Planprogram: Kommunedelplan for trafikksikring / 2020 Øystre Slidre kommune

Like dokumenter
RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Planprogram: Kommunedelplan for trafikksikring /2020

Øystre Slidre kommune TRAFIKKSIKRINGSPLAN

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

Planprogram Trafikksikringsplan Ulvik Herad

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Kommunedelplan for trafikksikkerhet. Forslag til planprogram Nord-Aurdal kommune. Foto: Helge Halvorsen

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Planprogram. Arkivsak: 16/704 Arkivkode: 143 Q80 Sakstittel: KOMMUNEDELPLAN FOR TRAFIKKSIKKERHET

Skodje kommune Teknisk avdeling

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

PLANPROGRAM Kommunedelplan for trafikktrygging

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

ORGANISERING AV TRAFIKKSIKRINGSARBEIDET

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

TRAFIKKTRYGGINGSPLAN FOR VIK KOMMUNE

Samferdsel nasjonale og regionale retningslinjer

Planprogram for Kommunedelplan for trafikktrygging og samferdsle

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Framlegg Planprogram for kommunedelplan Trafikktrygging

Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP)

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy. Folkemøte

Ullensvang herad Sakspapir

Trygg og framtidsretta

Nord-Aurdal kommune Utvalgssak. Kommunedelplan for trafikksikkerhet Forslag til planprogram.

Skulebruksplan

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Kommunedelplan for trafikksikring

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Trafikksikringsarbeid i Hordaland fylkeskommune

PLANPROGRAM FOR KOMMUNAL TRAFIKKSIKKERHETSPLAN ETNEDAL KOMMUNE

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Klepp kommune P Å V E G. Kommunedelplan for trafikksikkerhet. rev. feb Innledning

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Planprogram (Høringsutkast) TRAFIKKSIKKERHETSPLAN

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Trafikktryggingsplan for Gaular kommune Vedteken av kommunestyret xx.xx.xxxx i sak xxx/xxx

Radøy kommune Saksframlegg

Statens vegvesen -vegforvaltar for fylkesvegar, og -statleg sektorstyresmakt

Statens vegvesen sin uttale til off. ettersyn detaljreguleringsplan - gnr. 144 bnr. 44 m.fl. - Korggardsvika - Husnes - Kvinnherad kommune

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ).

Statens vegvesen. Oversending av klage på vedtak. Gnr. 15 bnr Askøy kommune

Planprogram for trafikksikkerhetsplan for Nesset kommune Høringsdokument med høringsfrist

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Investeringsprogram for fylkesvegnettet til RTP. Presentasjon

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Fjell kommune Arkiv: 567 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Marit Selberg Sigurdson Dato: SAKSDOKUMENT

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplan for Grane Kommune

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Kommunedelplan for trafikksikkerhet. Planprogram fastsatt i kommunestyret Nord-Aurdal kommune. Foto: Helge Halvorsen

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Radøy kommune Saksframlegg

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Kommunal planstrategi innspel til arbeidet

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Planprogram Kommunedelplan: Trafikksikkerhetsplan Planprogram for revidering av trafikksikkerhetsplan Høringsversjon

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

HØYRINGSUTTALE - BRUFORSKRIFT FOR FYLKESVEG

Kommunedelplan trafikksikkerhet

Kommunedelplan for oppvekst

E39 Bogstunnelen Gaular grense

REGIONAL PLANSTRATEGI

PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL

Møtebok for Gaular kommune

Nore og Uvdal kommune. Trafikksikkerhetsplan

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

E39 Langeland-Moskog GAULAR KOMMUNE. Kortversjon av kommunedelplan med konsekvensutgreiing

PLANPROGRAM TRAFIKKTRYGGINGSPLAN HØYRINGSUTKAST

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Kommunedelplan for trafikksikkerhet Forslag til planprogram 2016

HANDLINGSPROGRAM FOR TRAFIKKSIKKERHET Vedlegg til Regional transportplan DREPTE HARDT SKADDE

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

Transkript:

Planprogram: Kommunedelplan for trafikksikring 2012 2016 / 2020 Øystre Slidre kommune

1. Innleiing 1.1. Kvifor utarbeider vi eit planprogram? I samband med iverksettinga av ny plan- og bygningslov (pbl) 1. juli 2009, vart det stadfesta som krav at det skal utarbeidast eit planprogram for alle kommunale planar som kan ha vesentleg verknad for miljø og samfunn ( 4.1, 1.ledd) Planprogrammet er det første dokumentet i ein planprosess og skal avklare rammer og premissar for planarbeidet. Tema som skal handsamast i kommunedelplanen, samt opplegg for informasjon og medverknad skal gå fram. Forslag til planprogram skal leggast ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. I dette planprogrammet vil det bli gjort greie for det vidare arbeidet med kommunedelplanen for trafikksikring 2012-2016, med langsiktig del fram mot 2020. 1.2. Lovgrunnlag Kommunedelplanen for trafikksikring har status som tematisk kommunedelplan innanfor samfunnsplanlegginga etter pbl, men utan heimel til bindande arealdisponeringar. I den grad det er naudsynt vil ein i dette planarbeidet kunna gje tilrådingar om arealdisponeringar til kommuneplanen sin arealdel. 1.3. Føremålet med planen Føremålet med ein kommunal trafikksikringsplan er å leggja grunnlaget for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid på lokalplanet. TS-planen er eit overordna grep med mål å få ned talet på ulykker og auke tryggleiken i trafikken. Planen skal også gje ein oppdatert gjennomgang av trafikksikringsutfordringar, og påverka aktørar til å delta aktivt i trafikktryggleiksarbeidet. Fokus på trafikksikring er først og fremst viktig for å redusera dei menneskelege konsekvensane, med alvorlege skader og tap av liv. I tillegg fører trafikkulykkene med seg store samfunnskostnader. TS-planen skal presentera utfordringar, målsetjingar og prioriteringar for trafikksikringsarbeidet i Øystre Slidre kommune på grunnlag av økonomiske rammer lagt i økonomiplanen til kommunen. Rådmannen ser behov for ein revisjon av gjeldande trafikksikringsplan. Kommunen sin del av handlingsprogrammet er i stor grad gjennomført. Ny skulestruktur gir nye trafikale utfordringar som igjen vil endre våre prioriteringar. På bakgrunn av forvaltningsreforma frå 2010 er ansvarsforholda på vegnettet endra.

2. Føringar 2.1. Nasjonale, regionale og lokale mål og føringar Stortinget vedtok i høve handsaminga av Nasjonal transportplan for 2006 2015 ein nullvisjon, med mål om eit transportsystem som ikkje fører til tap av liv eller varig skade. Nullvisjonen er det berande elementet for arbeidet med trafikksikring i Noreg. Som ein naturleg konsekvens av nullvisjonen fokuserar ein på satsingsområde som har størst verknad i høve til ulykker med høgt potensiale for døde og hardt skadde. I samband med forvaltningsreforma tok Oppland Fylkeskommune frå og med 1. januar 2010 over det politiske og administrative ansvaret for ein stor del av det tidlegare riksvegnettet deriblant våre hovudtrafikkåre gjennom kommunen. Riksveg 51 vart fylkesveg 51. Barn og unge er hovudfokus i nasjonal og regional trafikksikringsarbeid. Noko som vil prege arbeidet med vår trafikksikringsplan. Barn sin skuleveg involverar mange. Folkehelseperspektivet skal bli ivaretake i all kommunal planlegging, og planlegging etter plan- og bygningslova skal fremje befolkninga si helse og motverke sosiale helseskilnader. Universell utforming er nedfelt i plan- og bygningslova si formålsparagraf 1, og vidare eitt av fire hovudmål i Nasjonal Transportplan (NTP) 2010-2019. Styrande dokument og planar etter plan- og bygningslova må gjere greie for korleis universell utforming skal bli ivaretake. Planane skal sikre at hovudløysingane som blir valt, skal bli nytta av flest mogleg, i tråd med tilgjengelegheits- og diskrimineringslova. I høve til lokale planar legg gjeldande trafikksikringsplan, kommuneplanen sin arealdel og kommunedelplan for Beitostølen-området føringar for kommunen sitt trafikksikringsarbeid. Nasjonale, regionale og lokale føringar vert skildra i ei rekkje dokument. Av dei viktigaste bakgrunnsdokumenta for planen kan ein nemna: Nasjonal transportplan 2010-2019 Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2010-2013 Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2010-2013 Handlingsplan for trafikksikkerhet 2010-2013 Oppland Kommuneplanen sin arealdel, Øystre Slidre kommune Kommunedelplan for Beitostølenområdet 2011-2015 Strategiplan for politiets trafikktjeneste 2008-2011 Trygg Trafikk sin strategiplan 2010-2013 Ulukker i Noreg. Nasjonal strategi for førebygging av ulukker som medfører personskade 2009-2014 Rapport: Vegtrafikkulykker med personskader Oppland 2009 (med vedlegg) Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) Årsplan med budsjett Rapport: Trafikkløsninger i skolens nærområde (SVV) Rettleiingshefte: Kommunale trafikksikringsplaner. Planarbeid, innhold og oppfølging

2.2. Ansvarsdeling i trafikksikringsarbeidet Det er fleire forvaltningsnivå og organisasjonar som har ansvar for gjennomføring av trafikksikringstiltak i kommunen. 2.2.1. Øystre Slidre kommune Sektor for kultur utvikling og næring har ansvar for drift og vedlikehald av dei kommunale vegane samt fysisk bygningsmasse og uteareal ved m.a. våre skuler og barnehagar. Sektoren er administrativt ansvarleg for alt planarbeid i kommunen der m.a. trafikkplanlegging og trafikksikringsarbeid vil inngå vurderinga av alle typar planer. Sektor for skule og barnehage har ansvar for at elevane har ein trygg skuleveg eller skuleskyss ved farleg skuleveg. Sektoren har ansvar for trafikkopplæringa og anna førebyggande trafikksikringsarbeid der samarbeid mellom lensmannsetaten, Trygg Trafikk og skulen er viktig. Rådmannen har særleg ansvar knytt til beredskap og tryggleiksarbeid i den samanhang. 2.2.2. Oppland Fylkeskommune Etter vegtrafikklova 40a har fylkeskommunen et ansvar for å tilrå og samordne tiltak for å fremme trafikksikkerheten i fylket. I Oppland er Samferdselsutvalget fylket sitt trafikksikringsutval. Oppland fylkes trafikksikringsutval (OFT) er eit rådgjevande organ for utvalet i trafikksikringssaker. Fylkeskommunen fekk eit auka ansvar på vegområdet som følgje av forvaltingsreforma i 2010. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret i saker som gjeld fylkesvegane, der fylkeskommunen er bestillar og Statens vegvesen utførar. I saker som gjeld fylkesvegar er Regionvegsjefen underlagt fylkeskommunen. 2.2.3. Statens vegvesen Statens vegvesen er framleis sams vegadministrasjon for stam- og fylkesvegnettet. Vegvesenet har ansvar for at ferdsla på stam- og fylkesvegar er trygg for alle trafikkantgrupper. Dei planlegg, byggjer og har ansvar for vedlikehald av desse vegane. Tilknyting av avkjørslar til desse vegane vert regulert av Statens vegvesen. Vegvesenet har også ansvaret for planlegging og bygging av gang- og sykkelvegar langs stam- og fylkesvegane, samt ansvar for kontroll av køyretøy, køyre- og kviletid og bruk av bilbelte. 2.2.4. Lensmannsetaten Lensmannsetaten har ansvar for kontrolltiltak overfor trafikkantane, særleg når det gjeld fart og køyring i ruspåverka tilstand. Etaten skal medverke i det førebyggande arbeidet overfor trafikkantane med hovudvekt på dei ynskte. Slike tiltak vert som hovudregel gjennomført i samarbeid med skulen. Lensmannsetaten er utførande etat i samband med krise og særskilte beredskapstiltak som og kan gjelde akutt trafikksikring. 2.2.5. Trygg Trafikk Trygg Trafikk har eit særskilt ansvar for trafikkopplæring og informasjon om trafikktryggleik, og skal stimulere det friviljuge trafikksikringsarbeidet i kommunane. Dei kan yte fagleg bistand til m.a. skular og barnehagar gjennom kampanjar, kurs og undervisningsmateriell.

3. Statistikk over ulykker i Øystre Slidre Hovudutfordringa i trafikksikringsarbeidet er å redusere tal, omfang og alvorsgrad på ulykker. For å møte dette med prioriteringar og tiltak, er ein bunden av god dokumentasjon av ulykkessituasjonen. I planprosessen vil det bli skaffa fram detaljert oversikt over ulykkene med personskader i Øystre Slidre. Ei analyse av ulykkessituasjonen vil vera viktig for å prioritere rett trafikksikringstiltak på rett stad. 4. Status gjeldande plan Gjeldande trafikksikringsplan for Øystre Slidre kommune vart vedtake 20. mars 2003. Den har seinare vore revidert 4 gonger sist 22. mars 2006. Planen har denne visjon og målsetting: Visjon: Ingen drepne eller alvorleg skadde trafikantar i Øystre Slidre kommune. Alle skuleungar kan gå trygt til skulen. Auke tryggleik i trafikken for alle trafikantar. Gang- og sykkelveg på strekninga Beitostølen - Nord Aurdal grense. Mål: 1. Prioritere førebyggjande trafikkopplæring ved tverrfagleg samarbeid. 2. Byggje gang- og sykkelvegar langs riks-, fylkes- og kommunale vegar etter prioritert plan. 3. Byggje busslommer der dette manglar. Dette må prioriterast langs riksveg 51. 4. Betre vegstandarden, t.d. utbetre farlege parti og svingar, gjera tiltak for betre sikt. 5. Få minska fart ved å setja ned fartsgrensa på farlege strekningar. 6. Kommunen må prioritere reguleringsplanar i samsvar med prioriterte tiltak.

Handlingsdelen hadde slik vedtak: VEDTAK I KOMMUNESTYRET 20.03.03 Når det gjeld tiltak etter riks- og fylkesvegar, har sikring av skulevegen mellom Rogne samvirkelag og Rogne skule høgast prioritet. Dette må gjerast saman med opprusting av Fylkesveg 285, der strekninga frå Rogne samvirkelag til Høvshaugen må takast fyrst. VIDARE PRIORITERING AV TILTAK: A. Riksvegar statleg ansvar 1. Gang- og sykkelveg, Skammestein - Midtre Hegge skule, med utbetring av sikttilhøva i vegkryss mellom Rv 51 og Fv 289 i Skammestein 2. Betre sikttilhøva i krysset mellom Rv 51 og Fv 269 ved Storefoss, med forbikjøringsfelt ved avkjøring frå nord, til Sebu Bensin / Løkjiskogen 3. Utbetring av kryss Rv 51 / Vinstervegen (sikttilhøve) 4. Oppretting av Smådalssvingen 5. Veglys ved Rogne skule og Midtre Hegge skule 6. Gang- og sykkelveg, Sjukeheimen Heggenes Motell 7. Gang- og sykkelveg, Rogne skule Eriksen saga 8. Gang- og sykkelveg, Moane Skattebukrysset 9. Vurdere nærare behovet for busslommer langs rv 51 gjennom kommunen og utarbeide prioritert liste for desse. Trafikkregulering: 1. Gangfelt ved Rogne S-lag 2. Gangfelt ved Moane 3. Gangfelt ved Solhaug B. Fylkesvegar fylkeskommunalt ansvar 1. Gang- og sykkelveg Storefoss (Løken bru) Volbu 2. Gang- og sykkelveg Beito skule Beito 3. Gang- og sykkelveg Sælid x Rv 51 Heggebø 4. Forlenge strekninga med veglys på fv 270 frå Ygna elv avkjøring Liekren/ Hovi Trafikkregulering: 1. Fartsgrense på fylkesvegar skal generelt reduserast til 60 km/t C. Kommunale veger kommunalt ansvar 1. Veglys gangveg Høvshaugen Rogne barnehage (prioritert tiltak i 2006) 2. Fartsdemparar kombinert med nedsett fartsgrense til 40 km/t for Beitestølsvegen frå Rv 51 til P- plass ved Menkelie. Resten av vegen ned til Beito får redusert fartsgrense 60 km/t. 3. Fartsdemparar i kommunale bustadfelt med fartsgrense 30 km/t. Generelt: Utvida skuleskyssordning.

Tiltaket som har høgast prioritet i gjeldande trafikksikringsplanen ny gang- og sykkelveg mellom Rogne skule og COOP Rogne samt utbetring av fylkesveg 285 COOP Rogne Høvshaugen er vedtake påbegynt og vil starte opp i 2012! Av fysiske tiltak elles er få av dei gjennomført! Tiltak B4 er gjennomført av kommunen gjennom delfinansiering av tilskott frå trafikksikringsmidlar frå Oppland fylkes trafikksikringsutval. Det er sett opp veglys på gangveg Høvshaugen Solhauglie (tiltak C1) med same finansieringsmodell. Det er og gjennomført fartsreduserande tiltak i kommunale bustadfelt og på kommunale, fylkeskommunale og riksvegar. Gjennomførte trafikksikringstiltak som ikkje er med i prioriteringslista over er utbetring av Gamlevegen inkl. fartsreduserande tiltak samt veglys på delar av fylkesveg 269 ved Volbu torg i samband med nedlegging av Volbu skule og sikring av ny skuleveg og påstigingsstader for skulebuss. 5. Tema i kommunedelplan for trafikksikring 2012 2016 / 2020 5.1 Evaluering av gjeldande plan. I planprosessen vil ein drøfte om dei visjonar og mål som vart nedfelt i gjeldande plan framleis er aktuelle. 5.2 Visjonar 5.3 Ulykkesstatistikk og analyse av dei 5.4 Trafikkbelastning og fartsgrenser 5.5 Mål og strategiar for planen der det er naturleg å drøfte desse tema 5.5.1 Ulykkesreduserande tiltak 5.5.2 Prioritering av tiltak der det er størst behov 5.5.3 Informasjon og kampanjar, opplæring i skule og barnehage 5.5.4 Korleis skape trygge skuleområde, skulevegar og nærmiljø 5.5.5 Auke bruk av sykkel jfr. Nasjonal sykkelstrategi 5.5.6 Tilrettelegging for kollektivtrafikk, tiltak for å redusere biltrafikk 5.5.7 Auka fysisk aktivitet, tilrettelegging for å gå til skule 5.5.8 Auka framkomme 5.5.9 Overordna fysisk planlegging, arealbruk og lokaliseringspolitikk 6. Planprosess og medverknad 6.1. Organisering av arbeidet Nemnda for kultur, utvikling og næring har det politiske eigarskapet til planen med KUN-sektoren som sekretariat. 6.2. Medverknad Plan- og bygningslova set krav til planprosess og medverknad. Det vert lagt opp til utstrakt medverknad frå innbuarane i kommunen med gode høve til kontakt mellom innbuarane og KUN-nemnda. Det vil bli halde opne møte. Fagorgan som Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, lensmannsetaten, Trygg Trafikk og skulesektoren vil bli invitert inn på sitt nivå. Interesseorgan som FAU og organisasjonar for barn, unge, aktivitet og miljø vil og bli invitert inn i prosessen kring utarbeiding av ny trafikksikringsplan. Planprogrammet og seinare utkast til kommunedelplan for trafikksikring vert sendt ut til offentleg høyring.

6.3. Framdrift Det vert skissert ei framdrift slik tabellen under viser, men vi vil understreke at det er KUN-nemnda som eig prosessen og slik sett vil styre framdrifta. Har ein ambisjon om at handlingsdelen til trafikksikringsplanen skal inngå i kommunen sin økonomiplan for 2013-2016 må skisserte framdrift ligge til grunn. Framdriftsplanen har tre hovudfasar: oppstart utgreiings- og vedtaksfase. Fase Aktivitet Tidspunkt Medverkande Oppstartfase Vedtak om oppstart Utarbeiding av planprogram Desember 2011 Kommunestyret Desember 2011 KUN Høyring av planprogram (6 veker) Januar 2012 Innbuarane Utgreiingsfase Bearbeiding av planprogram Mars 2012 KUN Politisk måldebatt Innspel frå fagetatar KUN-nemnda SVV,OFK, lensm, TT, FAU Folkemøte / innspel / idédugnad April 2012 KUN-nemnda, Innbuarane Utarbeiding av planutkast Juni 2012 KUN Vedtaksfase Politisk godkjenning av planutkast August 2012 KUN-nemnda Offentleg ettersyn September 2012 Innbuarane Politisk behandling av økonomiplan Oktober 2012 Formannskap, KUN-nemnd Vedtak av endeleg kommunedelplan Desember 2012 Kommunestyret