Møteprotokoll Verneområdestyre for Nærøyfjorden Utval: Møtestad: Kulturhuset, Voss Dato: 03.05.2012 Tidspunkt: 10:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leder AUR Hans Erik Ringkjøb Nestleder VOSS Marta Finden Halset Medlem VIK Jan Geir Solheim Medlem LÆR Eva Hage Solstad Medlem SFFK Aslaug Hellesøy Medlem HOFK Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmar møtte: Namn Møtte for Representerer Merknadar Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær verneområdestyre Tom Dybwad Seniorrådgjevar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Følgjande bisitjarar møtte: Magnhild Aspevik Lærdal kommune Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.
Saksliste Utvalssaksnr ST 24/12 ST 25/12 ST 26/12 ST 27/12 ST 28/12 ST 29/12 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Underskrift av protokoll frå forige møte Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til landing med helikopter hjå Grindaflethytta i samband med frakt av ved og proviant Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til å flytta landingsplass for helikopter under Ekstremsportveko 2012 Nærøyfjorden verneområde - fordeling av tiltaksmidlar Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til oppretting av natur- og kultursti på Fronnes RS 1/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - Vedlikehaldsarbeid på Jordalsvegen RS 2/12 Orientering: Fråsegn til planar om bygging av Holmen kraftverk i Jordalselva - erstattar fråsegn av 12.04.2012 Oppsett av møteplan for verneområdestyret Det vart ikkje sett opp møteplan. Møta vert sett opp etter behov. 2012/1860 2012/1582 2011/4757 2012/2001 2012/1862 2006/2610 Synfaring for styret til Dyrdal og Styvi i juni/august, landbruksdrift på Styvi/Dyrdal Styret tek synfaring på Styvi 8. juni, med styremøte etterpå. Bakgrunnen for synfaringa er landbruksdrifta på Styvi, og bygging av landbrukskai i Dyrdal. Oppstart av arbeid med nettside for Nærøyfjorden verneområde Sekretær orienterte om at alle verneområde skal oppretta eigne nettsider i løpet av 2012. Møtegodtgjering og reieserekning Sekretær sender ut skjema. Medlemane sender inn skjema for møtegodtgjering og reise etter kvart møte. Fråsegn til konsesjonssøknad om bygging av Holmen kraft i Jordalselva. Tom Dybwad orienterte om fråsegnene frå Fylkesmannen i Hordaland og frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til NVE. Fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane var forvaltningsstyremakt for verneområda i Nærøyfjorden då planar for bygging av Holmen kraft starta opp, og har gjeve løyve etter verneforskrifta for bygging av kraftverk på visse vilkår. Det er difor, etter retningslinjer frå Miljøverndepartementet, fylkesmannen som skal fylgje opp saka vidare etter verneforskrifta.
Kjentmannskøyring for Røde Kors hjelpekorps. Verneområdeforvaltarane i Sogn og Fjordane planlegg eit møte til hausten med Sogn og Fjordane Røde Kors og leiarane for Røde Kors hjelpekorps i Sogn og Fjordane og Hordaland, for å drøfta behovet for kjentmannskøyring i verneområda. Dette vil vera ei oppfylging av løyvet som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gav Sogn og Fjordane Røde Kors til kjentmannskøyring for hjelpekorpsa i verneområda i fylket for åra 2010 og 2011. Vegen frå Dyrdal kai til Drego Store deler av vegen i Dyrdal vart øydelagt av flaumvatn i vinter. Sekretær var på synfaring på vegen saman med Aurland kommune og grunneigarar i Dyrdal. Vegen er viktig for tilkomst til beite og stølar i verneområdet, og er ein innfallsport til verneområdet. Verneområdestyret vil vurdera om noko midlar til skjøtsel av vegen kan takast med i tiltaksplan med skjøtselsmidlar i 2013 (bestillingsdialogen). Sidan Dyrdal er ein del av nasjonalt kulturlandskap i Nærøyfjorden, vil Fylkesmannen i Sogn og Fjordane bidra med noko midlar (kr. 10 000,-) til reparasjon av vegen i 2012. ST 24/12 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og dagsorden vart godkjent med ein merknad. Referatsak RS 2/12 skal ikkje vera ei referatsak, men ei orienteringssak for styret. ST 25/12 Underskrift av protokoll frå forige møte Protokoll frå møte i verneområdestyret 13.03.12 vart godkjent og underskrive av styret. Protokoll frå møte i arbeidsutvalet for verneområdestyret 22.03.12 og 30.03.12 vart godtkjent og underskrive av styret. ST 26/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til landing med helikopter hjå Grindaflethytta i samband med frakt av ved og proviant Handsaming i møte:
i tråd med innstilling frå forvaltar Verneområdestyret for Nærøyfjorden gjev Voss Utferdslag løyve til: Landing med helikopter ved Grindaflethytta i Nærøyfjorden landskapsvernområde for naudsynt transport til hytta. Transporten skal avgrensast til ein dag, med inntil 3 turar. Løyvet gjeld landing fredag 15.06.12. Dersom veret gjer at oppdraget må skuvast i tid, skal sekretariatet for veneområdestyret, eller SNO ha melding om det. Det vert ikkje gjeve løyve til motortransport på søndagar. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta 3 punkt 2.3 og gjeld med følgjande vilkår: Statens Naturoppsyn (SNO) for Nærøyfjorden, Kristoffer Ullern Hansen (mob. 97097720) skal varslast på førehand. Dette gjeld også dersom det vert endring av dag for flyging. SNO vil opplyse om det må takast spesielle omsyn under helikoptertransporten, og kan om naudsynt krevje at transporten vert utsett av omsyn til naturmiljø og dyreliv Sekretariatet skal ha skriftleg tilbakemelding innan 01.08.2012 om gjennomført transport. Me gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld tilhøvet til verneforskrifta, og ikkje lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Eigen søknad må sendast Voss kommune. ST 27/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til å flytta landingsplass for helikopter under Ekstremsportveko 2012 Handsaming i møte i tråd med innstilling frå forvaltar Verneområdestyret for Nærøyfjorden gjev løyve til å flytte landingsplassen for helikopter frå Nebbet til Sparkling, som vist i kart vedlagt søknaden, under Ekstremsportveko 2012 og 2013, med tilvising til verneforskrifta og naturmangfaldlova 48 (som erstattar verneforskrifta 4). Løyvet er gjeve på dei same vilkåra som går fram av brev av 23.01.2009. I tillegg ber vi om å få melding dersom Ekstremsportveko får kjennskap til at det vert sett rovfugl i området under arrangementet. Vi gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld etter verneforskrifta, og ikkje etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med tilhøyrande forskrift. Eigen søknad må sendast Aurland kommune.
ST 28/12 Nærøyfjorden verneområde - fordeling av tiltaksmidlar Handsaming i møte Sekretær gjekk gjennom tildelte midlar til verneområdet. Kristoffer Ullern Hansen og Tom Dybwad kom med utfyllende opplysningar om tiltaka som var sett opp. Midlane for 2012 er tildelt på bakgrunn av prioriterte tiltak som førre verneområdestyre sette opp. Verneområdestyret prioriterte innmeldte tiltak i bestillingsdialogen etter plan, med fylgjande endringar: Tiltak 3: Beiting og gjerde, Drego i Dyrdal redusert frå kr. 150 000 til kr. 50 000 Tiltak 10: Info og tilretteleggingstiltak redusert frå kr. 100 000 til kr. 50 000 Tiltaksmidlane vert nytta med kr. 60 000 til finansiering av prioriterte tiltak i bestillingsdialogen. Resterande kr. 70 000 skal nyttast til søknader på prosjekt som kjem inn til verneområdestyret i 2012. Tiltaka må vera i samsvar med forvaltningsplan for Nærøyfjorden verneområde. Orientering om tiltaksmidlane vert lagt ut på heimesidene til kommunane i verneområdet. ST 29/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til oppretting av naturog kultursti på Fronnes Handsaming i møte i tråd med innstilling frå forvaltar med ei tilføying: oppsetting av to informasjonstavler og 10 mindre informasjonsskilt. Verneområdestyre for Nærøyfjorden gjev SNO-Aurland løyve til: Oppretting av natur- og kultursti på Fronnes. Løyvet inneber rydding og merking av sti slik SNO og Fylkesmannen gjekk opp traseen for natur- og kulturstien saman på synfaring i 2010, og inkludert oppsetting av to informasjonstavler og 10 mindre informasjonsskilt Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta 3 punkt c), og gjeld med fylgjande vilkår: SNO Aurland har ansvar for gjennomføring av tiltaket. SNO skal vedlikehalda natur- og kulturstien. Merking av sti og informasjon skal vera etter mal for merking i verdsarvområdet. Arbeidet skal gjennomførast etter føringar lagt i skjøtselsplan for Fronnes
RS 1/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - Vedlikehaldsarbeid på Jordalsvegen RS 2/12 Fråsegn til planar om bygging av Holmen kraftverk i Jordalselva - erstattar fråsegn av 12.04.2012