HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201112960-11 Arkivnr. 650 Saksh. Ekerhovd, Per Morten, Aune, Anne, Bjørsvik, Elisabeth Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 REGIONAL PLAN FOR MUSEUM 2011-2015. OPPFØLGING AV HANDLINGSPROGRAM 2012. LØYVING TIL TILTAK VED MUSEA SAMANDRAG Fylkestinget vedtok i 2011 Regional plan for museum 2011 2015, Musea i samfunnet. Planen vart til i dialog mellom stat, fylkeskommune og kommunar, med konstruktiv medverknad frå musea, og meislar ut museumspolitikken i Hordaland i åra framover. Hovudmålsettinga er at musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar og vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. Som regional plan er Musea i samfunnet retningsgjevande for både statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd og politikk på feltet. Alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram som skal rullerast kvart år. Regional plan for museum 2011 2015 gjev ei vurdering av kva oppfølging planen krev i 46 pkt og peikar på ressursbehov og utpeikar ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for gjennomføringa av planen. Fylkestinget vedtok handlingsprogrammet som ein del av den regionale planen. I Hordaland fylkeskommune sitt budsjett for 2012 vedtok fylkestinget ein prisjustert auke i driftsmidlane til institusjonane og sette av kr 42 466 000 til drift. I tillegg vart kr 2.000.000,- øyremerkt oppfølging av handlingsprogrammet i Regional plan for museum 2011 2015 og kr 600.000,- til museumssamarbeid (bygningsvern i musea og kommunane). Saka gjer framlegg om korleis desse midlane skal fordelast for å nå målsettingane i planen og korleis dei prioriterte tiltaka kan gjennomførast. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet vil kome attende til ein opptrappingsplan for drift og investeringar i musea der stat, fylkeskommune og kommunar bidreg.
2. Fylkesutvalet ber om at arbeidet for å styrkje dei regionale ansvarsmusea vert prioritert i tråd med planen. 3. Fylkesutvalet ber om at det vert sett i gang utgreiing av korleis Kunstmuseene i Bergen kan ta i vare ein regional knutepunkt-funksjon innan biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar. 4. Fylkesutvalet vil prioritere styrking av musea som aktørar innan kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern. 5. Fylkesutvalet vil ta stilling til ei oppfølging av eit Hardingfelesenter i eiga sak når forprosjektet er ferdig som del av Museumsplanen sitt handlingsprogram eller som del av andre ordningar. 6. Fylkesutvalet ber om at vidare utvikling av planane for etablering av eit Senter for industriarkiv i Odda i tråd med Regional plan for museum vert prioritert. 7. Fylkesutvalet ber om at ei vidare utvikling av Bevaringstenestene i tråd med Regional plan for museum vert prioritert. 8. Fylkesutvalet ber om at forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen i Bergen og dei konsoliderte musea vert teke opp som del av Handlingsprogrammet for 2013. 9. Fylkesutvalet ber om at ein del av Handlingsprogrammet vert innretta for å ta i vare aktuelle utstillingsprosjekt og formidlingsoppgåver. 10. Fylkesutvalet løyver midlar frå budsjettpost 400.660 Museumssamarbeid / Oppfølging av museumsplanen - til tiltak i Regional plan for museum 2011-2015 til følgjande tiltak: Regional plan for museum 2011-2015 Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Tiltak 5: Styrking av regionale ansvarsmuseum/ Tiltak 8: Styrking av tematiske ansvarsmuseum Tiltak 14: Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltak 20: Etablering av Senter for industriarkiv og Institusjon: Tiltak: Løyving: Sunnhordland museum Forprosjekt utvikling av museumsbygg 250 000,- Hardanger og Voss museum Agatunet, sprinkleranlegg 200 000,- Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Litlabø 25 000,- gruver Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Stord 25.000,- Maritime museum Sunnhordland museum Etablering av klosternettverk 25 000,- Museum Vest Espeland fangeleir, konsolidering 25.000,- Kunstmuseene i Bergen Utgreiing av regional knutepunkt-funksjon 200 000,- innan felta biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar Sunnhordland museum Bygningsvernkonsulent, delfinansiering 300.000,- Museum Vest Bygningsvernkonsulent, delfinansiering 300.000,- Norsk Vasskraft- og Utvikle plan for etablering av arkiv, 100 000,- Industristadmuseum partnarskap mv 2
industrihistorie i Odda Tiltak 32: Felles plan for samlingsforvaltinga Tiltak 42: Musea i samfunnsdebatten Museumssenteret i Hordaland Bymuseet i Bergen Utvikling av felles bevaringstenester, Termo lignum-kammer 900 000,- Fokus på medisinsk historie 100.000,- Museum Vest Norsk fiskerimuseum utstilling 150.000,- Totalt til fordeling 2 600 000,- Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef Vedlegg: Regional plan for museum 2011 2015 (www.hordaland.no) Regional plan for museum 2011-2015. Status pr. november 2012 Oversyn over budsjettsøknader 3
FYLKESRÅDMANNEN, 06.11.2012: Bakgrunn for saka: 07.06.2011 vedtok Fylkestinget Regional plan for museum 2011 2015, Musea i samfunnet. Planen vart til i dialog mellom stat, fylkeskommune og kommunar, med konstruktiv medverknad frå musea, og meislar ut museumspolitikken i Hordaland i åra framover. Hovudmålsettinga er at musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar og vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. Som regional plan er Musea i samfunnet retningsgjevande for både statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd og politikk på feltet. Planen av løyser Fylkesdelplan for museum 2003 2008, som var ei klargjering av den nasjonale museumsreforma og tok utgangspunkt i regionale utfordringar og statlege kulturpolitiske mål, jf Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000). Merksemda i den førre planperioden vart i hovudtrekk retta mot organisatoriske endringar, der mange mindre einingar i Hordaland vart slegne saman til ni konsoliderte museum. Dette var ei ressurskrevjande reform som kravde full merksemd frå stat, fylkeskommune og kommunar. I oppfølginga av planen vart det difor i mindre grad høve til å prioritere arbeid med andre satsingar: musea som samfunnsaktørar, samfunnsminne og møtestader. Regional plan for museum 2011-2015 fører vidare arbeidet med å styrkje musea som samfunnsinstitusjonar, og har denne hovudmålsetjinga: Musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar, og vera profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. Planen orienterer seg særleg rundt tre dokument: Statusrapport for musea i Hordaland 2009, utarbeidd som ein del av arbeidet med museumsplanen, Stortingsmeldinga Framtidas museum (St.meld. nr. 49 (2008-2009) og Fylkesdelplan for museum 2003-2008. Å gjere tydeleg musea sitt samfunnsoppdrag, er den raude tråden i Regional plan for museum 2011 2015. Det vert lagt vekt på kva forventingar samfunnet kan ha til musea. På tiltakssida er det gjeve førsteprioritet å betra driftssituasjonen for musea. Fire tema er gjeve særskild omtale: kystkultur, industri, kunst og immateriell kulturarv. Regional plan for museum og handlingsprogrammet: Alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram som skal rullerast kvart år. Regional plan for museum 2011 2015 gjev ei vurdering av kva oppfølging planen krev i 46 pkt og peikar på ressursbehov og utpeikar ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for gjennomføringa av planen. Fylkestinget vedtok handlingsprogrammet som ein del av den regionale planen. Det er også fylkestinget som har ansvar for å ta handlingsprogrammet opp til ei årlig rullering. Ved denne rulleringa vert inngåtte avtalar fornya med andre regionale og kommunale aktørar om gjennomføringa av planen. I tråd med ordinær praksis skal handlingsprogrammet leggjast fram til politisk handsaming i første kvartal kvart år. Saka skal innehalde rapportering og vurdering av måloppnåinga, liste opp gjennomførte tiltak og gje ei oppdatert vurdering av løysinga av aktuelle og framtidige behov som er heimla i planen. Den politiske handsaminga av handlingsprogrammet vil saman med musea sine budsjettsøknader vere grunnlag for å kunne forme eit budsjett som står i samanheng med handlingsprogrammet i det komande året. Etter godkjenning av Regional plan for museum 2011-2015 har oppfølging av planen ikkje vore til politisk handsaming ut over dei ordinære budsjettprosessane. Kapasitetsomsyn gjorde at handlingsprogram for 2012 ikkje vart lagt fram til handsaming i første kvartal i 2012. Ein legg difor 4
handlingsdelen i den vedtekne planen til grunn i saka. Prioriteringane og lista over tiltak gjev grunnlag for framlegget om løyving av budsjettmidlar. Som del av oppfølginga av pkt. 7 i handlingsprogrammet har fylkesrådmannen prioritert slik at administrasjonen i det vidare kan følgje opp arbeidet med planen. Handlingsprogram for 2013 vert lagt fram i fylkestinget som ordinært i første kvartal 2013 etter at dei budsjettmessige rammene for 2013 er klare. Samla oversyn med alle tiltak og gjennomføring er lagt ved saka. Fylkeskomunale budsjettrammer for musea i Hordaland 2012 I Hordaland fylkeskommune sitt budsjett for 2012 vedtok fylkestinget ein prisjustert auke i driftsmidlane til institusjonane og sette av kr 42 466 000 til drift. I tillegg vart kr 2.000.000,- øyremerkt oppfølging av handlingsprogrammet i Regional plan for museum 2011 2015 og kr 600.000,- til museumssamarbeid (bygningsvern i musea og kommunane). Saka gjer framlegg om korleis desse midlane skal fordelast for å nå målsettingane i planen og korleis dei prioriterte tiltaka kan gjennomførast. I Museumsplanen, kapittel 4, Oppsummering av tiltak, er dei høgst prioriterte tiltaka i planperioden følgjande: Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Tiltak 5:Styrking av regionale ansvarsmuseum Tiltak 8:Styrking av tematiske ansvarsmuseum Tiltak 14:Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltak 36:Etablering av Hardingfelesenter Tiltak 20:Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda Tiltak 32:Felles plan for samlingsforvaltinga Tiltak 34:Forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen og dei konsoliderte musea Tiltak 42:Musea i samfunnsdebatten Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Ei styrka finansiering av drift og investeringar vart av alle institusjonane peika på som den viktigaste utfordringa i arbeidet med planen og det vart vedteke som viktigaste priotering av fylkestinget. I fylkeskommunen sitt budsjett for 2012 vart det ikkje gjeve ein realauke i tilskota til drift, men sikra ein prisjustert auke til alle musea vedteke i budsjett for 2012. Det er vidare føreslege same indeksregulerte justering i framlegget til budsjett for 2013. For å må målsettingane Regional plan for museum 2011-2015 bør det vurderast ei monaleg styrking av denne posten i planperioden i dei komande åra. Framlegg til styrking bør vere basert på innspel frå institusjonane sjølve og ein kritisk gjennomgang av drifta ved musea. Fylkesutvalet vil kome attende til ein opptrappingsplan for drift og investeringar i musea der stat, fylkeskommune og kommunar bidreg. Tiltak 5:Styrking av regionale ansvarsmuseum I løpet av 2011 og 2012 er det teke formell kontakt og gjennomført møte og samtalar med: a) Museumssenteret i Hordaland og Regionrådet for Nordhordland, b) Sunnhordland museum og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, c) Museum Vest og kommunane Sund, Fjell, Øygarden og Askøy, og d) Hardangerkommunane og Hardanger og Voss museum. Kommunal medfinansiering har vore utfordrande å løyse ut og førebels er det ikkje ferdig nye avtalar eller oppretta nye stillingar i musea slik Regional plan for museum slår fast. Dei første avtalane kjem etter planen på plass hausten 2012. Ein vil halde fram arbeidet med å styrkje dei regionale ansvarsmusea i tråd med Regional plan for museum 2011-2015 og vil etter planen ha dei første avtalane klare i løpet av hausten 2012. Alle musea med regionalt ansvar har behov for utvikling av denne rolla og ein vil måtte bruke heile planperioden for å utvikle institusjonane. Både i Statusrapport for musea i Hordaland 2009 og i Regional plan for museum er det ein institusjon som merkar seg ut med store behov i høve rolla som sterk samfunnsaktør i ein region i sterk vekst og omforming: Sunnhordland museum. Saka legg opp til 5
at ein prioriterer dette museet si regionale rolle i løyvingssaka. Museet vert 100 år i 2013 og det vert lagt opp til at instruksjonen får særskild merksemd i jubileumsåret. Vidare satsing for musea elles som har regionalt ansvar vert å kome attende til som del av handlingsprogramma for dei komande åra. Utgreiing av aktuelle tiltak knytt til frivillig sektor og framtidige konsolideringar vil også avklare den regionale rolla til desse musea. Fylkesutvalet ber om at arbeidet for å styrkje dei regionale ansvarsmusea vert prioritert i tråd med planen. Tiltak 8: Styrking av tematiske ansvarsmuseum Frå museumsplanen: «Kunstmuseene i Bergen, Norsk vasskraft- og industristadmuseum og Baroniet Rosendal har kvar sine tydelege tematiske spesialområde, og som tematiske ansvarsmuseum skal dei tre musea ha eit fagleg ansvar for desse tema over heile fylket. Definering av kvart av musea sine tematiske oppgåver, og rolledeling mellom tema og geografi er ei vesentleg arbeidsoppgåve i tiltaket, og må utførast i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, kommunar og dei tematiske ansvarsmusea. For å kunna utføra oppdraget som tematiske ansvarsmuseum må musea styrkjast». Museumsplanen legg mellom anna opp til at Kunstmuseene i Bergen med sin særskilde kompetanse innan kunstfeltet etablerer ein regional knutepunkt-funksjon innan felta biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar. Gjennom dette vil museet i sterkare grad kunna fungere som ein fagleg støttespelar i ein regional samanheng og vere med på å utvikle ein infrastruktur for andre museum som arbeider innan desse felta i Hordaland. For at dette skal vere mogleg, må museet styrkast økonomisk. Fylkesrådmannen legg opp til at utgreiing av slikt tiltak vert prioritert ved løyvinga i 2012 og at arbeidet vert gjennomført i samråd med andre museum og tilgrensande institusjonar. Tiltak for å styrkje Baroniet i Rosendal og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum vert å kome attende til i løpet av planperioden. Fylkesutvalet ber om at det vert sett i gang utgreiing av korleis Kunstmuseene i Bergen kan ta i vare ein regional knutepunkt-funksjon innan biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar. Tiltak 14: Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltaket står i samanheng med tiltak 5, Styrking av regionale ansvarsmuseum. Vidare er det i 2012 etablert eiga tilskotsordning, kr 100.000,- for musea til kurs i bygnings- og fartøyvern, jf sak 1/12 i kultur- og ressursutvalet. Det er løyvd kr 600 000,- til Bergen kommune, Nasjonal veteranskipshavn i Bergen. jf sak 61/12 i kultur- og ressursutvalet. Tiltaket vil bli gjort i samråd med Museum Vest. Hardanger og Voss museum, avd Hardanger fartøyvernsenter er ein institusjon med viktige nasjonale og regionale oppgåver og bør prioriterast i løpet av planperioden. I 2012 prioterer ein å sjå gjennomføring av tiltak 14 saman med tiltaka i pkt 5. Fylkesutvalet vil prioritere styrking av musea som aktørar innan kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern. Tiltak 36: Etablering av Hardingfelesenter Hordaland fylkeskommune løyvde etter vedtak i kultur- og ressursutvalet i sak 58/11 kr 425 000,- til Hardanger og Voss museum og Forprosjekt Hardingfelesenter 2011. Det er sett ned prosjektgruppe med deltaking frå kommunar, fylkeskommune og musé som skal leggje fram forprosjekt i løpet av 2013. Det skal samhandlast med miljø i Telemark, mellom anna Telemark fylkeskommune, og Kulturdepartementet om saka. Ei vidare satsing på Hardingfelesenter må leggjast fram i politisk sak i løpet av 2013. Det vert ikkje lagt opp til ei ekstra satsing på dette prosjektet i gjeldande sak. Fylkesutvalet vil ta stilling til ei oppfølging av eit Hardingfelesenter i eiga sak når forprosjektet er ferdig som del av Museumsplanen sitt handlingsprogram eller som del av andre ordningar. 6
Tiltak 20: Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda Etablering av eit Senter for industriarkiv (SINDARK) var handsama av fylkesutvalet i sak 120/09 5. Fylkesutvalet stilte seg positiv til arbeidet med å etablere eit nasjonalt industriarkiv i Odda og ber om at Odda kommune og Hordaland fylkeskommune snarleg tek eit felles initiativ andsynes statlege styresmakter i saka. Sak var oppe til politisk handsaming i kommunestyret i Odda 26.02.2012. Der vart det gjort vedtak om at Senter for Industriarkiv i Odda skal organiserast i samsvar med Regional plan for museum 2011 2015. Planen føreset at Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har eit overordna ansvar i etablering og drift av satsinga på eit Senter for industriarkiv i Odda. Odda kommune har sett av kr. 800.000 pr år i 3 år er til prosjektleiing for SINDARK. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum skal søkje økonomisk og fagleg samarbeid med Hordaland fylkeskommune, stat og private. Fylkesutvalet ber om at vidare utvikling av planane for etablering av eit Senter for industriarkiv i Odda i tråd med Regional plan for museum vert prioritert. Tiltak 32: Felles plan for samlingsforvaltinga I 2007 opna Bevaringstenestene som er ei avdeling i Museumssenteret i Hordaland. Bevaringstenesta er eit resultat av målmedviten fylkeskommunal museumspolitikk. Bevaringstenestene utfører konserveringstenester innan dei fleste gjenstandsgrupper og materialtypar og tilbyr magasinplass til gjenstandar frå musea. Ei viktig side ved førebyggjande konservering er tilfredsstillande oppbevaringsforhold. Hovudarbeidsområdet ved Bevaringstenestene er knytt til samlingsforvalting, og digitalisering og lagring i fellesmagasinet vert gjort i tett samarbeid med dei konsoliderte musea. Gjennom planmessig og langsiktig arbeid har Hordaland fylkeskommune bygd opp ei profesjonell bevaringsteneste for alle musea i fylket. Med sin høge kompetanse har institusjonen ført til eit viktig løft for samlingsforvaltinga og bevaringa av kulturhistoriske samlingar ved musea i Hordaland. For å etablere tenesta kjøpte Hordaland fylkeskommune dei gamle lokala på vel 6000 kvadratmeter til Salhus Trikotasjefabrikk og finaniserte oppbygginga av fellesmagasin for musea i Hordaland. Jf sak 60/12 i fylkestinget som viser ein samla kostnad på kr 48 400 000,- Ei vidare satsing for å styrkje oppbygginga av felles bevaringstenester vil vere fornuftig for å stette behova ved alle musea. Fylkesutvalet ber om at ei vidare utvikling av Bevaringstenestene i tråd med Regional plan for museum vert prioritert. Tiltak 34: Forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen og dei konsoliderte musea Tiltaket er førebels ikkje prioritert, men vert å kome attende til ved komande rullering av handlingsprogrammet i 2013. Framlegg til vedtak: Fylkesutvalet ber om at forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen i Bergen og dei konsoliderte musea vert teke opp som del av Handlingsprogrammet for 2013. Tiltak 42: Musea i samfunnsdebatten Frå Regional plan for museum 2011-2015: «Musea skal vera profilerte samfunnsaktørar, og medverka til kritisk refleksjon.både i den allmenne debatten, men også som faktagrunnlag i offentleg forvaltning (arealplanar, stadsutvikling, m.m.) I tillegg til at musea skal løfta inn sin kunnskap og kompetanse i desse samanhengane, bør musea også setja dagsorden gjennom sine formidlingstiltak. Dette må implementerast i musea sine planar og strategiar, og konkretiserast i musea sine budsjettsøknader.» Ein gjer framlegg om at midlar vert sett av til aktuelle utstillingsprosjekt og formidlingsoppgåver. Framlegg til vedtak: Fylkesutvalet ber om at ein del av Handlingsprogrammet vert innretta for å ta i vare aktuelle utstillingsprosjekt og formidlingsoppgåver. 7
Løyving: På bakgrunn av prioriteringane over og fylkesutvalet sine prioriteringar vert det gjort framlegg om fordeling for 2012 av følgjande budsjettpostar : 1. Museumssamarbeid: kr 600 000,- 2. Oppfølging av museumsplanen kr 2 000 000,- Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Tiltak 5:Styrking av regionale ansvarsmuseum Tiltak 8: Styrking av tematiske ansvarsmuseum Tiltak 14: Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltak 36: Etablering av Hardingfelesenter Tiltak 20: Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda Tiltak 32: Felles plan for samlingsforvaltinga Tiltak 34: Forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen og dei konsoliderte musea Tiltak 42: Musea i samfunnsdebatten Regional plan for museum 2011-2015 Tiltak 1: Finansiering drift og investeringar Tiltak 5: Styrking av regionale ansvarsmuseum/ Tiltak 8: Styrking av tematiske ansvarsmuseum Tiltak 14: Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Tiltak 20: Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda Tiltak 32: Felles plan for samlingsforvaltinga Tiltak 42: Musea i samfunnsdebatten Institusjon: Tiltak: Løyving: Sunnhordland museum Forprosjekt utvikling av museumsbygg 250 000,- Hardanger og Voss museum Agatunet, sprinkleranlegg 200 000,- Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Litlabø 25 000,- gruver Sunnhordland museum Utgreiing om behov og organisering, Stord 25.000,- Maritime museum Sunnhordland museum Etablering av klosternettverk 25 000,- Museum Vest Espeland fangeleir, konsolidering 25.000,- Kunstmuseene i Bergen Utgreiing av regional knutepunkt-funksjon 200 000,- innan felta biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar Sunnhordland museum Bygningsvernkonsulent, delfinansiering 300.000,- Museum Vest Bygningsvernkonsulent, delfinansiering 300.000,- Norsk Vasskraft- og Utvikle plan for etablering av arkiv, 100 000,- Industristadmuseum partnarskap mv Museumssenteret i Hordaland Bymuseet i Bergen Utvikling av felles bevaringstenester, Termo lignum-kammer 900 000,- Fokus på medisinsk historie 100.000,- Museum Vest Norsk fiskerimuseum utstilling 150.000,- Totalt til fordeling 2 600 000,- 8