FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK Dagsett 11. mai 2017 Forslaget er justert med utgangspunkt i høyringsfråsegnene og synspunkt frå styringsgruppa 20. april 2017. HANDLINGSPROGRAMMET TIL REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK OPPFØLGING OG GJENNOMFØRING AV HANDLINGSPROGRAMMET Handlingsprogrammet gjeld til politikarane gjer eit nytt vedtak. Det skal leggjast fram ein årleg status for politikarane om gjennomføringa av handlingsprogrammet og eventuelt justeringar av handlingsprogrammet. ARBEIDSOPPGÅVE SKILDRING ØKONOMI Gjennomføring av handlingsprogrammet Gjennomføringa av handlingsprogrammet skal organiserast som eit prosjekt i fylkeskommunen med ein prosjektansvarleg og ei faggruppe som prosjektleiar. Det skal setjast ned ei utvida faggruppe/ rådgjevargruppe med representantar frå sjømatnæringa (havbruk og fiske), Kartverket, Sjødivisjonen og Havforskingsinstituttet. Arbeidsressursar totalt 50%?? Totalt 300.000 i året frå eige budsjett til å gjennomføra tiltaka i handlingsprogrammet pluss midlar frå Havbruksfondet
Handlingsprogrammet har desse satsingsområda: Mobilisering til å setja havbruket på dagsorden i samfunns- og arealplanlegginga. God planlegging for å leggje til rette for næringsutvikling innan havbruket. Kompetanse om planlegging som verktøy for å leggje til rette for næringsutvikling og vekst i havbruket. God kompetanse om havbruksnæringa og god dialog med havbruksnæringa i kommunane. Interkommunalt samarbeid og samhandling om havbruk som satsingsområde og planlegging som verktøy for å leggje til rette for ei berekraftig vekst og utvikling av havbruksnæringa. Kunnskapsproduksjon for å få eit godt kunnskapsgrunnlag til ei god planlegging som legg til rette for ei berekraftig vekst og næringsutvikling. Kunnskapsproduksjon for å synleggjera kva rolle havbruksnæringa spelar for verdiskapinga i Rogaland og i kommunane. MOBILISERING TILTAK SKILDRING ØKONOMI Mobilisering til å setja havbruket på dagsorden i samfunns- og arealplanlegginga. Kommuneplanlegginga er det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for ei berekraftig næringsutvikling innan havbruket. Kommunane må fyrst og fremst setja havbruket på den strategiske dagsorden. Dette er gjennomført for denne perioden. Fylkeskommunen har gitt innspel til dei kommunale planstrategiane om å setja sjømat og havbruksnæringa på dagsorden. Det skal vurderast om det trengs meir mobilisering i neste omgang med kommunale planstrategiar. Arbeid Fylkeskommunen skal vera aktiv og reise ut om kommunane ynskjer informasjon og mobilisering.
GOD PLANLEGGING TILTAK SKILDRING ØKONOMI TID Legge til rette for ein interkommunal samhandlings og planarena i Ryfylke Havbruks- og planfaglege samlingar for alle kommunane. Studieturar? Føremålet er å vurdera ei auka produksjon av sjømat og utviklinga av havbruksnæringa i ein regional samanheng med søkjelyset på arealplanlegging i sjøen pådrivar og tilretteleggar for ein strukturert samhandlingsarena mellom kommunane og mellom næringa og kommunane Aktuelle tema: Kunnskap om havbruket, planlegging som næringsutvikling, samarbeid over kommunegrensene, kunnskapsbehov, forsking og utvikling Tema basert på behov i kommunane. Prioritering av arbeidsressursar. Fylkeskommunen skal vera ein aktiv pådrivar og tilretteleggar. Økonomiske midlar til praktisk gjennomføring av samlingane og oppfølging av samlingane. 100.000 50.000 per samling Arbeidsressursar i fylkeskommunen til å gjennomføra samlingane Fyrste samling hausten 2017. Kva som skal vera intensjonen, og kva som skal skje vidare avgjerast i samråd med kommunane og næringa på fyrste samlinga. 100.000 Ei årleg samling 50.000 årleg KUNNSKAPSPRODUKSJON TILTAK SKILDRING ØKONOMI Kunnskap for god planlegging i sjøen Marin grunnkartlegging og marine grunnkart i Noreg, korta til MAGIN Marine grunnkart er sett på dagsorden som viktig for å oppfylle den nasjonale målsettinga om å verta Verdas fremste sjømatnasjon, Stortingsmeldinga, og ei femdobling av produksjon av sjømat innan 2050. Det er sett igong eit arbeid for å få på plass eit nasjonalt kartleggings- og kartarbeid kalla Marin grunnkartlegging og marine grunnkart i Noreg, korta til MAGIN. I fyrste fasen skal samfunnsnytta av MAGIN analyserast. Kartverket, Sjødivisjonen har fått i oppdrag frå KMD å lage forslag til eit fellesprosjekt marine grunnkart for kysten. Dette forprosjektet blir kalla PREMAGIN og har søkjelyset på å få fram samfunnsnytta kost/nytte analyser av marin grunnkartlegging og marine grunnkart. Dette skal leverast 15. september 2017 til KMD. Kartverket, Sjødivisjonen samarbeider med NGU, NIVA og Havforskingsinstituttet. Statleg finansiering ++++++
Rogaland som pilotfylke i MAGIN. Rogaland er plukka ut til å vera eitt av tre pilotfylke i MAGIN. Det gjer at kommunane med sjøareal i Rogaland etter kvart vil verta sjømålt med moderne målemetodar og få gode marine grunnkart tilpassa behov og utfordringar. Hovudgrunnen er det store presset på sjøareala. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er tydeleg på at pilotområda må vera regional politisk forankra og næringslivet må vera med å bidra. Marin grunnkartlegging og utarbeiding av marine grunnkart er godt politisk forankra i Rogaland når det er ein del av regionalplan sjøareal havbruk og kunnskapsproduksjon. Hovudmålet er å få kartlagt alt sjøarealet i Rogaland med moderne målemetodar og få laga gode marine grunnkart som ei godt grunnlag for ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling basert på naturressursane i sjøen. Fylkeskommunen sitt bidrag - midlar frå det nasjonale havbruksfondet. Arbeidsressursar. Forprosjekt Marine grunnkart/temakart i Nye Stavanger kommune Bakgrunnen for valet av Nye Stavanger kommune er trongen for omstilling frå oljeøkonomi til bioøkonomi. Her er sjømatnæringa viktig. Stavanger kommune er ein av kommunane i Rogaland med høgast sysselsetting knytt til sekundærnæringane i havbruket. Finnøy kommune har flest oppdrettslokalitetar. Både Finnøy og Rennesøy har den grøne og blåe maten som eit av hovudsatsingsområda innan næringsutvikling. Nye Stavanger kommune representerer heile verdikjeda i havbruksnæringa i Rogaland. Intensjonen er å få på plass eit godt kunnskapsgrunnlag for god planlegging og satsinga på havbruk i viktige havbrukskommunar. Intensjonen er å synleggjera godene med marine temakart som eit godt kunnskapsgrunnlag for god planlegging og berekraftig vekst. Intensjonen er å styrka posisjonen til Rogaland som pilotfylke i MAGIN. Resultatet av prosjektet, marine grunnkart skal leggjast inn i temakartportalen til planen og slik koma fleire til gode. Samarbeidsprosjekt Statens Kartverk, sjødivisjonen, NGU, HI, fylkeskommunen og Nye Stavanger kommune. Prosjektet skal opp som eiga sak etter godkjenning av regionalplan sjøareal havbruk. Total kostnad om lag 3 millionar. NGU 910.000 HI 450.000 Fylkeskommunen -? Stavanger kommune-?
Kunnskap om miljømessig berekraft Kartleggja vandringsrutene til sjøauren og villaksen og beiteområda til sjøauren Kunnskap om verdiskaping Det er viktig fyrst å få fram kva me har kunnskap om for å få fram kva me manglar av kunnskap. Fylkeskommunen går i dialog med fylkesmannen for å avklare kva, korleis og kven. Fylkesmannen pådrivar for å få gjennomført ei slik kartlegging i Rogaland. I fyrste omgang lage ei prosjektskildring og vera i dialog med interesseorganisasjonar, næringa og fylkeskommunen for å få til eit spleiselag i finansieringa. Analysera kva rolle havbruket, heile verdikjeda, spelar for verdiskapinga i Rogaland og i kommunane Analysera og koma opp med konkrete tiltak for kva som må til for å få fortgang i utviklinga av nye marine artar i Rogaland. Analysera verdiskapingspotensialet som ligg i koplinga av blå og grøn sektor i Rogaland og korleis få det til? Midlar frå det nasjonale havbruksfondet Midlar frå det nasjonale havbruksfondet Midlar frå det nasjonale havbruksfondet