Sakshandsamar, direktetelefon Kristin B. Vindvad, 35 58 61 31 Vår dato 11.07.2016 Dykkar dato 13.06.2016 Vår ref. 2016/3152 Dykkar ref. Vinje kommune Vinjevegen 192 3890 VINJE Planstrategi for Vinje kommune 2016 2019 Synspunkt Vi har mottatt Planstrategi for Vinje kommune 2016-2019, som vi blir invitert til å kome med synspunkt til. Fylkesmannen har gått gjennom planstrategien og svarar samla. Vi har nokre tilbakemeldingar til arbeidet vidare med planstrategien. Generelt Målet med å utarbeide planstrategien er å klargjere kva for planoppgåver kommunen bør prioritere i valperioden for å leggje til rette for ei ønska utvikling, og også ta stilling til om kommuneplanen skal rullerast, både samfunnsdelen og arealdelen. Dette skal gjerast på grunnlag av analysar av status, utviklingstrekk og utfordringar kommunen ser. Dette er følgt opp i utkastet til planstrategi for Vinje kommune som vi har fått tilsendt. Det er utarbeidd eit utfordringsnotat og «Tal om Vinje» som grunnlag for både planstrategien og for arbeidet med samfunnsdelen, som allereie har starta opp. Vi ser positivt på at kommunen ser disse to prosessane i samanheng og utarbeider felles analysegrunnlag. Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, vedtatt ved kgl.res. 12.06.2015, skal leggast til grunn for arbeidet med den kommunale planstrategien. Forventningsdokumentet er likevel ikkje uttømmande for alle oppgåver og omsyn som kommunane skal ivareta, men må sjåast i samanheng med andre retningsliner, regelverk og rettleiingar. Vi har i utgangspunktet lagt dei nasjonale forventningane til grunn for våre synspunkt til planstrategi for Vinje kommune. Dei nasjonale forventningane set fokus på følgjande hovudområde: Gode og effektive planprosessar Berekraftig areal- og samfunnsutvikling Attraktive og klimavenlege by- og tettstadområde Vi ser at kommunen har gjort vurderingar av desse områda i arbeidet med planstrategien, og i vurderinga av kommunen sine behov for planar framover. Vi har likevel nokre innspel og tilbakemeldingar som vi ber kommunen ta med vidare. Postadresse Besøksadresse Telefon E-post Postboks 2603 Gjerpensg. 14, Bygg F, Skien 35 58 61 10 fmtepost@fylkesmannen.no 3702 Skien Organisasjonsnummer Telefaks Internett 974 762 684 35 52 85 90 www.fylkesmannen.no/telemark
Side 2 Forholdet til kommunereforma Interkommunalt samarbeid Vi ser at kommunereforma er kommentert i planstrategien, der det er vist til dei utgreiingane som er gjort i den samanheng. Kommunestyret har etter det fatta vedtak som tyder på at Vionje kommune framleis skal vere eigen kommune, men søkje samarbeid med nabokommunane. Den kommunale planstrategien kan også vere ein arena for å avklare behov og planoppgåver som kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid. Dette kan gjelde både innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging og tenesteyting. Samtidigheit i vurdering av planbehovet på tvers av kommunegrenser er eit viktig grunnlag for vurderinga av behovet for interkommunal planlegging. Vi kan ikkje sjå at eit evt. behov for interkommunal planlegging er drøfta i planstrategien, sjølv om det er tatt med ein oversikt over dei interkommunale samarbeida Vinje deltek i. Langsiktig arealbruk og samfunnsutvikling Det er sett krav om at planstrategien må ta stilling til om gjeldande kommuneplan heilt eller delvis skal reviderast. Planstrategien har ein slik vurdering av kommuneplanen, og det blir vist til at arbeidet med rullering av kommuneplanens samfunnsdel allereie har starta opp. Det er ein fordel om kommunen har ein langsiktig strategi for utvikling av arealbruken som heng saman med samfunnsutviklinga elles. Når det gjeld kommuneplanens arealdel blei den endeleg vedteken i 2012, etter mekling. Planstrategien konkluderer med at det er behov for å sjå på tema driftshytter og andre næringsbygg i LNF, spreidd hyttebygging og innspel om enkelttomter, som gir behov for ei mindre rullering. I utfordringsnotatet blir det vist til at kommunen har ein strategi om at hytteutbygginga skal prioriterast til kommunedelplanområde, og at ein i resten av kommunen skal leggje større vekt på andre interesser, som landbruk og grendeutvikling. Dette støttar vi. Vi vil og vise til føringane som ligg i Regional plan for samordna areal og transport i Telemark, vedteken i 2015, som m.a. gjev føringar om lokalisering av sentrumsfunksjonar og handel, og lokalisering av framtidig bustadbygging og tettheit. Disse føringane bør takast inn ved rullering av kommuneplanen med delplanar. Vi vil derfor oppmode om at alle kommunedelplanane blir rullerte i perioden, vi ser at for fleire av dei er dei vedteken i 1993. Det har kome mange endringar i statlege og regionale føringar etter den tid, i tillegg til ny planlov, som gjer at planane bør rullerast sjølv om dei framleis har tilstrekkeleg med areal til t.d. næring og bustader. Vi vil og gjere merksam på at landbruksministeren i brev datert 08.03.2016 har sendt ut nye og sterkare føringar når det gjeld å ta vare på viktige jordbruksareal, som ei oppfølging av nasjonal jordvernstrategi. Dette må følgjast opp i den vidare arealplanlegginga i kommunane, som del av ei heilskapleg, samordna arealplanlegging. Klima Vinje kommune er ein stor hyttekommune med vel 4000 hytter, noko som gjev særlege miljøutfordringar. Bruken er i stor grad bilbasert og det er liten grad av søppelsortering frå hyttene, vi tenkjer her og på byggeavfall. Ei så storstilt hytteutbygging gjev utfordringar når det gjeld både energibruk og naturbruk. Dette bør takast opp i samband med rullering av klima- og energiplanen.
Side 3 Det kjem fram av planstrategien til Vinje kommune at klima- og energiplanen skal rullerast i 2017, noko vi ser på som positivt. Endringane i klima er ein av dei verkeleg stor utfordringane vi står ovanfor i åra som kjem. Det vil krevja ein stor innsats frå kommunen når ein skal drive ei framtidsretta planlegging, der ein har som mål å redusere klimagassutsleppa for framtida. Det må også leggjast til rette for å tilpasse samfunnet til dei endringane som kjem. Vi oppmodar difor Vinje kommune til å utarbeide ein ambisiøs, men samtidig ein realistisk klima- og energiplan som er i tråd med statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging. Planen må syne kva for verkemiddel og tiltak ein skal bruke for å redusere utsleppa av klimagassane i kommunen. Klima- og energiplanen må vere eit levande dokument som vert nytta aktivt i all kommunal aktivitet, slik at ein sikrar at arbeidet med klima vert inkludert i alle dei sektorane kommunen har ansvaret for. Vi gjer merksam på den nye støtteordninga «Klimasats», der det blir årlege søknadsfristar. Støtteordninga kan bidra til finansiering av utgreiingsarbeid i samband med klima- og energiplanlegging, i tillegg til konkrete miljøtiltak. Sjå: : http://www.miljokommune.no/temaoversikt/klima/klimasats---stotte-til-klimasatsing-ikommunene/ Jf. infoskriv frå Fylkesmannen datert 15.04.2016. Folkehelsearbeid Forskrift om oversikt over folkehelsa 5 (jf. folkehelselova) sett som krav at kommunar skal utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år. Dette skal ligge føre ved når arbeidet med kommunen sin planstrategi etter plan- og bygningslova 7-1 og 10-1 startar opp. I planstrategien for Vinje kommune med tilhøyrande Utfordringsnotat er folkehelse tatt med som eit gjennomgåande perspektiv i kapitlet «Vinje ein god stad å vera for alle» og i utfordringsnotatet. Dersom det ligg føre eit eiga oversiktsdokument, i tillegg til det som går fram av utfordringsnotatet og «Tal om Vinje», ber vi i så fall om å få sendt det over til orientering. Samfunnstryggleik og beredskap Samfunnstryggleik og beredskap skal gjerast til ein del av den ordinære, langsiktige styringa av den kommunale verksemda, på bakgrunn av kravet om heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, sjå sivilbeskyttelseslova 14 og forskrift 3. Det er viktig at planstrategien trekker opp linjer innanfor området samfunnstryggleik og beredskap. Omsynet til samfunnstryggleik skal vere med i alt planarbeid og kan vere grunnlag for vurdering av nye planar eller revisjon av tidlegare planar. Kommunen er pliktig til å utarbeide ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som grunnlag for dette arbeidet. Denne analysen er premiss for overordna beredskapsplan. Funn i ROS-analysen legg ikkje berre føringar for arealbruken, men óg for øvrige strategival. Fylkesmannen oppmodar kommunen til å vurdere å utarbeide den heilskaplege ROS-analysen som en del av kommuneplanprosessen. Den kan utarbeidast som ein kommunedelplan. Overordna beredskapsplan skal, som nemnt, ha grunnlag i ROS-analysen. Den kan også
Side 4 utarbeidast som del av kommuneplanprosessen, til dømes som en handlingsdel til kommunedelplanen. At kommunen dette året arbeider med både planstrategi, samfunnsdelen av kommuneplanen, heilskapeleg ROS-analyse og overordna beredskapsplan er utfordrande med tanke på å skape den rette samanhengen mellom desse dokumenta. I utfordringsnotatet er temaet samfunnstryggleik og beredskap omtalt i kapittelet Tryggleik. Innleiande tekst her verkar noko snau. Her kan kommunen med fordel omtale samfunnstryggleik og beredskap sin plass på fleire område. Til dømes så er ferieperiodar med fleirdobling av folketalet ikkje berre eit økonomisk gode for kommunen, men også ei klar beredskapsutfordring. Det same kan ein seie om spreidd busetting, ei nasjonal hovudferdsleåre (E-134) som gjeng gjennom kommunen og ei aldrande befolkning. I tillegg seier utfordringsnotatet at ROS-analysen peiker på at ein ikkje er serleg utsett for naturfare. Her er det ikkje sagt noko om framtidige utfordringar knytt til klimaendringar, noko klimaprofilen for fylket, som er under arbeid, kan seie meir om. I planstrategien er det ikkje omtale av den heilskapelege ROS-analysen. Denne bør takast med, gjerne framfor overordna beredskapsplan, saman med oppfølgingsplanen frå analysen. Med helsing Helge Nymoen avdelingsdirektør Kristin B. Vindvad seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift
Side 5 Kopi til: Telemark fylkeskommune Postboks 2844 3702 SKIEN Kopi internt til: Simen Storøy Roger Jensen Jan W. Jensen Ruud