HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201004966-4 Arkivnr. 713 Saksh. Hanson, Siri Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 16.06.2010 STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR BERGENSREGIONEN 2010-2014 SAMANDRAG Forslag til Strategisk næringsplan for Bergensregionen 2010-2014 er laga på oppdrag av Business Region Bergen (BRB) sine eigarar; Bergen, Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Os, Fusa, Samnanger, Austevoll, Stord, Vaksdal, Osterøy, Lindås, Meland, Fedje, Radøy, Austrheim, Masfjorden, Modalen, Gulen kommunar og Hordaland fylkeskommune. Planen er forankra i eigarmøtet i desember 2008. Planforslaget byggjer på Strategisk næringsplan for Bergen 2006-2009 Bergensregionen mot 2020, Bergens-scenarier 2020 og Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, samt gjeldande planar og vurderingar frå kommunane i regionen. Planframlegget som no ligg føre har kome fram gjennom ein omfattande prosess der nærare 200 personar frå eigarane og frå organisasjonar, verksemder og FoU-miljø har delteke gjennom arbeid i ressursgrupper. Desse næringane er prioriterte: Energi, maritim, marin, oppleving, kultur og reiseliv, media og kulturbaserte næringar. Det er formulert mål og strategiar for desse næringane. Fokusområda er meisla ut på bakgrunn av definerte behov og går på tvers av dei einskilde næringane. Fokusområda er: Infrastruktur, Næringsvennleg offentlig sektor, Marknadsføring og profilering, Internasjonalisering, Kompetanse, Entreprenørskap og innovasjon, Klima og miljø. For fokusområda er det sett opp mål, strategiar og forslag til tiltak. Oppfølging av tiltaka i planen skal spesifiserast med deltaking som er tilpassa omfang, geografi og tema. Det er vidare lagt opp til at eigarane gjennom eigne planar og vedtak gjennomfører tiltak og sett i gong prosessar og prosjekt i tråd med måla i planen. Planforslaget vil bli lagt fram for politisk handsaming i alle eigarkommunane og i Hordaland fylkeskommune. I denne saka vert Fylkesutvalet bede om å gje tilslutning til planen slik han ligg føre. Fylkesrådmannen tilrår vidare at det i gjennomføring av planen vert sett særskild fokus på å vidareutvikle samarbeid mellom FoU - miljø, bedrifter og forvaltning samt å styrke bedriftssamarbeid ved uvikling av klynger som grunnlag for innovasjon, verdiskaping og berekraftig vekst m.a. innan marin sektor.
FORSLAG TIL VEDTAK 1. Hordaland fylkeskommune gir sin tilslutning til Strategisk Næringsplan for Bergensregionen 2010-2014 med perspektiv mot 2025. 2. Hordaland fylkeskommune ynskjer at Business Region Bergen ved iverksetting av Strategisk Næringsplan for Bergensregionen prioriterar høgt å sette fokus på å vidareutvikle samarbeid mellom FoU-miljø, bedrifter og forvaltning. Vidare bør ein styrke klyngeutvikling mellom bedrifter som grunnlag berekraftig vekst m.a. innan marin sektor. 3. Hordaland fylkeskommune vil innarbeide planelement i eigne planer der dette er relevant. 4. Hordaland fylkeskommune vil også peike på at det i Regional planstrategi som skal vedtakast i år, vil gå fram kva for planoppgåver fylkeskommunen skal prioritere dei komande åra. Business Region Bergen må også innarbeide i sine strategiske dokument dei føringane som ligg i komande regionale planar. 5. Hordaland fylkeskommune vil understreke behovet for god kommunikasjon og samhandling mellom BRB og kommunane/fylkeskommunen i den vidare iverksettinga av planen, for å sikre at satsingar og prioriteringar er godt avstemt i forhold til politiske prioriteringar. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Strategisk næringsplan for Bergensregionen 2010-2014 Kopi av uttaler 2
FYLKESRÅDMANNEN, 20.05.2010: Bakgrunn Kommunane i regionen utgjer i stor grad eit felles arbeids-, service- og bu-område. Derfor må næringsutvikling løysast på tvers av kommunegrensene. I Strategisk næringsplan for Bergen 2006-2009 Bergensregionen mot 2020, ble det dokumentert at kommunegrenser har liten betyding for næringslivet, og at dette burde danne eit utgangspunkt for å drøfte felles regionale strategiar og verktøy. Som eit direkte resultat er kommunane sitt felles verktøy for næringsutvikling, Business Region Bergen, etablert. Eigarane har gitt Business Region Bergen i oppdrag å utarbeide forslag til første generasjon Strategisk næringsplan for Bergensregionen. Det var alt i 2005 lagt ein forventning om at kommunane i Bergensregionen i større grad burde stå samla i næringsutviklingsspørsmål. Dette ut frå troa på at dette ville styrke regionen i konkurranse med andre regionar som alt hadde gjennomført felles planprosessar og etablert felles verktøy for å følgje opp. Etableringa av Business Region Bergen og revisjon av Strategisk Næringsplan for Bergen førte fram til eit ønske frå eigarmøtet i BRB i desember 2008 om å starte ein prosess for å etablere ein felles strategisk overordna næringsplan for Bergensregionen. Planarbeidet har mellom anna tatt utgangspunkt i Strategisk næringsplan for Bergen 2006-2009, Bergens-scenarier 2020, Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, og andre kommunar og regionar sine prioriteringar. Strategisk næringsplan vil være det overordna dokumentet for visjon, mål og strategiar for heile denne nye samhandlingsregionen ; REGION BERGEN. Prosess Som ein intern oppstart på dette ble kommunane invitert til eit fellesmøte i april 2009, med fokus på ståstad og utfordringar. Etter sommaren (september) blei alle aktuelle partar inviterte til oppstartkonferanse for å bli einige om dei overordna rammene for den komande planprosessen og val av prioriterte næringar. Utover vinteren og våren 2009 / 2010 har over 200 representantar for næringsliv, FoU og offentlige aktørar saman med representantar for kommunane og fylkeskommunen jobba ut ståstad og ambisjonar for de ulike næringane samt kome med innspel på korleis først og fremst kommunane burde respondere på næringslivet sine behov. I etterkant av siste fellesmøte for alle referansegruppene i april 2010, der representantar frå kommunane og fylkeskommunen også deltok, har planforslaget vore sendt på ei kort høring til sentrale næringslivs, - og forskings-, utviklings- og utdanningsinstitusjonar og til alle deltakarane frå referansegruppene. Følgjande har gitt uttalar/merknadar til planutkastet: Norges Handelshøyskole, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Christian Michelsens Reasech, Innovasjon Noreg, Arenaprosjekt Norwegian offshore wind, NHO Hordaland, Bergen Næringsråd Næringsalliansen, Samnanger Næringsforum, Osterøy Industrilag / Industrikonsulenten på Osterøy, Vaksdal Næringsselskap AS, Askøy Næringslivsforening, Regionrådet Nordhordland IKS, HOG Energi, Utdanning i Bergen, Maritimt forum Bergensregionen, Fiskeriforum Vest og BKK AS. (kopiar er vedlagt). I tillegg har det kome merknader frå administrasjonen i kommunane og i Hordaland fylkeskommune. Dette er forsøkt tatt omsyn til og til dels innarbeid det endelige dokumentforslaget. Fylkesutvalet fekk ein gjennomgang av planen på møtet 20. mai 2010. Planforslaget skal handsamast av alle eigarkommunane og av fylkeskommunen. Planen vil i etterkant bli handsama av Business Region Bergen sitt styre med tanke på å følgjast opp gjennom selskapet sitt arbeid. Innhald i planen Planen (sjå vedlegg) er bygd opp med desse delane: Ståstad for Bergensregionen, Samhandling om regionsbygging, Visjon for Bergensregionen, Prioriterte næringar, Fokusområda, Tilrådde tiltak. Planen formulerer det gode utgangspunktet som regionen har for utvikling med ein unik samansetting av verdsleiande nærings-, handels-, finansmiljø, reiseliv og eit spanande kulturliv. 3
Strategisk næringsplan for Bergensregionen legg vekt på samspillet mellom næringsliv, det offentlige virkemiddelapparatet og forskings- og utviklingsmiljøa (FoU) i regionen. Det vil være avgjørande for ein positiv utvikling for regionen at desse partane utviklar sitt samarbeid framover. Eit av dei viktigaste suksesskriteria for utvikling av regionar er partane sine evner og vilje til samarbeid. I tillegg til samspill og samarbeid mellom næringsliv, FoU og det offentlege, vert det i planen peika på at betre samarbeid og samspill kommunane i mellom er viktig for næringslivet sin utvikling. Koplinga til fylkeskommunen sine planar og strategiar er og vektlagt. Hordaland fylkeskommune har under arbeid en regional planstrategi som skal vedtas i desember 2010. Business Region Bergen og Hordaland fylkeskommune vil koordinere Strategisk næringsplan for Bergensregionen 2010-2014 og arbeidet med regional planstrategi. Visjon for planen er formulert slik: Sammen skal vi skape en dynamisk vekstregion. Hovudmålet: Bergensregionen skal innen 2025 være ledende i Norge på kunnskapsbasert, berekraftig næringsutvikling innen de næringane der regionen har spesielle fortrinn. Desse næringane er prioriterte: Energi, maritim, marin, oppleving, kultur og reiseliv, media og kulturbaserte næringar. Det er formulert mål og strategiar for næringane i plandokumentet. På bakgrunn av erfaringar frå næringsplanen, Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland og dei behov og forventningar som næringslivet, FoU-miljøa og kommunane sjølv har pekt på gjennom prosessen, er 7 fokusområde definert i den Strategiske næringsplanen for Bergensregionen 2010-2014. Mål og strategiar for fokusområda peiker ut retninga for innsatsen og er kjernen og politikken i Strategisk Næringsplan. Eit av suksesskriteria for ein berekraftig utvikling av regionen er evne og vilje til samarbeid. Samhandling og alliansbygging er eigne strategiar under dei fleste fokusområda. Metoden i næringsplanarbeidet har vore å få fram dei prioriterte næringane sine mål og strategiar med tilhørande behov for oppfølging (sjå figur 1.). Mål og strategier under fokusområder er kommunenes respons på næringslivets behov. BEHOV Næringsliv RESPONS - FOKUSOMRÅDER Hvor kan det offentlige bidra HVORDAN Innen hvert fokusområde Prioriterte næringer Energi Maritim Marin Innspill til FOKUSOMRÅDER Infrastruktur Kompetanse Entreprenørskap/innovasjon Internasjonalisering Omdømme, profilering, markedsføring Mål Strategier Tiltak Opplevelse, kultur og reiseliv Media og kulturnæringene Klima, miljø Offentlig tjenesteproduksjon Figur.1. Figuren viser koplinga mellom næringa sine behov, fokusområde og mål og strategiar. Fokusområda går på tvers av dei prioriterte næringane. Til kvart av fokusområda er det formulert mål og 3 5 strategiar med underpunkt. Hovudmåla for kvart av fokusområda er: Infrastruktur Best på evne og vilje til å bygge fremtidsrettet infrastruktur Næringsvennlig offentleg sektor Næringslivets rammevilkår og den næringsrettede offentlige tjenesteproduksjonen i Bergensregionen skal være best i Norge med hensyn på kvalitet, forutsigbarhet og sakbehandlingstid 4
Markedsføring og profilering Bergensregionen skal fremstå som en enhetlig, attraktiv og dynamisk region med felles budskap. Regionen skal være sterkt synlig og ha et godt omdømme. Internasjonalisering Antall eksportbedrifter og eksportverdien frå regionen, samt antall internasjonale foretak som etablerer seg i regionen skal økes. Bergensregionen skal fremstå som en attraktiv region for internasjonal arbeidskraft. Kompetanse Bergensregionen skal viderutvikle sin posisjon som ledende kompetansregion nasjonalt og være anerkjent internasjonalt innen de næringsområder hvor regionen har fortrinn. Entreprenørskap og innovasjon Bergensregionen skal være blant de fremste regioner i Norge på entreprenørskap og innovasjon Klima og miljø Bergensregionen skal være ledende på bærekraftig næringsutvikling nasjonalt og internasjonalt Opplølging av planen - tiltak Det er i første omgang foreslått 29 tiltak for oppfølging gjennom denne planen. Tiltaka er knytt til fokusområda. Dei har kome fram som respons på næringa sine behov. Det er ikkje forpliktingar for kommunane og fylkeskommunen i høve til å finansiere tiltaka. Kommunane og fylkeskommunen vil ved å vedta planen gje tilslutning til tiltaka som ein del av arbeidet med å gjennomføre Strategiske Næringsplan for Bergensregionen. Det er lagt opp til at Business Region Bergen som eit felles verktøy for kommunane og fylkeskommunen vil ivareta felles mål og strategiar for næringsutviklinga i regionen og har ansvaret for å koordinere gjennomføringa av fellestiltaka i Strategisk næringsplan. Ved å etablere ein felles mål- og strategiplan for næringsutvikling i regionen, vil kommunane og fylkeskommunen utvikle betre samhandling overfor næringslivet. I all hovudsak vil viktige tiltak for iverksetting av mål og strategiar bli følgt opp gjennom eigne handlingsplanar frå kommunane eller frå grupper av kommunar som t.d. Regionrådet Nordhordland IKS og Gode Sirklar. I tillegg vil nettverksorganisasjonar, næringslivet sine organisasjonar og FoU-institusjonar utarbeide og gjennomføre eigne tiltak i tråd med planen. Det vert lagt opp til at det blir etablert eige prosjektgrupper med finansiering, mandat og gjennomføringsplan for kvart prosjekt. Den enkelte kommune og fylkeskommunen sin eventuelle deltaking i det enkelte prosjektet skal avklarast i kvart tilfelle. På noen område vil det vere rasjonelt for kommunane å gå saman om å følgje opp mål og strategiar gjennom felles tiltak. Dette kan gjerast i samarbeid med fylkeskommunen. Plan for bruk av sjøareal til havbruk er eit aktuelt døme. Det er forventningar om at forskings- og utviklingsmiljøa og næringslivet tar aktivt del i arbeidet med å gjennomføre planen innanfor sine verkeområde. Revisjon og rullering av plandokumentet Det er lagt til grunn eit perspektiv for planen på 15 år. Innan fleire viktige samfunnsområde er det behov for prosesser som tar tid å realisere, som t.d. i samferdselspolitikken. Det er likevel naturlig å revidere mål- og strategiplanen kvart fjerde år, altså i kvar kommunestyreperiode. Vedtaksperioden for planen vil være 2010-2014. Dette er den første Strategisk næringsplan for hele Bergensregionen og ein har lagt vekt på samhandling og kvalitative mål. Ved seinare revisjonar vil det også være naturlig å formulere meir kvantitative mål. I planperioden kan eksisterande verdiskapingsindikatorar nyttast for å måle effekten av gjennomførte strategiar og tiltak, samt rapportere på framdrift og gjennomføring av einskildtiltak. Det er registrert mange forslag i prosessen som foreløpig ikkje er kome med blant dei prioriterte tiltaka. Gjennom vidare arbeid vil noen av disse vere aktuelle ved neste revisjon, saman med nye forslag. Dei prioriterte tiltaka i Strategisk næringsplan skal evaluerast årlig, første gang ved årsskiftet 2011/2012. Vurdering Plandokumentet som ligg føre er kome fram gjennom ein omfattande prosess der eigarane, nettverksorganisasjonar, næringsorganisasjonar og ressursmiljø har delteke. Planen byggjer også på 5
mål og tema forankra i plandokument hos eigarane. Valde fokusområde har god kopling til tema som er prioritert i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland og planen har treft godt i høve til det som er kjerneområde og der det er trong for felles innsats. Det er svært positivt at dokumentet tek utgangspunkt i dei behov som næringslivet prioriterar. Det blir lagt opp til samarbeid også i gjennomføringa av planen noko som er positivt. Planen gjev eit godt grunnlag for å samle regionen om felles mål og strategiar. Kommunane sin rolle og ansvar. Kommunane har forventningar om at næringslivet saman med FoU-institusjonane, engasjerer seg aktivt i regionens utfordringar innanfor dei rammene som eit moderne næringsliv gir tilgang til. Dette er i tråd med Bergens-scenario 2020 sitt fokus på felles positive haldningar. Ein næringsvennlig offentlig sektor og kommunane sin vertskapsrolle for næringslivet er sentrale element i planen. Planen viser eksempelvis til korleis ein kan legge til rette for å overføre beste praksis mellom kommunane i regionen på viktige område for næringslivet. Eg vil legge til rette for at Fylkeskommunen kan støtte kommunane i dette arbeidet gjennom kommuneretta prosjekt i Regionalt Utviklingsprogram, t.d. kommuneprosjektet og ved deltaking i planprosessar. Fylkeskommunen sin rolle og ansvar Plan- og bygningslova har gitt fylkeskommunane heimel til å utarbeide Regional Planstrategi som grunnlag for å prioritere fylkeskommunen sine planoppgåver. Dei plantypane som fylkeskommunen skal forholda seg til er Regionale planar og Sektorplanar. Regionale planar skal etter lova utarbeidast etter ein fastsett mal for prosess. Ein sektorplan har mindre omfattande krav til prosess og det er denne plantypen i fylkeskommunen sitt planhierarki som passar for Strategisk Næringsplan for Bergensregionen. Regional planstrategi er under utarbeiding. Sidan denne ikkje er vedteke og det ikkje er bestemt kva planar som vert prioriterte, vil det framover vere viktig med god koordinering mellom planprosessar i regi av BRB og fylkeskommunen. Eg er nøgd med at næringar med regionale fortinn er prioritert og at det er god internasjonal orientering i planen. Tematisk meiner eg at det er positivt med fokus på kompetanse og samarbeid mellom næring, FoU og det offentlege som grunnlag for utvikling i regionen. eg saknar elles noko meir utdjupande om Vestlandsperspektivet. Bergen er regionalt senter for Vestlandet og samstundes har Vestlandet i stor grad har samanfallande og komplementært næringsliv. Difor er det trong for eit nært samarbeid innafor Vestlandsregionen for å løfte dei prioriterte næringane. Verkemiddel som fylkeskommunen har ansvar for og som kan nyttast som verktøy i utvikling av kunnskap, samhandling og innovasjon i næringslivet er VRI, Regionale Forskingsfond og Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland. Disse kan nyttast aktiv til understøtting av felles mål. Vidare vil eg peike på nettportalen Kom-an.no som eit verktøy til hjelp for etablerarar og nyskaparar. Fylkeskommunen har eit stort ansvar og ein viktig rolle innan samferdsle. Gode kommunikasjonar er viktig for verdiskapinga i næringslivet og avgjerande for utviking av gode og framtidsretta bu- og næringsområde. Fylkeskommune vil også i framtida jobbe med å samordne tilrettelegging av areal- og transportløysingar gjennom m.a. regional planlegging og samhandling med kommunane. Klimaplan for Hordaland styrar arbeid med klimapolitikk og miljøtiltak. Eg er nøgde med at Strategisk Næringsplan legg opp til samarbeid om gjennomføringa og at utvikling av ein god miljøprofil og berekraftig næringsliv er tillagt vekt. Hordaland fylkeskommune har overtatt ansvaret for forvaltning av konsesjonar og lokalitetar for akvakultur og har ansvar for overordna planlegging og tilrettelegging for m.a. denne næringa. Fylkeskommunen har dermed auka fokus på havbruk og marin sektor og er i ferd me å lage 6
retningsliner for korleis midlane som er betalt inn frå næringa for nye konsesjonar skal nyttast. Miljø, kompetanse og areal er moglege tema. Regionalt utviklingsprogram har gitt støtte til fleire marine utviklingsprosjekt. Bergen Marine Forskingsklynge (BMF) er etablert og gjennom Storbyprosjektet MareLife er den blå sektoren haldt fram som viktig merkevare for Bergen. Likevel ser ein mangel på samordning innafor marin sektor og det kan føre til at regionen og byen ikkje klarer å halde posisjonen. Eg vil rå til at ein i gjennomføring av planen set fokus på vidareutvikling av samarbeid mellom FoU-miljø, bedrifter og forvaltning samt styrke bedriftssamarbeid ved utvikling av klynger som grunnlag for innovasjon, auka verdiskaping og berekraftig vekst m.a. innan marin sektor. Samhandling om iverksetting Hordaland fylkeskommune er ein av eigarane av Buisness Region Bergen. Administrativt har fylkeskommunen deltatt i utarbeiding av plandokumentet gjennom deltaking i fleire ressursgrupper og med ein plass i styringsgruppa. Fylkeskommunen bør difor stille seg bak mål og strategiar i planen. Samstundes må det ikkje ligge ein automatisk forplikting for fylkeskommunen til å finansiere tiltak eller aktiv deltaking i gjennomføring av tiltaka. Fylkeskommunen vil i eigne planar sørgje for koordinering og samordning og harmonisering i høve til tema og målformuleringar. BRB er eit viktig felles verktøy for samordna næringsutvikling i Bergensregionen basert på politiske mål og prioriteringar i den enkelte kommune/fylkeskommunen. Fylkesrådmannen vil peike på at det derfor er viktig at ein i samband med iverksettinga av den nye næringsplanen har god kommunikasjon og samhandling med kommunane/fylkeskommunen for å sikre at satsingar og prioriteringar er godt avstemt i forhold til politiske prioriteringar. Vedlegg: Forslag til felles Strategisk Næringsplan for Bergensregionen ( PDF) Kopi av mottatte høringsuttaler frå utvalte næringsorganisasjonar og FoU- institusjonar 7