Møteinnkalling Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl. 10-15 Eventuelle forfall til møtet skal meldast til sekretariatet i Gloppen kommune på tlf. 57 88 38 00. Forfall kan også meldast på e-post til: servicetorget@gloppen.kommune.no For medlemmene i Nordfjordrådet, og for dei som har møte- og talerett i rådet (rådmennene), ligg saklista til møtet også i møteportalen, som du finn link til på Gloppen kommune si heimeside. Saklista til møta i Nordfjordrådet skal elles vere tilgjengeleg på alle medlemskommunane sine heimesider, dvs. på heimesidene til Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy kommunar. Sakliste Sak nr. Sakstittel 004/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 005/17 Referat og orienteringssaker 006/17 Orientering - førespurnad frå Helse Førde om kommunal deltaking i prosjektarbeid 007/17 Samarbeid mellom ungdomsråda i Nordfjord 008/17 Søknad frå Firda vgs om støtte til prosjekt "Grøn skule" Sandane, 08. mars 2017 Leidulf Gloppestad Leiar
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3748 004/17 Nordfjordrådet 13.03.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Leiaren si tilråding: 1. Nordfjordrådet godkjenner møteboka frå siste møte den 30. januar 2017 2. Nordfjordrådet godkjenner innkallinga og sakliste til møte den 13. mars 2017 Møteboka frå Nordfjordrådet sitt møte den 30. januar i Gloppen blir lagt fram til godkjenning. Leiaren har sett opp slik dagsorden for dette møte: Kl. 10 Gjennomgang program «Vårt lokalsamfunn». Jørn Helgheim, Ungt entreprenørskap S&Fj Kl 11.10 Referat og orienteringssaker Brev frå Fylkesmannen nye medlemmar i fylkesberedskapsrådet Førespurnad frå Helse Førde - ønskje om kommunal deltaking i prosjektarbeid Studietur Hallingdal regionråd besøker Nordfjord Kl 11.45 Søknad frå Firda vgs til prosjekt «Grøn skule» Kl 12 Lunsj Kl 12.30 Samarbeid mellom ungdomsråda i regionen Kl 13 Nordfjordsamarbeid framover Kl 14 Bedriftsbesøk på Saga Boats i Selje
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/3749 005/17 Nordfjordrådet 13.03.2017 Referat og orienteringssaker Leiaren si tilråding: Saka vert lagt fram utan tilråding Underliggande sak Avsendar/mottakar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Tittel Invitasjon til nye medlemmer i fylkesberedskapsrådet Orienteringssaker: 1. Gjennomgang program «Vårt lokalsamfunn» Jørn Helgheim, Ungt entreprenørskap S&Fj 2. Studietur Hallingdal regionråd besøker 3. Nordfjord Nordfjordsamarbeid framover 4. Bedriftsbesøk på Saga Boats i Selje
Arkiv: FE - 026 JournalpostID: 17/3705 006/17 Nordfjordrådet 13.03.2017 Orientering - førespurnad frå Helse Førde om kommunal deltaking i prosjektarbeid Vedlegg i saka: 08.03.2017 Ønskje om kommunal deltaking i prosjektarbeid 1328192 Leiaren si tilråding Nordfjordrådet går inn for at dei fire regionråda gir ei samla tilbakemelding til Helse Førde når det gjeld kommunal deltaking i prosjektarbeid. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Helse Førde (HF) har sendt brev til regionane med spørsmål om kven dei skal henvende seg til når det gjeld kommunal deltaking i prosjektarbeid. Dei viser til at rådmannsutvalet og styret i KS har gjort vedtak om at oppnemning av kommunale representantar til ulike prosjekt- og arbeidsgrupper vert retta til sekretariata for regionråda, og ikkje til KS. HF spør om dei skal sende likelydande førespurnad til alle 4 regionråda, eller om eit av regionråda får tildelt ei koordinerande rolle /funksjon. Dei ber også om kontaktinfo for evt representantar / vara. Sogn Regionråd har drøfta saka, og dei går inn for ei løysing der dei 4 regionråda gir ei samla tilbakemelding til HF og at eit av regionråda har ei koordinerande rolle. Sunnfjord regionråd er positiv til at regionråda koordinerer seg, og føresler at Karina Nerland i Sogn regionråd får ein slik funksjon mot HF. Elles stiller dei spørsmål om helse- og sosialsjef kollegiet i dei ulike regionane er meir riktig adressat i denne saka. Døme på prosjekt der HF ønskjer kommunal representasjon: Utgreiing av felles infusjonspoliklinikk/ dagpost ved Førde sentralsjukehus Utvikling av døgntilboda Til det sistnemnte prosjektet ønskjer HF representasjon av ein erfaren lege, eller sjukepleiar med kunnskap om samhandling med sjukehusa/ sengepostar.
Arkiv: JournalpostID: 17/3611 007/17 Nordfjordrådet 13.03.2017 Samarbeid mellom ungdomsråda i Nordfjord Leiaren si tilråding Nordfjordrådet ønskjer å bidra til at det vert arrangert ei felles samling for ungdomsråd i regionen hausten 2017. Programansvaret i 2017 ligg til Gloppen som er vertsskapskommune for Nordfjordrådet. Samlinga skal evaluerast, og dato for ny samling i mars 2018 skal inn på møtekalenderen til Nordfjordrådet. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I 2015 søkte Nordfjordrådet Fylkesmannen om midlar til å gjennomføre felles samling for ungdomsråda i Nordfjord. Fylkesmannen gav tilsagn om kr 35.000, men prosjektet er ikkje gjennomført. Midlane frå Fylkesmannen er framleis tilgjengeleg. Fakta i saka Fylkesmannen lyste i 2015 ut midlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. Nordfjordrådet diskuterte saka på møte i februar i 2015, og gjorde vedtak om å sende inn søknad om midlar til fellesmøter for ungdsomsråda i regionen. Dette basert på dialog og samarbeid med ungdomsråda og ungomskontaktane i regionen. I søknaden er det omtalt eit opplegg der leiar og nestleiar i kvar enkelt ungdomsråd møtast 3-6 gonger pr år. Kommunane sine ungdomskontakter skulle vere eit viktig verktøy for gjennomføring av samlingane. I mars 2015 fekk Nordfjordrådet melding om at dei var tildelt kr 35.000 til prosjekt «felles ungdomsråd». Prosjektperioden skulle gå frå 01.10.15 til 01.09.19. Det har ikkje vore arrangert noko felles samling for ungdomsråda etter at midlane blei tildelt. Sekretær har vore dialog med Gloppen kommune sin ungdomskontakt, som igjen har diskutert saka med dei andre ungdomskontaktane i regionen. Dei har no oppsummert i ein epost korleis dei meiner eit samarbeid mellom ungdomsråda kunne organiserast. 1. Felles samling for ungdomsråda i Nordfjord ein gong i året. 2. Samlinga vert lagt i forkant av Fylkestinget, slik at vi kan diskutere eventuelle saker.
3. Teknisk arrangør er ungdomsrådet i den kommunen som til ein kvar tid er vertskapskommune for Nordfjordrådet. 4. Programansvarleg er vertskapskommune med sekretær og ordførar, i samråd med ungdomsrådet/ungdomsrådssekretær 5. Samlinga går over ein dag, frå 10 15, og vert lagt på Nordfjordeid. Då går minst muleg tid vekk i reising. 6. Nordfjordrådet deltek aktivt i samlingane 7. Nordfjordrådet stiller nødvendige midlar til disposisjon. 8. Utgifter til transport, program og lunch vert finansiert av Nordfjordrådet. 9. Kommunar utan ungdomsråd, kan sende 3 representantar frå ungdomsskulen. Sekretær har vore i kontakt med sakshandsamar hjå Fylkesmannen, og fått bekrefta at midlane framleis står til disposisjon. Vi har fått utsett frist på rapportering til vi veit korleis vi vil planlegge og gjennomføre tiltaket vidare. Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet Totalbudsjettet i prosjektsøknaden var på kr 70.000. Fylkesmannen innvilga 50%, tilsvarande kr 35.000. Resterande sum på kr 35.000 vert Nordfjordrådet sitt bidrag. Sekretæren si vurdering Felles samarbeid mellom ungdomsråda i regionen er eit godt prosjekt som det er ønskje om å følgje opp. Formålet med samlinga er å skape ein møteplass mellom ungdomsråda og ordførarane i regionen, og få innspel i saker som ungdomane er opptekne av. Etter at søknaden vart sendt inn, har det vore utskifting av personar i Nordfjordrådet og blant ungdomskontaktane i kommunane. Saka har vore etterlyst av tidligare leiar i rådet Sven Flo - som sende inn søknaden, men saka har stoppa opp fordi det har vore vanskeleg å finne eigarskap til søknaden slik den var omsøkt. For å få gjennomført ei felles samling for ungdomsråda, er ansvarsavklaring viktig. Innspela som vi har fått tilsendt frå ungdomskontaktar og ungdomsråda, gjere at det no ligg godt til rette for å få prosjektet på fote igjen. I framlegget er det gjort nokre endringar i forhold til søknaden som var sendt inn. I staden for 3 6 møter pr år, er det gjort framlegg om ei samling pr år. Det er ønskjeleg at samlinga vert lagt i forkant av ungdomens Fylkesting som årleg vert arrangert i slutten av mars. I år vart vi for seine til å nå denne fristen, men dette kan vi få til for seinare år. I år kan det vere eit alternativ å arrangere ei samling på hausten i 2017 for å kome i gang med prosjektet. Det er gjort framlegg om at programansvaret for samlingane følgjer vertsskapskommunen for Nordfjordrådet. I 2017 blir det difor ungdomsråd og ungdomskontakt i Gloppen i lag med sekretær og ordførar, som lagar eit framlegg til fagleg program for samlinga. Det må vektleggast at tidspunkt for samlingane kjem ut i god tid sidan det er mange involverte samlinga skal passe for. For 2018 bør dato for samlinga inn på møtekalenderen til Nordfjordrådet. Vidare legg framlegget opp til at den årlege samlinga vert ein dagssamling på Nordfjordeid. Dette for å spare reisetid. Vi veit at fråværsreglane i den vidaregåande skulen er strenge og vi bør tilpasse oss ungdomane sine innspel her. Om prosjektet blir vellukka, så kan det vere at nye programkomitear finn nokre kreative løysingar for korleis ein kan legge samlingane evnt over to dagar og der dei besøkjer andre stader i regionen. Forventningane til Nordfjordrådet er at ordførarane deltek aktivt på samlingane, at rådet bidreg i programkomite og at vi stiller nødvendige midlar til disposisjon. Kvar samling må årleg evaluerast i forhold til innhald og økonomi. Om prosjektet vert ein
suksess kan det vere aktuelt å auke tal fellesmøter om ungdomsråda og Nordfjordrådet skulle ønskje det.
Arkiv: JournalpostID: 17/3690 008/17 Nordfjordrådet 13.03.2017 Søknad frå Firda vgs om støtte til prosjekt "Grøn skule" Vedlegg i saka: 06.03.2017 Søknad til Nordfjordrådet om støtte til prosjekt "Grøn skule" 1327999 Leiaren si tilråding Nordfjordrådet støtter søknaden frå Firda vidaregåande skule til prosjekt «Grøn skule» med kr 50.000. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Firda vgs har hatt klima og miljøfag 1 som eit tilbod til elevane dette skuleåret. Frå hausten ønskjer dei å utvide tilbodet til klima og miljøfag 2, og på denne måten kunne tilby elevane eit 2-årig programtilbod. Dei søkjer Nordfjordrådet om støtte til prosjektet. Fakta i saka. Firda vidaregåande skule på Sandane driv forsøk med eit nytt programfag i klima og miljø. Forsøket er godkjent av Kunnskapsdepartementet og læreplanen er godkjent av Utdanningsdirektoratet. Høgskulen på Vestlandet evaluerer forsøket. I januar søkte dei om å få utvide tilbodet med eit klima/miljøfag 2 i skuleåret 17-18 og 18-19. Dei forventar positivt svar på denne søknaden i april i år. Det nye faget inneheld mellom anna klimapolitikk, klimatilpassing, tap av biologisk mangfald, korleis næringslivet møter det grøne skiftet, korleis privat forbruk og åtferd påverkar verda, berekraftig utvikling, og korleis ulike vitskapstradisjonar verker saman om desse problema. I tillegg til teoretisk undervisning, får elevane delta i feltarbeid, ekskursjonar og aktuelle prosjekt i næringslivet. Forsøket har gjeve Firda vgs og Nordfjord stor merksemd både regionalt og nasjonalt fordi det er nyskapande, førebur neste generasjon på det grøne skiftet og involverer heile grunnskulen gjennom prosjektet «Grøn skule». Dei vidaregåande skulane i regionen har god dialog for korleis dei kan samarbeide om eit best mogleg fagtilbod til ungdomane i regionen. Programfaget klima og miljø har vore omtalt i desse drøftingane. Forsøket og utviklinga av eit nytt klima og miljøfag har så langt vore finansiert av Gloppen
kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sogn og Fjordane Energi og eigne driftsmidlar frå Firda vgs. For å makte gjennomføringa dei to neste skuleåra, er Firda vgs avhengig av nye samarbeidspartnarar til aktiv medverknad både fagleg og økonomisk til fullføring av prosjektet. Økonomiske konsekvensar for Nordfjordrådet Firda vgs søkjer Nordfjordrådet om kr 100.000 i støtte til prosjektet «Grøn skule». Sekretæren si vurdering Nordfjordrådet har to satsingsområde som fagleg er i samsvar med det denne søknaden omfattar. Innan satsingsområde «grøn næringsutvikling» så kan prosjektet som er omsøkt bidra til rekruttering og kompetanse i regionen på det det grøne skifte, noko som igjen vil kome regionalt næringsliv til gode. Vidare har vi eit satsingsområde på «utdanningstilbod i Nordfjord» der vi jobbar for at dei vidaregåande skulane i regionen skal vere tilpassa næringslivet sitt behov. I budsjettet for 2017 har Nordfjordrådet sett av kr 150.000 til prosjekt retta mot utdanningstilbod tilpassa næringslivets behov. Eit av tiltaka i strategi- og handlingsplanen er å kjøpe oss meir kunnskap om næringslivets behov for arbeidskraft framover, og sjå dette i samanheng med utdanningstilbodet. Det vil truleg vere rom for å støtte deler av søknaden frå Firda vgs innanfor denne budsjettposten, samtidig som vi får gjennomført planlagt tiltak knytt til næringslivets behov.