Notat. 1. Bakgrunn. Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane. Hovudvalet for opplæring. Fylkesdirektøren. Side 1 av 8. Opplæringsavdelinga

Like dokumenter
OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Frå busett til sysselsett

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Spørsmålsrunde

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Søking til skuleåret

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

2Vaksne i vidaregåande opplæring

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

Fagdag, minoritetsspråklege

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kap. 496, post 62, Jobbsjansen del B Rapporteringsskjema Tilskudd til Jobbsjansen del B. Tilskuddsrapport for 2017

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Innføringsgrupper og eksamensretta grunnskulefag (EGF) for minoritetsspråklege elevar : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Rådgjevarkonferanse 2009

Søking til skuleåret

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Auka gjennomføring i yrkesfaga. Strategiar på kort og lang sikt, ei heilskapleg tilnærming.

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

INTERNASJONAL STRATEGI

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Redusert eigendel elev-pc

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Utkast til handlingsprogram for fagopplæringsnemnda

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 2 Modell 2

Vgs-tilbodet i Nordfjord

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Rådmannsutvalet Førde

Delrapport 5 Modell 5

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Rådgjevarkonferanse 2010

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Transkript:

Side 1 av 8 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Mari Anne Sundal E-post: Mari.Anne.Sundal@sfj.no Tlf.: 57 65 62 22 Vår ref. Sak nr.: 14/3498-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 15778/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 20.05.2014 Til: Frå: Hovudvalet for opplæring Fylkesdirektøren Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane 1. Bakgrunn Læring og karriererettleiing i eit livslangt perspektiv har dei seinare åra fått auka merksemd frå styresmaktene både internasjonalt og nasjonalt. Rett til livslang læring er eit tema i regjeringsplattforma og departementet har varsla ei stortingsmelding om dette neste år. Vidare har Stortinget vedteke at dei som har teke fagbrev f.o.m. 2014 vil få rett til å ta generell studiekompetanse etterpå, uavhengig av når. Endringane i forskrift til opplæringslova om inntak og formidling, presiserer òg dei rettane dei vaksne har til vidaregåande opplæring i mykje større grad enn tidlegare. Som ein konsekvens av denne auka merksemda, har Stortinget dei siste åra gjeve tilskot til partnarskap for karriererettleiing. Målsetjinga er å auke kvaliteten på karriererettleiinga og gje alle innbyggjarar likeverdig tilgang til karriererettleiing, uavhengig av alder, livsfase eller kvar ein bur. I Sogn og Fjordane har vi oppretta «Karriere Sogn og Fjordane», som er ein partnarskap mellom fylkeskommunen, NAV og kommunane i HAFS-regionen og Nordfjord. Det er gjennom denne partnarskapen oppretta fire karrieresenter i Dale, Førde, Sogndal og på Nordfjordeid. I tillegg til individuell karriererettleiing, har desse òg ansvar for å handsame søknader om vidaregåande opplæring for vaksne. Desse oppgåvene heng ofte tett saman, da mange av dei som ynskjer rettleiing, ynskjer å kvalifisere seg vidare. Karrieresentra har òg ansvar for å samarbeide med lokalt næringsliv for å vere oppdatert på behov for arbeidskraft, vere ein støttespelar i rekrutterings- og omstillingsarbeid og koordinere oppgåver knytt til overgangar grunnskule vidaregåande opplæring bedrift. Ansvar knytt til desse oppgåvene er meir omfattande i dei regionane der kommunane er med i partnarskapen. Den vidaregåande opplæringa for vaksne og karriererettleiinga skal i stor grad stette to behov. Det eine behovet er det individuelle å gje dei vaksne deira lovfesta opplæringsrett. Det andre behovet er det samfunnsøkonomiske som inneber både kvalifisering av Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 8 arbeidskraft og bidra til at færrast mogleg står utanfor arbeidslivet. Fylkesdirektøren ynskjer å drøfte korleis vi framover best mogleg kan stette begge desse behova. 1.1. Lovgrunnlag Retten til vidaregåande opplæring for vaksne vert regulert av opplæringslova 4A-3. Retten gjeld alle som har fullført grunnskule, men ikkje vidaregåande opplæring, f.o.m. det året dei fyller 25 år. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte, og den vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin og til å få kompetansebevis. Dei vaksne skal til vanleg få tilbod om opplæring som er organisert særskilt for dei, i samsvar med den sluttkompetansen dei ynskjer. 1.1.1 Presisering av lovgrunnlaget frå Utdanningsdirektoratet I ny forskrift til opplæringslova av 2013, 6-45-47, og i dei nasjonale retningslinjene for realkompetansevurdering som vart lagt fram i desember 2013, presiserte Utdanningsdirektoratet kva som ligg i retten til vidaregåande opplæring for vaksne og realkompetansevurdering: Opplæringslova 4A-3 gjev vaksne rett til opplæring fram til ønskt sluttkompetanse. Opplæringa skal byggje på realkompetansen til den einskilde (frå vg3, vg2 og vg1), og gjev rett til opplæring i fag som den vaksne ikkje får godkjend gjennom realkompetansevurderinga eller tidlegare utdanning. Vidaregåande opplæring for vaksne er eit skuleløp, og den vaksne har rett på opplæring i alle kompetansemåla som ikkje er godkjende, også kompetansemål frå vg3. Vidare har ikkje fylkeskommunen høve til å ha søknadsfristar for vaksne, og heller ikkje ventelister. Tilbod om opplæring skal gjevast i form av enkeltvedtak og innan rimeleg tid. «Praksiskandidatkurs»; dvs. opplæring fram til privatisteksamen for praksiskandidatar, er ikkje vidaregåande opplæring for vaksne etter 4A-3. Vaksne som får dette tilbodet har ikkje brukt av retten sin før dei eventuelt har oppnådd sluttkompetanse. 2. Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane i dag 2.1. Organisering Fylkesdirektøren fastset opplæringstilboda ut i frå dei vaksne sine søknader, og innanfor dei økonomiske rammene. Tidlegare innhenta fylkesdirektøren anbod på opplæringstiltak frå dei vidaregåande skulane og private leverandørar. Denne prosessen viste seg å vere omstendeleg og lite føreseieleg, og er derfor no endra. No får vidaregåande skular ansvar for å gjennomføre opplæringstiltaka, gjennom oppdragsbrev frå fylkesdirektøren. På denne måten vil tiltaka starte raskare og det vil vere lettare å auke kvaliteten gjennom kompetanseheving av lærarar og leiing i t.d. vaksenpedagogikk. I tillegg kan arbeidet med å auke fullføringsgraden lettare intensiverast.

Side 3 av 8 2.2. Talmateriale - vaksne med rett til vidaregåande opplæring Tal vaksne med grunnskule som høgaste utdanningsnivå (og som derfor har rett til vidaregåande opplæring for vaksne) har gått ned i løpet av dei 10 siste åra, totalt sett. Dette er naturleg, ettersom mange av dei eldre arbeidstakarane som gjekk ut av yrkeslivet i perioden 2002 2012, hadde grunnskule som høgaste utdanning. Dessutan vart rett til vidaregåande opplæring både for unge og vaksne innført i 1996 og 1999, og fleire har fullført slik opplæring. Det som er noko overraskande, er at talet på personar i gruppa 25 29 år med grunnskule som høgaste utdanningsnivå, har auka i tidsrommet 2002-2012. Ein ser òg ein høvesvis liten nedgang i tal personar i alderen 20-24 år utan fullført vidaregåande opplæring. Til saman er det i perioden frå 2002 til 2012 ein liten auke i gruppa 20 29 år som har grunnskule som høgaste utdanningsnivå.

2.2.1. Søkjartal Tal søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne, har gått vesentleg ned frå 2002 til 2012. Dette kan ha samanheng med at tal personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå har gått ned. Side 4 av 8

Side 5 av 8 2.2.2. Yrkesfag Gjennom heile perioden har det vore størst søking til fag innanfor utdanningsprogrammet helse- og oppvekst. Det største faget er helsearbeidarfaget (ca 685 søkjarar i perioden 2002 2012), med barne- og ungdomsarbeidarfaget og reinhaldsfaget som nummer to og tre. Opplæringa har stort sett vore såkalla «praksiskandidatkurs»; dvs. eksamensførebuande opplæring fram mot teorieksamen for praksiskandidatar 2.2.3. Generell studiekompetanse Fag som gir generell studiekompetanse har størst søking etter helsefagarbeidarfaget. Søknadsutviklinga skil seg ut frå dei andre faga, då vi har hatt ein kraftig auke i søknadstalet frå 2007 til 2012. Desse faga starta opp kvar haust, og stort sett alle som søkte fekk plass. Dette tilbodet vart av økonomiske årsaker redusert hausten 2013, med eitt fylkesdekkande tilbod i Førde, noko som sannsynlegvis er årsaka til at søkjartalet da gjekk ned frå 80 til 58. 2.2.4. Minoritetsspråklege søkjarar Vi har ikkje gode nok tal på minoritetsspråklege søkjarar i tidsrommet 2002 2012, då datasystemet den gang ikkje låg til rette for god nok registrering. Erfaringane seier likevel at talet her auka gradvis, noko som vert stadfesta i registreringane for dei siste 2 åra.

Side 6 av 8 *I talet på 87 søkjarar frå 2013, ligg 18 søkjarar som ikkje har fått avklara rett, grunna manglande dokumentasjon. 2.3 Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne 2.3.1 Deltakartal Kor mange personar som har fått opplæring per år i perioden 2002 2012 er vanskeleg å talfeste heilt nøyaktig. Deltakartalet var størst i 2002 (ca 600 deltakarar), og har så i hovudsak følgd søknadsmønsteret med nedgang i yrkesfaga og auke i fag til generell studiekompetanse. Skuleåret 2013 2014 har 234 vaksne fått tilbod om opplæring. I heile perioden har det vore høvesvis lik fordeling mellom personar med og utan rett til vidaregåande opplæring som har fått tilbod. Om lag 40-45% av deltakarane har hatt vaksenrett i yrkesfaga, mens prosentdelen har vore ein god del lågare i fag til generell studiekompetanse. Opplæringstilboda vert starta på grunnlag av søkjarar med rett, og vaksne utan rett får tilbod så lenge det er ledige plassar. På denne måten har fylkeskommunen oppfylt kravet i 13-3 andre ledd i opplæringslova: «Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter 3.1 eller 4A-3.» 2.3.2 Fullføring Graden av gjennomstrømming og fullføring har i alle år vore høvesvis låg. Denne er vanskeleg å måle, da dei vaksne ikkje følgjer eit strømlinjeforma løp frå byrjing til slutt, men skal ha opplæringa individuelt tilpassa i tid og omfang. Vi reknar at i overkant av 50% fullfører og består til generell studiekompetanse, mens talet er noko høgare i yrkesfaga. Desse tala samsvarar med nasjonale tal, og det er eit mål å auke fullføringsgraden. 2.4 Økonomi Dei økonomiske rammene til vaksenopplæringa har hatt denne utviklinga frå 2002: Budsjett vaksenopplæring i million kroner 2002 2012 2014 2015 (økonomiplan) 4,800* 4,571 4,253 3,253 * i tillegg 2,6 mill. til restteori for lærlingar som òg vaksne tok del i

Side 7 av 8 3. Utgangspunkt for drøfting 3.1 Utviklingstrekk i søkjarmassen Bakgrunnen til søkjarane med rett til vaksenopplæringa har dei siste åra endra seg. Tidlegare var det ei overvekt av vaksne med lang praksis i faget, mens det i dag er ei stadig større gruppe unge vaksne utan særleg relevant praksis. I tillegg er gruppa flyktningar og andre minoritetsspråklege stadig aukande. Dette gjer at søkjarmassen er meir ressurskrevjande no, då desse gruppene har mindre realkompetanse og praksis, og derfor krev meir opplæring. Flyktningane har ofte fleire tilleggsutfordringar. Manglande eller dårleg norskkunnskap er den strøste utfordringa, da dei ofte har for dårleg kommunikasjons- og fagspråkkompetanse til å gjere seg nytte av undervisninga. Dei vaksne har heller ikkje rett på særskilt språkopplæring, og mange greier ikkje å fullføre opplæringa. Ei anna utfordring er manglande dokumentasjon på tidlegare utdanning/praksis. Å gje desse ei god nok opplæring samtidig som dei får «betalt» for sin realkompetanse, er krevjande. Samtidig syner tala frå Integrerings- og mangfalddirektoratet at behovet for busetting av flyktningar i kommunane i Sogn og Fjordane er aukande framover. Problemstilling til drøfting: Korleis kan Sogn og Fjordane møte den «nye» gruppa vaksne med rett til vidaregåande opplæring? Særlege utfordringar: Minoritetsspråklege, utanlandsk utdanning som ikkje blir «verdsett», lite praktisk erfaring 3.2. Samfunnsøkonomisk perspektiv Statistikken viser at vi i 2012 hadde 1680 personar i gruppa 20 24 år med ikkje fullført vidaregåande opplæring, og vi ser at ein del av desse no søker vaksenopplæringa. Dei har verken ungdomsrett eller vaksenrett etter lova, og er såleis ikkje sikra tilbod. Utviklinga for denne gruppa framover, må sjåast i samanheng med satsinga som no er i gong i kjølvatnet av Ny Giv, der målsetjinga er å følgje opp tettare for å redusere fråfallet. Dette håpar vi vil bere frukter, men er til lite hjelp for dei som er i denne gruppa no. All forsking fortel at både flyktningar og unge vaksne utan fullført vidaregåande opplæring er dei mest sårbare på arbeidsmarknaden. Dei har størst vanskar med å få jobb, og er dei som først må gå om det vert nedskjeringar på arbeidsplassen. Ein veit òg at unge som vert avhengig av stønad frå NAV til livsopphald har lettare for å bli varig avhengig av sosiale stønader og å bli verande i «utanforskapen». Unge som ikkje klarer å etablere seg i arbeidslivet er eit vesentleg samfunnsproblem, men og eit helsepolitisk problem fordi det medfører sosiale ulikskapar i helse. Fullført grunnutdanning er eit avgjerande utgangspunkt for å hauste god helse gjennom livsløpet, og det er klare samanhengar mellom økonomisk og sosial ulikhet, fattigdom, helseproblem og kriminalitet.

Side 8 av 8 Problemstilling til drøfting: Korleis kan vi gje eit tilbod om vaksenopplæring som medfører at færre blir ståande utanfor arbeidslivet gjeld særleg unge som har avbrote vidaregåande opplæring og innvandrarar. 3.3. Rekruttering og kompetansebehov Sogn og Fjordane har stor trong for rekruttering av både fagarbeidarar og arbeidskraft med høgare utdanning, for å dekke behovet bedriftene og det offentlege har for å yte gode nok tenester til innbyggjarane framover. Med eit stadig mindre elevtal i den ordinære opplæringa vil gapet mellom behov og rekruttering sannsynlegvis berre bli større. Gruppa unge vaksne utan vidaregåande utdanning og flyktningar/innvandrarar utgjer i så måte ein unytta ressurs. Problemstilling til drøfting: Kan vi gjennom eit godt vaksenopplæringstilbod vere med å skaffe arbeids- og næringsliv i Sogn og Fjordane den kompetansen vi treng i framtida? Utnytte potensialet og få flest mogeleg i arbeid?