ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK Møtedato: 29.06.2015 Møtetid: Kl. 14:00 14:45 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 014/15-016/15 Desse medlemmene møtte: Jan Kåre Fure Anita Lothe Bjørg Skarstad Kåre Risholm Frå kven? Arbeidsgjevar Arbeidsgjevar Arbeidstakarane Arbeidstakarane Forfall/møtte ikkje Frå kven? Følgjande varamedl. møtte Frå kven? Olav Fure Arbeidsgjevar Geir Liavåg Strand Arbeidsgjevar Hege Alme Arbeidstakarane Ingen Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Andre: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Jan Kåre Fure Personalsjef Marit Rognes Bedriftshelsetenesta v/torill Midtgård Gaustad Underskrifter: Jan Kåre Fure SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 014/15 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 015/15 Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa 016/15 Reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen Side 1
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Arbeidsmiljøutvalet 29.06.2015 014/15 Avgjerd av: Arbeidsmiljøutvalet Saksbehandlar: Marit Rognes Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/869-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå arbeidsmiljøutvalet sitt møte den 13. mai i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Arbeidsmiljøutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 13. mai 2015 2. Arbeidsmiljøutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 29. juni 2015. 29.06.2015 ARBEIDSMILJØUTVALET 014/15 VEDTAK: 1. Arbeidsmiljøutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 13. mai 2015 2. Arbeidsmiljøutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 29. juni 2015. Vedtaket var samrøystes. Side 2
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Arbeidsmiljøutvalet 29.06.2015 015/15 Avgjerd av: Arbeidsmiljøutvalet Saksbehandlar: Marit Rognes Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa Objekt: Arkiv: 441 Arkivsaknr.: 15/872-3 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 251083 Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa 251088 Prosedyre for arbeid i AKAN-utval Bakgrunn for saka: 13.05.2015 gjorde AMU følgjande vedtak: «Arbeidsmiljøutvalet ber rådmannen om ein gjennomgang av ordninga med eit eige AKANutval og vurdere om oppgåvene kan leggast til arbeidsmiljøutvalet. Utvalet ber også rådmannen om ein gjennomgang av alle kommunale dokument og prosedyrar innan AKAN-arbeidet for eventuelt å samordne desse.» Saksutgreiing: AKAN-utval blei gjenoppretta 07.12.2012. Same dato blei det oppretta ei sjukefråværsgruppe som skulle arbeide grundigare med sjukefråvær både på system-, einings- og individnivå, førebygge, finne årsaker og lage strategi på lengre sikt. Gloppen kommune har hatt ei HMS-gruppe i gang i fleire år. Å legge AKAN-utvalet direkte under AMU, vil kanskje vere ei noko stor oppgåve for dette utvalet. Det kan vere greitt å ha eit underutval til dette arbeidet. Sidan kommunen alt har ei velfungerande HMS-gruppe, kan det vere ei grei ordning å legge både AKAN-utval og sjukefråværsgruppa til denne gruppa. Då vil alt HMS-arbeid ligge til ei gruppe. Dette vil føre til betre kompetanse i og oversikt over HMS-sakene i kommunen enn om ein spreier arbeidet utover. Vedlagt denne saka ligg Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa. Det har ikkje tidlegare vore laga prosedyre for dette arbeidet. I denne prosedyren er både AKAN-utvalet og sjukefråværsgruppa lagt til HMS-gruppa. Prosedyre for arbeid i AKAN-utval, vedteke i AMU 28.09.2011, er i denne saka tilpassa til HMS-gruppa. Det er gjort berre nokre få endringar i denne. Det har ikkje vore tid til grundig gjennomgang av dei AKAN-dokumenta vi har utanom prosedyren for arbeid i AKAN-utval, så dette blir teke igjen seinare. Side 3
Økonomiske konsekvensar for kommunen: Endringane har ingen negative økonomiske konsekvensar. Kanskje sparer vi litt på å legge både AKAN-utvalet og sjukefråværsgruppa under HMS-gruppa. Rådmannen si vurdering: Rådmannen ser fordelen med å legge AKAN-utvalet og sjukefråværsgruppa under HMSgruppa. Det er viktig å ha samla oversikt og kontinuitet i HMS-arbeidet. Når alt er organisert under HMS-gruppa, kan det arbeidast meir effektivt og systematisk. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa, slik det framgår av vedlegga i saka. 29.06.2015 ARBEIDSMILJØUTVALET 015/15 VEDTAK: Prosedyre for arbeid i HMS-gruppa, slik det framgår av vedlegga i saka. Vedtaket var samrøystes. Side 4
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Arbeidsmiljøutvalet 29.06.2015 016/15 Avgjerd av: Arbeidsmiljøutvalet Saksbehandlar: Marit Rognes Objekt: Arkiv: 034 Arkivsaknr.: 15/861-2 Reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 250942 Reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen Bakgrunn for saka: Det trengst ei fornying av Prosedyre for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen. Saksutgreiing: Det er ønske om å gjere nokre endringar når det gjeld arbeid med HMS-saker. Dette må bakast inn i reglementet for arbeidsmiljøutvalet. 07.12.2012 blei det vedteke å opprette AKAN-utval og ei sjukefråværsgruppe. Vi har alt ei HMS-gruppe som jobbar med HMS-saker, og det tykkjest no å vere den beste løysinga at desse to blir lagde til HMS-gruppa. I nytt reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen er det gjort forslag om å legge AKAN-utval og særskild sjukefråværsgruppe til HMS-gruppa. Det er elles berre gjort nokre få endringar frå tidlegare reglement. Det er no laga etter same malen som reglement for administrasjonsutvalet. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Endringa medfører ingen negative økonomiske konsekvensar. Kanskje er det litt å spare ved å ha berre ei gruppe som jobbar med HMS-saker. Rådmannen si vurdering: Rådmannen ser på denne endringa som tilrådeleg fordi eg meiner at å samle alt HMS-arbeid under HMS-gruppa fører til ei betre saksbehandling, og eit betre samla oversyn over arbeidet med HMS. Sidan det no blir dei same personane som arbeider med HMS-saker i kommunen, vil det føre til større kompetanse og kontinuitet i HMS-arbeidet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen, slik det framgår av vedlegget i saka. Side 5
29.06.2015 ARBEIDSMILJØUTVALET 016/15 VEDTAK: Reglement for arbeidsmiljøutvalet i Gloppen, slik det framgår av vedlegget i saka. Vedtaket var samrøystes. Side 6