Planstrategi for Balestrand kommune 02.05.2017
Planstrategi Etter plan og bygningslova skal ein gjennom arbeidet med ein kommunal planstrategi drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Målet med ein planstrategi er at det skal ligge ei vurdering til grunn for prioritering av planbehovet. Denne vurderinga skal skje ut i frå ei vurdering av kva utfordringar og utviklingspotensial kommunen har som samfunn og organisasjon. Altså tre viktige element ; 1. Gjere greie for utviklingstrekk og utfordringar 2. Vurdere dei langsiktige utviklingspotensiala 3. Ta stilling til kva planar som skal utarbeidast. Særskild ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast heilt eller delvis eller vidareførast utan endringar. 1. Utviklingstrekk og utfordringar Føresetnad - Balestrand kommune vert ein del av ein ny kommune Regjeringa har lagt opp til at Balestrand kommune vert ein del av ein ny kommune saman med Leikanger og Sogndal frå 01.01.2020. Dette vert endeleg vedteke i Stortinget 15.06.2017. Dette gjev kommunen sitt planarbeid ein total ny føresetnad og nytt perspektiv. Planarbeid handlar om framtida for staden og kommunen. Planarbeid handlar om den måten organisasjonen Balestrand kommune kan jobbe saman med andre interessentar med å setje mål, velje strategiar og gjennomføre tiltak som ein meiner vil gje Balestrand ei ønskt utvikling. Med eit tidperspektiv på 2 år og 6 månader er det svært avgrensa kva ein kan gjennomføre av planarbeid, og ikkje minst vil det vere marginalt med tid i etterkant av at ein plan er vedteken som organisasjonen Balestrand kommune vil kunne følgje opp og jobbe etter planen. Arbeidet med den nye kommunen vil også bli sett i gang raskt, og nye overordna planar og strategiar for denne vil vere noko av det første som vert gjort. I Kommunal planstrategi for Balestrand kommune må ein ut i frå dette finne ut kva som er fornuftig å gjennomføre av planarbeid. Ein må då vurdere følgjande: Kva er ynskjeleg og mogeleg å gjennomføre medan Balestrand kommune er eigen organisasjon? Kva planar kan leve vidare og bli følgt opp av den nye kommunen?
Utviklingstrekk og utfordringar Kommunestyret har i førre planstrategi definert følgjande hovudutfordringar og vidare fylt ut med overordna strategiske føringar; «Hovudutfordringar Kommunestyret sjølv har gjennom arbeidet med den kommunale planstrategien peikt ut følgjande hovudutfordringar for kommunen i åra som kjem: Bustader Utgangspunkt: Vi har ein god del eldre og fråflytta hus. Mange vert nytta til feriebustader og svært få av desse er til sals. Også få nyare hus er til sals. Dette gjer at marknaden for omsetnad av eksisterande hus er liten. Kostnadene med å bygge ny bustad har så langt vore ein del høgre enn marknadsverdien ved sal av hus. Risikoen for tap ved ev. sal er nok ein viktig grunn til at talet på nye bustader har vore låge dei seinare åra. Det er også ein relativt einsarta bustadmasse i Balestrand med mange einebustader. Strategiar: 1. Attraktive tomter for nybygging 2. Stimulere til sal av eldre hus 3. Nybygging av ulike typar bustader Næring Utgangspunkt: Næringslivet i kommunen er variert og relativt stabilt. Arbeidsløysa har tradisjonelt vore svært låg. Det er mange små føretak og berre 11 verksemder med meir enn 5 tilsette. Det er over 200 arbeidstakarar som pendlar ut av kommunen, medan ca. 100 pendlar inn. Det er med dette eit underskot av arbeidsplassar og også arbeidsmiljø av ein viss storleik som tiltrekker yngre arbeidstakarar/etablerarar. Balestrand er med dette også avhengig av at eit større bu og arbeidsområde fungerer godt med tanke på kommunikasjonar og tilrettelegging av tenestetilbod. Tradisjonelle næringar i Balestrand som landbruk og reiseliv har dei seinare åra hatt vanskelege rammevilkår. Strategiar: 1. Ta vare på og utvikle eksisterande bedrifter i kommunen 2. Knoppskyting frå eksisterande bedrifter Nettverk mellom eksisterande bedrifter 3. Nye arbeidsplassar/nye bedrifter Tilgjengeleg næringsområde, lokale Næringsapparat som kan hjelpe fram idear konkret og målretta. Marknadsføring - omdøme Utgangspunkt: Balestrand har ein fin visjon og slagord i «Balestrand inspirerer deg». Det er derimot viktig å forankre og gje denne visjonen eit konkret innhald som folk i kommunen kjenner seg att i. Skal visjonen leve må vi som bur her bidra gjennom våre haldningar og handlingar til at alle som er her og besøker oss faktisk opplever at Balestrand er ein flott stad der vi ynskjer å bu. Strategiar: 1. Lage ein heilskapleg marknadsføringspakke 2. Rette seg mot dei unge og vere positive «Oppdrag Balestrand». 3. Vere synlege på Heimesider, messer og liknande 4. Prosjekt: Prøve-bu i Balestrand»
Den største utfordringa for kommunen har vore, og er framleis, ei negativ folketalsutvikling. Ser vi utviklinga sidan førre planstrategi vart vedteken i 2013 er det ein nedgang frå 1337 til 1288 personar (3,7%). Dette fordelar seg ulikt på dei ulike grunnkrinsane. I sentrum har det vore ein positiv utvikling. Her er busetjing av flyktningar ein vesentleg årsak. Nessane er den grunnkrinsen med klart størst nedgang. Flytting som følgje av nedlagtlokalt skuletilbod er av mange trekt fram som viktig årsak her. Vurdere dei langsiktige utviklingspotensiala Sjølv om det er nedgang i folketal er det samstundes er det fleire positive trekk i kommunen Basisverksemdene i Balestrand går bra Reiselivsnæringa har hatt ein særs positiv utvikling dei siste åra. Det er bygd leilegheiter på Holmamyrane. Fleire unge familiar har bygd eller kjøpt hus og etablert seg i Balestrand. Bustadmarknaden fungerer rimeleg godt, med bra prisar på det som kjem i marknaden. Det skjer mykje positivt med tilretteleggingar av lokal infrastruktur innan t.d. idrett og friluftsliv. Verksemder knytt til opplevingar veks fram og utviklar seg slik som t.d. Ciderhuset, Norsk Reiselivsmuseum, Gone Paddeling. Balestrand Adventure er etablert for å styrke og jobbe fram fleire slike tilbod. Potensiale Kommunen har særskild eit potensiale i å utvikle: Bustadområde med god kvalitet Kommunikasjon knyte Balestrand til ein større bu- og arbeidsmarknad. Næringstilrettelegging knytt til opplevingstilbod hytter, toppturar, ski, fjord m.v. Legge til rette og følgje opp ressurspersonar/verksemder som har eit genuint ynskje om å få til noko i Balestrand. Jobbe vidare med prosjektet «Balestrand utvikling». Systematisk arbeid saman med innbyggarar og næringsliv for å få ei positiv samfunns- og næringsutvikling.
Prioriterte planar Planar som allereie er under utarbeiding er ikkje teke med i oversyn over prioriterte planar. Ut situasjonen kommunen er i med føreståande kommunesamanslåing, samt vurdering av utviklingstrekk, utfordringar og potensial for utvikling, vert det lagt opp til å utarbeide følgjande planar: Kommuneplan og kommunedelplanar Plan Vedteksaming Hand- Ansvar Oppstart Føringar for planen. planarb Kommuneplan, samfunnsdel 2010 Ingen BK - Ingen. Overordna kommuneplanarbeid vert lagt til ny kommune Kommuneplan, arealdel 2010 Ingen BK - Ingen. Overordna kommuneplanarbeid vert lagt til ny kommune Kommunedelplan, beredskap - Ingen BK - Ingen. Overordna kommuneplanarbeid vert lagt til ny kommune Kommunedelplan, idrett og fysisk aktivitet. 2015 Ingen BK 2018 Balestrand kommune sin plan gjeld til og med 2019, og ein treng slik sett ikkje gjennomføre ei hovudrullering av planen før 2020. Sogndal og Leikanger har fått usett hovudrullering av sine planar. Det har etter innspel frå fylkeskommunen vore dialog mellom kommunen om utarbeiding av felles plan. Ein slik plan må i så fall bli utarbeidd i 2018, og gjelde frå og med 2019. Dette vert ev. å komme tilbake til i eiga sak. Kommuneplanarbeid har ein overordna planar med langsiktig tidsperspektiv. Sjølv om Balestrand kommune isolert sett burde rullere dette planverket, gjev dette liten meining då kommunen innan to og eit halvt år skal bli ein del av ein ny og større kommune. Det vert ut i frå dette, men med mogeleg unntak av Kommunedelplan, idrett og fysisk aktivitet, lagt opp til å ikkje setje i gang arbeid med rullering av kommuneplanar: Tematiske planar Plan Vedteke Handsaming Ansvar Oppstart Føringar for planen. planarb Næringsplan 2014 Rullering BK 2017 Fokus på definerte hovudutfordringar og utviklingspotensiale for Balestrand kommune: 1. Bustader 2. Næring 3. Marknadsføring Planen skal vere førande for bruken av næringsfondsmidlar fram til 2020. Det vert eit mål å skape eit best mogeleg grunnlag for vidare nærings og samfunnsutvikling som kan bli teke med inn i den nye kommunen. Planen skal samordnast med Regional plan for næringsutvikling i Sogn vedteke av Sogn Regionråd.
Nærings- og utviklingsarbeid er uttalt å vere ei hovudsatsing for ein ny kommune. Det er viktig for Balestrand kommune å ha fokus på dette i overgangsperioden, både for å kunne styre bruken av næringsfondsmidlar og for å ha godt grunnlag med inn i den nye kommunen. Reguleringsplanar Plan Vedteke Handsaming Ansvar Bustader, - Ny BK/ Sentrum/tettstad priv Oppstart Føringar for planen. planarb 2017 Oppfølging av bustadpolitsik satsing. Er utarbeidd konseptskisser for nokre område. I kommuneplanen er Holmamyrane og Hittun-Vellene hovudområde avsett til bustader. For Holmamyrane er det vedteke reguleringsplan for tettare sentrumsmessig utbygging utbygging av leilegheiter. Det vert ut i frå dette utarbeida reguleringsplan for Hittun-Vellene med føremål å legge til rette for einebustader ev. i kombinasjon med rekkjehus/leilegheiter. Planen vil legge til rette for utvikling av bustadområde med høg kvalitet. Nærare avgrensing av planområdet og føringar for planarbeidet vert avgjort i eiga sak. Planen vil vere gjeldande i ny kommune etter 2020. Saurdal Hytte og skiområde - Ny BK 2017 Ligg inne i kommuneplan arealdel. Planen skal vise og ta omsyn til trafikkmessig infrastruktur og infrastruktur knytt til skianlegg, skiløyper og andre friområde/ferdselskorridorar. Planen vil avklare og legge til rette for vidare tilrettelegging av området i friluftslivs og næringssamanheng. Nærare avgrensing av planområdet og føringar for planarbeidet vert avgjort i eiga sak. Planen vil vere gjeldande i ny kommune etter 2020. Det vert utarbeida reguleringsplanar i samssvar med overordna mål i kommuneplanen og næringsplanen. Det vert då prioritert å utarbeide reguleringsplanar som legg til rette for bustad og næringsmessig tilrettelegging. Desse planane er sjølvstendige og juridisk bindande og vil følgje med inn i den nye kommunen.
Det kan og vil vere fullt mogeleg for kommunen å ta opp og handsame andre planar i perioden. Når det gjeld private planar som er fremma i samsvar med kommuneplanen, er dette også ei forvaltingssak, der kommunen må handsame desse innan gjevne fristar i Plan og bygningsloven.