saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.03.2012 16380/2012 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato SA-38/12 Samferdselsutvalet 25.04.2012 Eigarskap - veglys langs fylkesveg i Møre og Romsdal Det vart gjennom dei regionale møta med kommunane hausten 2011 frå svært mange kommunar ytra eit ønske om at Møre og Romsdal fylkeskommune skulle ta over eigarskapet til veglys langs gamle fylkesvegar. På bakgrunn av dette vart det sett i gang ei utgreiing av kva konsekvensar ei overtaking av veglysanlegga ville få. Bakgrunn Systematisk investering i veglys på dåverande riksvegar i Møre og Romsdal vart starta av Statens vegvesen tidleg på 1980-talet. Frå 1990 tok fylkeskommunen i bruk dei same kriteria for når det skulle setjast opp veglys. Då staten hadde ansvar for veglysa langs sine vegar, og fylkeskommunen tilsvarande langs fylkesvegar, vart det noko ulike prinsipp for kriteria for å både setje opp og å drifte veglys. Saksframlegget baserar seg på eit notat frå Statens vegvesen, sjå vedlegg. Som eit vedlegg til saka ligg også eit kart over Møre og Romsdal som viser kva strekningar som har ei trafikkmengd på over 3000 bilar i døgnet og på 1200 3000 bilar i døgnet. Dette er stort sett samanfallande med kvar det er sett opp veglys, og illustrerer omfanget. Noverande vilkår for investering For både nye og gamle fylkesvegar gjeld at kriteriet for oppsetjing av veglys er ein årsdøgnstrafikk () på minst 3000 3500 bilar. Denne grensa vart sett med bakgrunn i ei utrekning som viste at det var samfunnsøkonomisk lønsamt å setje opp veglys på strekningar med stor trafikk, altså i dei tilfella der anleggs- og driftskostnad med gatelys vart vegd opp av dei innsparte ulykkeskostnadane. Veglys er oppsett med målsetjinga om å få ned talet på ulykker. Omsyn til allmenn tryggleik, trivsel og miljø vert ikkje teke vurdert i denne samanhengen. Veglys vert sett opp for å hindre trafikkulykker, særleg ulykker der mjuke trafikantar er involverte. Nye fylkesvegar På nye fylkesvegar eig fylkeskommunen dei fleste lysa (unntaket er Ålesund). Her var det tidlegare ei systematisk prioritering (fram til 2005) av investering i veglys.
Side 2 Denne lista var i stor grad basert på at vegstrekningane med høgast vart prioritert. Gamle fylkesvegar På gamle fylkesvegar som har kvalifisert til å få sett opp veglys har arbeidet vore meir usystematisk, men generelt er det få stader utanom Molde, Ålesund og Kristiansund som har hatt stor nok trafikk til at dei har fylt fylkeskommunen sine vilkår for at det vart investert i veglys. Desse er derfor i stor grad sett opp av kommunar, velforeiningar/veglysforeiningar, som framleis eig lysa. Nye veganlegg Kriteriet for oppsetjing av veglys på nye veganlegg, og særleg vegar med gang- og sykkelveg er lågare enn beskrive ovanfor. Det har og vore gjeve tilskot til oppsetjing av veglys gjennom eit spleiselag med kommunane gjennom aksjon skuleveg. Noverande vilkår for tilskot til drift og vedlikehald Hovudprinsippa for drift og vedlikehald har fram til no vore skilt mellom anlegg som fylkeskommunen eig og anlegg som er eigd av andre. Generelle prinsipp Veglys eigd av fylkeskommunen Gjeld for det meste veglys langs nye fylkesvegar. Straum, samt andre vedlikehaldskostnader på anlegg som fylkeskommunen eig vert i dag dekt direkte gjennom fylkeskommunen. Vedlikehaldet vert dekt gjennom elektrokontrakten, som igjen også vert finansiert av fylkeskommunen. Straumen får fylkeskommunen til rabattert pris gjennom konsesjonsavtalar med kraftselskap, men løysinga inneber mange underleverandørar. Kraftselskapet Istad har ansvar for å følje opp alle straumanlegga på vegnettet, medan dei praktiske oppgåvene (ettersyn og retting av feil og manglar) vert gjennomført av ein av SVV sine underleverandørar. På denne måten har likevel fylkeskommunen den beste kontrollen over kva som vert betalt ut. Veglys eigd av andre På veglysanlegg som ikkje vert eigd av fylkeskommunen (stort sett veglys langs gamle fylkesvegar, samt nokre veglys langs nye fylkesvegar som vart sett opp for meir enn ti år sidan) vert det gjeve tilskot til drift og vedlikehald til eigar. Dette i tråd med vedtak i samferdselsutvalet Sa-86/90 A, der det vert lagt til grunn at vilkåra for tilskot skal vere like på riks- og fylkesvegar. Tilskotet frå fylkeskommunen er likt, anten veglysa står langs ny eller gammal fylkesveg. Den nedre grensa for at tilskot skal utbetalast er på 1200. Det er og eit vilkår at det er ein del mjuke trafikantar som nyttar vegen. Grensa på ein på minst 1200 er sett ut frå ei utrekning av at når er på minst 1200, vil sparte kostnader for ulykker vege opp for kostnaden til drift og vedlikehald (men ikkje oppsetjing). Tilskotet som vart blitt utbetalt gjeld straum og vedlikehald. Tilskot til straum vert gjeve ut frå gjennomsnittleg straumpris (kraftpris og nettleige til hushaldningar) i landet. Tilskot til vedlikehald vert regulert årleg ut frå endring i KPI. Den samla strekninga med veglys eigd av andre enn fylkeskommunen er om lag 170 km langs fylkesvegar.
Side 3 Kostnader i dag Til saman utgjorde fylkeskommunen sin kostnad til straum og driftstilskot på gamle fylkesvegar, samt drift av veglys langs nye fylkesvegar i 2011 5 millionar kroner. Framtidig eigarskap Vi har vurdert verknader av overtaking av veglysanlegg. Statens vegvesen tilrår følgjande: Veg- og gatebelysning av god kvalitet er et godt og forholdsvis rimelig trafikksikkerhetstiltak der trafikkmengden er høyere enn ca. 1200 kjøretøy i døgnet. Veglys er en naturlig del av vegsystemet på linje med bl.a. trafikklys og skilt. Vi mener derfor det er prinsipielt riktig at vegeier også er eier av vegbelysningen. Vi anbefaler derfor at Møre og Romsdal fylkeskommune overtar som eier av alle veg- og gatelysanlegg der vi i dag betaler driftstilskudd. Kostnader knytt til overtaking av veglys Tabellen syner konsekvens for kostnader etter overtaking av veglysanlegga. Nye FV >3000 Nye FV 1200-3000 Gamle FV >3000 Gamle FV 1200-3000 FV <1200 Straumkostnader Drift/vedl. Eigarskap Overtakingstidspunkt kostnader Før Etter Som før Som før MRFK MRFK 1.1.2014 Som før/noko lågare Som før/noko høgare Kommunar, kraftselskap og velforeiningar MRFK 1.1.2017 Som før Som før MRFK MRFK 1.1.2014 Som før/noko lågare Som før/noko høgare Kommunar, kraftselskap, velforeiningar MRFK 1.1.2017 Veglys i denne kategorien vert det berre unntaksvis investert i/betalt tilskot til (til dømes i svært trafikkfarlege kryss) På veglys som står langs gamle og nye fylkesvegar med på over 3000, vil eigarskap og kostnad vere den same som i dag. Vi dekkjer kostnader knytt til både investering og straum-, drifts- og vedlikehaldsutgifter. Unntaket er i Ålesund, der fylkeskommunen ikkje eig veglysa, men betalar ut tilskot. På veglys som står langs nye og gamle fylkesvegar der er mellom 1200 og 3000, er det kommunar/kraftselskap/velforeiningar som eig veglysa. Fylkeskommunen betalar i dag eit driftstilskot som skal dekkje straumkostnader, samt noko vedlikehald. Usikkerheit rundt om alle noverande eigarar er villige til å overdra veglysa utan betaling.
Side 4 Fylkeskommunen kjøper i dag all straum til veganlegg gjennom ein konsesjonsavtale. 2011 var første året dette vart prøvd. Ein nytta i 2010 rundt 12 millionar kroner til straum på veganlegg (ikkje berre veglys). Det er forventa at straumen vil verte noko billegare gjennom at den vert kjøpt gjennom denne avtalen. På den andre sida meiner kommunane i dag at dei ikkje får dekt inn alle kostnadene ved drift og vedlikehald av veglys langs fylkesveg gjennom driftstilskotet fylkeskommunen gjev. Ein kan vente seg at kostnadene vil gå noko opp på dette området, men det er vanskeleg å talfeste dette, då det er store variasjonar mellom veglysanlegg på kva behovet er. Dette vil verte klart fortløpande gjennom Statens vegvesen si kartlegging i forkant av overtakinga. Utfordringar knytt til overtaking av veglys Feil og manglar ved eldre anlegg alle anlegga er truleg ikkje i den stand som lova krev. Det er også usikkert om det finns naudsynt dokumentasjon rundt spesifikasjonane til dei eldste anlegga. Ei mogleg løysing er at dei noverande eigarane vert ansvarlege for at veglysa er lovlege og at dette må verte dokumentert etter gjeldande lovverk før ein ev. fylkeskommunal overtaking. Om dei ikkje kan dokumentere at veglysa oppfyller noverande lovverk, vil eigar sjølve måtte demontere lysa for eiga rekning. Ein del gamle anlegg har behov for ei meir omfattande oppgradering, eksempelvis utskifting av armatur. (Oppfyller lova, men ikkje kvalitetskrava til eksempelvis lysstyrke etter Statens vegvesen sine handbøker.) Dette bør det i så fall løyvast midlar til. Straumforsyninga er i ein del tilfelle felles med andre kommunale anlegg. Ved fylkeskommunal overtaking må dette skiljast ut ved at det vert sett opp eigne straummålarar og i nokre tilfelle ny straumforsyning. I dei tilfella med felles straumforsyning må ansvarsforholdet avklarast, og Statens vegvesen skisserar at det er truleg at fylkeskommunen må gå inn og ta hovudansvaret og kostnaden. Ei overtaking vil medføre auka behov for vedlikehald av veglysa, jamfør tidlegare punkt. Eksisterande kontrakt for vedlikehald (elektrokontrakten) kan ikkje utvidast særleg utan at vi risikerer å bryte lovverket rundt offentlege anskaffingar. Ved neste utlysinga må difor denne kontrakten utvidast noko. Framdrift i overtakinga av eigarskap Mykje er enno uavklart, og det er naudsynt å få kartlagd tilstand på veglysa før overtaking. Samferdselsavdelinga ser det som hensiktsmessig å få til ein trinnvis overtakingsprosess, det vi relativt snarleg overtek den delen av veglysanlegga som er på vegar med på minst 3000. Dette vil stort sett gjelde veglys på det gamle fylkesvegnettet i og rundt byane Ålesund, Molde og Kristiansund (på nye fylkesvegar er vi eigar og dekkjer straum/drift allereie). Statens vegvesen anbefaler ei trinnvis overtaking frå 2014.
Side 5 Parallelt med overtakinga av veglysa på strekningar med på over 3000 bør ein kartleggje kva strekningar med veglys som har på over 1200. Det er i denne samanheng naudsynt at Statens vegvesen gjennomfører trafikkteljingar for å ha eit oppdatert grunnlag for avgjerdene om å ta over veglysanlegg. Strategi for overtaking av eigarskap Følgjande strategi for overtaking av eigarskap vert skissert frå Statens vegvesen: I første omgang overtek fylkeskommunen veglysanlegga med over 3000 (grunnlag for investeringstilskot). Prinsippet bør gjelde frå 1.1.2014, og det bør lagast ein plan for overtaking av anlegg, eksempelvis fordelt over tre år. Neste fase vert overtaking av veglysanlegg på strekningar med på mellom 1200 og 3000. Overføringa til fylkeskommunen bør også her skje trinnvis, og ein treng meir kunnskap om langs veglysanlegga og stand på anlegga før overtaking. Om oppstart av overtaking av veglysanlegg på strekningar med på minst 3000 tek ter år frå oppstarten i 2014, kan ein byrje overtakinga av veglysanlegga i denne kategorien frå 1.1.2017. I spesielle tilfelle der ei trafikkfagleg vurdering tilseier at veglys vil gi stor auke i trafikktryggleik, bør det opnast for at veglys kan setjast opp uavhengig av på staden. I utgangspunktet bør ikkje fylkeskommunen investere i nye veglysanlegg der er lågare enn 3000. Dersom kommunane på strekningar med mellom 1200 3000 ønskjer å setje opp nye veglys bør det vere opning for dette. Kommunen må då ta heile investeringskostnaden. Fylkeskommunen tek då over eigarskapet til anlegget samstundes som andre veglysanlegg i denne kategorien vert overført til fylkeskommunen. Overføringa til fylkeskommunen må i desse tilfella skje vederlagsfritt. Eit anna viktig moment i saka er at det vil vere Statens vegvesen som vil vere ansvarleg for implementeringa og den daglege drifta. Statens vegvesen tek sikte å få innføre dei same prinsippa på riksvegane som dei i nemnde notat skisserar som hensiktsmessige på fylkesvegar. Ein vil slik få eit heilskapleg prinsipp for både oppsetjing av og eigarskap til veglys, noko som vil vere ein stor fordel. Vurdering Det er eit viktig prinsipp at regelverket bør vere det same langs både gamle og nye fylkesvegar. Det er eit stort ønskje frå kommunane (sjå vedlegg) om at fylkeskommunen skal ta over eigarskapet langs gamle fylkesvegar, samt stå for drift og vedlikehald av alle veglys. Ved å gjennomføre prinsippa som vert skissert i denne saka, vil ein få eit likt prinsipp som gjeld for alle fylkes- og riksvegar i fylket vårt. Administrasjonen ser veglys som eit viktig trafikktryggingstiltak som har god effekt der mjuke trafikantar ferdast langs vegen. Veglys er ein naturleg del av vegsystemet på linje med bl.a. trafikklys og skilt, og det er dermed naturleg at eigar av vegen også eig lysa.
Side 6 Anbefalinga frå administrasjonen vert difor at Møre og Romsdal fylkeskommune overtek eigarskapet til alle veglysanlegg vi i dag betalar driftstilskot til, i tråd med framdrift skissert i saksframlegget. Det må i den samanheng kartleggjast faktisk på alle fylkesvegstrekningar med veglys som er aktuelle for overtaking. Det er vanskeleg å seie noko sikkert om økonomiske verknader på det noverande tidspunkt. Straumen til veglysa vil truleg verte noko billigare. På den andre sida vil fylkeskommunen verte ansvarleg for all drift og vedlikehald av veglysa som vert tekne over. Ein del kommunar meiner dei ikkje får dekt heile kostnaden ved drift og vedlikehald gjennom driftstilskotet. Dette kan tyde på at dette vil verte noko dyrare enn før. På den andre sida vil ein oppnå nye stordriftsfordelar ved at fylkeskommunen tek over veglysa, noko som truleg vil bidra til at utgiftene til drift og vedlikehald pr. veglys vil verte lågare enn i dag. Ei anna organisering av driftsog vedlikehaldsansvaret (del av elektrokontrakt) kan også gje ein lågare pris. Totalt brukar fylkeskommunen i dag om lag 5 mill. kr. på straum og drift av veglys. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vedtek å ta over eigarskapet til alle veglysanlegg som vi i dag betalar driftstilskot til, i tråd med framdrift og føringar som vert lagt i saksframlegget. Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 Notat frå SVV - veglys langs fylkesveg i Møre og Romsdal 2 Herøy kommune - eigarskap veglys 3 Kart - trafikkmengd i Møre & Romsdal 4 Notat - NKF