EMNEKODE SA-230, Samfunnsfag 2 SENSURVEILEDNING Skriftlig 6.timers eksamen Skriftleg eksamen (6 timar) Utsatt eksamen Oppgåve 1. Kortsvarsoppgåve (1/2-1 side for kvar deloppgåve) Kva samanheng er det mellom a) Demokratiproblem og regimestabilitet i Midtausten b) Europeisk og global stormaktspolitikk - og statsutvikling i Midtausten c) Etnisk dominans og demokrati Oppgåve 2. Langsvarsoppgåve Ta utgangspunkt i pensumbøkene A history of modern Palestine (Ilan Pappe) og Overcoming zionism (Joel Kovel). a) a) Gjer greie for sentrale synspunkt på Israel etter 1948 i denne pensumlitteraturen, og drøft desse synspunkta kritisk. Bruk relevante moment (empiriske fakta, teoriar og/eller omgrepsapparat) frå anna pensum i drøftinga. b) Drøft (med utgangspunkt i a) kva val og bortval av tema, fakta, teoriar, omgrepsapparat og synsmåtar - det kan vera rimeleg å gjera dersom ein skal undervisa om Israel etter 1948 i ein klasse på ungdoms-steget. Ha som utgangspunkt at klassen både har ei gruppe svært svake og lite interesserte elevar og ei gruppe elevar som bør få større faglege utfordringar. Oppgave 2. Relevant pensumlitteratur (Her er berre forfattarnamn frå pensumlista nemnt) Kovel, Joel Owen, Roger Pappé, Ilan Selvik, Kjetil og Stenslie, Stig Artiklar: Butenschøn, Nils A McGarry, John og O'Leary, Brendan Yiftachel, Oren Yiftachel, Oren og Ghanem, As'ad Dette medfører at HEILE det kunngjorte pensumet for undervegseksamen vil være relevant for
EKSAMENSKRAV* Alle deltema i oppgåvesettet er svært sentrale delar av lesepensum, og dei er og på ulik måte tekne opp både i studentseminar, oppgåvesett som er løyste av studentane og i førelesingar. Det bør difor stillast krav om at studenten bør stå isolert vurdert på kvar av dei to oppgåvene for at samla eksamen skal vurderast til ståkarakter. Innhald Oppgåve 1 Gode oppgåveløysingar inneheld presise definisjonar/skildringar før samanhengane vert presentert og gjerne eksemplifisert. Oppgåve 2 a) Gode oppgåveløysingar refererer hovudsynspunkt frå Pappe og Kovel, før desse vert drøfta kritisk. Gode oppgåvesvar vil ut frå dette ogso reflektera over nyansar mellom Pappe og Kovel. Det vil vera mogeleg å trekkja inn moment frå absolutt alle pensumbitane som er sette opp ovanfor i denne deloppgåva. To moment bør vektleggjast særskilt. For det fyrste må eksamenssvaret overskrida summarisk overflateforklåring. For det andre må sentral samfunnsvitskapleg og historiefagleg omgrepsbruk frå pensum nyttast presist og der dei gjev meining. Dette gjeld t.d. termar som sionisme, palestinsk nasjonalisme, islamisme, konfliktregulering, etnokrati/etnokratisk stat m.fl. b) Oppgåvesvaret må for det fyrste ta spesifikt fagleg utgangspunkt i den gjevne tematikken frå a. Generelle didaktiske eller pedagogiske utlegningar vil ikkje vera akseptabelt dersom dei ikkje spesifikt er påkopla det reint faglege. Siste lekken av del b) krev drøfting av tilpassa opplæring både for dei som slit med faget og for dei fagleg evnesterke. Det må vera eit visst rom for å trekkja inn føresetnader frå perioden før 1948 (t.d. utviklingslina frå oppløysinga av det osmanske imperiet over mandatperioden, ulike stormaktsinitiativ t.d. Balfourdeklarasjonen, og FNs rolle i etableringa av Israel), men dette bør eventuelt berre vera ei relativt kort innleiing, eller eventuelt flettast inn i samanhengar der det gjev meining. Fagleg dugande studentar vil definera Israel etter 1948 ogso territorielt som variabelt, og vil dersom dei legg de facto kontroll til grunn for definisjonen også i det minste ta med dei palestinske områda i oppgåveløysinga si men det er og opning for å presisera at ein berre drøftar forhold kring det israelske statsterritoriet.
Generelt skal studentane vera kjende med sentrale hendingar frå 1948 både politisk (sentrale israelske lover, israelsk ekspansjon, krigar Israel har ført m.m.) og ideologisk (sionisme og palestinsk nasjonalisme). Openberre kunnskapsmanglar eller sentralt kronologi rot bør trekkja ned i vesentleg grad, og vil medføra stryk dersom forklåringa berre er overflatisk og/eller oppgåvesvaret ikkje drøftar det definerte pensumet(kritisk) og/eller omgrepsbruk er villeiande eller uakseptabel.
Form/ struktur/ språklig fremstilling og logisk sammenheng Sjå ovanfor OPPGAVENS KARAKTER TOLKING AV OPPGAVETEKSTEN
Sted/ dato: Rotvoll 12.11.2010 Navn: Svein Carstens FAGLÆRER/ OPPGAVEGIVER