Lærdal kommune 4/14 - ORIENTERINGSSAKER: «Soa_Navn» HA 1: Oppfølging av akuttfasen. Styringsgruppa

Like dokumenter
Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 14/117-4 Jan Øhlckers K

Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

Attreising og utvikling

Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Til deg som bur i fosterheim år

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Attreising og utvikling

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Radøy kommune Saksframlegg

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 137/58 - nytt anlegg/konstruksjon - Herøysundet - Herøysund Båtlag

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Særutskrift - 143/3 - eigedomsdeling - Husnes - Sør - Norge Aluminium A/S

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sakshandsamar: Jan Øhlckers Arkiv: K1- Arkivsaksnr. 14/ REVIDERT BUDSJETT 2014 PROGRAM FOR ATTREISING OG UTVIKLING AV LÆRDALSØYRI

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Informasjonshefte Tuv barnehage

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Lærdal kommune. Planomtale. Mindre reguleringsendring. Lærdalsøyri og Bergo

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

o

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Psykologisk førstehjelp i skulen

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 17/11 25/11. MØTELEIAR Toralf Røen(Ap)

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PRESSEPROGRAM DD. MM. Kong Harald og Dronning Sonjas besøk til Lærdal 23. januar 2014.

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Plan for overgangar. for barn og unge

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Finansiering av søknaden

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS /15 Plan- og Miljøutvalet PS

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Transkript:

Lærdal kommune «Soa_Navn» Styringsgruppa 4/14 - ORIENTERINGSSAKER: HA 1: Oppfølging av akuttfasen EVALUERING AV AKUTTFASEN DSB har no sett ned ei arbeidsgruppe som har fått i oppdrag å lage ei samla evaluering av brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya. Det skal skje ei kartlegging av sjølve hendingane, og vurdering av tema som førebygging, handtering, leiing, ressursar, kommunikasjon, informasjonsdeling og samvirke. Føremålet er å identifisere læringspunkt og forbetringstiltak som kan bidra hindre likande brannar, redusere konsekvensane og styrke den samla beredskapsevna. Mandatet er avgrensa til å sjå på arbeids- og ansvarsområda til brann- og redningsvesenet og sivilforsvaret. Fylkesmannen har offentleg kritisert avgrensinga og vurderer no å gjennomføre ei samla evaluering. Det er mogleg at det òg kan kome eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet som utvidar mandatet, eventuelt at departementet tek initiativ til å starte ein annen evalueringsprosess med eit breiare mandat. Brannen hadde så mange sider ved seg at Fylkesmannen har føreslått ei evaluering som femner breitt, der t.d. samvirket mellom aktørane vert tema. Det vil der vere naturleg å sjå på kommuneleiinga og Fylkesmannen sine roller under hendinga. Det vert no henta inn: Planverk i brann- og redningsvesenet, inkludert beredskapsplanar og innsatsplanar Eigenrapportar og eventuelle innsats-/erfaringsrapportar frå brann- og redningsvesen som var involvert i hendinga Kommunale ROS-analysar som er relatert til hendinga, inkludert kommunale ROSanalysar med heimel i brann- og eksplosjonsvernlova 9 og sivilbeskyttelseslova 12 Brannførebyggjande tiltak relatert til hendinga, inkludert planar og tiltak med heimel i 5-2 i forskrift om brannførebygging Eventuell annan dokumentasjon som Fylkesmannen meiner er relevant for evalueringa Brevet frå DSB finn de her: Bistand fra fylkesmennene i forbindelse med innhenting av dokumentasjon fra storbrannene i Lærdal Frøya og F Adresse: Postboks 83, 6886 Lærdal Telefon: 57641200 Giro: 3838 07 60328 Besøksadresse: Øyraplassen 7 Telefax: 57641201 Org.nr. : 954681890

HA 2: Opprydding Prosessen rundt Lygre-huset er ikkje sluttført. HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon INFORMASJON OG HAUSTING Odd Helge Brugrand er gjennom LNU engasjert tilsvarande 25 % stilling med ansvar for dokumentasjon og informasjon, m.a. Attreisingsfana på kommunen sin heimeside. Det er engasjert to medieovervakingsselskap (Retriever og Meltwater) for å samle mediedekkinga frå brannen og ut 2014. Brugrand vil og ha ansvar for samarbeidet med dei råka. Det vert planlagt eit ope «Folkemøte» rett over påske KONTAKT MED DEI BRANNRÅKA Frå representantar for dei brannråka har kommunen motteke følgjande e-post: «Viser til den vedtekne attreisningsplanen, div oppslag i media og samtale 26.03.14. Fleire av dei brannråka, dvs dei som har mista husa sine, har teke kontakt og fortel at dei kjenner på uro i høve den uttalte argumentasjonen i høve søknad om midlar etter brannen natt til 19 januar 2014. Generelt sett ynskjer dei brannråka å vere lojale ovanfor den vanskelege økonomiske situasjonen kommunen er i, men slik som dette har utarta seg kjenner me oss utilpass. Tilbakemeldingar gjeld fleire punkt i planen, men me kjenner størst frustrasjon når det gjeld dei siste mediaoppslaga og beskrivelsar i planen som går direkte på ungane våre. Me har måtta lese i media at både rektor ved Lærdalsøyri skule og styrar i Lærdalsøyri barnehage uttale seg om vanskar borna våre tilsynelatande har og vil ha i lang tid framover. Dette utan dialog med deira føresette og utan at dei kjenner seg att i uttalte vanskar. Me stiller spørsmålsteikn ved lovlydigheita med å gå ut med sensitiv informasjon kring einskilde brukarar. Om dei vanskane som blir beskrive hadde vore reelle hadde vel dette vore eit brot på teieplikta? Men når den det gjeld ikkje kjenner seg att i beskrivinga, kva er det då? Frå foreldra sin stådstad har ein, trass i brannen, velfungerande ungar som taklar denne livserfaringa svært godt. Fleire har heller ikkje motteke noko ekstra oppfølgjing som samtalar, telefonar, eller lignende etter brannen, korkje frå skule eller barnehage. Me hadde sjølvsagt sett pris på litt ekstra omsorg og dialog, men det kjem kanskje på plass med dei ekstra ressursane det er bedt om. Me ber såleis om at dei ansvarlege let vere å bruke borna våre som knaggar for eit kjent tal ekstra pedagogar, sosiallærar og anna som kan legitimere omsøkte midlar.» Side 2 av 6

Rådmannen har svart: Takk for brev med frustrasjon frå dei råka om både medieoppslag og omtale i planen. Me seier oss lei for moglege brot på personvernet. Det er nyttig å få slik attendemelding. Me skal internt ta gjennomgang på rutinar og regelverk. Me er likevel ikkje sikre på at det er mogeleg å identifisere einskildpersonar i det som står i programmet. For lokalkjende er alle dei råka kjent både gjennom media og elles. Samstundes ber me om forståing for at dette er ein vanskeleg balansegang. Mange av dei råka har sjølv gått ut i media eller media har kome til dei. Me kan ikkje ta ansvar for at media på det viset får kjennskap om einskildpersonar og nyttar det. Det gjeld dei oppslaga vi har sett så langt. Me prøver no å dempe medieomtalen mest mogeleg og normalisere situasjonen. Det er heile Lærdals-samfunnet som er råka. Det ligg til grunn for våre vurderingar. Me tenker og «føre-var» prinsippet her. Me må difor ta omsyn til heilskapen og det ansvaret dei ulike kommunale einingane har for å gje ei fagleg forsvarleg teneste. For å få ressursar til å løyse alle dei oppgåvene og problema brannen har skapt må me vere konkrete. Sjølvsagt skal me ikkje blir så konkrete at det er råd å identifisere einskildpersonar og særleg ikkje ungane. Det er òg sjølvsagt at mange av dei tiltaka som vert sett inn må skje i samråd med dei føresette. Nokre av familiane har dessutan heile tida vore følgt tett av vårt kriseteam. Me har søkt å skjerme dei råka, m.a. ved å ikkje levere ut namnelister og halde dei møta me har hatt lukka for media og utanforståande. Det er media som kjem til oss og ikkje omvendt. Det er og kome kommentar frå styrar i barnehagen: «Veldig leit å sjå at medieomtale har vorte oppfatta på ein krenkjande og stigmatiserande måte. I høve det me har gjort i barnehagen har me innhenta løyve frå foreldre til bilete og kva barn media kan snakke med. Når Vennebyen var i Lærdal tipsa me Sogn avis og Porten for å få fokus på den gleda dette besøket skapa for barna i ei elles vanskeleg tid. Me visste då kven som ikkje skulle vera med i media i det heile og tok omsyn til dette. Ved besøk på Vesterland hadde Gjensidige invitert Sogn Avis. Dette visste me ikkje om før me kom. Her var og glede i fokus. Barn som vart intervjua og tekne bilete av var dei same som me hadde innhenta løyve frå. Sogn Avis kontakta meg i høve en siste artikkelen som gjekk på ressursar. Her var og bilete og uttale avklara. Side 3 av 6

Barnehagen vart kontakta av produsentselskapet STRIX. Dei gjennomførte eit intervju med meg i barnehagen og intervjua og filma barn der me hadde innhenta løyve. Eg har heile tida vegra meg for medieomtale men forsto at denne produksjonen var kommunen positive til. Om eg kan få lov å komme med eit råd i høve denne saka så vil eg anbefale å slette barnehagebiten frå denne produksjonen. Eg tenker at den vil komme til å forsterke denne kjensla for dei brannråka. Trur du det kan vera mogleg å etterkomme dette ynskje? Elles står me på her for at barna og foreldra skal verte best mogleg ivaretekne og me ser at nokre barn allereie no treng litt ekstra oppfylging. Me har heile tida hatt eit nært og godt samarbeid med dei involverte familiane.» HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar MØTE MED DEI RÅKA 26. mars vart det gjennomomført nytt møte med dei råka. Tema var reguleringsplanarbeidet og byggesøknader. To representantar frå Riksantikvaren var og til stades og orienterte. FORSIKRINGSMEKLING Etter ynske frå dei råka har kommunen engasjert forsikringsmeklar. Han gjennomførte 7. april dialog og rettleiing for dei som trengte slik hjelp. Fem familiar nytta seg av tilbodet HA 5: Arealplanlegging PLANPROSESS Det er no lag opp til slik planprosess: Gjennomført Samanstilling av motteke grunnlag Møte med RA og Trond Einemo Utsending av e-post til regionale- og statlege styresmakter, dei råka samt tilgrensande naboar med informasjon om framdrift og saksgangen. (e-posten vil ha til formål å spreie info. + at vi får førebudd regionale- og statlege styresmakter på at det kjem ei sak til uttale med svært kort frist). Planlagt Orientere formannskapet/kommunestyret om status plankarta med tilhøyrande føresegner som vert sendt på høyring (8. april). Formålet er å unngå benkeforslag som føreset ny førehandsvarsling. Planendringane (frist 10. april) Høyring i perioden 11. april til 2. mai Sak vert sendt til politisk handsaming i høyringsperioden. Merknader med rådmannen si vurdering av desse vert ettersendt. LOSJEHUSET Norconsult er og engasjert til å førebu sak/notat om Losjehuset og plassen rundt. Side 4 av 6

FLAUM OG SKRED Rapport om både flaum og skred er no klar. Det er nyttig i høve planarbeidet. Truleg vil det ikkje føre til problem. HA 6: Tettstadutvikling Det er kontakt med Riksantikvaren etter besøket i Lærdal. ERI-HUSET Avfreding av Synneva Eri-huset og etterfølgjande eksteriørvern er i gang. Saka går i hovudutval for kultur 8. april. Det ser ut til å vere brei semje om løysinga. Fylkesdirektøren rår hovudutval for kultur til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar eigar sitt ønskje om å bygge opp att ein eksteriørkopi av Synneva Eris hus. Dette samsvarar med kommunen sine ønskjer for attreising i Lærdal, er i tråd med gjeldande reguleringsplan og vil passe inn med dei verneverdige bygningane i området. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil også prioritere arbeidet med å gje fagleg råd og rettleiing til eigar i hans arbeid med oppattbygginga, og til Lærdal kommune i samband med deira arbeid med reguleringsplan- og byggesaksarbeid. 2. Attståande midlar løyvd til istandsetjing av husa på gb.nr. 45/29 i 2013 vert omdisponert til arkitekthjelp i samband med attreisinga av hus på eigedomen. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil og utfordre Riksantikvaren til å yte ytterlegare midlar til arkitekthjelp og byggleiing for å sikre høg kvalitet på attreisinga. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune set ut frå dette ikkje krav om att bygningane på gb.nr. 45/79 i Lærdal, Synneva Eris hus Husfred, skal gjenreisast som dei opphavlege freda bygga, og ber Riksantikvaren oppheve fredingsvedtaket på gb. nr. 45/79 Synneva Eris hus Husfred i Lærdal. Rådmannen vil følgje opp spørsmålet om medfinansiering frå Riksantikvaren opp med eigaren sin advokat. HA 7: Leiing og kompetanse REKRUTTERING Rådmannen si leiargruppe er i gang med å finne løysingar. Det er ei mangfaldig prosess med verkemiddel som: Utvide Kombinere Rekruttere direkte Vikarbyrå Endre tilsettingstilhøve Mm Side 5 av 6

ASS. RÅDMANN Rekruttering av assisterande rådmann er ekstra krevjande. HA 8: Kommunal infrastruktur Endeleg takst ligg no føre. HA 9: Omstilling og næringsutvikling Fylkeskommunen har bedt om forklaring på kvifor omstillingsarbeidet er sett sterkt attende. Brevet Førebels svar på søknaden frå Lærdal om auka omstillingsmidlar frå 2015.doc vert drøfta i omstillingstyret i morgon. HA 10: Føljeprosjekt Det vert no laga problemnotat om bustadløysing for flyktningar/vanskelegstilte. HA 11: Finansiering og økonomistyring Det er ikkje noko nytt om A-konto betaling. Kr. 4,8 mill. som kompensasjon for utgifter i akuttfasen er på konto. Status på ulike kontakter/initiativ Me bør gå gjennom status etter sist møte i styringsgruppa. Side 6 av 6