Jølstringar i Åsane på 1700-tallet



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Notat om historie og kulturlandskap

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

«Ny Giv» med gjetarhund

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

HORDALANDD. Utarbeidd av

Til deg som bur i fosterheim år

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Ei sann (Sand) historie

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Teknikk og konsentrasjon viktigast

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Med god informasjon i bagasjen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Jon Fosse. For seint. Libretto

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Avdeling for regional planlegging

Månadsbrev for Rosa september 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

G A M A L E N G K U L T U R

Kulturhistoriske registreringar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Notodden. Oversiktsbilde over husmannsplassane Notodden og Teksten og Hotell Victoria. F.v.: Victoria, Notodden, Teksten)

Kva er økologisk matproduksjon?

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014


Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

5. Soknerådsmøte mai Referat

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Forslag frå fylkesrådmannen

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Kom skal vi klippe sauen

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Transkript:

Yngve Nedrebø: Åsabuen nr.3 2002 Jølstringar i Åsane på 1700-tallet 1800-tallet er rekna som utvandringshundreåret i norsk historie. Og særleg den siste tredelen av hundreåret vart sterkt prega av at tusenvis av nordmenn kvart år braut opp frå heimegrenda si, og gav seg på reise mot eit nytt kontinent og ei ny framtid. Om lag ein million nordmenn gjorde amerikanarar av seg, for kortare tid eller permanent. Det var mykje for ein nasjon som i 1865 berre hadde 1,7 millionar innbyggjarar. Av landa i Europa var det berre Irland som prosentvis hadde større utvandring. Men det var ikkje alle som drog utanlands. Industrialisering innanlands førte óg til at det kom til mange nye arbeidsplassar, og den innanlandske flyttinga var aukande i andre halvdel av 1800-tallet. Den norske utvandringa var ikkje alle stader like sterk, og i område der den var spesielt stor vart det i periodar mange ledige bruk og plassar, og låge prisar på jord. Det stimulerte til innanlandsk flytting. Men det var ikkje nytt at folk såg seg om etter andre stader å leve og bu. I Europa var det 1600-tallet meir enn 1800-tallet som var sterkast prega av flytting. Det hadde å gjere med dei mange og langvarige krigane som raserte store delar av sentral-europa. Ikkje minst i løpet av 30-årskrigen (1618-1648) var herjingane omfattande. Eit utal landsbyar vart brende og herja, og innbyggjarane drivne på flukt. Storparten av Noreg fekk ligge i fred for utanlandske tropper på 1600-tallet, og på Vestlandet merka ein mest til krigane gjennom utskrivinga av soldatar, og ved at tallet på utlendingar som kom til Bergen i ufredsperiodane var aukande. I Noreg hadde folketalet vore markert lågare i hundreåra etter Svartedauen, enn før. Det ser ikkje ut til at veksten vart sterk før i siste del av 1500-tallet. Som resultat av folkeauken gjekk det relativt omfattande flytting frå kystområda mot meir marginale område. Styresmaktene hadde interesse av å kunne styre flytting mot dei områda der det var underskot på arbeidskraft, og mange, både menn og kvinner, vart på 1600- og 1700-tallet dømde til arbeid i gruvene på Røros, Kongsberg eller i Årdal, eller til»fiskeleia» i Nord-Noreg. Jølster, fjellbygda inst i Sunnfjord, låg folketom i seinmellomalderen, men opplevde ei rask attreising i løpet av eit par generasjonar etter 1560. Frå rundt 50 bruk i 1563 var ein oppe i over 250 bruk i 1626. Då var det meste av ressursane oppe under breen utnytta, og den sterke innflyttinga vart erstatta av ei like side 47

markert utflytting. Dei som ikkje kunne finne seg utkomme heime, måtte sjå seg om etter stader å flytte til som hadde arbeidsplassar og gav grunnlag for eit betre liv. Flyttinga kan difor fortelje om kva for tankar jølstringane på 1700-tallet om kvar dei kunne finne betre kår. I 1701 var det vel 1500 innbyggjarar i Jølster. Ved folketeljinga i 1801 er det lista opp 1811 menneske. Men i hundreåret mellom teljingane hadde om lag 1400 jølstringar flytta frå bygda, og flyttestraumen viser når tilhøva på arbeidsmarknaden endra seg. På 1730-tallet og like etter 1740, og i 1770-åra nådde flyttinga sitt høgaste nivå. Det var i periodar med store vanskar i jordbruket. Dei første åra etter 1740 var klimaet spesielt kaldt, og fleire år på rad slo kornavlingane feil. Maten vart dårleg og lite nærande, og farlege sjukdommar fekk innpass. Over tid varierte det kvar jølstringane drog for å finne seg nytt arbeid, men ytre Sunnfjord og Bergensområdet tok i mot dei fleste av dei. Jølstringane kom frå ei bygd der kornavlinga kunne vere usikker, og der husdyrhaldet var viktigaste ressursen, og dei hadde ord på seg for å vere flinke med dyr. Det var difor naturleg at dei såg seg om etter gardsbruk der dei kunne finne gode beiter, og slik kunne få utnytte dei kunnskapane dei hadde. Av dei om lag 1400 som flytta frå Jølster, nær 40% av alle som vaks opp på 1700-tallet der i bygda, kom halvparten til å slå seg ned i eller ved Bergen. Sterkast kom dei til å dominere i Årstad sokn, der dei i 1801 utgjorde langt meir enn 50% av den vaksne befolkninga. Mellom anna hadde dei fått hand om gardsbruka på Kobbeltveit, Harebakke og Tarlebø i Våkedalen, men dei sat óg på Årstad, Haukeland, Landås, Slettebakken og Solheim. Mange av desse gardane hadde tilgang til gode fjellbeite, og dei satsa på krøtter og mjølk, og tente gode pengar på å levere fersk mjølk til byen. Det vart oftast slik at når jølstringar hadde fått hand om eit gardsbruk, henta dei seg tenarar frå heimbygda. Desse tenarane, ofte nevøar eller nieser, vart gjerne verande nokre år, før dei fann seg høveleg gifte eller eit ledig gardsbruk ikkje så langt unna. Slik kunne det som starta med ei familie og eit bruk, i løpet av nokre år utvikle seg til å verte eit heilt naboskap av sambygdingar og slektningar. Vi ser at dei hadde tett kontakt, for når fadrar skulle finnast, eller dei skulle ha formyndarar eller verjer, ser vi at det var mellom dei andre jølstringane dei henta dei. Viktig for jølstringane var det nok at dei hadde gode relasjonar til dei som åtte "avlsgardane" som låg i eit belte rundt byen. Eigarane var gjerne rike Bergensborgarar, som var ute etter husmenn eller forpaktarar som dei kunne stole på. Og jølstringane vart i siste halvdel av 1700-tallet viktige hjelpesmenn for godseigarar side 48

Åsabuen nr.3 2002 med interesse for nye driftsformer i jordbruket. Gamle myrer vart grøfta ut, det vart lagt større vekt enn før på gjødsling, og nye vekster som t.d. poteta vart teken i bruk. I overkant av 300 jølstringar slo seg ned i landbruksdistrikta rundt Bergen. Mange budde på Askøy, nokre i Manger, på Osterøy, i Haus, nesten 200 i Fana og Årstad. Til Åsane kom ikkje så mange av dei, i overkant av 20, men dei har likevel sett spor etter seg, og nokre av dei skal omtalast her. Det var nok langt fleire innom, som tenarar, og sikkert og nokre som husmenn eller paktarar, men dei flytta vidare etter relativt kort tid. Ole Johannessen Nedrebø vart fødd i Jølster i april 1744. Han gifta seg med Marte Tollefsdtr Ålhus 26. juni 1768. Dei budde i Jølster då dei fekk dottera Mariane i 1770, men dei flytta kort etter til Nedre Selvik i Åsane. Der finn vi dei ved folketeljinga i 1801, då han var "bonde og gaardbeboer" og 62 år, og der døydde han som vilkårsmann 7. juli 1821, 80 ½ år gammal. Enkja Marte døydde 8. februar 1825, 77 år gammal. Dottera Mariane gifta seg i Hamre i 1792, flytta til Bergen, og døydde der i 1806. Johanne Tollefsdtr kalla seg Nedre Selvik då ho gifta seg i Åsane med Anders Askjelsen Breistein 9. mai 1779. Ho var ei yngre søster til Marthe Tollefsdtr på Nedre Selvik, og ho var fødd på Ålhus i Jølster rundt 1755. Ved folketeljinga i 1801 var ho 46 år gammal, og budde i Breistein med mannen Anders, 48 år, og borna Markus, på 6, Synnøve på 14 og Kari på 11 år. Johanne vart spedalsk, og kom inn på St. Jørgen, der det vart laga ei teikning av henne rundt 1812. Ho døydde på St. Jørgen 27. juli 1825, 72 år gammal, men er då sagt å vere av dei "Friskes Hospital". Johanne Tollefsdtr frå Ålhus i Jølster Dette er vel kan hende det eldste biletet av ein åsabu? side 49

Erik Crispinussen Fluge, fødd tidleg i desember 1720, gifta seg i Jølster i 1747 med Barbara Pedersdtr Hegrenes. Ved folketeljinga i 1801 var Erik og Barbra innerstar på Flaktveit hos sonen Hans. Erik døydde på Flaktveit rundt årsskiftet 1803/1804, 82 år gammal. Barbara døydde der våren 1810, 87 år gammal. Anders Olsen Holsen, frå Førde, gifta seg i Jølster i 1755 med Anne Nilsdtr Gjesdal. Dei busette seg i Salhus, og var der i 1765. Seinare finn vi dei på garden Li i Arna, der Anders Olsen var enkjemann og kårmann ved folketeljinga i 1801. Med seg frå Jølster hadde dei sonen Nils, som seineer vart paktar på Nordnes i Bergen. Jon Nilsen Sandnes, fødd i Jølster tidleg på året i 1743, gifta seg i Jølster 27. desember 1772 med Synnøve Crispinusdtr Årdalsbakke. Dei fekk seg gardsbruk i Årdalsbakken, og hadde seks born til dåpen i Helgheim kyrkje mellom 1772 og 1779. Etter nokre år med vanskeleg økonomi braut dei opp og flytta til Bergensområdet. Vi finn dei som paktarfolk på Slettebakken i Årstad i 1783 og 1784. Seinare kom dei til Ervik, og der døydde Jon hausten 1797. Enkja Synnøve gifta seg i 1799 med Mons Eriksen Myrdal. Mons og Synnøve var ved folketeljinga i 1801 registrerte som gardbrukarfolk under Åstveit. Synnøve kom seinare til Bergen, der ho døydde i 1814. Ved skiftet etter Jon i 1797 er det rekna opp sju born, fire av dei fødde før foreldra drog frå Jølster: Knut, fødd 1772, Nils, fødd 1774, Nilske, fødd 1778 (og døypt Nikolaja) og Christopher (døypt Crispinus), fødd 1779. Ved folketeljinga i 1801 var sonen Knut, fødd i Jølster i 1772, bonde og gardbrukar på Åstveit. Synnøve døydde i 1832. Lars Crispinussen Hus var fødd i 1741. Han gifta seg i Jølster i 1770 med Johanne Hansdtr Sandal, fødd 1742. Dei fekk tre born i Jølster: Christi, fødd 1772, Brite, fødd 1776 og Hans, fødd i 1778. Dei kom til Eidsvåg, og budde der då Lars døydde i 1795. Seinare finn vi resten av familien i Bergen. Jon Hansen Søgnesand, fødd i Jølster rundt 1750, gifta seg 24. juni 1780 med Kari Danielsdtr Lunde, fødd rundt 1760. Dei busette seg på Åstveit, og budde der ved folketeljinga i 1801 med tre born. Jon Hansen døydde på Åstveit våren 1814, etter det kyrkjeboka fortel 72 år gammal. Kari hadde tre brør som busette seg på Flatøy. Dottera Danielle vart i 1803 gift med Niclas Monsen Åstveit. Jon Olsen var fødd på Veiteberg i Jølster tidleg på året i 1734. Han gifta seg 5. februar 1766 med Dorte Olsdtr Flatjord, fødd våren 1739. Seinare vigselsåret finn vi dei i Strusshavn på Askøy, der dei hadde ein son til dåpen i desember 1766. Neste året var dei komne til Hauge i det som seinare vart Arna sokn. Der vart dei side 50

Åsabuen nr.3 2002 buande i mange år, men då Jon vart enkjemann i 1787, fann han seg ei enkje i Haukedal i Åsane, gifta seg og flytta dit. Der døydde han våren 1799, 68 år gammal. Sonen Samuel Jonsen var gardbrukar i Haukedal i 1801. Anders Olsen Flatjord var fødd i Jølster i 1742, og gifta seg i Haus i 1766 med Gunille Madsdtr Unneland (med mor frå Jølster). Dei busette seg på Eikås i Åsane, og der budde dei då Gunille døydde hausten 1799. Anders Olsen er truleg den Anders Olsen Øgaas som er nemnd som spedalsk. Sofie Knutsdtr Håheim vart fødd i Jølster i 1735. Ho gifta seg i 1756 med Nils Mikkelson, og dei busette seg på Åstveit. Sofie døydde i 1768. Til Åstveit kom og søstera Synneve Knutsdtr, fødd på Håheim i 1742. Som ganske ung kom ho til Årstad sokn, der ho hadde mange slektningar. Ho seg i 1763 med Mons Olsen, og dei slo seg ned i Åstveitvågen i Åsane. Ved folketeljinga i 1801 finn vi dei der som husmannsfolk, og der døydde ho litt seinare i 1801, 60 år gammal. Enkjemannen Mons døydde i 1802. Synneve Eriksdtr Eikås gifta seg i 1724 med Abraham Anderson Åsen frå Førde, og dei kom til Nedre Selvik som gardbrukarar. Abraham døydde i 1768, og Synneve døydde der i 1778, 86 år gammal om vi skal tru kyrkjeboka. Marte Crispinusdtr Fluge var fødd i 1710, og søster til Erik på Flaktveit. Ho gifta seg i 1738 med Hans Torstensen Skage frå Indre Holmedal, og dei budde ei kort tid i Eidsvåg, før dei flytta til Stend i Fana, og til sist til Bergen. Der døydde Marte i 1777. Barbra Danielsdtr Hegrenes gifta seg i 1741 med Lars Mikkelson Valle. Dei busette seg på Øvre-Eide, der ho døydde i 1748. Enkjemannen døydde der i 1754, 39 år gammal. Marte Mikkelsdtr Ålhus gifta seg i Hamre i 1750 med mesterskomakar Jens Olsen frå Bergen. Dåp byudde ho på Åstveit. Men ho budde i Bergen då ho døydde i 1771. Mange stader ser vi at jølstringane rekna seg som ei eiga gruppe i lokalsamfunnet både to og tre generasjonar etter at dei hadde slege seg ned på ein ny stad. Men det var nok lettare å halde på eigenarten lenger om dei var mange, enn når dei var få og spreidde. side 51