saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.10.2015 67559/2015 Gro Kosberg Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 17.11.2015 Fylkestinget 07.12.2015 Vurdering av eigarskap Bakgrunn I sak T-27/15 Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2016-2019, vart det gjort følgjande vedtak: «4. Fylkestinget ber fylkesrådmannen vurdere å trekke seg ut av eierskap som det ikke er naturlig at fylkeskommuen engasjerer seg i. Det bør også foretas en vurdering om det er prosjekt som ikke lenger har behov for fylkeskommunal støtte. Vurderingene taes isolert fra behandling av eierskapsmeldinga.» Vurdering Til grunn for dei noverande engasjementa står den regionale utviklarrolla sentralt. Med mindre fylkestinget har gitt ei spesiell grunngjeving for eigarskapen som er etablert, legg vi til grunn at den viktigaste grunngjevinga for Møre og Romsdal fylkeskommune sine engasjement er tufta på den regionale utviklarrolla. Det er også denne utviklarrolla som er grunngjevinga for at det frå fylkesrådmannen sin side inntil no ikkje har vore tilrådd ytterlegare nedsal i dei engasjementa fylkeskommunen no er inne i. Pr. 31. desember 2014 hadde fylkeskommunen eigarinteresser i 51 selskap. Ei fullstendig opplisting av dei 51 selskapa er å finne i saka «Melding om oppfølging av Møre og Romsdal sine interesser i selskap og føretak for driftsåret 2014», som blir lagt fram for fylkestinget parallelt med denne sak. Tingvoll Økopark Eigedom AS vart stifta 1. juni 2015, og fylkeskommunen gikk inn med 7,5 millionar kroner (37,69 prosent), jf. sak T-79/11. Fylkeskommunen har no eigarinteresser i 52 selskap. Vi har valt å dele inn engasjementa i 8 kategoriar: 1. Energi 2. Kultur 3. Eigedom 4. Kompetanse/næringsutvikling 5. Samferdsel 6. Turisme 7. Opptreningsbedrifter 8. Helse
Gjennomsnittsengasjementet i dei 52 selskapa er på om lag 1,145 millionar kroner og meirverdien i desse engasjementa er i dei fleste tilfelle marginal. 1. Energi Posten i Svorka Energi AS er definert som ei finansiell plassering, der best mogleg avkastning er målet. I Svorka Energi AS er fylkeskommunen medeigar saman med kommunane Halsa, Surnadal og Rindal. Vektektar for Svorka Energi AS 5 lyder slik: «5 Begrensa omsettelighet av aksjer Erverv av aksjer ved overdragelse skal være betinget av samtykke fra selskapets styre. Samtykke kan bare nektes når det er saklig grunn for det. Hvis en aksjonær ønsker å overdra aksjer, har de øvrige aksjonærer rett og plikt til å overta aksjene. De aksjer som er tilbudt til salg, fordeles forholdsmessig etter den tidligere aksjebesittelse. Aksjeoverdragelse kan dog aldri føre til at en aksjonær får aksjemajoriteten alene. Melding om at aksjene ønskes overdratt skal gis styret, som straks skal varsle de øvrige aksjonærene skriftlig. Fristen for å gjøre forkjøpsretten gjeldene ved melding til selskapet skal være 2 måneder fra det tidspunktet styret fikk melding om at aksjene ønskes overdratt. Hvis ikke partene blir enig om prisen, skal løsningssummen fastsettes ved skjønn. Fristen for betaling av løsningssummen skal være en måned fra det tidspunktet beløpet ble endelig fastsatt.» Eit initiativ til eit nedsal i Svorka Energi AS vil altså påføre dei andre eigarane store økonomiske belastningar, då det her er generert store meirverdiar over tid. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer saman med kommunane å vidareutvikle Indre Nordmøre, og vil bruke eigarskapet i Svorka Energi AS til det. Når det gjeld Tjeldbergodden Utvikling AS og Naturgass Møre AS er begge desse selskapa nærings- og energipolitisk viktige i regionen. Dei representerer ein viktig lyttepost, men er også gjenstand for energipolitiske innspel gjennom vår styrerepresentasjon. Utviklinga av selskapa har også ei stor oppside med mulege store ringverknader i regionen. Derfor er eit fortsatt eigarskap frå fylkeskommunal side like viktig og om muleg enda viktigare enn da Møre og Romsdal fylkeskommune gikk inn på eigarsida i selskapa. 2. Kultur Når det gjeld denne kategorien er fylkeskommunen sin intensjon med eigarskapen å bidra til eit meist muleg allsidig kulturtilbod i fylket. Det er for øvrig lite truleg at det finst kjøparar til poster i Nordic Lights AS, Operaen i Kristiansund AS og AS Regionteateret i Møre og Romsdal. Det vil i tilfelle være snakk om å overdra aksjar/andelar vederlagsfritt.
3. Eigedom I denne kategorien finst fire av dei større eigarengasjementa til fylkeskommunen, Norsk Fjordsenter AS, Norsk Tindesenter AS (frå 2014), Runde Miljøbygg AS (frå 2013) og Tingvoll Økopark AS (frå 2015). Det er den regionale utviklarrolla samt å bidra til arbeidsplasser som står sentralt for desse eigarskapa. Prosjekta er framleis ikkje ferdigutvikla, og det vil vere vanskeleg å finne kjøparar til desse postane. 4. Kompetanse/næringsutvikling I denne kategorien står den regionale utviklarrolla særs sentralt for eigarskapa. For dei fleste engasjementa er eit fortsatt eigarskap frå fylkeskommunal side like viktig og om muleg enda viktigare enn da Møre og Romsdal fylkeskommune gikk inn på eigarsida i selskapa. Fylkestinget vedtok samrøystes i møte 16. juni 2015: «1. Møre og Romsdal fylkesting godkjenner selskapsavtale for Åknes/Tafjord IKS datert 09.02.2015. 2. Møre og Romsdal fylkesting ber rådmannen starte arbeidet med å avslutte fylkeskommunen si deltaking i Åknes/Tafjord Beredskap IKS. 3. Budsjettmessig dekning av Møre og Romsdal fylkeskommunes ansvar for driftstilskot fram til opphør/uttreden frå selskapet kjem ein tilbake til.» Uttreden frå Interkommunale selskap er regulert i lov om interkommunale selskap 30. Der står det mellom anna: «Den enkelt deltaker kan med ett års skriftlig varsel si opp sitt deltakerforhold i selskapet og kreve seg utløst av dette.. Utløsingssummen fastsettes til andelens nettoverdi ved oppsigelsesfristens utløp. Utløsingssummen skal likevel ikke overstige verdien av deltakerens innskudd» Skriftlig varsel med oppseiing av deltaking i Åknes/Tafjord beredskap IKS vart sendt 27. oktober 2015 og uttreden frå selskapet vil såleis skje i løpet av hausten 2016. Møre og Romsdal har ein eigardel i selskapet Akvainvest AS på 1 prosent, fylkeskommunen sin bokførte verdi utgjer 104 400 kroner. Dei øvrige eigarane er Sunndal kommune med 95 prosent og Averøy kommune med 4 prosent. Akvainvest AS eig aksjar i Nofima AS, utover det er det ingen drift i selskapet. Fylkesrådmannen foreslår at ein drøftar eigarskapen med dei andre eigarane, i og med aksjeposten er liten, men det kan også vere argument for å oppretthalde eigarskapen for å bidra med kompetanse til selskapet. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein eigardel på 0,06 prosent i Kristiansund og Omegn Vekst AS, fylkeskommunen sin bokførte verdi utgjer 4 250 kroner. Historia for denne aksjeposten er at fylkeskommunen i si tid var med å stifte Midt Norsk Baseservice i Kristiansund. Dette selskapet blei deretter slått saman med andre næringsforeiningar i Kristiansund til Kom Vekst AS. Fylkesrådmannen finn det ikkje naturleg å vere inne på eigarsida i dette næringsforumet, som det einaste av alle næringsfora i fylket. Fylkesrådmannen foreslår å overdra fylkeskommunen sin andel i Kristiansund og Omegn Vekst AS til Kristiansund Kommune utan vederlag.
Møre og Romsdal Fylkeskommune har ein eigardel på 15 prosent i Sula Ride og Fritidsenter AS, fylkeskommunen sin bokførte verdi utgjer 25 000 kroner. Dei øvrige eigarane er Sula Rideklubb med 59,81 prosent, Sula Kommune med 15 prosent, Suma 1000 AS med 6 prosent og andre private aksjonærar med 4,2 prosent. Fylkesrådmannen finn det ikkje naturleg å vere inne på eigarsida i dette selskapet og foreslår å overdra fylkeskommunen sin andel av aksjane i Sula Ride og Fritidsenter AS til Sula Rideklubb utan vederlag. 5. Samferdsel Også i denne kategorien står den regionale utviklarrolla særs sentralt for eigarskapa. På fylkesvegnettet er det fylkestinget som avgjer prioriteringa av vegprosjekt. I sak T-44/11 vart det mellom anna gjort følgjande samrøystes vedtak: «Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer ikkje å bli medeigar i nye vegselskap som har som mål å arbeide med nye vegprosjekt på fylkesvegnettet. Fylkeskommunen ønskjer heller ikkje å vere med på eventuelle utvidingar av aksjekapitalen i slike selskap som dei før er medeigar i.» Det er ikkje heldig at fylkeskommunen er medeigar i vegselskap som har som oppgåve å påverke fylkeskommunen til å prioritere eitt eller fleire konkrete fylkesvegprosjekt. Konklusjonen i sak T-44/11 var at fylkeskommunen ikkje burde gå inn som medeigar i nye vegselskap som skal arbeide for konkrete fylkesvegprosjekt. Fylkesrådmannen foreslår no at fylkeskommunen går ut av dei vegselskapa på fylkesvegnettet som kan tenkast å «lobbe» mot fylkeskommunen med tanke på prioritering av prosjekt. Dette gjeld selskapa Rovdefjordbrua AS med bokført verdi 250 000 kroner og Langfjordforbindelsen AS med bokført verdi 2 331 200 kroner. Det er ikkje grunn til å tru at sal av selskapa vil gi ein meirinntekt. Fylkesrådmannen vil kome attende til desse to selskapa ved neste års eigarskapsmelding. På ekstraordinær generalforsamling 3. mars 2014 ble det vedtatt å avvikle Eiksundsambandet AS i løpet av 2014. Fylkeskommunen sin aksjepost i selskapet er 5 000 0,18 prosent. Bompengelånet er no nedbetalt og siste avdrag vart betalt ved forfall 10. mai 2014. Møre og Romsdal sin garantiplikt opphørte frå same dato. Innkrevjing av bompengar vart stoppa den 14. juni 2014. Selskapet er no føresett nedlagt i løpet av 2015. 6. Turisme Denne kategorien inneheld berre aksjeposten Fjord Norge AS. Fylkesrådmannen vurderer det som strategisk viktig å vere medeigar i selskapet saman med dei andre fylka på Vestlandet. 7. Opptreningsbedrifter Fylkeskommunen sin intensjon med eigarskapen i opptreningsbedriftene er å bidra til varig arbeidskvalifisering for personer som bor i Møre og Romsdal.
I 2015 har det skjedd noe som påverkar alle opptreningsbedriftene i fylket, med unnatak av Furene AS. Pøbelprosjektet AS vant i juni 2015 ein kontrakt for all oppfølging av ungdom, arbeidsledige og sjukmeldte frå NAV i Møre og Romsdal frå Ålesund til grensa mot Sør Trøndelag. Kontrakten er verdt 148 millionar kroner og har ein varigheit på fire år. I tillegg er Euroskolen valt som leverandør for avklaringstiltak frå Molde til grensa mot Sør Trøndelag. Dette vil få store konsekvensar for opptreningsbedriftene i Møre og Romsdal når det gjelder aktivitet og økonomi, og vil krevje betydelege tilpassingar/endringar i drifta. Med tanke på den nye situasjonen som er oppstått, vurderer fylkesrådmannen det som svært viktig at fylkeskommunen framleis er med på eigarsida. 8. Helse Ein annan større post som har vore nemnt ved tidlegare eigarmeldingar, er posten i Muritunet as, eit engasjement som i utgangspunktet ligg på sida av fylkeskommunen sine kjerneområde. Ein ser i dag konturane av ein situasjon der Muritunet as vil kunne spele ei mentorrolle i oppbygging av til dømes frisklivssentralar. Vidare bidrar Muritunet as, med sin mangfaldige og tunge kompetanse, også i implementeringa av Samhandlingsreforma. Eit mogleg nedsal her vil svekkje fylkeskommunen si evne til å drive regional utvikling innanfor folkehelseperspektivet. Etablering av Storfjord helsesenter og eit helsehotell i Valldal, gjer at området er i ferd med å få preg av ei helseklynge, der private og offentlege aktørar inngår i nære samhandlingsrelasjonar og partnarskap til beste for brukarane av helsetenester. Dette er ei spanande utvikling etter eit innovativt mønster som kanskje kan stå som modell for andre etableringar i distrikts-noreg. Fylkesrådmannen er av den oppfatning at det vil vere uheldig både for Muritunet as og for fylkeskommunen sjølv dersom den viktigaste regionale utviklingsaktøren skulle definere seg ut av denne dynamiske prosessen. Oppsummering Hovudargumentet for å vere eigar i dei ulike selskapa er den regionale utviklarrolla. Fylkeskommunen bidreg ofte med juridisk og økonomisk kompetanse, og vi er representert i styra i dei fleste selskap. Det er mest truleg, kanskje med nokre få unntak, ingen kjøparar til dei aksjepostane fylkeskommunen sit med. Skulle ein velje å gå ut av nokon av dei mange små engasjementa, vil dette truleg måtte skje ved at aksjeposten blir overført vederlagsfritt til dei andre medeigarane. Utover forslag til overdraging og nedsal som er omtala i forslag til vedtak, har ikkje Fylkesrådmannen forslag til ytterlegare nedsal på noverande tidspunkt. Nedsal av engasjement er noe som blir vurdert løypande. Når det gjeld vurdering av prosjekt som ikkje lengre har behov for fylkeskommunal støtte, er dette ei vurdering som skjer løypande. Dei største engasjementa av økonomisk art er medlemskapet i KS. Fylkesrådmannen meiner det er uaktuelt å melde seg ut av KS.
Fylkestinget skal behandle regionreforma i fylkestinget i desember. Pr i dag ser det ikkje ut til at det blir vesentlege nye oppgåver til fylkeskommunane, og at Møre og Romsdal sannsynlegvis vil vere i stand til å løyse oppgåvene sjølve og bestå som region. Medlemskapen i Vestlandsrådet vil det difor vere aktuelt å drøfte ved neste vurdering av meldinga. Forslag til vedtak: 1. Fylkestinget ber fylkesrådmannen om å starte ei drøfting av eigarskapen i Akvainvest AS med dei andre eigarane. 2. Fylkestinget rår til at Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost på 0,06 prosent i Kristiansund og Omegn Vekst AS blir overdratt til Kristiansund Kommune utan vederlag. 3. Fylkestinget rår til at Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost på 15 prosent i Sula Ride og Fritidsenter AS blir overdratt til Sula Rideklubb utan vederlag. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Willy Loftheim ass. fylkesrådmann Vedlegg 1 Oversikt over Møre og Romsdal fylkeskommune sine medlemskap og kontingentutgifter