Til Rådmannen 16.november 2016 sendt via epost. DELING av KUNNSKAP - RETT SAKSFRAMSTILLING - MAKT og ETIKK

Like dokumenter
Kvinnherad kommune Møteinnkalling

Forfall skal meldast på tlf Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Budsjett 2018 prosess

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/103 Formannskapet Kommunestyret

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/40 Levekårskomiteen Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/33 Levekårskomiteen Kommunestyret

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Melding om vedtak. Saka vart drøfta

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Husleigekontrakt. Les meir om leige av bustad på

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Til deg som bur i fosterheim år

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Dato: Beskriv situasjonen som førte til skadeavverjing med bruk av tvang/makt, og forklar kvifor det var ein naudsituasjon:


Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Rapport frå Oppfølgingsmøte, Vanylven 20 november 2014

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

Kartlegging av rammevilkår

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Forskrift om bustøtte

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Sakshandsamar 06/ Øyvin Moltumyr

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Forbrukerrådets husleiekontrakt

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Samnanger kommune Møteprotokoll

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Refleksjon og skriving

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

Møtebok Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne MØTE B OK. Organ Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

Transkript:

Til Rådmannen 16.november 2016 sendt via epost DELING av KUNNSKAP - RETT SAKSFRAMSTILLING - MAKT og ETIKK No har eg i mest eit heilt år ikkje følt nokon trong for å skrive lesarbrev. Når du sist vinter kom til kommunen vår, såg eg tidleg at du tok tak i mange av dei forholda som eg opplever å ha kava på med i kommunen. Eg såg at du både var oppteken av det du kallar for siloar og eg har kalla for sandkasser, der kvar silo/sandkasse (les; verksemd) har hatt nok med sitt og ikkje sett korleis vi saman har kunna gjere ting både billegare og betre. Vidare såg eg at du var oppteken av Kraftfondet, noko eg også har teke opp fleire gongar, då eg meiner at det ikkje er rett at vi skal spele på Børsen med innbyggarane sine pengar. Ref berre kva som skjedde i 2011 når fondet ved nyårsskiftet viste eit stort underskot og dette måtte førast i rekneskapen. Dette vart ei svært vanskeleg tid både for innbyggarane og mange av oss tilsette i kommunen. Eg vart også veldig glad når eg las i den nye Organisasjonsplanen, om dei tilsette sin rett og plikt til å delta, og til å ha meiningar og ta medansvar for organisasjonen. Eg opplevde at det motsette var tilfelle før «sitt stille og ikkje bry deg». I den nye planen står det også om deling av kunnskap, og då er eg til kjernen i det eg vil med dette brevet. Eg prøvde no i haust å dele kunnskap med deg, baud deg også til å ta kontakt tilbake. Men opplever at du ikkje ønskjer denne kunnskapen, og eg tenker at det kan vere fordi du trur at eg ikkje er samd med deg. Men om du ville høyrt, så kunne det faktisk vere at vi i denne saka faktisk var samde om fleire ting. Men no er det toget gått, og eg vel å skrive eit nytt brev i staden. År 2010 vedtak i Kommunestyret om å auke husleigesatsane for kommunale bustadar med 10 % Eg hadde på denne tida oppfølging med både brukarar sin økonomi og eg hadde ansvaret for å leie arbeidet med forvaltninga av kommunale bustadar til vanskelegstilte på bustadmarknaden. I husleigelova kunne eg ikkje finne at det var lovleg å gjere ein slik «flat» auke. Eg undersøkte saka, og fekk stadfesta det. Kommunestyret hadde gjort vedtak etter den innstillinga dei hadde fått frå administrasjonen, og sekretariatet hadde sendt brev til leigetakarane og varsla auka på 10%. Når eg hadde sjekka (u-)lovlegheita hjå advokat, så sende eg ein epost til administrativ leiing og ba dei stoppe den varsla husleigeauken. Dette blei gjort, men administrativ leiing gav ikkje tilbakemelding til Kommunestyre om det ulovlege vedtaket og at dette var stoppa. Dei sende heller ikkje nytt brev til dei bekymra leigetakarane om at auken ikkje ville bli gjennomført. 1

År 2012 vedtak i Kommunestyret om auka husleige og ivaretaking av dei vanskelegstilte på bustadmarknaden Forslaget frå administrasjonen var å auke husleigene. Politikar Hege Lægreid Røssland fekk med eit tilleggspunkt om at det skulle utarbeidast rutinar/retningsliner som sikrar at vanskelegstilte på bustadmarknaden vart forsvarleg ivaretekne med omsyn til husvære og økonomi. Husleigene blei auka, men ingen tok ansvaret for punktet som Røssland hadde fått med i vedtaket. Eg problematiserte dette over lengre tid utan at nokon gjorde noko med det, og eg kom også med forslag til løysing På eitt møte eg var på så sa ein av dei øvste leiarane at «vi kan ikkje gå tilbake til politikarane og endre dette no, då dummar vi oss ut». Etter ei tid så tok den nye verksemdleiaren min ansvar, og gjennomførte ei midlertidig ordning med ein overkommeleg husleige i høve inntektene som dei aktuelle personane hadde. Seinare så vart det vedteke at dette skulle vere ei fast ordning. År 2016 På`an igjen Etter rundane over, og etter å ha jobba med både bustadforvaltning og med personar sin privatøkonomi over mange år, så har eg fått mykje kunnskap om begge deler. Eg har prøvd å dele kunnskap med deg, men du ønsker det ikkje slik eg oppfattar det. Eg vil likevel gje noko kunnskap vidare (i tillegg til den eg gav i brevet til Rådmannen av 30.08.16) til saka om å auke husleigene på kommunale bustadar for vanskelegstilte på bustadmarknaden. ULOVLEG VEDTAK Husleigelova har reglar som gjev leigetakaren eit sterkt rettsvern. Også eit leigeprisvern. Leigeprisvernet kjem fram av kapittel 4 i denne lova. Dersom kommunen vedtek å krevje at husleigene på eksisterande husleigeavtalar skal vurderast etter Husleigelova 4-3 om Gjengs leige, og då kun med grunnlag i ein pris pr kvadratmeter, så er dette ulovleg. «Gjengs leige føreset at ein må finna fram til kva som er vanleg leige i samanliknbare leigeforhold i same område, både med omsyn til storleik, standard, plassering og andre særskilte eigenskapar ved husrommet.» Dette er sitat frå eit skriv frå lokalt advokatkontor, som eg fekk frå dei i samband med det ulovlege vedtaket i 2010. Skrivet følgjer vedlagt. Det same står også i dokumentet frå Husleigetvist-utvalget, som også følgjer vedlagt. Å krevje endring av husleiga etter «Gjengs leige», kan faktisk også leigetakar krevje. Når, slik saksframstillinga seier, at der er dårleg standard på bustadar, så kan ikkje kommunen sette opp husleiga. Den må ned. Denne vurderinga ser eg ikkje er teke med i saka. Kvar einskild bustad skal vurderast etter ovannemnde kriteria, før husleiga kan fastsetjast etter Gjengs leige. Dette er også eit arbeid som kostar for kommunen, og som ikkje er tatt med på konsekvens-lista. (Under konsekvens er der ikkje eingong gjeve eit stipulert tal på utgiftene til personalkostnadar og økonomisk stønad/bustøtte. Korleis kan ein gjere vedtak utan også å ha eit omtrentleg tal på utgiftene?) 2

IKKJE ÆRLEG Eg har («fille»-)lese saksframstilling nr to (2016/1990-7). Og finn her fleire forhold som eg ser er uærlege overfor politikarane som skal ta avgjerd i saka. På første side står det at der til saka er motteke innspel frå faginstansane Rus- og psykiske helsetenester og NAV; «Deira kommentarar er innarbeidd i saksutgreiinga». Når det står at desse faginstansane sine kommentarar er innarbeidde i saka, og der ikkje står at nokre er utelatne, så omgår ein sanninga. Når eg ser kva kommentarar frå Rus- og psykiske helsetenester som er utelatne, så tenker eg at dette diverre er bevisst, då desse kommentarane ikkje støttar saka. - Den eine kommentaren er ei opplysning om at Rus- og psykiske helsetenester er kjend med, at kommunal bustøtte er utprøvd og gått bort frå i andre kommunar i vårt nærområde, då dette er tungvint, byråkratisk og fordyrande for kommunen. - Ein annan kommentar som ikkje er teke med i saka er, at Rus- og psykiske helsetenester meiner det ikkje er veldig mange personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden i Kvinnherad. Toppen 15 personar + husvære til flyktningar i 3 år. - Eg ser også at det blir referert til at Rus- og psykiske helsetenester har gjeve ein kommentar, som faktisk ikkje er gjeve til saka. Eg tenker at grunnen for at denne er skriven, er at den «passar» til formålet/ønske med saka om å auke husleiga. Rus- og psykiske helsetenester har også gjeve ein Uttale til denne saka. Dette står det heller ikkje noko om i saksframstillinga, og det vil eg seie er tilbakehald av ei viktig opplysning. Når det gjeld kva kommentarar NAV har gjeve, så veit sjølvsagt ikkje eg det ei heller kva kommentar som er teke med og evt ikkje teke med. Om eg hadde vore politikar så ville eg bedd om å få tilsendt dei nemnde kommentarane frå NAV, samt kommentarane og Uttalen frå Rus- og psykiske helsetenester. Då kunne saksframlegget ha vore meir ærleg. SAKSFRAMSTILLINGA viktig å skilje fakta og vurderingar Når ein skriv ei sak, enten det er ei sosial-, barnevern-, politisk sak eller andre offentlege saker, så skal ein tenke på mottakaren. Det er viktig at lesaren både klarer å forstå innhaldet og at lesaren lett klarer å sjå kva som er fakta og kva som er sakshandsamar sine vurderingar, argumentasjon o.l. Kva som er fakta og kva som er vurderingar m.v. er svært vanskeleg å sjå i sak 2016/1990-7. Her blir eks. Lov om sosiale tenester i NAV blanda inn gjennom størstedelen av saka, midt mellom vurdering/argumentasjon og andre opplysningar. Det blir såleis svært vanskeleg for lesaren å vite kva tid det er fakta som er skrive og kva tid det ikkje er fakta. Sitat og referanse frå lover er fakta, og skal stå for seg sjølv. Andre fakta skal også stå under ei overskrift som seier «Fakta». Vurderingar skal kome etterpå, og under vurderingar skal ikkje evt nye fakta takast inn. Dei skal puttast inn under faktadelen. 3

KOR MANGE GJELD DENNE SAKA EIGENTLEG og LEGALITETSPRINSIPPET I første saksframlegget (2016/1990-1) står der at det er 113 husvære som er «subsidierte». I andre saksframlegget ( 2016/1990-7) står det at det er 108 husvære dette gjeld. 5 husvære færre på to månadar. Kan det bli enno færre? I siste framlegget (andre avsnitt side 2) står det at personar har fått tildelt bustad uavhengig av om brukaren hadde mogelegheit til å skaffa seg bustad sjølv, og at dette har ført til at mange søknader med redusert husleige. Kva om ein byrjar «rydde» her, og følgjer definisjonen til departementet (NOU:2011) av kven som er vanskelegstilte på bustadmarknaden? På side 3 pkt 6. så står der «.. Det viser seg at fleire som ikkje var i målgruppa fekk husleiga subsidiert». Dette er i tilfelle brot på legalitetsprinsippet (alt vi gjer i offentleg forvaltning skal ha medhald i lov eller forskrift). Visst der ikkje er retningslinjer som er vedtekne i kommunen, som desse leigeforholda kjem inn under, så er dette eit legalitetsbrot og noko som må ryddast opp i. Eg har prøvd å spørje sakshandsamar om kor mange leigekontrakter dette kan gjelde, men sakshandsamar har ikkje noko svar på det. Talet «fleire», (og «ein del» - i epost-utveksling med sakshandsamar) er svært uklare tal i ei saksframstilling. Eg er oppteken av både dei personane vi skal hjelpe og av kommunen sin økonomi, og eg ser på ingen måte at det ikkje kan vere to sider av same sak. KONKURRANSE MED PRIVAT UTLEIGAR Dette vert i saka nemnt under pkt 1, for kvifor husleigene vert føreslege regulerte. Kvifor skal kommunen konkurrere med privatmarknaden, og vere aktør/drive business på lik linje med dei private aktørane? Er det ikkje tenester kommunen skal yte, til dei som treng det (her; bustadteneste)? Å leige ut bustadar er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunen. Til dei personane som den private marknaden ikkje vil leige ut, der er det kommunen må trø til. Rus- og psykiske helsetenester vurderer som sagt, at dette gjeld kun toppen 15 personar + Flyktningar i 3 år (tilsaman, ca 30 bustadar). Samanlikna med dette så har kommunen ein svært stor bustadmasse (241 bustadar seier 1.utgåva til saka). Kvifor har vi det, kan kommunen selje mange av desse bustadane? Evt til personar som allereie leiger bustadane (og som ikkje fyller vilkåra for å vere vanskelegstilt på bustadmarknaden)? ØNSKE FRÅ POLITIKARAR Eg vart oppringt av eit medlem i Levekårskomiteen, om eg kunne kome på møte deira og svare på spørsmål som dei måtte ha i denne saka. Eg sa at det kunne eg gjerne, men at eg tenkte det var best for meg at rådmannen blei spurd først, om dette var ok for han. Denne politikaren sende ein førespurnad til rådmannen, men fekk ikkje svar. Sjølv høyrde eg heller ingenting, men fekk i etterkant av møte høyre at rådmannen hadde sagt til møtelyden at «det var heilt unødvendig». Eg synes det er trist at rådmannen styrer over behov som politikarar uttrykke at dei har. FATTIGDOMSGRENSA All ære til Levekårskomiteen, som i møte med rådmannen i alle fall klarte å få med eitt punkt i saka, som tek vare på leigetakar. At dei personane som lever på fattigdomsgrensa ikkje skal få auka husleigene sine. Og så er det dette vanskelege då, at det å vurdere kven som er fattig er relativt. Då er det lettare å vurdere i høve konkret netto inntekt. 4

Eg ser i avisa (Kvinnheringen 9.11.16) at rådmannen seier der er nesten ingen minstepensjonistar igjen. Du seier her også (iflg avisa) at det er noko du ikkje forstår. Eg likar at du seier/innrømmer det, men det er alvorleg, og eg håper at dette brevet kan avklare noko om dette spørsmålet. Når folk flest tenker på minstepensjonistar, så har det hittil vore eldre personar vi har tenkt på. Og desse er det kanskje få av no. Dei personane som er minstepensjonistar, som Rus- og psykiske helsetenester heile tida har snakka om, og som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, er yngre personar (25-30 år og oppover). Dei har hatt mange vanskar i livet sitt og har ikkje hatt arbeid, eller klart å vere i arbeid som kunne gjeve høgare uføretrygd. Desse personane er minstepensjonistar, og dei har ei netto inntekt på kr 14.000 (16.000 ved «ung ufør»). Seinast i førre veke hadde eg kontakt med ein brukar der eg fekk innsyn i personen sin økonomi. Vedkomande hadde ArbeidsAklaringsPengar (AAP). Netto har vedkomande utbetalt kr 13.800 i månaden. MAKT OG ETIKK Kommunen har stor makt. Dei som er vanskelegstilte på bustmarknaden har også mange andre vanskar i livet sitt og dei er sårbare. Dei klare ikkje sjølve å fronte ei slik sak. Dette gjev eit særs stort ansvar til den som har makta, om å reflektere sterkt over etikken i det å auke ei kommunal husleige på ein slik måte at personen blir sosialklient og må leve på sosialhjelpsnorm for resten av livet sitt. Personar som går på trygd vil heller ikkje få auka inntekta si, sjølv om dei skulle få individuell oppfølging (ref saksframstillinga). Det er kommunen som har makta til å hjelpe leigetakaren i eit loslitt husvære, med diverse ikkje-reparerte forhold, til sjølv å krevje Gjengs husleige at husleiga vert sett ned p.g.a. eks. dårleg standard. ----- I det første brevet eg skreiv til deg i høve denne saka, så prøvde eg å skrive kort fordi det skulle vere lett å lese. Eg tenkte kanskje at du ville be meg om meir informasjon / deling av kunnskap (som det står i den nye organisasjonsplanen). Det gjorde du ikkje, og då sender eg dette lange brevet som eit tillegg til det første. Håper du les det og tek med noko av kunnskapen eg her deler med deg. Saka er offentleg, og eg deler difor også dette brevet «med det offentlege», i tillegg har eg skrive eit lesarbrev om saka. Vennleg helsing Møyfrid Kristoffersen psykisk helsearbeidar Vedlegg: - Dokument frå advokatfirma - Dokument frå Husleietvistutvalget PS Om du skulle lure på det, så har eg brukt fritida mi fleire dagar no, på å jobbe med denne saka. På jobb er det svært travelt, og eg hadde på ingen måte fått tid til dette i arbeidstida DS 5