Tilskotsordninga Museumsløft Fordeling av midlar
|
|
|
- Agnes Helle
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/ Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik, Anne Aune, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling Tilskotsordninga Museumsløft Fordeling av midlar Samandrag Saka gjeld fordeling av 1,7 mill. kr i tilskotsordninga «Museumsløft 2016.» Retningslinene for ordninga vart vedteken av fylkestinget i PS 11/2016, med følgjande innhald i vedtakspunkt 3: «Fylkestinget sluttar opp om retningslinene for tilskotsordninga på til saman 1,7 mill. kr. Tildeling vert handsama av Utval for Kultur, idrett og regional utvikling.» Til søknadsfristen 20. juni kom det inn 13 søknader, på til saman nær 4,4 mill. kr. KODE-Kunstmuseene i Bergen har sendt inn to søknader for sin institusjon. I retningslinene står det som følger: Dei ti konsoliderte musea kan sende inn ein søknad kvar for sitt museum/tiltak. I tillegg kan museet sende inn ein eller fleire fellessøknader med eit eller fleire av dei andre konsoliderte museum. Etter retningslinene er det avgrensa til ein søknad per museum/det tiltaket museet ønskjer å prioritere, og vi har i prosessen med gjennomgang av søknadene bedt KODE prioritere. Denne kjem fram i presentasjon av søknadene. Eit mål med «Museumsløft 2016» var å fortsette satsinga på fellesløysingar og fellestiltak, difor var det mogleg for musea å sende inn fleire søknader saman med andre museum. Den samla søknadssummen utgjer langt meir enn dei midlane ein har i ordninga. I retningslinene til ordninga har ein også lagt til grunn fem skjønnsmessige vilkår: Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet, kvalitet på tiltaket, museet som samfunnsaktør, fokus på fornying, i kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar. For dei prosjekta som er innstilt til midlar, er fleire av dei skjønnsmessige vilkåra oppfylt. Søknadene tydeleggjer nokre av dei utfordringane som musea har, men også korleis institusjonane ønskjer å utvikle seg i tida framover. To av søknadene er fellesprosjekt der første fase er gjennomført, og der ein søkjer om midlar for å kome vidare. Dette gjeld prosjektet «Museumsløft» og prosjektet «Fellesmagasin». Det er naturleg at ein prioriterer desse, då begge representerer hovudsatsingar i den regionale museumspolitikken. To søknader er knytt til utfordringar innan arkiv. Her foreslår ein støtte til Bergens Sjøfartsmuseum sitt prosjekt. Det har ei klar avgrensing og bidrar til å løyse ei utfordring ved museet. Bymuseet viser i sin søknad til ei uløyst økonomisk situasjon frå konsolideringa midt på 2000-talet. Med ei tildeling her, vert ein særs vanskeleg situasjon for Bymuseet løyst. Saka er godt kjent for administrasjonen. KODE har med søknaden om web-booking ei løysing som kan komme fleire museum til gode. I Fylkesrådmannen si forslag til tildeling, oppnår ein såleis at musea får løyst ein utfordrande økonomisk situasjon som kan bidra til å fokusere på moglegheiter meir enn problem framover. Fellessatsingar innan magasin og kartlegging av bygningsmasse vert vidareført, og ein får etablert løysingar for web-booking som andre museum kan dra nytte av. I fordeling av midlar har ein vurdert i kva grad og korleis prosjektet/tiltaket Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA PB Bergen Tlf: e-post: [email protected] Org.nr. NO mva. Kontonr
2 Side 2/12 kan la seg løyse sjølv om eit prosjekt ikkje får tildelt full søknadssum i Nokre prosjekt er mogleg å dele opp, slik at ein kan få gode delresultat, sjølv om ikkje prosjektet vert fullfinansiert med ein gong. Dette gjeld mellom anna satsingane «Museumsløft» og «Fellesmagasin». Slik vert det også mogleg å støtte fleire av søknadene. Forslag til vedtak Det vert løyvd 1,7 mill. kr fordelt på følgjande summar til følgjande prosjekt og søkjarar: Namn på institusjon Prosjektnamn Kostnad/Søknadssum HFK Fylkesrådmannen sitt forslag KODE- Kunstmuseene i Bergen Styrket publikums- og forvaltningsarbeid gjennom bedre tellesystem Avslag Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Baroniet Rosendal Overføring av arkiv fra Bergens Sjøfartsmuseum til Bergen Byarkiv Eit museum under eit tak Digitalutstillingssystem i Riddersalen inkludert digitale utstillinger og info-film Bymuseet Mellomværende Damsgård hovedgård NVIM/Hardanger og Hardangerarkivet Avslag Voss museum Museumssenteret i Nytt fellesmagasin for Hordaland m.fl. musea i Hordaland Museumssenteret i Årleg seminar for Avslag Hordaland ml.fl. beredskapsgruppa for museum og arkiv i Hordaland KODE Web-basert booking for museene Museum Vest Kommandobunkeren i Avslag Gamle Bergen Sunnhordland museum Eit hav av båtmotorar Avslag Bymuseet i Bergen m.fl. Museumsløft hovedprosjekt Museumssenteret i Bedre synliggjøring av Avslag Hordaland ny og gammel kunnskap om tradisjonell ressursbruk i Nordhordlands-regionen Til saman
3 Side 3/12 Rune Haugsdal fylkesrådmann Per Morten Ekerhovd fylkesdirektør kultur og idrett Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
4 Side 4/12 Fylkesrådmannen, Saka gjeld fordeling av 1,7 mill. kr i tilskotsordninga «Museumsløft 2016.» Retningslinene for ordninga vart vedteken av fylkestinget i PS 11/2016, med følgjande innhald i vedtakspunkt 3: «Fylkestinget sluttar opp om retningslinene for tilskotsordninga på til saman 1,7 mill. kr. Tildeling vert handsama av Utval for Kultur, idrett og regional utvikling.» Hordaland er eit stort museumsfylke med ti konsoliderte einingar: Bergens Sjøfartsmuseum, Bymuseet i Bergen, Museum Vest, Hardanger og Voss museum, Sunnhordland museum, Museumssenteret i Hordaland, KODE-Kunstmuseene i Bergen, Baroniet Rosendal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Olav H. Hauge-senteret. «Museumsløft 2016» er retta inn mot desse museumsinstitusjonane og satsingar i den regionale museumspolitikken som på sikt skal gi eit løft for sektoren. Til søknadsfristen 20. juni kom det inn 13 søknader, på til saman nær 4,4 mill. kr. KODE-Kunstmuseene i Bergen har sendt inn to søknader for sin institusjon. I retningslinene står det som følger: Dei ti konsoliderte musea kan sende inn ein søknad kvar for sitt museum/tiltak. I tillegg kan museet sende inn ein eller fleire fellessøknader med eit eller fleire av dei andre konsoliderte museum. Etter retningslinene er det avgrensa til ein søknad per museum/det tiltaket museet ønskjer å prioritere, og vi har i prosessen med gjennomgang av søknadene bedt KODE prioritere. Denne prioriteringa kjem fram i presentasjonen av søknadene. Eit mål med «Museumsløft 2016» var å fortsette satsinga på fellesløysingar og fellestiltak som har vore grunnleggjande i museumspolitikken dei siste åra, difor kunne musea å sende inn fleire søknader saman med andre museum. Musea i Hordaland fekk i 2015 statlege omstillingmidlar som skal gå til vedlikehald av bygningsmassen. Vi har spurt musea om søknad til «Museumsløft» kan sjåast i samanheng med desse midlane. Til dømes om tidlegare utfordringar/hindringar no kan løysast, og dermed danne grunnlag for fleire eller nye formidlingsprosjekt og utstillingar. Det er viktig å synleggjere og samle slik informasjon, slik at ein både på kort og lengre sikt ser effekten og samanhengen mellom større statlege og regionale løft, sjølv om slik samanheng ikkje er ein føresetnad i retningslinene i «Museumsløft 2016». Dette bør kanskje vurderast for Då ser ein meir samla resultat av omstillingsmidlane. Av dei 13 søknadene, var det to som kan vise til ei direkte kopling til sysselsettingsmidlane: Museum Vest og Baroniet Rosendal. Museum Vest har avsett kr av dei statlege midlane til utvendig restaurering av Kommandobunkeren i Baroniet Rosendal har nytta sysselsettingsmidlar på Avlsgården. Den samla søknadssummen er såleis langt høgre enn dei midlane ein har i ordninga. I retningslinene til ordninga har ein også lagt til grunn fem skjønnsmessige vilkår: Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet, kvalitet på tiltaket, museet som samfunnsaktør, fokus på fornyiing, i kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar. For dei prosjekta som er innstilt til midlar, er fleire av dei skjønnsmessige vilkåra oppfylt. I prioriteringa har ein hatt fokus på fellesløysingar og i kva grad ei tildeling løyser særlege utfordringar. I fordeling av midlar har fylkesrådmannen vurdert i kva grad prosjektet/tiltaket kan la seg løyse sjølv om eit prosjekt ikkje får tildelt full søknadssum. Nokre prosjekt er mogleg å dele opp, slik at ein kan få gode delresultat, sjølv om prosjektet ikkje vert fullfinansiert for 2016-midlane. Ei slik vurdering er gjort for å kunne gi støtte til fleire av dei omsøkte prosjekta. Retningsliner for tilskotsordninga Museumsløft 2016 Føremål: Museumsløft skal styrke musea og vidareutvikle gjeldande satsingar frå Regional plan for museum Musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar og vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid.
5 Side 5/12 Kven kan søkje: Dei ti konsoliderte museumseiningane Baroniet Rosendal, Bergens Sjøfartsmuseum, Bymuseet i Bergen, Hardanger og Voss museum, KODE-Kunstmuseene i Bergen, Museumssenteret i Hordaland, Museum Vest, Norsk Vasskraft- og industristadmuseum, Olav H. Hauge-senteret, Sunnhordland museum. Kva kan støttast: Søknader knytt til Kulturplanen sitt innsatsområde 16 Museumsløft med følgjande tiltak: Tiltak A, Styrkje musea i høve drift og investeringar Tiltak B, Vidareføring satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum Tiltak C, Utarbeide fellesløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jmf. Regional plan for museum Tiltak D, Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting Ytterlegare moment ved vurdering av søknad/skjønsutøvinga, i uprioritert rekkefølgje: 1. Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet 2. Kvalitet på tiltaket 3. Museet som samfunnsaktør 4. Fokus på fornying 5. I kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak: Dei ti konsoliderte musea kan sende inn ein søknad kvar for sitt museum/tiltak. I tillegg kan museet sende inn ein eller fleire fellessøknader med eit eller fleire av dei andre konsoliderte museum. Søknaden må innehalde prosjektomtale med god skildring av tiltaket og bakgrunn for søknaden. Den skal knyttast opp mot hovudinnhaldet i Regional plan for museum med vekt på musea som samfunnsaktør og ein eller fleire av dei fire f-ane forvalting, forsking, formidling og fornying. Budsjett skal leggjast ved. Det skal opplysast om gjennomføringsperiode. Det skal opplysast om kva for tiltak under innsatsområde 16 Museumsløft tiltaket fell inn under. Søknadene Følgjande 13 søknader vert handsama i denne saka: 1. KODE- Kunstmuseene i Bergen: Styrket publikums- og forvaltningsarbeid gjennom bedre tellesystem Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: A. Styrkje musea i høve drift og investeringar Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Dagens tellesystem for KODE bygger på at alle som besøker en av våre arenaer innendørs i åpningstid blir registrert inn via kasse. Det høye
6 Side 6/12 antall besøkende som bruker KODEs spisesteder eller komponisthjemmenes store naturområder for rekreasjon, registreres dermed ikke i våre besøkstall. KODE har en viktig samfunnsrolle for publikum også utenfor utstillingsarenaene og dette behovet ønsker vi bedre kunnskap om. Vi mener derfor at et bedre tellesystem gir fordeler på mange nivå: 1. Sikkerhet og ressursallokering 2. Synliggjøre bruk av våre uteområder 3. Fornying av publikumsarbeid- og tilbud 4. Bedre statistikker Fylkesrådmannen si innstilling: 0 Fylkesrådmannen si grunngjeving: Etter retningslinene kan kvart museum levere inn ein søknad for sitt museum/tiltak. KODE har levert to søknader. I prioritering mellom dei to, har KODE prioritert Web-booking (sjå søknad nr. 9). 2. Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum: Overføring av arkiv fra Bergens Sjøfartsmuseum til Bergen Byarkiv Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: C. Utarbeide fellesskapsløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jmf. Regional plan for museum , D. Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Prosjektmålet er å bedre tilgjengelighet og bevaring av maritime bedriftsarkiv i Hordaland. Museet skal sørge for at norske maritime kulturminner og arkiv blir bevart og ivaretatt for framtidige generasjoner og forskning. Siden 1980 har museet mottatt en rekke større maritime bedriftsarkiv, bl.a. fra store og kjente lokale bedrifter. Museet har lite egnede lokale for store arkiv og kapasiteten er sprengt. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: Bergens Sjøfartsmuseum sitt arkivprosjekt er konkret og har ei god forankring i institusjonane. Det vil løyse ei stor utfordring for museet, og vil gi publikum betre tilgang på verdifullt arkivmateriale. 3. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum: Eit museum under eit tak Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: A. Styrkje musea i høve drift og investeringar. B: Vidareføre satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum
7 Side 7/12 Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Den langsiktige leieavtalen mellom NVIM og AST (AS Tyssefaldene) omfattar verkstadbygg, produksjonshall, brettet og Lilletopp. Over produksjonshallen er det fire etasjar som NVIM i dag ikke leiger. Desse etasjane har hittil romma tekniske rom, arkiv, kantine og administrasjonen til AST. 2. og 3. etasje har ein storleik som gjer dei funksjonelle til museale føremål. Det er viktig at NVIM no vurderer kva romplan dei nye lokala kan utviklast til- dette for å få eit grunnlag for framtidige søknader. Gode løysingar for ombygginga vil opne for eit meir moderne, og betre museumstilbod. Det vil føre til betre fagleg samarbeid internt og føre til auke i besøkstalet. Gjennom etableringa vil Hordaland få eit museum som framstår som eit regionalt fyrtårn, og som vert styrka i arbeidet med å ivareta norsk industrihistorie. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: I prosjektet vil ein greie ut om Tysso I som museumsbygg. Gjennom ei løyving på kr vil museet kunne starte eit slikt arbeid. Museet har store oppgåver i høve kraft- og industrihistoria regionalt og nasjonalt. Det er naturleg at ein ser på dei moglegheiter som ligg i den historiske bygningsmassen når situasjonen no er aktuell. Dette kan bidra til avklaring av tilhøvet til eigar AS Tyssefaldene, fornying og styrking av museet som tematisk ansvarsmuseum. 4. Den Weis-Rosenkronske stiftelse Baroniet Rosendal: Digitalutstillingssystem i Riddersalen inkludert digitale utstillinger og info-film Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: A. Styrke musea i høve drift og investeringar Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtalen): Baroniet Rosendal har dei siste fire åra investert for kr 45,5 millioner kroner i nytt besøkssenter med flerbrukssal. Hordaland fylkeskommune har støttet prosjektet direkte med 1.9 mill og indirekte gjennom kompensasjonsordningen med 5 mill. Nå gjenstår å lage utstillinger som skal fylle skjermer og utstyr med innhold. Det blir produsert film og laget digitale utstillinger bl.a. om BRs lange og spennende historie, det fredede kulturlandskapet og BRs rolle i samfunnet som en betydelig kultur- og reiselivsaktør. Prosjektet er forskningsbasert da vi har knyttet til oss ekspertise på professornivå gjennom Jørn Øyrehagen Sunde ved UiB som har 20 % stilling som forsker ved BR. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: Prosjektet er del av eit større løft for Baroniet Rosendal, der fylkeskommunen har vore bidragsytar. For formidlingsprosjektet har Baroniet Rosendal på plass kr, slik at ei løyving på kr av «Museumsløft 2016» vil vere viktig for å komme i mål med prosjektet. Det vil gi fornying og styrke museet si samfunnsrolle. Prosjektet har ein god fagleg forankring.
8 Side 8/12 5. Stiftelsen Bymuseet i Bergen: Mellomværende Damsgård hovedgård Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: A. Styrkje musea i høve drift og investeringar Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtalen): Bymuseet ble etablert i Konsolideringsavtalene forutsatte at museenes drift var i balanse ved konsolideringen, og Bymuseet skulle overta gjeld og fordringer. Gjennom konsolideringen overtok museet håndteringen av lån i noen av eierstiftelsene. På grunn av avtalen om at driften skulle være i balanse har Bymuseet i føringen av lånene kostnadsført kapitalkostnadene og balanseført avdragene, som har blitt liggende som en mellomregning mot eierstiftelsene. To av disse lånene, som til sammen utgjør kr pluss kapitalkostnader, gjelder innredning av tjenestebolig på Damsgård Hovedgård på 1980-tallet. Bymuseet har ikke økonomi til å innfri disse lånene på vegne av eierstiftelsen. Dersom Bymuseet skulle bekostet lånene ville det betydd en direkte styrking av eierstiftelsenes økonomi på bekostning av Bymuseet og Bymuseets fellesskap. Det ville også hatt en ødeleggende effekt på museets likviditet. Eierstiftelsen har på lik vis ikke økonomi til å innfri lånene. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: Løyvinga vil løyse ei særs stor økonomisk utfordring ved Bymuseet i Bergen. Dette er ei problemstilling som har vore kjent lenge, og som må finne si løysing. Ein veit ikkje om liknande tilfelle. Hordaland fylkeskommune har tidlegare understreka at problemstillinga ikkje er eit fylkeskommunalt ansvar, men ser at museet ikkje får løyst saka på anna måte. Med eit slikt løft frå HFK vil Bymuseet kunne fokusere meir på utvikling/moglegheiter. 6. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum: Hardangerarkivet Tidspunkt: Type søknad: Søker saman med Hardanger og Voss museum Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: C: utarbeide fellesskapsløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jf. Regional plan for museum , D. Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): SINDARK-prosjektet (Senter for industriarkiv) avsluttast i juli Vi har søkt Odda kommune om midlar til utviding av prosjektet ut Tida er inne til å gå eit steg vidare til «Hardangerarkivet». I HVM og NVIM sitt virkeområde er det store verdfulle arkiv som ligg på loft og i kjellarar, hos privatpersonar, i lagslokale, kommunehus og museumseiningar. Det meste av dette materialet er utilgjengeleg, uordna og vert oppbevart under dårlege klimatiske forhold. Skal dette materialet kome ålmenta og forskarar til gode, må det samlast inn, ordnast, registrerast og bevarast. Fylkesrådmannen si innstilling: 0 Fylkesrådmannen si grunngjeving: To av søknadene til tilskotsordninga «Museumsløft 2016» omfattar arkiv. I denne samanheng vil Fylkesrådmannen prioritere Bergens Sjøfartsmuseum sitt
9 Side 9/12 arkivprosjekt. Det er konkret, har ei god forankring i institusjonane og vil løyse ein vanskeleg ressurssituasjon ved museet, sjå søknad nr. 2. Ein vil utfordre musea til å kome lengre i prosjektet og også søke fleire finansieringspartnarar lokalt. 7. Stiftinga Museumssenteret i Hordaland m/fleire: Nytt fellesmagasin for musea i Hordaland Tidspunkt: Type søknad: med fleire museum Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: C. Utarbeide fellesskapsløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jmf. Regional plan for museum , D. Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Det er viktig for museene i Hordaland at arbeidet med nytt Fellesmagasin fortsetter. Museumssenteret i Hordaland/Bevaringstenestene søker derfor om økonomisk støtte til å fortsette arbeidet. I 2006 ble det eksisterende Fellesmagasin for musea i Hordaland åpnet, men helt fra planleggingsfasen var det klart at magasinarealet på 1300 m2 bare ville være en begynnelse. Arealbehovet er på bakgrunn av analyser estimert til omkring m2 nytt magasinareal, litt avhengig av ønskede servicefunksjoner ved et nytt Fellesmagasin samt fremtidig innsamlingspolitikk. Mer enn 1/3 av dette areal alene til store gjenstander, som det i dag ikke finnes noe godt tilbud til i Hordaland. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: Arbeidet med nytt fellesmagasin har vore ei satsing i gjeldande museumspolitikk og Kulturplanen som del av styrking av fellestenester for musea i Hordaland og arbeidet med samlingsforvalting. Kulturhistoriske gjenstandar frå ulike periodar representerer vår felles historie. Rapport frå fase 1 ligg føre, og det er viktig med kontinuitet i arbeidet. Prosjektet kan delast opp, slik at ei fullfinansiering av tiltaket i 2016 ikkje er nødvendig for å kome vidare på kort sikt. 8. Stiftinga Museumssenteret i Hordaland m/ fleire: årleg seminar for beredskapsgruppa for museum og arkiv i Hordaland Tidspunkt: Type søknad: Museet søker saman med fleire Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: C. Utarbeide fellesskapsløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jf. Regional plan for museum , D. Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag frå prosjektomtale): Beredskapsgruppa har i alt 58 medlemmer frå 14 deltakande institusjonar. Det er skrive og signert ein gjensidig avtale om deltaking i Beredskapsgruppa. Personane i gruppa skal kunne tilkallas i ein krisesituasjon og plikter å stille opp for andre deltakande institusjonar på lik linje med eigen institusjon. Medlemmar i beredskapsgruppa kan tilkallast i ein krisesituasjon som til dømes brann eller tjuveri. Fylkesrådmannen si innstilling: 0
10 Side 10/12 Fylkesrådmannen si grunngjeving: Tiltaket har stor betydning for vår kulturarv gjennom den kunnskapen og den mobilitet som ei slik beredskapsgruppe innehar, og eit årleg seminar for beredskapsgruppa vil vere ein viktig del av dette arbeidet. Det bør vere moglegheit for fleire finansieringskjelder til dette tiltaket. Fylkesrådmannen prioriterer ikkje tiltaket gjennom «Museumsløft 2016». Det er andre omsøkte prosjekt som er viktigare å få gjennomført først. 9. KODE Kunstmuseene i Bergen: Web-basert booking for museene Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: C. Utarbeide fellesskapsløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jf. Regional plan for museum Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag frå prosjektomtale): KODE er en unik kombinasjon av kunstmuseer og komponisthjem. Som et av Nordens største kunstmuseer, forvalter vi mer enn gjenstander, en rekke kulturhistoriske bygg og ca. 900 mål kulturlandskap. Mer enn gjester besøker våre 7 arenaer hvert år. Årlig gjennomføres ca arrangementer av ulik slag. Det legges mye arbeid ned i å organisere og administrere bestillingene. KODE vil utvikle et webbasert bookingsystem som kan håndtere ulike tilbud, være administrasjonsstøtte og bidra til publikumsutvikling. Viktige mål er tidsbesparelse i administrasjon, sikker lagring av bestillingsinformasjon, optimalisering av arrangementskapasiteten og statistikkverktøy. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: KODE har sendt inn to søknader, og har Web-basert booking for museene som første-prioritert. Prosjektet vil bidra til meir effektiv organisering av besøk, med erfaringsoverføring til andre institusjonar. Prosjektet har ei klar avgrensing og vil løyse ei utfordring innan denne type publikumsteneste for museet. 10. Stiftelsen Museum Vest: Kommandobunkeren i Gamle Bergen Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: B. Vidareføring satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Bakgrunnen for søknaden er at MV ønsker å satse videre på sitt arbeid som tematisk ansvarsmuseum for krigs-, okkupasjons- og forsvarshistorie. Tilretteleggingen av Kommandobunkeren ved Gamle Bergen er en del av dette arbeidet. Et svært sentralt anlegg knyttet til Vestlandets krigshistorie blir med dette tilgjengelig for publikum. Den gode tilgangen Museum Vest har på originalt, krigshistorisk materiell vil gjøre utstillingsopplevelsen unik. Fylkesrådmannen si innstilling: 0
11 Side 11/12 Fylkesrådmannen si grunngjeving: Tiltaket med Kommandobunkeren vil bidra til fornying til museet. Prosjektet har samanheng med bruk av statlege omstillingsmidlar til utvendige tiltak i Med museumsplanmidlane i åra har ein hatt fokus på styrking av krigs- og okkupasjonshistorie. Eit konkret resultat er konsolidering av Bjørn-West-museet i Museum Vest. Slike midlar vart også løyvd frå museumsplanmidlane i Fylkestinget sitt møte i mars 2016, PS 11/2016, med kr. Fylkesrådmannen vil ikkje prioritere prosjektet i Det er andre omsøkte prosjekt som er viktigare å få gjennomført først. 11. Sunnhordland museum: Eit hav av båtmotorar Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: B. Vidareføring satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtalen): «Eit hav av båtmotorar» er ei vidareføring av eit dokumentasjonsprosjekt Sunnhordland museum starta i 2015, der det vart utarbeid ei oversikt over åtte samlingar med båtmotorar i vår region. Målet med dette prosjektet er gjennom synfaringar og dokumentasjonsarbeid å etablere eit detaljert oversyn over motorar produsert i Sunnhordland i samlingar i Sunnhordland. Fylkesrådmannen si innstilling: 0 Fylkesrådmannen si grunngjeving: Dokumentasjonsprosjekt om båtmotorar er del av satsinga på samlingsforvaltingsarbeidet i Hordaland. Prosjektet gir ein god arbeidsmetode for samarbeid frivillige og profesjonelle aktørar. Ein bør her også kunne søkje finansiering lokalt. Fylkesrådmannen vil ikkje prioritere prosjektet i Det er andre omsøkte prosjekt som er viktigare å få gjennomført først. 12. Stiftelsen Bymuseet i Bergen m/flere: Museumsløft - hovedprosjekt Tidspunkt: Type søknad: med flere Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: A. Styrkje musea i høve drift og investeringar Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): «Museumsløftet» sin hovedoppgave er å synliggjøre det store behovet for vedlikehold og investeringer, samt å påpeke at det må bevilges større økonomiske midler til museene i Hordaland slik at museene kommer opp på et akseptabelt vedlikeholdsnivå og kan etablere rutiner for forebyggende konservering. I hovedprosjektet (Museumsløftet fase 2) ligger følgende oppgaver: 13. Utarbeide en oversikt over bygningssamlingene ved de øvrige museene i Hordaland 14. Utarbeide prioriteringsplaner for bygningssamlingene 15. Definere ansvarsområdet for hvert museum i forhold til bygningstype 16. Arbeid med avhending av museumsbygg utfra prioriteringsplaner 17. Utarbeide en oversikt over planer for nybygg i Hordaland
12 Side 12/ Skaffe til veie midler til de prioriterte bygningene ved å arbeide opp mot politisk nivå/beslutningstakerne 19. Nærmere samarbeid (om mulig) med forskningsinstitusjoner i forhold til de typiske klimarelaterte skadene i museumsbygg som er kategorisert i fase Et seminar for å øke bevisstheten og skape debatt om de tre hovedområdene i museumsvirksomheten: Eierskap og struktur, Avhending av museumsbygg. Nybygg og investering. Fylkesrådmannen si innstilling: Fylkesrådmannen si grunngjeving: «Museumsløft» er ei satsing som både Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har gitt bidrag til i fase 1. Resultatet frå fase 1 ligg føre som rapport og det er mellom anna utvikla ein metodikk for kartlegging av vedlikeholdsbehov. Fase 2 vil ta prosjektet vidare. Fylkeskommunen ser dette som eit større løft for musea gjennom å få oversikt over behov og prioritering i musea sin bygningsmasse. Ein har også søkt Bergen kommune om medfinansiering for fase 2. Dette vil også vere eit prosjekt som kan synleggjere det arbeidet som er gjort innan brannsikring og dei behov som er med omsyn til sikringstiltak. Hordaland fylkeskommune har gjennom fleire år vore ein viktig bidragsytar til musea sitt sikringsarbeid. Fylkesrådmann vil derfor i eiga sak til KIRU i november foreslå at eksisterande budsjettmidlar til brannsikring (til saman kr for 2015/2016) også vert del av finansieringa til prosjektet «Museumsløft». 13. Museumssenteret i Hordaland: Bedre synliggjøring av ny og gammel kunnskap om tradisjonell ressursbruk i Nordhordlands-regionen Tidspunkt: Søknadssum til Hordaland fylkeskommune: Totale utgifter: Grunngjeving for søknaden etter tiltaksområde i Museumsløft 2016: B: Vidareføring satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum Om prosjektet i følgje søkjar (utdrag av prosjektomtale): Det tverrfaglige Lindåsprosjektet dokumenterte en rekke naturvitenskaplige og kulturhistoriske sammenhenger omkring lyngheidriften. Mer enn 30 fagrapporter ble produsert, og Lyngheisenteret er til dels basert på deler av denne kunnskapen. Men ved å gå gjennom rapportene fra prosjektet ønsker vi å løfte frem mer av den kunnskapen som ligger her. Vi ønsker å systematiskere nyere forskningsresultater om kystlandskap og lyngheier som er relevant for vår formidling. Fylkesrådmannen si innstilling: 0 Fylkesrådmannen si grunngjeving: Gjennom prosjektet ønskjer museet å nytte og systematisere dei resultata som ligg tilgjengeleg i Lindåsprosjektet. Lyngbrenning er døme på tradisjonskunnskap som er lite omtalt i litteratur. Fylkesrådmannen ser at prosjektet har stor kulturhistorisk verdi, men vil ikkje prioritere prosjektet i Det er andre omsøkte prosjekt som er viktigare å få gjennomført først.
Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget
MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200809360-112 Arkivnr. 656 Saksh. Bjørsvik, Elisabeth, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato
Evaluering av museumsreforma
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2015/869-2 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 11.11.2015 Evaluering av museumsreforma Samandrag
Sunnhordland museum og Stord maritime museum
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/5225-6 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik, David Aasen Sandved, Ronny Skaar Saksframlegg Saksgang Utval for kultur, idrett og regional utvikling 22.03.2017 Fylkesutvalet
Museum Vest og Bergens Sjøfartsmuseum. Intensjonsavtale om konsolidering
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3718-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval for kultur, idrett og regional utvikling 16.05.2017 Fylkesutvalet 23.05.2017
Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2015/8551-23 Saksbehandlar: Solveig Lohne Rongved, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.01.2016
Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/14018-4 Saksbehandlar: Inger Lena Gåsemyr, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 14.09.2016
REGIONAL PLAN FOR MUSEUM OPPFØLGING AV HANDLINGSPROGRAM LØYVING TIL TILTAK VED MUSEA
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201112960-11 Arkivnr. 650 Saksh. Ekerhovd, Per Morten, Aune, Anne, Bjørsvik, Elisabeth Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato
Fordeling av prosjektmidlar folkemusikk - budsjettpost
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/5155-1 Saksbehandlar: Jørn Oftedal og Ronny B. Skaar Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 08.06.2016 Fordeling
Godkjenning av tre prosjektrekneskap
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-3 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Godkjenning av tre prosjektrekneskap Samandrag
Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2015/12709-5 Saksbehandlar: Pål Andre Kleive Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 03.05.2017 Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs
TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200802621-136 Arkivnr. 650 Saksh. Ekerhovd Per Morten, Sandved David Aasen Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 31.03.2009 TILSKOT TIL
Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016
Søknad om samtykke til utviding av handelsareal i Fjord n senter, Eikelandsosen - Fusa kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/14561-96 Saksbehandlar: Per Nordmark Saksgang Saksframlegg Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 06.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Søknad
Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse/ sykkelvanar for barn og ungdom
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/957-10 Saksbehandlar: Hanne Espe og Britt Karen Spjeld Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 08.06.2016 Tilskot
REGIONAL PLAN FOR MUSEUM "MUSEA I SAMFUNNET" - HØYRINGSFRAMLEGG
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200809360-23 Arkivnr. 656 Saksh. Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 22.02.2011 23.02.2011-24.02.2011
Elev- og lærlingombod i HFK
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16
Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/862-15 Saksbehandlar: Trond-Harald Alvær Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 09.09.2014 Opplærings- og helseutvalet 16.09.2014 Opplæring
Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan
Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet
Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar - handlingsplan for oppfølging
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2016/8763-1 Saksbehandlar: Jostein Farestveit Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Forvaltingsrevisjon av Regionale utviklingsmidlar
OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte
Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/99-60 Saksbehandlar: Hanne Espe og Britt Karen Spjeld Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 13.04.2016 Tilskot
Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/1442-104 Saksbehandlar: Ronny B. Skaar Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd, Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato
Tilskot til sogelag/historielag og lokalhistorisk arbeid 2015
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2015/143-25 Saksbehandlar: Anne Aune, Roger Kvarsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 11.11.2015 Tilskot til sogelag/historielag
Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/21484-4 Saksbehandlar: Britt Karen Spjeld og Hanne Espe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.01.2016 Framlegg
Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-6 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget
Ny forskrift om offentlege arkiv - høyring
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/11055-2 Saksbehandlar: Anne Aune Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 18.01.2017 Fylkesutvalet 26.01.2017
Sal av aksjar og rettar i AS Strandgaten 196
EIGEDOMSAVDELINGA Arkivnr: 2015/5926-10 Saksbehandlar: Guro Klyve Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Sal av aksjar og rettar i AS Strandgaten 196
Klagesak - Klage på vedtak av om tildeling av drosjeløyve R-214 knytt til Odda Taxilag AS
Kommunikasjonsseksjonen - Øk - og Org avd Arkivnr: 2015/8927-12 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Klagenemnda 15.03.2016 Klagesak - Klage på vedtak av 11.01.16
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
Fysisk sikring av Askøybrua
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/392-8 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.09.2015 Fylkesutvalet 23.09.2015 Fylkestinget 13.10.2015 Fysisk sikring
Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap i Hordaland. Fordeling 2017
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/9012-54 Saksbehandlarar: Roald Landøy, Stein Ottosen, David Aasen Sandved, Erlend Hofstad, Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett
Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/11453-89 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2017 Utval for opplæring og helse 05.09.2017 Fylkesutvalet
Planar for bybåtsambanda og turistrute Hardanger
Skyss Arkivnr: 2014/278-39 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.10.2016 Fylkesutvalet 20.10.2016 Planar for bybåtsambanda og
Kollektivterminalanlegg på Nonneseter - kjøp av bygningsmasse og feste av grunn
ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2015/3373-1 Saksbehandlar: Helge Haavardtun Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 22.04.2015 Fylkestinget 09.06.2015 Kollektivterminalanlegg på Nonneseter
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD
- Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland
Søknad om samtykke til detaljhandel- Kleppestø sentrum områdeplan Plan Askøy kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/488-18 Saksbehandlar: Tina Sinclair Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 06.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Søknad
Omklassifisering av fylkesveg til riksveg
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11976-38 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 03.12.2015 Omklassifisering
Fv 550 Kråkevik Syreflot ferdigstilling av planarbeid
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/19360-4 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 19.11.2014 Fv 550 Kråkevik Syreflot ferdigstilling av planarbeid Samandrag
Finansrapport 1. tertial 2016
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-9 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2016 Fylkestinget 14.06.2016 Finansrapport 1. tertial
Finansrapport 2. tertial 2017
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-15 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 20.09.2017 Fylkestinget 03.10.2017 Finansrapport 2. tertial
Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet
SKYSS Arkivnr: 2014/278-34 Saksbehandlar: Gudrun Einbu Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 06.09.2016 Fylkesutvalet 21.09.2016 Fylkestinget 04.10.2016 Kostnader for
Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016
Trafikktilbod - Skyss Arkivnr: 2014/278-42 Saksbehandlar: Stine Karoline Olsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Fylkestinget
Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/297-2 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 12.02.2014 Fylkesutvalet 19.02.2014 Bømlopakken - Gang- og sykkelveg
STORTINGSMELDING OM ARKIV - ST.MELD. 7 (2012-2013) - FRÅSEGN
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201301707-1 Arkivnr. 600 Saksh. Aune, Anne Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.-21.02.2013 STORTINGSMELDING
Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet
Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Utdrag frå rundskriv Nr: T:1/15 Tilskot til kulturminnetiltak Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 71) Generell omtale Riksantikvaren er
Finansrapport 2. tertial 2015
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-6 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 23.09.2015 Fylkestinget 13.10.2015 Finansrapport 2. tertial
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Klage frå Taxi 1 AS på vedtak i PS 141/2017, 142/2017, PS 143/2017 og 144/2017
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2017/5005-6 Saksbehandlar: Tor Harald Rødseth Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 20.09.2017 Klage frå Taxi 1 AS på vedtak i PS 141/2017, 142/2017, PS
Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10276-15 Saksbehandlar: Knut Djuve Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 15.03.2017 Fylkesutvalet 30.03.2017 Omklassifisering av eksisterande
Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2018/10009-13 Saksbehandlar: Sigrid H Aardal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Klagenemnda 49/18 11.09.2018 Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over
Nye namn på skular i Hordaland fylkeskommune 2019
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2018/15305-41 Saksbehandlar: Guro Kjellerød Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 05.02.2019 Fylkesutvalet 20.02.2019 Fylkestinget 06.03.2018
Forprosjekt om verdsarvsenter på Bryggen
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2017/1849-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik, Erlend Hofstad, David Aasen Sandved Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional
Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting
Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: [email protected] Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11
Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016
SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22536-3 Saksbehandlar: Lise Fauskanger Ådlandsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 11.11.2015 Fylkesutvalet 18.11.2015 Fylkestinget
STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE HAUSTEN 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 2131264-73 Arkivnr. 135.632 Saksh. Askvik, Marianne Ose Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 22.1.213 STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE
Finansrapport 1. tertial 2017
ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/927-14 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 23.05.2017 Fylkestinget 13.06.2017 Finansrapport 1. tertial
