Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Like dokumenter
Justisdepartementet høring: Rapport fra arbeidsgruppe som har vurdert brann- og redningsvesenets organisering og ressursbruk

Vest-Telemarkrådet. Høyringsuttale gjeldande rapport om brann- og redningsvesenets organisering.

Saksnr. Utvalg Møtedato 14/13 Fylkesutvalget

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Dykkar ref: Vår ref Sakshand: Arkivkode: Dato:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Sakshandsamar: Sverre Sæter, Saeter,

Melding om vedtak. KOMMUNAL- OG MODERNISERINGS- DEPARTEMENTET Postboks 8112 DEP 0032 OSLO. 2017/ Sigrid Bjørgum

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh : Arkivkode: Dato: 06/ Tove Neset, C84 & tove.

Klage frå Fyresdal kommune over Politidirektoratet si avgjerd av 13. januar 2017 om endringar i lokal struktur i Sør-Øst politidistrikt

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes formannskap. Rådmannens innstilling Fosnes kommune har følgende høringsuttalelse til Brannstudien:

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

BÆRUM KOMMUNE RÅDMANNEN

Brann- og redningsvesenets organisering og ressursbruk forslag om ny organisering av brann- og redningstjenesten

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Et trygt og robust samfunn - der alle tar ansvar

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Viser til til vedlagt utskrift av vedtak gjort i Masfjorden formannskap den

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Høyring NOU 2013:9 Ett politi rustet til å møte fremtidens utfordringer. Uttale frå Gulen kommune.

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter,

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Utval for Eigarskapstruktur. Informasjonsmøte Atle Dåvøy, utvalsleiar

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

Planlagt behandling i følgende utvalg: Sak nr.: Møtedato: Votering:

HØRING - RAPPORT FRA ARBEIDSGRUPPE SOM HAR VURDERT BRANN OG REDNINGVESENETS ORGANISERING OG RESSURSBRUK

Kvam herad. Arkiv: N-550 Objekt:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader:

Forvaltningsreforma - høyringsnotat om forslag til nye oppgåver til det regionale folkevalde nivået

Høyringssvar - val av administrasjonsstad for nye Møre og Romsdal politidistrikt

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Vinje kommune. Rådmannen. NOU 2006:2 Staten og Den norske kyrkja - høyring

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Saksnr Utval Type Dato 039/18 Formannskapet PS

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.:

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret Kommunestyret vil i samband med kommunereforma utgreie følgjande alternativ:

Aktuelle saker fra DSB

HØRING, BRANN- OG REDNINGSVESENETS ORGANISERING OG RESSURSBRUK, UTTALELSE FRA VENNESLA KOMMUNE

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Dykkar ref. Vår ref. Dato: Saksnr 2015/ /86 7-7/FA-X37, T/-&1 3//N VB

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteinnkalling

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Planprogram Interkommunal kommunedelplan for heilskapleg risiko- og sårbarhetsanalyse (ROSanalyse) og beredskapsplan for Midt-Telemark kommune

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

MØTEINNKALLING. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 13:30

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L /12 Jørn Trygve Haug

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

SAKSDOKUMENT. Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume

2 av 17 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltarkommunar i Bergen og Omland

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

2 av 38 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 013/16 16/339 Faste saker 014/16 16/331 Tilbod på økonomiske analys

Informasjonsnotat / orientering

Finnøy kommune Fellestenester

Klage frå Nesset kommune over Politidirektoratet si avgjersle av 13. januar 2017 om endringar i den lokale strukturen i Møre og Romsdal politidistrikt

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

Transkript:

Ordføraren Justis- og beredsskapsdepartementet Postboks 8005 Dep 0030 OSLO Melding om vedtak Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,35 06 81 07 K24 17.02.2014 berit.lundeberg@kviteseid.kommune.no Høyring: Framlegg til ny organisering av brann og redningstenesta - framlegg frå arbeidsgruppe Her følgjer særutskrift av Kommunestyret si sak nr. 9/14. Rett utskrift Berit Lundeberg formannskapssekretær Postadresse: Kviteseidgt. 13 Telefon: 35 06 81 00 Bankkonto: 2660 07 00145 3850 KVITESEID Telefaks: 35 06 81 01 Foretaksnr.: 964 963 827 E-post: post@kviteseid.kommune.no Heimeside: www.kviteseid.kommune.no

Kviteseid kommune Arkiv: K24 Saksmappe: 2013/917-8 Sakshand.: Hans Bakke Dato: 03.02.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 9/14 12.02.2014 Høyring: Framlegg til ny organisering av brann og redningstenesta - framlegg frå arbeidsgruppe Vedlegg: 1 Samandrag av rapport med framlegg til ny organisering av brann og redningstenesta Faktiske tilhøve: Bakgrunn Justis- og beredskapsdepartementet (JD) ga 5. oktober 2012 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i oppdrag å opprette og leie ei arbeidsgruppe som skulle sjå på brann- og redningsvesenets organisering og ressursar. Rapporten frå gruppa kan lesast på nettsida: http://www.regjeringen.no/nn/dep/jd/dokument/hoyringar/hoyringsdokument/2013/brannstudien/horingsno tat.html?id=747759 Arbeidsgruppa si hovudoppgåve har vore å utrede korleis dei samla ressursane som blir nytta i brann- og redningsvesena i dag, kan nyttast best mogleg og i samhandling med andre beredskapsaktørar for å nå dei nasjonale måla i St.meld. nr. 35 (2008 2009) Brannsikkerhet: Færre omkomne i brann Unngå tap av uerstattelege kulturhistoriske verdiar Unngå brannar som lammar kritiske samfunnsfunksjonar Styrka beredskap og handteringsevne Mindre tap av materielle verdiar Arbeidsgruppa sitt mandat går fram av vedlegget. Mellom anna fekk gruppa i mandat å Skildre og vurdere dagens regelverk, organisering og dimensjonering av de kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og nødalarmeringssentralane (110- sentralene). Utrede og foreslå tiltak og alternative løysingsmodellar som skal sikre at dei samla ressursane kommunane brukar på brann- og redningsvesenet og naudalarmtenesta for - 2 -

brann, vert utnytta best mogleg og i samhandling med andre beredskapsaktørar, for å møte utfordringane i framtida og samfunnet sine behov. Gjere greie for økonomiske og administrative konsekvensar av dei ulike forslaga til tiltak og løysningsmodellar. Forslaga skal være innanfor dei samla ressursane som kommunane i dag nytter på brann- og redningsvesen. Mandatet opna ikkje for å vurdere flytting av ansvaret for å etablere og drifte brann- og redningsvesenet. Oppgåvene skal framleis vera eit kommunalt ansvar. Innhald Arbeidsgruppa meiner det brannvesenet me har i dag er for fragmentert og består av for små einingar til at dei kan få god nok kompetanse til ivareta samfunnet sine utfordringar i åra framover. Det nemnes fleire heimebuande eldre som utgjer ein større brannrisiko, mange og lange tunellar, m.m. Det vert og hevda at denne strukturen reduserar evna til å handtere større hendingar og at det gjer samhandling med dei andre naudetatane meir krevjande. Når det gjelder førebuing og handtering, understrekar arbeidsgruppa at den lokale beredskapen må oppretthaldast. Dette medfører at fyrsteinnsatsen knytt til ei hending framleis skal vera lokalisert spreidd utover landet. Ny modell må derfor leggje til rette for at personell og tilstrekkeleg med utstyr kan lokaliserast slik at kravet til responstid vert innfridd (førsteinnsats). Det må også leggjast til rette for lokalkunnskap og utvikling av kompetansen hjå mannskapa. Vidare må det i ny modell leggjast til rette for tilgang til tilstrekkelig utstyr og robuste kompetansemiljø for å kunne handtere komplekse og store hendingar (tilleggsinnsats). Det må leggjast til rette for heilskapleg og effektiv leiing av hendingar og best mogleg grunnlag for samhandling/samarbeid med andre beredskapsaktørar. Rapporten drøftar og det demokratiske perspektivet knytt til lokalpolitisk styring og samhandling med resten av den kommunale verksemda. På denne bakgrunn har gruppa peika på tre ulike modellar for ny organisering. Alle byggjer på prinsippet om oppretting av eit interkommunalt selskap IKS som får delegert det fulle ansvaret for brann- og redningstenesta. Modell 1 - fylkesmodellen: Eit felles IKS driv brann- og redningsteneste for eit område tilsvarande den etablerte fylkesinndelinga. Arbeidsgruppa si grunngjeving for denne modellen er at det må vurderast ein organisasjon som er betrakteleg større enn dei fleste av dagens brannog redningsvesen, og at dei etablerte administrative fylkesgrensene er eit naturleg utgangspunkt for denne modellen. Modell 2 100 000 innbyggjarar: Tilsvarande organisering som modell 1 men basert på eit område på minst 100 000 innbyggjarar, eller at ein følgjer fylkesgrensene. Denne modellen vil for nokon fylke bli lik modell 1, men gir ein fleksibilitet innanfor dei største fylka. Modell 3 15 000 innbyggjarar: Tilsvarande organisering som modell 1 men basert på eit område på minst 15 000 innbyggjarar. Dette er ein modell som inneber minst endring i høve dagens situasjon. Felles for alle modellane vil vera at naudalarmsentralane (110-sentraler) skal dekkje eit større geografisk område og fleire innbyggjarar enn i dag. Arbeidsgruppa tilrår at modell 1 vert vald. Dette fordi dei meiner modellen gir størst rom for økonomisk effektivisering, og dermed høve til å omdisponere ressursar til andre prioriterte formål. Et anna viktig argument for arbeidsgruppa har vore at dei meiner modell 1 sannsynligvis gjennomgåande vil gi større og meir robuste einingar, og dermed høgare kvalitet på tenestene. - 3 -

Vurdering: Rapporten gjev ei omfattande analyse av brann- og redningstenesta sine oppgåver og utfordringar framover. I sine konklusjonar legg rapporten stor vekt på at mange små einingar svekkar kompetansen og dermed evna til å løyse større hendingar og nye komplekse utfordringar. Mykje av det som kjem fram her kan nok vera rett, men som det går fram av tabellen nedanfor har 225 av 316 brannvesen eit dekningsområde mindre enn 10 000 innbyggjarar. Dei fleste av desse er i hovudsak bygd opp av mindre brannvesen med deltidsmannskap. Dei har dermed ofte ein annan jobb ved sidan av og har slik sett mindre tid og kapasitet til å øve og tileigne seg ny kompetanse. Sjølv ei endring i tråd med modell 3 15 000 innbyggjarar, bør derfor kunne bidra til meir robuste einingar som kan vera i stand til å møte dei nemnde utfordringane. Dessutan er dette små og fleksible einingar som består av lokalt personell som har svært god lokalkunnskap og kort responstid. Sett i høve til den kritikk som har vore retta mot andre andre naudetatar ved større hendingar dei siste åra, synes det som dei små og lokale brannvesena løyser sine oppgåver på ein relativt god måte. M.a. sikrar den tette lokale forankringa ei god samhandling med andre offentlege og private samarbeidspartar når krisesituasjonar oppstår. Dette synest noko undervurdert i dei vurderingane som kjem fram i rapporten. Responstida er også jamt over god for desse mindre lokale einingane. Tilsvarande synes det kanskje som ein også overvurderar noko potensialet for effektiviseringsgevinsten ved å etablere ei felles leiing av så mange mannskap spreidd utover eit så stort område som eit fylke. For å oppretthalde ei tilstrekkeleg responstid må det jo framleis vera mange brannstasjonar rundt om i fylket. Moglegvis kan dette føre til unødig oppbygging av administrative ressursar og mykje reiseverksemd for å styre ei så stor og fragmentert eining. Det vert drege fram at gruppa har lagt stor vekt på omsynet til demokrati, styring og kontroll. Det kan tyde på at gruppa har liten erfaring med å utøve eit aktivt eigarskap i eit så stort IKS som modell 1 legg opp til. Kviteseid kommune har brei erfaring med denne problemstillinga gjennom eigarskap i mange IKS. Alt frå noverande brannvesen med ansvar for feiing og tilsyn i 6 eigarkommunar, til IKA Kongsberg med nesten 40 eigarkommunar. Erfaringane med denne form for samarbeid er at dei er krevjande nok å styre med 6 eigarar. Med 10 30 eigarar blir føresetnadane svært ulike og kommunestyret sin moglegheit for å styre ei slik teneste blir svært avgrensa. - 4 -

Slik sett synest det meir naturleg å gå for modell 3. Det vil kunne sikre eit visst minimum av storleik med tanke på å lage organisasjonar som er så store at det gjev grunnlag for ei profesjonell leiing og tyngre administrativ støtte, ikkje minst i høve til kompetanseutvikling. Mykje talar derfor for at ein framtidig organisasjonsmodell bør vera om lag som modell 3 med 15 000 innbyggjarar, tilsvarande om lag kommunane i Vest-Telemark. Dersom kommunestyret stør dette synet bør det gje grunnlag for å ta fatt i den utgreiinga som alt ligg føre for å etablere eit felles brann- og redningsvesen i Vest-Telemark. Då denne rapporten vart drøfta i siste møte i Vest-Telemarkrådet, synes det å vera semje om at modell 3 var den beste og at arbeidet med å etablere eit felles brannvesen i Vest-Telemark bør takast opp att. Rådmannen si tilråding: 1. Kviteseid kommune støttar hovudprinsippet i rapporten om brann- og redningsvesenet som konkluderar med at det trong for organisering av større einingar for brann- og redningsvesen i Noreg. 2. Med bakgrunn i dei kritiske merknadane som kjem fram i saksutgreiinga, vert det tilrådd at ein etablerar einingar som tilsvarar modell 3 15 000 innbyggjar pr eining. 3. Kommunestyret vil på denne bakgrunn be rådmannen ta initiativ til å ta opp att arbeidet med å organisere eit felles korps av beredskapspersonell underlagt Vest-Telemark brannvesen IKS. Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.02.2014 Behandling i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: 1. Kviteseid kommune støttar hovudprinsippet i rapporten om brann- og redningsvesenet som konkluderar med at det trong for organisering av større einingar for brann- og redningsvesen i Noreg. 2. Med bakgrunn i dei kritiske merknadane som kjem fram i saksutgreiinga, vert det tilrådd at ein etablerar einingar som tilsvarar modell 3 15 000 innbyggjar pr eining. 3. Kommunestyret vil på denne bakgrunn be rådmannen ta initiativ til å ta opp att arbeidet med å organisere eit felles korps av beredskapspersonell underlagt Vest-Telemark brannvesen IKS. - 5 -