GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 15/1559-30 Avslutning av arbeidet med kommunereforma - Gloppen kommune sin konklusjon Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Arbeidet med kommunereforma må no avsluttast, og kommunestyret må konkludere i saka før svarfristen den 1. juli i år går ut. Dette er fristen regjeringa har sett for å gjere vedtak om kommunesamanslåing for å oppnå dei økonomiske gevinstane som ligg i kommunereforma. Saksutgreiing: Rådmannen har orientert dei folkevalde fortløpande om arbeidet med kommunereforma, og eg legg derfor ikkje opp til ein omfattande gjennomgang av saka no. Som forutsett av både av det førre og dette kommunestyret er det halde folkeavrøysting om det samanslåingsalternativet som til slutt låg føre: Ei samanslåing av Gloppen med Eid kommune, basert på intensjonsavtalen som vart signert av forhandlingsutvala den 22. februar i år. Innbyggarane i Gloppen vart i folkeavrøystinga inviterte til å seie JA eller NEI til ei samanslåing av Gloppen med Eid 67 % av dei røysteføre (3.068 av 4.579) deltok i avrøystinga, som gav slikt resultat: JA til samanslåing med Eid 1.443 røyster 47,16 % NEI til samanslåing med Eid 1.555 røyster 50,82 % Blankt 62 røyster 2,03 % Åtte røyster vart vraka, ei fleste fordi veljaren ikkje stod i manntalet. Sidan alternativet til ei samanslåing med Eid kommune er «0-alternativet», må konklusjonen av folkeavrøystinga vere at fleirtalet at dei som røysta meiner Gloppen kommune skal halde fram som eigen Konklusjonen kan sjølvsagt diskuterast, men rådmannen lar dette ligge sidan andre alternativ enn Gloppen og Eid ikkje var tema for røystinga. Ei folkeavrøysting kan ikkje vere anna enn rådgjevande. Det er kommunestyret sjølv som avgjer Gloppen kommune sitt standpunkt i saka.
Resultatet av folkeavrøystinga stemmer overeins med to kommunale innbyggarundersøkingar (ei i regi av Nordfjordrådet i 2015 og ei regi av «Sunnfjordsamarbeidet» i 2016), som begge gav fleirtal for å stå åleine. Undersøkinga som lokalavisene Firda Tidend og Fjordabladet gjennomførte rett før folkeavrøystinga viste derimot eit fleirtal for samanslåing med Eid. Denne siste «private» undersøkinga var meir omfattande enn innbyggarundersøkinga vår som vart gjort i regi av Nordfjordrådet. I tillegg til folkeavrøystinga og innbyggarundersøkingane har vi drive eit omfattande informasjonsarbeid i saka. I samarbeid med Firda Tidend har rådmannen jamleg orientert om status i arbeidet med kommunereforma. På kommunen si heimeside ligg alle vedtak og utgreiingar i saka. Vi har halde tre folkemøte om saka og møte på dei to ungdomsskulane våre og på Firda vgs. for 16- og 17-åringane. Vi har sendt ut informasjon til alle husstandane både om arbeidet vår mot Sunnfjord-kommunane og om avtalen med Eid og «0-aternativet». I tillegg kjem alle møte og innlegg i avisene og i sosiale media regi av parti, organisasjonar og enkeltpersonar. Vi må derfor kunne seie at saka er og har vore godt opplyst. Rådmannen tar også med at dei tilsette i kommunen har vore fortløpande orienterte både ved at organisasjonane har vore med i prosjektet, på interne møte og gjennom rådmannen si faste spalte på intranettet: «Ka skjer?» Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er uråd å seie noko presist eller sikkert om dei økonomiske konsekvensane av det eine eller andre alternativet. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner vi kan «stå oppreiste» for kommunen sitt arbeid med kommunereforma. Det er gledeleg at frammøtet ved folkeavrøystinga var høg. 67 % er nokolunde som ved eit kommuneval. I perioden 1995-2015 har valdeltakinga ved kommuneval lege mellom 65,9 % i 2003 og 71,3 % i 2015. Utan at rådmannen har gått gjennom alle folkeavrøystingane i samband med kommunereforma, kan det slåast fast at oppslutninga i Gloppen er mellom dei aller høgaste. Rådmannen tillet seg å skryte av «damene på servicetorget» som verkeleg har stått på for å få glopparane til valurnene. Rådmannen har tidlegare sagt at mi tilråding vil følgje fleirtalet i folkeavrøystinga, og det held eg sjølvsagt fast ved. Rådmannen er likevel litt i tvil om korsleis eg skal ordlegge meg i tilrådinga. I ei sak med stort engasjement og klare synspunkt er det sjølvsagt både «vinnarar og taparar». Rådmannen håpar på at både dei som er glade for resultatet av folkeavrøystinga og dei som ikkje er det, opptrer på ein slik måte at vi ikkje støyter eidarane frå oss. Sjølv om fleirtalet av dei som røysta i Gloppen ikkje vil ha kommunesamanslåing med Eid, er det rådmannen si meining at Eid kommune er eit klart førsteval for Gloppen når vi snakkar om samarbeid og alliansebygging over kommunegrensene. Rådmannen ser også positive signal om betre samarbeid i heile Nordfjord. --- Når kommunane no har gjort sine vedtak, skal Fylkesmannen kome med si tilråding til regjeringa innan 1. oktober i år. Så langt har Fylkesmannen ikkje sagt noko om kva ho kjem til å konkludere med. Etter at Fylkesmannen har sagt sitt tar dei sentrale styresmaktene over saka, og eit stortingsvedtak om nye kommunar kjem før sommarferien 2017, er det sagt så langt.
Som sagt ovanfor er rådmannen i tvil om korleis tilrådinga i saka skal formulerast. Eg prøver med denne: RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Gloppen kommunestyre viser til folkeavrøystinga 30. mai 2016 der eit fleirtal avviste ei kommunesamanslåing med Eid. Arbeidet med kommunereforma har vist at andre samanslåingsalternativ ikkje er aktuelle no. 13.06.2016 FORMANNSKAPET Framlegg frå Bjarte Gangeskar på vegner av Vestre, Kristeleg Folkeparti og Høgre: Gloppen kommunestyre rår til at kommunane Gloppen og Eid vert slått saman til ein Intensjonsavtalen som dei to kommunane er samde om, vert lagt til grunn for skipinga av den nye kommunen. Vår grunngjeving for denne konklusjonen er: Ei samling av kommunane vil leggje grunnlaget for ei betre økonomisk utvikling. Dette er ein føresetnad for å kunne levere gode og framtidsretta tenester til innbyggarar og næringsliv Den nye kommunen vil bli eit tyngdepunkt i Nordfjord og vil sikre at vi får ei effektiv utnytting av eit naturleg bu- og arbeidsområde, samt sikre at Gloppen ikkje vert ein utkant i ein ny region Ein større kommune vil ha betre moglegheiter til å få tilført statlege arbeidsplassar Ein større kommune vil ha større påverknadskraft til å sikre vidare utvikling av Sandane Lufthamn og Firda vidaregåande skule Den nye kommunen vil ha sterkt fokus på å sikre bru mellom Anda/Lote. Vi har respekt for at 50,82 % i den rådgjevande folkerøystinga kom til motsett konklusjon. Som folkevalde har vi samtidig plikt til å gjere eit sjølvstendig val om kva vi meiner er best for kommunen. Denne avgjerda skal takast på bakgrunn av den samla informasjonen vi har tilgang til - og her er resultatet av den rådgjevande folkerøystinga berre ein av fleire faktorar. I folkerøystinga sa 47,16 % ja til samanslåing. Synspunkta til dette mindretalet må syne att både i vedtaket som skal gjerast i kommunestyret og gjennom den vidare prosessen frå Fylkesmannen, Regjeringa og Stortinget. Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Som rådmannen si tilråding, men med slikt tillegg: Kommunestyret legg til grunn at den dagen det føreligg forpliktande vedtak, med finansieringsplan, for bru mellom Anda og Lote er det ein ny situasjon som gjer det naturleg å sjå på spørsmålet om kommunesamanslåing på nytt.
Framlegg frå Hege Lothe (SV): Gloppen kommunestyre viser til folkeavrøystinga 30. mai 2016, der 67 % av veljarane Arbeidet med kommunereforma har vist at andre samanslåingsalternativ ikkje er aktuelle no. Bernt Reed trekte sitt framlegg. Det vart røysta alternativt mellom framlegget frå Hege Lote, som fekk seks røyster og framlegget frå Bjarte Gangeskar, som fekk tre røyster. 073/16 VEDTAK: Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere slikt vedtak: Gloppen kommunestyre viser til folkeavrøystinga 30. mai 2016, der 67 % av veljarane Arbeidet med kommunereforma har vist at andre samanslåingsalternativ ikkje er aktuelle no. Vedtaket vart gjort med seks røyster. 17.06.2016 KOMMUNESTYRET Bjarte Gangeskar (V) tok opp att framlegget frå formannskapsmøtet frå Vestre, Høgre og deler av Kristeleg Folkeparti: Gloppen kommunestyre rår til at kommunane Gloppen og Eid vert slått saman til ein Intensjonsavtalen som dei to kommunane er samde om, vert lagt til grunn for skipinga av den nye kommunen. Vår grunngjeving for denne konklusjonen er: Ei samling av kommunane vil leggje grunnlaget for ei betre økonomisk utvikling. Dette er ein føresetnad for å kunne levere gode og framtidsretta tenester til innbyggarar og næringsliv Den nye kommunen vil bli eit tyngdepunkt i Nordfjord og vil sikre at vi får ei effektiv utnytting av eit naturleg bu- og arbeidsområde, samt sikre at Gloppen ikkje vert ein utkant i ein ny region Ein større kommune vil ha betre moglegheiter til å få tilført statlege arbeidsplassar Ein større kommune vil ha større påverknadskraft til å sikre vidare utvikling av Sandane Lufthamn og Firda vidaregåande skule
Den nye kommunen vil ha sterkt fokus på å sikre bru mellom Anda/Lote. Vi har respekt for at 50,82 % i den rådgjevande folkerøystinga kom til motsett konklusjon. Som folkevalde har vi samtidig plikt til å gjere eit sjølvstendig val om kva vi meiner er best for kommunen. Denne avgjerda skal takast på bakgrunn av den samla informasjonen vi har tilgang til - og her er resultatet av den rådgjevande folkerøystinga berre ein av fleire faktorar. I folkerøystinga sa 47,16 % ja til samanslåing. Synspunkta til dette mindretalet må syne att både i vedtaket som skal gjerast i kommunestyret og gjennom den vidare prosessen frå Fylkesmannen, Regjeringa og Stortinget. Framlegg frå Per Rune Vereide (Sp) på vegner av Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti: Når det ligg føre forpliktande vedtak om bygging og finansiering av bru mellom Anda og Lote, vil kommunestyret ta opp saka om kommunesamanslåing med Eid kommune basert på intensjonsavtalen frå 2016. Det vart røysta slik: 1. Alternativt mellom - formannskapet si fleirtalsinnstilling, som fekk 19 røyster og - framlegget frå Bjarte Gangeskar, som fekk åtte røyster 2. Framlegget frå Per Rune Vereide, som fekk 23 røyster. 058/16 VEDTAK: 1. Gloppen kommunestyre viser til folkeavrøystinga 30. mai 2016, der 67 % av veljarane Arbeidet med kommunereforma har vist at andre samanslåingsalternativ ikkje er aktuelle no. 2. Når det ligg føre forpliktande vedtak om bygging og finansiering av bru mellom Anda og Lote, vil kommunestyret ta opp saka om kommunesamanslåing med Eid kommune basert på intensjonsavtalen frå 2016. Punkt 1 vart vedteke med 19 røyster og punkt 2 vart vedteke med 23 røyster.