40 S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) Skade av hjort på innmark Synnøve Rivedal synnove.rivedal@planteforsk.no Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag Hjortebeiting på attlegg og ung eng fører til reduserte avlingar, særleg der ein sår timotei og engfrøblanding. Etter få år endrar botanisk samansetning seg slik at mykje av timoteien vert erstatta av villgras. Fôreiningskonsentrasjonen og til dels proteininnhaldet er høgare i gras som er utsett for beiting enn i gras utan beitepåverknad når ein haustar på same tidspunkt. Likevel er avlingstapet for ny eng som er utsett for sterk hjortebeiting stort. I gjennomsnitt for dei tre første engåra er avlingstapet ved hausting for engfrøblanding 300 Fem/daa og år. Registreringar i eksisterande eng i Eikås Storvald i Jølster syner eit lågare avlingstap. I 2004 var det gjennomsnittlege avlingstapet på 68 Fem/daa, men det varierer mykje mellom bruk. Avlingstap som følgje av hjortebeiting representerer store økonomiske verdiar, og tapet er ulikt fordelt mellom grunneigarar. Det er ei utfordring å finne ein rettferdig måte å jamne ut desse skilnadane. Dette er eitt av måla i prosjektet Kostar hjorten meir enn han smaker? der ein ynskjer å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter frå hjorten. Innleiing Aukande hjortestamme Hjortestamma på Vestlandet har auka svært mykje dei siste tiåra. Fellingsstatistikken over år kan gje eit visst bilde av utviklinga. I Sogn og Fjordane har tal felte dyr auka frå 1293 i 1975 (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 2000) til 8 591 i 2003 (Statistisk Sentralbyrå 2005). Fellingsprosenten auka i same perioden frå 46 til 74%. Legg ein til Hordaland og Møre og Romsdal kjem talet opp i 20 557 felte dyr i 2003. Dette er 82% av dyra som blir felte på landsbasis. Utviklinga har ført til at hjorten no er ein viktig utmarksressurs som representerer store verdiar for grunneigarar og jegerar i form av kjøt, utleige og rekreasjon. På same tid registrerer ein at hjorten gjer stor skade på innmark og skog. Hjorten sine beitevanar Utmarka er hjorten sitt naturlige beiteområde, men dyra søkjer ofte til innmark. Hjorten er selektiv i val av føde og vel beiteplanter ut frå
S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) 41 tilbodet (Langvatn & Hanley 1993). Unge, smakelege og næringsrike planter og plantedelar er meir attraktive enn eldre og fiberrike. Særleg om våren er derfor innmarka meir fristande enn utmarka, men også elles i vekstsesongen vil det for hjorten vere meir energiøkonomisk å beite på innmarka. Der det ligg til rette for det søkjer også hjorten til innmark og beiter vinterstid. Beitinga på innmark medfører i større eller mindre grad skade, og dermed eit økonomisk tap for bonden. Typar skade Hjortebeiting på eng fører til redusert avling både på grunn av biomassen som blir beita bort, men også på grunn av trakkskadar som øydelegg grassvoren. I tillegg fører hjorten si selektive beiting til raskare elding av enga. Hjorten vel ut dei mest smakelege artene, for eksempel timotei, og kan snaubeite desse. Hjort som beiter på enga vil naturlig nok leggje igjen avføring. Kjem dette med inn i siloen vil ein få problem med ensileringsprosessen og få dårlig gjæringskvalitet på surfôret (Rammer et al. 1994). I tillegg vil tilgrising av fôret gjere det meir uappetitteleg. Begge deler fører til lågare fôropptak hos husdyra og vraking av fôr. Materiale og metodar For å få eit mål på verknaden av hjortebeiting på attlegg og ny eng er det i åra 1999-2004 lagt ut forsøksfelt 10 stader på Vestlandet. Her er det etablert to like felt der det eine er inngjerda og det andre ikkje. Ein ynskjer også å sjå om hjorten likar nokre grasartar betre enn andre og om ulike grasartar har ulik evne til å tôle hjortebeiting. Det er derfor sådd med timotei, engsvingel, engrapp og fleirårig raigras i reinbestand og med engfrøblandinga Spire Surfôr Normal (timotei, engsvingel og raudkløver). På ein av lokalitetane har ein også med bladfaks i reinbestand. I Eikås storvald i Jølster har ein registrert avling med og utan beiting i eksisterande eng ved å gjerde inne ruter i enga hos 7 brukarar. Rutene vart inngjerda i mai 2003 og avlinga vart registrert i 2003 og 2004. Her har ein også taksert hjorteskade på skog. I tillegg ser ein på inntektene frå hjorten i dette storvaldet og skal sette dette opp mot utgiftene.
42 S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) Resultat forsøksfelt Avling Attleggsåret I attleggsåret var det nokre stader så snaubeita på forsøksfelta at det ikkje var noko å hauste utanfor gjerdet. På grunn av vêrtilhøve er det dessutan stor skilnad i når ein klarte å etablere felta i løpet av vekstsesongen. Derfor varierte også tal haustingar, og ein har valt å ikkje ta med resultata frå attleggsåret i denne framstillinga. Første engår Det vart teke store avlingar på dei inngjerda felta første engår. For engfrøblanding og timotei låg totalavlinga på rundt 1300 kg ts/daa (tabell 1). Hjorten tok ein stor del av avlinga, og timoteien vart spesielt hardt råka då avlinga berre var 758 kg ts/daa etter beiting. På det beita området var det engfrøblandinga som gav størst avling (842 kg ts/daa), men det var liten skilnad mellom blandinga og engsvingel sådd i reinbestand. Tabell 1. Avling i kg ts/daa første engår for fire grasartar og ei engfrøblanding. B = beita og G = gjerda. Middeltal frå 6 felt. 1.slått 2.slått Totalavling B G B G B G Engfrøblanding 469 745 374 560 842 1350 Timotei 407 737 351 577 758 1314 Engsvingel 457 656 359 418 816 1074 Engrapp 332 463 349 434 681 897 Fleirårig raigras 355 666 406 515 761 1181 Andre engår Andre engår var avlingsnivået framleis høgt (tabell 2). Størst avling på det inngjerda området hadde engfrøblandinga med 1233 kg ts/daa. Tapet på grunn av beiting var også no størst for timotei sådd i reinbestand, der hjorten hadde forsynt seg med nær 500 kg ts/daa. På det beita arealet var det engsvingelen i reinbestand som gav størst avling med 910 kg ts/daa. Tabell 2. Avling i kg ts/daa andre engår for fire grasartar og ei engfrøblanding. B = beita og G = gjerda. Middeltal frå 4 felt. 1.slått 2.slått Totalavling B G B G B G Engfrøblanding 541 723 354 509 895 1233 Timotei 345 652 329 516 674 1168 Engsvingel 572 676 338 393 910 1069 Engrapp 517 575 317 424 834 999 Fleirårig raigras 439 603 374 449 813 1052
S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) 43 Tredje engår Tredje engår var avlinga av timotei og engfrøblanding i overkant av 1050 kg ts/daa på inngjerda område. På areal utsett for beiting var avlinga redusert til rundt 700 kg ts/daa (tabell 3). På beita areal var det engrappen som no gav størst avling på 779 kg ts/daa, men skilnaden mellom artane var likevel liten. Tredje engår har ein foreløpig berre resultat frå 2 felt slik at resultata kan endre seg når data frå fleire felt kjem med. Tabell 3. Avling i kg ts/daa tredje engår for fire grasartar og ei engfrøblanding. B = beita og G = gjerda. Middeltal frå 2 felt. 1.slått 2.slått Totalavling B G B G B G Engfrøblanding 359 612 356 465 714 1077 Timotei 331 616 380 448 710 1064 Engsvingel 389 484 361 336 751 820 Engrapp 446 497 332 389 779 886 Fleirårig raigras 387 454 347 400 734 854 Botanisk samansetnad Eng som er påverka av sterk hjortebeiting gjennomgår ei raskare elding enn ved fråver av beiting. Dei mest verdifulle artane vert ofte snaubeita slik at botanisk samansetnad raskt vert endra. Figur 1 syner at innhaldet av timotei der timotei er sådd i reinbestand har minka frå 84 til 56 % frå 1. til 3. engår der det er beita. På inngjerda område har timoteiinnhaldet halde seg på rundt 95 % alle åra. Timoteien er for det meste erstatta av gras som ikkje er sådde. Innhaldet av villgras har såleis auka frå 3 til 30 % i same periode. Den same nedgangen i timotei finn ein der det er sådd med engfrøblanding. På det beita arealet minka timoteiinnhaldet her frå 47 til 14 % frå 1. til 3. engår, medan innhaldet på det inngjerda området heldt seg på rundt 50 %. Figur 1. Innhald av timotei vurdert på skjøn som prosent av tørrstoffavlinga på beita og gjerda areal der timotei er sådd i reinbestand. Utviklinga frå 1. til 3. engår.
44 S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) Kvalitet Inngjerda og beita areal vert hausta på same tidspunkt. Graset på det beita arealet er då naturleg nok på eit tidlegare utviklingstrinn enn graset som ikkje har vore utsett for beiting. Dette gjer seg gjeldande i høgare fôreiningskonsentrasjon (Fem/kg ts) for dei artane som er mest beita; timotei, engfrøblanding og til dels raigras. Tabell 4 syner resultata frå 2. engår, men ein ser det same dei andre engåra. Det ser også ut til å vere eit høgare proteininnhald i gras som er utsett for beiting, men innhaldet er sjeldan signifikant høgare enn i gras upåverka av beiting. Tabell 4. Fôreiningskonsentrasjon (Fem/kg ts) for fire ulike grasartar og ei engfrøblanding på beita og gjerda areal for to slåttar andre engår. Middeltal for 4 felt. 1.slått 2.slått Beita Gjerda Beita Gjerda Engfrøblanding 0,84 0,79 0,87 0,79 Timotei 0,87 0,80 0,86 0,79 Engsvingel 0,81 0,80 0,87 0,86 Engrapp 0,82 0,81 0,86 0,82 Fleirårig raigras 0,89 0,84 0,87 0,84 Avlingstap Tabell 5 syner at sjølv om fôreiningskonsentrasjonen er større på beita areal så er likevel avlingstapet stort når ein reknar i Fem/daa. Skal ein samanlikne med ein praktisk situasjon er det mest naturleg å bruke tala frå engfrøblandinga. I snitt for dei tre engåra har avlingstapet vore på 300 Fem/daa. Tabell 5. Avlingstap etter hjortebeiting i Fem/daa og % for fire ulike grasartar og ei engfrøblanding i tre engår. Tap 1. engår Tap 2. engår Tap 3. engår Fem/daa % Fem/daa % Fem/daa % Engfrøblanding 317 30 211 22 372 41 Timotei 334 33 343 37 284 33 Engsvingel 171 19 120 14 136 19 Engrapp 127 17 118 15 122 16 Fleirårig raigras 309 33 171 19 155 21 Gjennomsnitt 252 27 193 22 214 27 Resultat av registreringar i eksisterande eng Figur 2 syner at det blir tatt store engavlingar også på Eikås. I 2003 har ein ikkje fanga opp så stor skilnad i avling mellom eng som er gjerda
S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) 45 inne og eng som er utsett for beiting. Dette kan forklarast med at gjerdet vart sett opp i mai, og ein har dermed ikkje registrert verknaden av beitinga som skjer haust, vinter og vår. I 2004 var skilnaden i avling mellom inngjerda og beita areal 105 kg ts/daa i gjennomsnitt for 12 skifter. Det var stor variasjon mellom skifta slik at ein nokre stader ikkje registrerte skilnader i avling i det heile, medan avlingstapet på det meste var over 300 kg ts/daa. Figur 2. Avling i sum for 2 slåttar i kg ts/daa på inngjerda areal og areal utsett for hjortebeiting på Eikås i Jølster. Gjennomsnitt for 14 skifte hos 7 brukarar i 2003 og 12 skifte hos 6 brukarar i 2004. Fôreiningskonsentrasjonen ved 1.slått var 0,81 Fem/kg ts i fôr frå areal utsett for beiting mot 0,80 på inngjerda areal. Ved 2.slått var skilnaden litt større, 0,81 mot 0,79 Fem/kg ts. Når ein tek omsyn til fôreiningskonsentrasjonen blir det gjennomsnittlege avlingstapet 68 Fem/daa. Dette verkar ikkje dramatisk, men representerer likevel vesentlege tap i kroner. Økonomiske tap NILF sine driftsgranskingar i jordbruket for 2003 syner ein grovfôrkostnad på 2,82 kr pr Fem for mjølkebruk på Vestlandet. Då reknar ein ut frå hausta fôr og ikkje kva som ligg på fôrbrettet, slik at det vil bli rett og samanlikne med hausta avling i våre registreringar. Det er liten reduksjon i kostnadane ved produksjon av grovfôr i ein situasjon med hjortebeiting. Ein sparer ensileringsmiddel og transport til og frå skiftet. Ved rundballing har ein også reduserte utgifter til plast og nett. Dersom ein seier at ei forringing av fôrkvaliteten og lågare fôropptak som følgje av hjorteskit i
46 S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) fôret veg opp for sparte innhaustingskostnader kan ein i første omgang rekne med ein grovfôrkostnad på 2,82 kr pr Fem. Desse faktorane skal seinare undersøkjast og talfestast. Det gjennomsnittlege tapet på Eikås på 68 Fem/daa blir med desse forutsetningane i kroneverdi 192 kr pr daa innmark. Her har ein rekna med gjennomsnittsverdiar. I praksis er avlingstapet som følgje av hjortebeiting svært ulikt fordelt mellom grunneigarar. Det er derfor ei stor utfordring å finne ein rettferdig måte fordele dette tapet mellom grunneigarar på. Tiltak mot hjorteskade Førebyggjande tiltak mot hjorteskade kan delast inn i bestandsretta og ikkje bestandsretta tiltak. Her vert berre dei ikkje bestandsretta tiltaka nemde. Gjerding Hjorten søkjer ofte dei areala som er mest intensivt drive då han her finn smakfullt fôr med høgt energi- og proteininnhald. Sidan det er desse bruka som minst tôler avlingsstap vil det i nokre tilfelle vere rett å gjerde inne område. Permanente gjerder må vere solide og over 2 m høge. Det finst spesiell viltnetting, men ein kan og bruke to høgder sauenetting med topp- og undertråd. Det er likevel ikkje så stor skilnad i pris då ein kan bruke mykje større stolpeavstand ved bruk av viltnetting (Veiberg 1998). Straumgjerde kan også brukast, men vil vere utsett for funksjonssvikt på grunn av vêr, vind og tekniske feil. For å redusere problemet med snø kan ein bruke ei høgd med sauenetting og straumførende trådar over. Dess meir verdifulle vekstane er dess meir aktuelt er det å bruke gjerder. I grovfôrproduksjon er det derfor aktuelt med midlertidige gjerder rundt grønnfôråkeren eller gjennlegget. Lokkevekster/fôring Det er diskutert om ein kan lokke hjorten bort frå område utsett for skade ved å tilby vekstar som hjorten likar godt. Ein veit for lite om kva konsekvensar dette kan få, og det bør derfor undersøkjast i forsøk før det vert sett i gang i stor stil. Skremselstiltak Ei rekkje skremselstiltak med ulik effekt er prøvd ut. Ofte viser det seg at hjorten blir vant til skremslane slik at han etter en stund ikkje bryr seg. Det siste på marknaden er eit granulat som gjev frå seg lukt som skal
S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) 47 halde hjorten borte. For å beskytte verdifulle ekstar over ein kort tidsperiode kan dette vere aktuelt, men som eit permanent tiltak over et større område vil gjerding vere eit betre alternativ. Litteratur Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 2000. Hjorteforvaltning 2000, Sogn og Fjordane. Rapportnr. 3, 76 sider. Langvatn, R. & Hanley, T.A. 1993. Feding-patch choice by red deer in relation to foraging efficiency; an experiment. Oecologia 95:164-170. NILF 2004. Driftsgranskinger i jord- og skogbruk. Regnskapsresultater 2003. Rammer, C., Östling, C., Lingvall, P. & Lindgren S. 1994. Ensiling of manured crops-effects of fermentation. Grass and Forage Science 49 (3): 343-351. Statistisk Sentralbyrå 2005. http://www.ssb.no/emner/10/04/10/hjortejakt/tab-2004-02-26-01.html Veiberg, V. 1998. Permanente hjortegjerde - Vurdering av alternative løysingar, kostnader og inntening. Rapport nr. 1, Hjorteskadeprosjektet. Norsk Hjortesenter.