KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

Like dokumenter
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato:

Naturmangfald og miljøomsyn i skogbruket

FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN

Klage på avslag på søknad om utsetjing av utanlandske treslag på Tveit i Gulen kommune nytt vedtak

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

FRÅSEGN SØKNAD OM TAREOPPDRETT

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE SITKAGRAN/HYBRIDLERK/ JAPANLERK PRESTVAD - GRØVLE I EIGERSUND

Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker. Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

KLAGE - VEDTAK OM SKOGSBILVEG - ORMSETVEGEN 2

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

Vurderingar i høve til naturmangfaldlova 8-12

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova Detaljregulering for Skare barnehage. Odda kommune 16. februar 2016

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Tysnes kommune Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

PRAKTISK BRUK AV NATURMANGFOLDLOVEN VED BEHANDLING AV SKOGSAKER

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Delegert vedtak - dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - Rimstigen - ny bru - grunneigarar Bakka

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Vågå kommune Fellestenester

Avslag på søknad om utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon, gnr/bnr 21/39, Eigersund kommune

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE SITKAGRAN HETLAND I BJERKREIM

Vurderingar i forhold til naturmangfaldlova 8-12

Detaljregulering for Planteskulesvingen bustadområde. Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

FRÅSEGN SØKNAD OM KONSESJON FOR SKALLELVA KRAFTVERK HALSA KOMMUNE

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Løyve til utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon på 7/1, Øksnevad i Klepp kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Vurderingar i forhold til naturmangfaldlova 8-12

Averøy kommune Bruhagen Postboks Averøy

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

Løyve til installering og drift av fastmontert kamera ved Bondhusbreen i Folgefonna nasjonalpark

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Naturmangfoldloven og vurderinger etter 7-12

Løyve til utsetjing av utanlandske treslag, skogproduksjon Hellebrekkene, gnr/bnr 147/1 Tysvær

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Stordal kommune - oppføring av tilbygg til fritidsbustad - gbnr 158/1, Kvitlestølen - klage på vedtak om dispensasjon frå kommunedelplan

Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland. Sakshandsamar Anbjørg Nornes Vår ref. 2018/ Dykkar ref. Dato

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

Møteinnkalling. Utvalg: Breheimen nasjonalparkstyre Møtested:, Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 10:00

FV. 551 FUREBERGFOSSEN BRU NATURMILJØ OG VANNMILJØ

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE VRIFURU

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

Klage på vedtak - Smøla kommune - terrasse gbnr 52/25 Været Veiholmen - dispensasjon frå reguleringsplan

09/2273Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen

Vurderingar i høve til Naturmangfaldlova 8-12

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Tilsynsutvalet for Hardangervidda Telemark

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Myrkdalen Hotell Dato: Tidspunkt: 12:00 15:30

FRÅSEGN KONSESJONSSØKNAD VENGÅA I RAUMA

KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE VRIFURU

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling

SØKNAD OM MINDRE ENDRING AV PLANID DEL AV GNR. 21 BNR. 100,142,143 OG 144 KÅRTVEIT

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

REDEGJØRELSE FOR BIOLOGISK MANGFOLD OG VURDERING ETTER NATURMANGFOLDSLOVEN

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Forynging av skog etter hogst

Partsbrev - Dronefilming i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Reisemål Hardangerfjord - Folgefonna nasjonalparkstyre

Transkript:

Tingvoll, 20. juni 2013 Tingvoll kommune KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG Viser til arkivnr. 2012/1240, vedtak av 28.05.2013, som vi mottok 31.5.2013. Naturvernforbundet klager med dette på vedtaket. Naturvernforbundet meiner at det ikkje kan gjevast løyve til å bygge denne traktorvegen, at vedtaket må opphevast og søknaden avslåast. Føresetnaden for bruk av Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål Vegen må vere lønsam for at «Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål» kan nyttast. Vidare må krava i naturmangfaldloven vere oppfylt. Den einaste måten det kanskje kan vere mogleg å få til slike føresetnader på i dette vegprosjektet er at det blir tatt ut ein god del grovt tømmer, det som i vedtaket nemnast som laftetømmer. Det er då vesentleg i denne saka å klarlegge om denne skogen kan hoggast, eller om han må bli ståande av nokon grunn. Statusen til skogen i dag etter skogbrukslovgjevinga er vernskog. Dette går fram av kartet nedanfor, der vegen slik han var omsøkt er lagt inn omtrentleg med raudt og vernskogen har mørk markering: Adresse: v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 Tingvoll

Det følgjer av naturmangfaldloven 10 at denne vurderinga må gjerast i samband med vedtaket som er gjort no. Vi viser elles til brev frå Miljøverndepartementet av 14.3.2012 vedlagt. Vurderingskapitlet i vedtaket. Frå vurderinga: «Det er etter kommunens erfaring ikke problem med rådyr og hjort i forhold til etablering av skog i dette området.» På ei mindre flate nedanfor teigen som saka gjeld og likeeins ein teig mot sørvest som er hogd for nokre år sidan og i forynging kan ein sjå at anslagsvis 10% av furutrea i storleik 0,5-2,5 meter har skader frå siste vinter på barken som er uforeinleg med sagstokk som følgje av gnag eller feiing av horn. Ein del av trea tørker ut. Når ein reknar med at trea treng kring 10 år på å få såpass høgde, kan det tyde på at det vil vere uråd å få til skog som i framtida kan få nokon kvalitet slik tilhøva er no. Naturvernforbundet har sett skit og spor etter alle dei tre hjortedyra i området. I teigen som skogsvegen er omsøkt bygd i er det elles eit av hjorten mykje besøkt myrhol, og eit nærliggande område har betydeleg slitasje også på lyngen der det er mange liggeplassar som blir brukt ofte. Til og med gråor har gnagespor. Foto: Øystein Folden 05.06.2013 Frå vurderinga: «All hogst skal godkjennes av kommunen, slik at man har god kontroll på hva som skal gjennomføres» Naturvernforbundet i Tingvoll har ved brev av 16.5.2012 tatt opp ei sak som vedkjem hogst at særleg verdifull furu i ein gamalskogslokalitet. Vi har ikkje mottatt svar, anna enn ei munnleg utsegn om at vi ikkje kom til å få noko svar. Naturvernforbundet har etter dette ingen grunn til å tru at Tingvoll kommune er i stand til å følgje opp hogst i område med særskilt verdifull skog. Dessutan ser det ut til at i den grad kommunen følgjer opp slike spørsmål, så blir dette ei sak utan innsyn for andre enn skogeigar og skogbrukssjefen. Manglande moglegheiter til innsyn legg til rette for korrupsjon.

Posisjon 32VMQ 53694 94888, mot nord. Foto: Øystein Folden, 05.06.2013. Frå vurderinga: «At det er død ved og tørgadder i området er ikke noe problem. Disse vil kunne bli stående, selv om området blir gjennomhugget.» Daud ved og tørrgaddar har i seg sjølv ein verdi. Men i tillegg er dette eit teikn på at skogen har stått såpass lenge at det har blitt tørrgaddar og daud ved. Den skogen som er levande ved sidan av og som blir kalla laftetømmer, har endeleg fått ein alder at dei begynner å få ein høgare verdi for det biologiske mangfaldet. For det biologiske mangfaldet er det såleis dei gamle levande furutrea saman med tørrgaddar og daud ved som er interessant. Blir området gjennomhogd, vil gamalskogsverdiane vere borte. Vurderingar etter naturmangfaldloven: Naturmangfaldloven 8, kunnskapsgrunnlaget Kunnskapsgrunnlaget følgjer av 8. Til denne paragrafen seier kommunen at «inngrepet er såpass begrenset i karakter at naturpåvirkningen ved bygging av vei i kun 200 m lengde vil være relativt uproblematisk sett fra kommunens side». Dette viser at kommunen totalt har misforstått kva paragrafen går ut på. Kunnskapsgrunnlaget går på om det er gjort undersøkingar av det biologiske mangfaldet i området som blir påverka av saka. Praktisk skal då Naturbase og Artskart undersøkast, for å finne ut om det er gjort kartlegging i området, og det skal gjerast ei vurdering av om kartlegginga er tilstrekkeleg til at ein ut frå dette veit at biologisk mangfald ikkje går tapt om tiltaket blir gjennomført. I dette høvet er det ikkje naturtypelokalitetar i området. Om ein undersøker nærare har det heller ikkje vore kartleggar i området. Det blei ved kartlegginga av nøkkelbiotopar i kommunen presisert at det ikkje skulle kartleggast i vernskogen. Artskart har ein av dei største flekkane i Tingvoll utan observasjonar i dette området. Etter at Naturvernforbundet har vore i området ligg det no inne litt meir på Artskart, men det kan

framleis ikkje reknast som kartlagd. Naturvernforbundet har elles i si fråsegn til saka peika på at det i området er såpass kvalitetar at det sannsynlegvis er tale om gamalskog. Ikkje nok med at kunnskapsgrunnlaget for dette området er dårleg, men kunnskapen hos Tingvoll kommune til å drive sakshandsaming etter naturmangfaldloven er faktisk så mangelfull at det står til stryk. Naturvernforbundet har elles besøkt området igjen 5.6.2013 Vi observerte då skit av storfugl på fleire stader i området som kan bli hogd som følgje av traktorvegen. Det er uvisst om det kan dreie seg om ein leik, eller om dette er ein opphaldsstad og beiteområde for storfugl. Storfuglen har truleg vore i stor tilbakegang over lang tid. Område som betyr noko for arten bør difor ikkje hoggast. Naturmangfaldloven 9 føre var-prinsippet «Det er heller ikke etter kommunens vurdering risiko eller fare for irreversibel skade på naturmangfoldet, jf. 9» Naturvernforbundet vil peike på at skogen i dette området venteleg har betydeleg alder. Det vil ikkje overraske oss om ein del av furutrea, særleg «laftetømmeret» har ein alder på 200-300 år. Hogst av desse vil ha verknad på det biologiske mangfaldet i alle fall den doble tida av trealderen. Sidan ein er i ein situasjon der ein manglar ein del på tilstrekkeleg varig vern av verdifull gamal skog med stort biologisk mangfald, vil hogst av særleg verdifull skog kunne få endå større konsekvens. Den faktoren som i størst grad kan gi irreversibel skade er hogst av «laftetømmeret». Naturmangfaldloven 10 og 11 økosystemtilnærming/kostnader «10-11 kommer ikke til anvendelse» Som det går fram av Miljøverndepartementet sitt brev av 14.3.2012 skal dei verknadene vegen fører med seg vurderast etter nml 10. Det er viktig å merke seg at det også er tale om framtidig verknad «En påvirking av et økosystem skal vurderes ut fra den samlede belastning som økosystemet er eller vil bli utsatt for.» (Vår utheving). På dette punktet skulle det altså ha vore ei vurdering av verknad av hogst. Kva er verknaden viss ein hogger tre og skog som kvalifiserer til gamalskog i Tingvoll kommune? Elles følgjer det at det er utbyggar som må dokumentere at naturmangfaldet i området er slik at omsøkte tiltak kan gjennomførast. I denne saka er det nødvendig i form av at det blir utarbeidd ein biologisk mangfaldrapport av kompetent biolog, og denne kostnaden må nok grunneigar ta. Naturmangfaldloven 12 miljøforsvarlege teknikkar/driftsmetodar Når det gjeld miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar, jf. nml 12, viser kommunen til «Normaler for landbruksveier». Men det ligg noko meir enn dette i naturmangfaldloven. Det kan mellom anna dreie seg om korleis hogst skal utførast, eller over kor lang tid ein må rekne med at hogsten må fordelast. Det vil vere ein fordel for alle partar om krav til hogst i samband med ein veg kjem fram før vegen blir bygd. Ein skogeigar som får eit slikt krav etter at vegen er bygd kan ikkje gjere vegen ugjort. Elles er det ei vurdering av samla omsyn som «gir de beste samfunnsmessige resultater». I vedtaket står det: «Det er her etter kommunens vurdering ingen samfunnsmessige ulemper,..» Kommunen er ein del av det samfunnet som har forplikta

seg til å stanse tapet av biologisk mangfald. Hogd gamalskog kan ikkje brukast til å oppfylle denne målsettinga, og det er venteleg ei ulempe både at ein ikkje får tatt vare på den rette typen skog og at ein må ty til nest beste-løysingar som har eit lag med å koste meir pengar for det offentlege. Kommunen si vurdering her er heilt klart feil. Når det gjeld føresetnaden om at vegbygging skal vere klart lønsam for at ein skal kunne nytte Forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål som heimel for sakshandsaming og vedtak, så ligg det ikkje føre dokumentasjon for at dette er tilfelle. Naturvernforbundet tok opp desse spørsmåla i fråsegna si, og bør kunne vente at det føreligg konkrete reknestykke. Det går elles fram av saka at skogeigaren i dette høve har forvalta sin grunn slik at den gode furuskogen er fjerna for å plante gran, og at ein no er nøydd til å ta av vernskogen for å finne gode furukvalitetar. Dette ser for oss ut til å vere ei forvaltning som er lite bærekraftig. Viss dette er ein forvaltningspraksis som er meir generell, må Tingvoll kommune ta ansvar for at denne blir endra. Med helsing Øystein Folden Leiar