Time kommune. 2. Kontaktperson: Odd Magne Amdahl. 3. E-post: 4. Telefon:

Like dokumenter
Innovasjonsmetoden vår

Trygg og framtidsretta

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kommunedelplan for oppvekst

Foreldregruppe i barnehagen

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Frivilligpolitisk plattform

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Avtale om partnarskap

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Samspill Prosjektering

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

INTERNASJONAL STRATEGI

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane. Hilde G. Corneliussen Vestlandsforsking

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ungdomstrinnsatsinga

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

KS S&Fj: Utdannings og oppvekstmøtet i Førde : RAMMEPLANARBEIDET I KULTURSKULANE

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Høringsuttale frå Time kommune - Kulturskuleløftet

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Rapport frå Oppfølgingsmøte, Vanylven 20 november 2014

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

PSU. Fredag

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kommunikasjonsstrategi

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Namn på prosjektet Kort skildring Dei som står for prosjektet

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Transkript:

Time kommune 2. Kontaktperson: Odd Magne Amdahl 3. E-post: odd.magne.amdahl@time.kommune.no 4. Telefon: 90 87 26 61 5. Fortell oss kort hvorfor akkurat deres kommune fortjener Innovasjonsprisen 2016: Time kommune har i fleire år jobba systematisk med innovasjon. Arbeidet starta med at eit mål i økonomiplanen i 2012 om å etablera ein innovasjonskultur i heile kommunen. I etterkant har me gjennomført to innovasjonsprogram saman med eksterne aktørar, som resulterte i at kommunen gjennomførte 16 innovasjonsprosjekt. Mange tilsette har deltatt i prosjektgruppene og har identifisert brukarbehov og testa løysingar før forslaga om vidare praksis har blitt lagt fram. Me gjennomførte også eit eige leiarprogram kor alle leiarane laga innovasjonsplan for eiga eining. Administrativ leiing har følgd opp implementering og resultat. På bakgrunn av programma utarbeida Time kommune ein innovasjonsstrategi, kor politikarane vedtok innovasjonsmetoden til Time kommune «BLT»; behov, løysing og testing. Målet har heile tida vore å etablera ein kultur for innovasjon, kor me jobbar strategisk og systematisk med kundebehov for å skapa betre tenester for brukarane våre. Time kommune søkjer om innovasjonsprisen fordi me dei siste åra bevisst har jobba med innovasjon ut i frå eit strategisk val av metode. Me nyttar innovasjonsmetoden strategisk og praktisk for å løysa kommunen sine utfordringar, og bidra til endring og omstilling. Me har og langt på veg lukkast i å etablera ein innovasjonskultur i organisasjonen. I tillegg har me gjennomført fleire prosjekt; og i denne søknaden viser me fram tre eksempel. 6. Beskriv kort hvordan dere jobber systematisk med innovasjon i kommunen: Me tek utgangspunkt i innovasjonsstrategien vår. Den ligg ved som eitt av tre eksempel på korleis kommunen jobbar med innovasjon og innovasjonsprosjekt. Alle leiarar har utarbeidd ein eigen innovasjonsplan basert på den overordna strategien. Her går det fram korleis kvar eining skal finna behov, vurdera dei og setja i gang innovasjon der det har størst nytte. Time kommune ønskjer og legg til rette for at det kontinuerleg skal skje kvardagsinnovasjon ute i einingane. Dei tilsette og leiarane har ansvar for at dette skjer. Temaområda for den radikale innovasjonen går fram av økonomiplanen, og det er rådmannen si leiargruppe som prioriterer kva større prosjekt for radikal innovasjon som skal setjast i verk. Dei radikale prosjekta er sektorovergripande og adresserer kompliserte utfordringar. Eit eksempel er det pågåande prosjektet om dropout frå vidaregåande skule, der både eksterne og interne representantar deltek i prosjektgruppa, og der mange løysingar skal testast ut og evaluerast. Kommunen arrangerer ein årleg innovasjonsdag, som både skal inspirera til innovasjon og vera delingsarena for nye løysingar. Her vert tidlegare og pågåande prosjekt presentert, og det vert kunngjort kva radikale prosjekt som skal startast opp. Det er avsett økonomiske midlar til dei radikale prosjekta i økonomiplanen.

For stadig å forbetra innovasjonsarbeidet i kommunen, har me både takka ja til følgeforskning på medarbeidardriven innovasjon, saman med forskingsstiftinga IRIS, og me gjer interne eigenevalueringar. Eit resultat av evalueringa er eit nyetablert innovasjonsteam med rådgjevarar frå stabar og tenesteområde. Gruppa skal både initiera og rettleia innovasjonsprosjekt i tenestene. Innovasjon er regelmessig tema i rådmannen sitt leiarteam og i Leiarforum, som er rådmannen sitt faste forum med leiarane i kommunen. På intranettet, som alle tilsette har tilgang til, finst både innovasjonsstrategien og eksempel på gjennomførte og pågåande prosjekt. Det er også ein mal for rigginga av innovasjonsprosjekt i prosjektportalen for tilsette. Løsning 1: Time kommune sin innovasjonsstrategi 1. Beskriv løsningen med to setninger: Strategien for innovasjon klargjer grunnlaget for innovasjonsarbeidet og peikar ut kursen for den vidare satsinga på innovasjon i Time kommune. 2. Bakgrunn Hvorfor gikk dere i gang? Trongare budsjett krav til endring nye brukarar. Time kommune har for fleire år sidan merka at brukarane sett nye krav til tenestene. Me får nye brukarar og bla. har samhandlingsreforma sett nye krav til andre og nye tenester. Det er krav frå sentrale myndigheiter om at me skal levera like gode tenester til ein lågare kostnad. Nye produkt og teknologi gjer også at me kan gje tenester på andre måtar då tenker me for eksempel på smarthusteknologi, robotteknologi, digitalisering osv. Kort sagt må kommunane endra måten me leverer tenestene på. I Time kommune vil me ha ein innovasjonskultur som gjev rom for nytenking, prøving og feiling, og der me gjer kvarandre gode. Innovasjonsstrategien klargjer grunnlaget for innovasjonsarbeidet og peikar ut kursen for den vidare satsinga på innovasjon i Time kommune. Strategien skal bidra til at me etablerar overordna radikale prosjekt på tvers og ut av organisasonen og kvardagsprosjekt ute i einingane. 3. Hva består løsningen av (hva er nytt)? Det som løysinga består av og som er nytt, er det strategiske og heilheitlege arbeidet med innovasjon i Time kommune. Kommunen har i strategien vedtatt innovasjonsmetoden BLT. Det vil sei B for behov, L for løysing og T for testing. Hovudpoenget er at det er brukaren sitt behov som er i fokus og må avklarast først. Så testar me ulike løysingar til me finn løysinga som er best tilpassa brukaren. Metoden og strategien gjennomsyrer alt me gjer av innovasjon, endring og omstilling. Heile tida er fokuset på brukaren sitt behov og målet betre tenester for brukarane. Innovasjon/endring skal vera «ein betre løysing som vert tatt i bruk». Løysinga/strategien presiserer også rolla til dei ulike aktørane. Politikarane har det overordna ansvaret for å prioritera større prosjekt i økonomiplanen. Rådmannen har ansvar for å føreslå område for innovasjon og for å få til innovasjonskultur i Time. Rådmannen er drivkrafta i organisasjonen. Leiarane har ansvar for å finna nye løysingar som kvardagsinnovasjon. Leiarane skal vera innovasjonsleiarar og sjå muligheiter på tvers av tenester og oppmoda til tenesteutvikling. Medarbeidarane har ansvar for å sjå brukarane sitt behov, vurdera tenesteytinga opp mot desse og ta initiativ til betre og meir effektive tenester.

Det er eit mål at innovasjonen/strategien skal gje høgare brukarverdi til lågare kostnad, det vil seia at ein på sikt ser føre seg ein effektiviseringsgevinst som kan dekka fleire brukarbehov enn i dag. Det er ikkje sett konkrete mål for kor stor effektivisering som er venta eller kva tid gevinsten kan realiserast på overordna nivå, men det vert i stadig større grad stilt krav til at gevinstrealisering skal framgå som del av prosjektet. 4. Fremgangsmåte Hvordan har dere jobbet og hvem har vært involvert? Time kommune har sidan hausten 2012 hatt to innovasjonsprogram der det har vore jobba i prosess med åtte innovasjonsprosjekt i kvart program. Resultata av prosjekta har vore presenterte på innovasjonsdagane i juni 2013 og 2014. På begge presentasjonsdagane har det vore representasjon både frå politisk og administrativ leiing samt næringslivet, og prosjekta har vorte vurderte ut frå konsistens, realisme og om dei representerer noko nytt og nyttig. Me har arrangert innovasjonsdag i juni kvart år kor nye kommunale prosjekt har vorte presenterte. Metodikken som er brukt i Time sine innovasjonsprosjekt er utvikla av Innoco A/S. Dei har også vore prosessleiarar i innovasjonsprogramma. Metoden går ut på å identifisera brukarbehov, konkretisera dei, finna moglege løysingar og testa desse ut saman med brukarar. Føresetnadene for at innovasjonen skal vera berekraftig er at den har fem fundament på plass, nemleg behov, kundeverdi, pådrivar, team og forankring. Målet er at løysinga skal vera ny, nyttig og nyttiggjort, og gi høgast mogleg kundeverdi til lågast mogleg kostnad. For å sikra eit varig fokus på innovasjon i tenesteeiningane, vart det hausten 2014 sett i verk program for innovasjonsleiing. Målet var at kvar tenesteleiar skulle systematisera innhenting, prioritering og vurdering av brukarbehov og setja i verk kvardagsinnovasjon der det er mogleg og hensiktsmessig. Innovasjonsstrategien er eit resultat av jobbinga med innovasjon i Time kommune. Slik sett har leiare og tilsette som har bidratt med innvasjonsprosjekt, vore involverte i arbeidet med strategien. Strategien er sluttproduktet av det overordna innovasjonsarbeidet så langt. 5. Prosess Hvor langt har dere kommet? Innovasjonsstrategien er politisk vedtatt og implementert i organisasjonen. 6. Verdi Hvilken verdi har løsningen skapt og hvordan er denne dokumentert? Verdien er at Time kommune har ein omforent strategi som peikar ut kursen for innovasjonsarbeidet. Me har ein metode som er enkel og som alle forstår. Metoden blir brukt i alt endringsarbeid i kommunen. Me har fått eit felles språk og felles forståing for kva innovasjon i kommunen er. Me tek grep for å møta dagens og framtidas utfordringar med tilpassing og endring ut frå brukarbehov. Me rekrutterer til ein kommune med mål om innovasjon, og får medarbeidarar som ønskjer å bidra til det. 7. Spredning Er løsningen spredt internt i kommunen og/eller utover kommunegrensene (hvordan kan andre bruke det)? Arbeidet med innovasjon og involveringa i forkant av utarbeidinga av strategien gjorde at innhaldet var kjent før strategien blei ferdig. Strategien og innovasjonssatsinga er tema på Leiarforum og jamleg på rådmannen sine leiarmøte Innovasjonsstrategien og resultata av den vert spreidd på intranettet Kvar leiar har laga eigen innovasjonsplan basert på og knytt opp mot strategien, noko som også aktualiserer strategien og dei overordna måla.

8. Hvor forankret dere arbeidet? Kommunestyret Ordfører Rådmann Brukere/innbyggere Egen virksomhet 9. Hvordan inngår løsningen som en del av kommunens innovasjonsarbeid (synliggjør strategiske grep, planer og systematikk)? Rollefordeling, metodikk og politisk og administrativ forankring gjer at innovasjonsstrategien styrer innovasjons-, utviklings- og endringsarbeidet i kommunen. 10. Kan dere beskrive noe som gikk feil (gjerne noe dere ønsket å gjøre, men som dere ikke fikk gjort, noe som havarerte eller som stoppet opp)? Me måtte gå tilbake og sjekka forankringa i organisasjonen etter at me fekk den første studien av medarbeiderdriven innovasjon frå IRIS. Den viste oss at det ikkje var nok å forankra politisk og i leiinga, men at me måtte sikra at medarbeidarar i heile organisasjonen kjende metoden og den strategiske forankringa godt. Difor oppretta me innovasjonsteamet som har representantar frå alle områda og som jamleg jobbar med forankring, inspirasjon og rettleiing i innovasjon. Løsning 2: Stemmen burettslag (Omsorgsbustadar for unge funksjonshemma innbyggjarar "foreldreinitiativet") 1. Beskriv løsningen med to setninger: Kommunen står for utbygging av sju sjølveigarbustadar for unge funksjonshemma, der den enkelte bustad er tilpassa brukarane sitt behov. Løysinga skal gi sjølvstendige brukarar og effektiv drift for kommunen. 2. Bakgrunn Hvorfor gikk dere i gang? Seks foreldrepar tok kontakt med kommunen i 2014 med ønske om å bygge private omsorgsbustadar for ungdommane sine. Då hadde allereie nokre foreldre vore i kontakt med kommunen om same behovet. Kommunen hadde allereie registrert eit behov for samlokaliserte omsorgsbustadar med heildøgnsomsorg dei komande åra. Med denne løysinga såg kommunen at det kunne verta ei effektiv drift. Kommunen tok initiativ til møte juni 2014 med foreldregruppa. Kommunen undersøkte med andre kommunar om erfaringar. Kommunen undersøkte også med Husbanken om kva støtteordingar som kunne nyttast. Det viste seg at Husbanken hadde endra finansieringsstøtta og at med denne løysinga ville kommunen få investeringstilskot. I tillegg ville kommunen få momsfrådrag. Dette gav ein gunstig finasieringsordning. Med bakgrunn i dette vart det laga politisk sak. Kommunestyre godkjente 05.05.15 med følgjande vedtak: KS-021/15 Vedtak: 1. Time kommunestyre godkjenner at det blir arbeidd vidare med "foreldreinitiativet" for planlegging av nye omsorgsbustader med heildøgnsbemanning etter modell 2 i saksframlegget. Det er ein føresetnad at minst to av foreldrene er representerte i det vidare plan- og prosjektarbeidet.

3. Hva består løsningen av (hva er nytt)? 1. Kommunen står som utbyggjar. 2. Bustadane er planlagde og tilrettelagt for den enkelte bebuar. Det har vore stor grad av brukarmedverknad i planleggingsfasen. 3. Bustadane vert bygde med tanke på å ta i bruk velferdsteknologi for å gi brukarane mest mogleg tryggleik, meistring og sjølvstende. Alle brukarane er kartlagde med hjelp av kartleggingsskjema frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram (samveis.no). 4. Når prosjektet er ferdig, skal kommunen selja bustadane til kvar enkelt brukar. Kommunen eig personalbasen. 5. Foreldra/verge skal danna eit burettslag, der kommunen er representert 6. Det er utarbeidd vedtekter som regulerer sal av bustadane. 4. Fremgangsmåte Hvordan har dere jobbet og hvem har vært involvert? Det første møte var med Husbanken, for å sikra finansiering og få gode innspel til den vidare planleggings og byggjefasen. Med på møte var repr frå kommunen og frå foreldra. Det starta med prosjektmøte i august 2015. Deltakarar: kommunal bygge og prosjektleiar, alle ungdommane med foreldre var med og tilsette som repr eigedom og omsorg. Formålet med møtet var å bli kjent og opplysa om framdrift og organisering av prosjektet. Frå september 2015 til juni 2016 var det jamlege prosjektmøte med involverte partar. Dei som deltok, i tillegg til bygge og prosjektleiar og foreldrerepr var: - Ergoterapeut med kompetanse på universell utforming - NAV hjelpemiddelsentral - Miljøretta helsevern - Arkitekt - Bedriftshelsetenesta - Rådgjevar IKT i forhold til velferdsteknologi - Verneombod Forprosjektet vart endeleg politisk vedteken i kommunestyret i mars 2016. Neste steg var å utarbeida eit anbodsgrunnlag. Dette vart endeleg godkjent i formannskapet november 2016, med innstilling av entreprenør. Oppstart bygging i november 2016. 5. Prosess Hvor langt har dere kommet? Byggjearbeidet er i gang, og følger planen med sikte på at bustadane skal vera klare til innflytting i november 2017. Omsorg arbeidar med å laga turnus etter brukarane sine behov. Det er lagt inn nye årsverk frå 2018. I tillegg vert det planlagt foreldremøte for å informera om oppstart og drift av burettslaget i løpet av våren. I løpet av våren skal det opprettast eit burettslag. Alle foreldre/verge vert nå kalla inn til møte med kommunen vedr søknad om startlån frå Husbanken for finansiering av bustaden. 6. Verdi Hvilken verdi har løsningen skapt og hvordan er denne dokumentert? Stor grad av brukarmedverknad er ein verdi i seg sjølv, og gir løysingar som er tilpassa den enkelte brukar. Det er ein verdi at unge funksjonshemma skal eiga sin bustad, som er det normale i Norge. Desse ungdommane og foreldra kjenner kvarandre frå oppveksten, frå barnehage, skule og avlasting, og samlokalisering av bustadane vil gje ein sosial gevinst for ungdommane.

Det er bevisst ikkje lagt opp til eige spiserom for dei tilsette. Felles kjøkken og stove skal verta ein naturlig møteplass for dei som bur og jobbar der. Det er berre lagt opp til eit konto og eit nattevaktsrom i tillegg til garderobe som er til dei tilsette. Dei tilsette skal i stor grad vera i lag med dei som bur der. Kommunen har fått erfaring i kartlegging av brukarbehov for velferdsteknolog. I tillegg har kommunen starta med tenestedesign og opplæring av tilsette i velferdsteknologi. For brukaren håper vi at bruk av velferdsteknologi og tilrettelagt bustad skal gi auka meistring, tryggleik og livskvalitet. 7. Spredning Er løsningen spredt internt i kommunen og/eller utover kommunegrensene (hvordan kan andre bruke det)? Foreldre i ein kommune og administrasjonen i ein anna kommunen har spurt om prosjektet. Prosjektet er presentert i ein nabokommune for foreldre, tilsette og politikarar. Time kommune orienterte foreldre, politiarar og administrasjonen om prosessen så langt. Erfaring frå dette prosjektet vil avgjere om kommunen vil starte fleire tilsvarande prosjekt. Foreldre og prosjektgruppe la fram prosjektet på Time kommune sin årlege innovasjonsdag, i mai 2016. Byggjestart har vore i ulike media, som lokalavisa, lokal TV og Facebook. Tilsette i kommunen har delt erfaringar i ulike nettverk, som til dømes «Utviklingssenter for Sykehjem og Hjemmetjenester i Sør-Rogaland» og «Norsk kommunalteknisk forening sitt bolignettverk». Erfaringar er også delt i «Nettverk for Vestlandsløftet i Rogaland» i forhold til spreiing av elektronisk samhandling og velferdsteknologi. Kommunen skal også bidra med innlegg på fellessamling i Norwegian Smart Care Cluster i 2017. 8. Hvor forankret dere arbeidet? Kommunestyret Ordfører Rådmann Brukere/innbyggere Egen virksomhet 9. Hvordan inngår løsningen som en del av kommunens innovasjonsarbeid (synliggjør strategiske grep, planer og systematikk)? Kommunen har hatt fokus på og opplæring i innovasjonsmetodikk i organisasjonen. Dette prosjektet har teke i bruk denne metoden og har vorte ei viktig brikke i kommunen si innovasjonssatsing. Stor grad av brukarmedverknad har vore eit strategisk grep. 10. Kan dere beskrive noe som gikk feil (gjerne noe dere ønsket å gjøre, men som dere ikke fikk gjort, noe som havarerte eller som stoppet opp)? Foreløpig er det ikkje tilsett nokon som skal arbeide i burettslaget. Dette er ei utfordring i forhold til prosjektering. Foreldra til dei som skal bu der har delteke i møta med stor entusiasme, kome med mange konstruktive forslag som er dregne inn i prosjektet, nettopp på grunn av at dei har eit slags eigarforold til prosjektet.

Det hadde vert ein stor fordel å ha ein tilsett frå omsorg som følgde prosjektet frå A-Å. Dette for å sikra kontinuitet frå byggjefasen til driftsfasen og få ein god prosess ved innflytting i burettslaget. Dette må prioriterast i andre liknande prosjekt framover. Løsning 3: Time kulturskule som lokalt ressurssenter: «Fargeglobus» - eit musisk samarbeid mellom kulturskulen og Bryne Kompetansesenter 1. Beskriv løsningen med to setninger: Nyinnflytta barn og ungdom frå andre kulturar som er elevar på kompetanseseneteret deltek i kulturskulen sitt undervisningstilbod «Fargeglobus». Eit fast vekentleg aldersinndelt undervisningsopplegg med ulike prosjektbaserte framsyningar i musikk/dans/drama. 2. Bakgrunn Hvorfor gikk dere i gang? Time kulturskule har i mange år fungert som eit lokalt ressurssenter for kunst- og kulturfagleg undervisning og verksemd. Deltaking i Time kommune sitt etablerte innovasjonsprogram førte til nytenking og ei kartlegging av udekte behov i arbeidet utover ordinær undervisning. Med bakgrunn i ønskje om ei ytterlegare utvikling av den kommunale kulturskulen som ressurssenter, fann ein at det ikkje var gjort noko aktivt innan tilbod retta mot innbyggjarar med bakgrunn frå andre land og kulturar. Kulturskulen som lokalt ressurssenter er forankra både i tidlegare nasjonal «Strategiplan for kunst og kultur i opplæringa» og seinare ytterlegare utdypa i rammeplan for kulturskulen «På vei til mangfald». Kulturskulen utvikla innovasjonsprosjektet «Fargeglobus» som eit tilbod der song, musikk, dans og drama vert nytta som globalt språk i arbeidet med nyinnflytta barn og unge frå andre land og kulturar. Gjennom samtalar med tilsette i kulturskulen og lærarar frå Bryne Kompetansesenter (tidlegare kalla språkstasjonen for barn) fann vi behovet for at nyinnflytta barn og ungdom frå andre land og kulturar i auka grad skulle få oppleve meistring, språklæring, kulturforståing og integrering. Kompetansesenteret fortalde om at dei over lengre tid hadde arbeidd aktivt for å utvikle gode metodar nettopp med denne målsettinga. Intervju og samtalar med dei nyankomne elevane og deira familiar synte at svært mange av barna hadde kunstnarisk erfaring frå før og at dei ønska å lære meir. I tillegg la lærarane på kompetansesenteret vekt på at musikk, dans og drama ville kunne supplera og vera eit gode reiskap i deira målsetting og undervisningsarbeid. 3. Hva består løsningen av (hva er nytt)? Innovasjonsløysinga «Fargeglobus» eksisterer i form av eit fast undervisingstilbod for alle elevar i alderen 1.-10. trinn på Bryne Kompetansesenter. Det nyetablerte tilbodet «Fargeglobus» er utarbeidd med særleg tanke på brukarverdien av det å etablere eit tilbod for å stimulere til bedre integrering med vekt på trivsel, god språklæring og kulturell forståing. Kulturskulen ønskjer å vise til mennesket sitt ibuande behov for musikalske opplevingar. Dette gjeld uansett kva slags bakgrunn, kultur og miljø ein kjem i frå. Det finns ingen kulturar eller menneskeslag i verda som ikkje nyttar song og musikk. Det musiske ligg derfor som eit globalt felles og eksisterer på tvers av landegrenser, språkdrakt, religion og kultur. Dette belysast særleg av den internasjonalt anerkjende professoren Jon Roar Bjørkvold i si forsking om «det musiske mennesket». Australske professor Anne Bamford stadfester viktigheita av estetiske dimensjonar i barn og unge si generelle læring, «The Wow-factor».

Det nye ved Time kommune si innovasjonssatsing er at dei har dette som grunnlag når dei lar kunstfagleg personale i kulturskulen få samarbeide profesjonelt med lærarane på kompetansesenteret om «fagtilbodet Fargeglobus». Elevane har ein fast samling pr veka og i tillegg mange og varierte framsyningar og konsertopptredener i løpet av skuleåret. Kulturskulen stiller med to lærarar og kompetansesenteret deltek med ein lærar i kvar av tre aldersinndelte gruppene. Fagleg opplegg utarbeidast av kulturskulelærarane og følgjast opp gjennom bruk i ordinær undervisning på kompetansesenteret i løpet av veka. Denne arbeidsmetoden gir rom for progresjon og læring gjennom repetisjon og gjenkjenning i ulike undervisnings-settingar. 4. Fremgangsmåte Hvordan har dere jobbet og hvem har vært involvert? Kulturskulen starta først opp aleine med eigne lønsmiddel i ein gryande etablering av eit undervisingstilbod. Etter litt utforsking med prøving og feiling i form og faginnhald, utvikla «Fargeglobus» seg til eit velfungerande samling for lærarar og elevar på kompetansesenteret. Etterkvart vart det naudsynt med inndeling i 3 grupper etter alder: 1.-4. trinn, 5.-7. trinn og 8.-10. trinn. Alle gruppene har med seg minimun ein fast lærar frå Kompetansesenteret. Gruppestorleiken er på mellom 8 til 15 barn/ungdomar. Elevane kjem til «Fargeglobus» ved innflytting til kommunen og går ut av gruppa når dei er språkleg modne for å ta del i ordinær grunnskuleundervising. Dette fører til mykje utskifting i gruppene i løpet av eit skuleår. Både administrasjonen og lærarar ved kulturskulen og kompetansesenteret har delteke aktivt i utviklinga av «Fargeglobus». Kommunalleiinga har heile vegen vore svært positive til arbeidet og er med aktivt i synleggjering av Fargeglobus-prosjektet sin historikk og framtid. Dette har vore svært viktig for vidareføring og stadfesting av satsing framover. 5. Prosess Hvor langt har dere kommet? Ordninga er godt innarbeidd. Kulturskulen samarbeider med både med Asylmottakseininga Sana på Bryne, grunnskulen og Bryne Kompetansesenter om tildeling av elevplassar på ulike kulturskulefag til barn og unge frå andre land. Dette fungerer som ei utviding av «Fargeglobus»-tilbodet for dei som ønskjer å lære meir. 6. Verdi Hvilken verdi har løsningen skapt og hvordan er denne dokumentert? Arbeidet med Fargeglobus har synt seg å vera levedyktig og bærekraftig. Lærarane på kompetansesenteret fortel om små og store opplevingar i det daglege som understrekar den positive verknaden «Fargeglobus» har for gode resultat innan språkutvikling, gode opplevingar, fellesskapskjensle og utvida kulturell forståing for elevane. Dokumentasjon med resultat av undervisninga synast fram på ulike framføringar og konsertar. Her opptrer elevane sjøvsikre og scenevante i både soloframføeing- og gruppesamhald. Dei har programinnslag frå både norsk og eige internasjonalt repertoar. 7. Spredning Er løsningen spredt internt i kommunen og/eller utover kommunegrensene (hvordan kan andre bruke det)? Fargeglobus er sidan januar 2014 etablert som fast undrvisningstilbod og fungerar framleis som eit samarbeid mellom kulturskulen og kompetansesenteret. Kulturskulen synleggjer dette fagtilbodet både på sine nettsider, i informasjonsbrosjyre og ved innslag på ulike fagkonferanser, fagfora og i ulike fagnettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Eit stort antal publikum i mange ulike settingar har fått oppleve Fargeglobus sitt varierte programrepertoar, song- musikk og formidlingsglede. 8. Hvor forankret dere arbeidet? Ordfører Rådmann Brukere/innbyggere Egen virksomhet 9. Hvordan inngår løsningen som en del av kommunens innovasjonsarbeid (synliggjør strategiske grep, planer og systematikk)? Etter avslutta forprosjekt i innovasjonskursfasen bevilga rådmannen i Time via kommunaleiinga i oppvekst ekstra midlar til kulturskulen for vidareføring av Fargeglobus-konseptet. Midla tilsvarer 25 % stilling og er sidan januar 2014 nytta til læraravlønning i faste stillingsdelar. Bryne kompatansesenteret deltek i tillegg med sine lærartimar som inngår i ordinær deira allereie fast avsette arbeidstid. Denne økonomiske forankringa er naudsynt for at tilbodet skal kunne eksistere. «Fargeglobus» er forankra i Time kulturskule sitt faste undervinisngtilbod gjennom stillingsheimel, gjennom godtatte planer for drift via kulturskulen sitt Samarbeidsutval og via politikarar og kommunalleiinga i Time. Kulturskulen har Fargeglobus som fast del av sitt kunstfaglege undervisnings- og formidlingsarbeid. Samarbeidet med Kompetansesenteret fungerer svært godt og det arbeidast med konkrete planer for vidare utvikling av det allereie etablerte konseptet. Kulturskulen og Kompetansesenteret har i sine planer skisse for å lage eit ekstra tilbod med særleg tanke på større samhandling mellom norske kulturskuleelevar og elevane på Fargeglobus. Det er ønskjeleg å kunne tilby «Fargeglobus» som eit utvida kulturskulefag også etter skuletid. Her kan både norske og framandspråklege elevar møtast for felles kunstfagleg samhandling. 10. Kan dere beskrive noe som gikk feil (gjerne noe dere ønsket å gjøre, men som dere ikke fikk gjort, noe som havarerte eller som stoppet opp)? Fargeglobus eksisterer i utgangspunktet som ein svært vellykka vidaresatsing av det gryande første prøveprosjektet frå hausten 2013. Det er ingenting som har gått direkte feil eller har havarert, men det ligger daglige utfordringar i det metodiske arbeidet særlig med dei eldste barna/ungdomane. Det har til dels skjedd store samfunnsmessige endringar jamfør innvandringssituasjonen her i landet sidan vi starta opp med vårt prøveprosjekt hausten 2013. Situasjonen tilseier at vi i dag har ein betrakteleg større kvote med asylsøkjarar og flykningar framfor arbeidsinnvandrarar. Det syner seg at ein stor del av desse asyl- og flyktningebarna har med seg komplekse livserfaringar som framleis pregar kvardagen deira. Vi vert stadig utfordra på at særleg arbeidet dei eldste innvandrarungdomane krev meir tid og ein annan form for tilnærming i læringssituasjonar, integreringsprosessar og kulturforståing. I tillegg har talet på elevar i dei 3 gruppene auka inntil det dobbelte av kva vi hadde ved prosjektstart. Det er hovudvekt av gutar i dei eldste gruppene og vi reflekterer ofte over at vi, i større grad enn kva vi forventa, er viktige i arbeidet med læring av ein «norsk» kjønnsnøytral kulturaksept. Dette skaper utfordringar, men også utprøving av ulike løysingar og metodar i kvardagen. Vi ser at barna/ungdomane i Fargeglobus i dag ikkje er integrert saman med øvrige kulturskuleelevar i så stor grad som vi hadde ønskja oss. Ut frå dette ligg det konkrete planar om ei utviding til fast

undervisningsgruppe med blanding av elevar frå Fargeglobus og kulturskuleelevar med norsk bakgrunn. Målet er å jobbe fram kunstnariske produksjonar basert på kunstnarisk materiale frå både norsk og utanlandsk tradisjon, som ei tverrkulturell smeltedigel. Metoden vil då i auka grad får eit multikulturelt preg med grobunn i fleire kulturar og ikkje berre fordjupe seg i norskspråkleg repertoar og undervisingsstoff. Det syner seg særs viktig å kunne tilby vidare kulturskuletilbod for Fargeglobus-elevane som ikkje lenger går i språkopplæring ved Kompetansesenteret, men som er kome ut i ordinær grunnskuleundervisning.