstituere seg og velje leiar. 6/09 MEDLEMSSKAP I STUDENTSAMSKIPNADEN FOR FAGSKULESTUDENTAR I BERGEN. Det låg ikkje føre saksframlegg. 4
Sunniva Schultze-Florey sette fram slikt forslag: Hordaland fagskulestyre ber Opplæringsdirektøren om umiddelbart å senda søknad om medlemskap i Studentsamskipnaden i Bergen for fagskulestudentar. Schultze-Florey sitt forslag vart samrøystes vedteke. Hordaland fagskulestyre ber Opplæringsdirektøren om umiddelbart å senda søknad om medlemskap i Studentsamskipnaden i Bergen for fagskulestudentar. Inger Øvsthus Tønder Roald Stenseide Øydis Rydland leiar for drift- og utvikling styreleiar styresekretær 5