STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL KRISEHANDSAMING INNANFOR INTERNASJONALE POLITIOPERASJONAR 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014
1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling, og det vert difor lagt vekt på livslang læring. Det er viktig å ha godkjende instruktørar for å kunne handsame opplæringa som samfunnet og politietaten krev. Dette gjeld for bachelorutdanninga og for undervising og instruksjon i regi av lokale politidistrikt. Instruktørutdanninga vert rekna som eitt av dei viktigaste bidraga Politihøgskolen gjev for å heve kompetansen i etaten. Internasjonale politioperasjonar inneber svært krevjande oppdrag og utfordringar som einskilde polititenestemenn og -kvinner ikkje møter i den daglege tenesta i Noreg. Operasjonane er meir komplekse enn før, og krev at sivile og militære partar samarbeider mot felles mål. I eit konfliktområde er det i ein overgangsperiode særleg viktig at internasjonalt sivilt politi, med mandat frå Dei sameinte nasjonane (FN), syter for tryggleiken i området. Utdanning til teneste i slike politioperasjonar følgjer gitte retningsliner frå FN for å sikre at alle bidragslanda har ei einskapleg utdanning, og at dei soleis legg til rette for naudsynt samarbeid under operasjonane. Politihøgskolen vil medverke til dette gjennom instruktørutdanninga. Instruktørutdanninga er utarbeidd og tilrettelagt spesielt for krav og utfordringar i samband med instruktøroppgåver innanfor sivil krisehandsaming under internasjonale operasjonar. Utdanninga gjev 20 studiepoeng. 2. Føremål Instruktørutdanninga skal medverke til å byggje kompetanse innanfor sivil krisehandsaming under internasjonale politioperasjonar, og vedlikehalde og utvikle kompetansen i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til oppgåveløysing. Utdanninga skal støtte ein einskapleg praksis og medverke til nettverksbygging. Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 1
3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er fagleg kompetente, motiverte og skikka tenestepersonar som har eller er tiltenkt rolla som instruktør i sivil krisehandsaming under internasjonale politioperasjonar. Politidirektoratet står for utlysing og opptak i samarbeid med Politihøgskolen. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politihøgskole-/politiskoleutdanning vere fast tilsette i politi- og lensmannsetaten med minst 6 års teneste etter fullført utdanning ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar ha minst éin tenesteperiode med internasjonale politioperasjonar vere medisinsk og fysisk skikka etter retningslinene frå FN Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Generell kompetanse Etter gjennomført instruktørutdanning skal studentane kunne: utøve instruktørrolla med auka innsikt og tryggleik arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gjennomføre instruksjonar lokalt og sentralt identifisere og vurdere etiske dilemma i læringssituasjonar forstå verdien av både forskings- og røynslebasert kunnskap forstå, formidle og diskutere faglege problemstillingar medverke til å utvikle fagområdet Studiet er lagt opp som fire hovudemne som samla skal gje studenten eit heilskapleg læringsutbyte. Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 2
4.1 Pedagogikk Emnet omfattar reflektert og gjennomtenkt planlegging pluss gjennomføring og evaluering av læringssituasjonar. Tolking av teori og refleksjon over praksis står sentralt. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: praksisteori og pedagogisk grunnsyn ulike læringsperspektiv motivasjon kompetanse og føresetnader for læring læringsstrategiar og arbeidsformer didaktikk o planlegging av læring og undervisning o vurdering og rettleiing i læring og undervisning grupper og danning av grupper kultur og mangfald Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane: gjere greie for omgrepet praksisteori vurdere det pedagogiske grunnsynet sitt forklare kva læring er og gjere greie for ulike syn på læring gjere greie for og nytte sentrale didaktiske modellar ved planlegging av læring 4.2 Fag Solid fagleg kunnskap er eit naudsynt grunnlag for å forstå faget. Kunnskapen kan vere både forskings- og røynslebasert. Fagleg innsikt er ein føresetnad for å arbeide som instruktør. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utvida kunnskap om: FN og fredsbevarande operasjonar rettslege rammevilkår for fredsoperasjonar internasjonale menneskerettar og folkeretten i krig, med særskilt fokus på vern av sivile og sårbare grupper og kjønnsrelatert vald kulturskilnader, etiske reglar og moral konflikthandsaming o reform av politiet og justissektoren og Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 3
o UNPOL i mentorrolla Etter avslutta utdanning har studentane grunnleggjande kunnskap om: andre aktørar og deira rolle kommunikasjon og forhandlingar personell og logistikk medvit og tryggleik Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane: gjere greie for korleis Dei sameinte nasjonane (FN) er organisert og arbeider, og kva moglegheiter og avgrensingar organisasjonen har forklare det juridiske rammeverket og retningslinene som gjeld for einskilde tenestemenn og -kvinner under internasjonale politioperasjonar forklare rolla politiet har i slike operasjonar og gjere greie for arbeidsmetodar som vert nytta under oppdraga (mandat) gjere greie for dei internasjonale menneskerettane og korleis desse er relaterte til praktisk politiarbeid forklare risikoen som teneste i konfliktområde kan innebere, og framvise personlege ferdigheiter som kan førebyggje risiko 4.3 Fagdidaktikk Fagdidaktikken knyter saman faget og pedagogikken. Det sentrale i fagdidaktikken er kva som skal lærast, kvifor det skal lærast og korleis ein skal leggje til rette for læring i dei einskilde faga. Kunnskapen om faget skal danne grunnlag for både faglege og pedagogiske vurderingar og val. Det vert òg lagt vekt på yrkesdidaktikken, det vil samanhengen mellom yrket og faget. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: kva som særmerker fagområdet «Sivil krisehandsaming under internasjonale politioperasjonar» yrkesdidaktikk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane: velje, forklare, nytte og vurdere gode metodar og strategiar for å lære sivil krisehandsaming under internasjonale politioperasjonar utnytte dei eksisterande rammene identifisere behovet for og gjennomføre faglege og pedagogiske endringar Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 4
forstå verdien av fagområdet i politiarbeidet og bruke det som grunnlag for å motivere deltakarane til læring 4.4 Praksis Praksis er ein gjennomgåande komponent i studiet. Det er viktig for det samla læringsutbytet å både praktisere og reflektere over praksis. Planlegging, gjennomføring, tilrettelegging og evaluering er sentrale prosessar knytt til praksis. Studentane skal rettleiast under praksis. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: læring i praksis evaluering av læring Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane: tilpasse instruksjon og undervising til ulike målgrupper og situasjonar motivere deltakarane for læring meistre varierte undervisingsformer bruke ulike pedagogiske og teknologiske hjelpemiddel gje konkret og målretta tilbakemelding vurdere læringsprosessane og læringsresultata til deltakarane vurdere korleis dei kan forbetre og vidareutvikle si eiga og andre si undervising samarbeide med andre instruktørar ta ansvar for langvarige kurs/utdanningar 5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som deltidsstudium med fellessamlingar og studiearbeid under og utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tek om lag 560 timar. Det omfattar undervising, øvingar, praksis, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 245 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gje studentane godt læringsutbyte og klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 5
med mykje studentaktivitet. Studentane skal medverke til gjensidig læring, mellom anna ved å rettleie og vurdere undervisinga til medstudentar. Ei nettbasert læringsplattform vert nytta til administrering og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjende før studentane kan ta eksamen: Ein utviklingsplan for eigen lærarkompetanse (denne skal vere utgangspunkt for ein samtale midtvegs i studiet). Planlegging, forklaring, tilrettelegging og vurdering av minst fire læringssituasjonar. Dette omfattar planleggingsdokument før undervisinga startar, gjennomføring av undervisinga og refleksjonsnotat etterpå. Ein plan for instruksjon/undervising som studenten sjølv utfører gjennom utdanningsperioden. Studentane skal med utgangspunkt i den eigne utviklingsplanen også levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom heile utdanninga. Notatet skal leverast 14 dagar etter siste samling. 6. Vurdering Den praktiske lærarkompetansen til studentane vert vurdert under heile utdanninga etter gitte kriterium som er forankra i skildringane av læringsutbyte. Dei som ikkje oppnår tilfredsstillande læringsprogresjon, må avslutte utdanninga. Studiet vert avslutta med ei praktisk prøve og ein munnleg eksamen. Studentane skal gjennomføre planlagt undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar. Etter den praktiske prøva følgjer ein munnleg eksamen. Karakterane er bestått/ikkje bestått. Begge prøvene må vere bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk litteratur Pedagogikk (605 sider): Bjørke, Gerd (2006): Aktive læringsformer. Oslo: Universitetsforlaget (130 sider) Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 6
Bjørndal, Cato RP (2011): Det vurderende øyet. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: Kapittel 1, 2, 3, 7, 8 (82 sider) Hiim, Hilde og Else Hippe (2009): Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kapittel 1 8 (117 sider) Strandkleiv, Odd Ivar (2006): Motivasjon i praksis. Oslo: Elevsiden DA (75 sider) Øiestad, Guro (2004): Feedback. Oslo: Gyldendal Akademisk. (100 sider) Kompendium: Andersen, Kjell (2003): Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: Teori i didaktikk og Yrkesdidaktikk side 77 102. (25 sider) Boge, Margunn, Markhus, Gunvor, Moe, Randi, Ødegaard, Elin Eriksen (2009): Læring gjennom veiledning. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: Ulike perspektiver på veiledning. (21 sider) Karlsen, Hilde (2011): Klare for arbeidslivet. NIFU rapport 42/2011. Pensum: Side 16 18 (2 sider) Lyngsnes, Kitt og Marit Rismark (2007): Didaktisk arbeid 2. utg. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: Kapittel 4. Teorier om læring (25 sider) NOKUT (2012). Om kvalifikasjonsrammeverket og sentrale begreper. Henta 3. mai 2012 frå http://www.nokut.no/no/nokuts-kunnskapsbase/det-norskeutdanningssystemet/nasionalt-kvalifikasjonsrammeverk/ (3 s) Strømsø, HI, Lycke, KH, Lauvås, P(red): Når læring er det viktigste. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Pensum: Kap. 6: Formativ vurdering i undervisningen (26 sider) Politifagleg litteratur Pensum skal vere oppdatert og aktuelt. Det politifaglege pensumet vert difor revidert før studiet vert gjennomført etter ny studieplan. Studieplan instruktørutdanning sivil krisehandsaming i internasjonale politioperasjonar Side 7