Fridom med ansvar. Manifest om den kristendemokratiske forståinga av fridom. Førsteutkast

Like dokumenter
Fridom med ansvar. Manifest om den kristendemokratiske forståinga av fridom

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Tabu er årets tema, og tabu er saker vi ikkje snakkar om anten fordi vi er redde, fordi det er forbode, eller fordi det er skammeleg.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

Læreplan i klima- og miljøfag

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Forslag nummer 2, side 4-6, fra Rogaland. Forslag på ny tekst: KrFUs verdigrunnlag og ideologi

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

LÆREPLANER PÅ TVERS: UTDRAG FRÅ NOEN AV FAGPLANENE SOM ER SENDT UT PÅ HØRING

Vedlegg: doc; doc

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Å løyse kvadratiske likningar

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Du må tru det for å sjå det

Årsplan for Samfunnsfag 8. trinn 2017/2018

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Årsplan for Samfunnsfag 8. trinn 2018/2019

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Barnerettane i SKULEN

Formål og hovedinnhold samfunnsfag Grünerløkka skole

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Kontrollutvalet i Gloppen kommune

Refleksjon og skriving

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Sandnes kommune Kjennetegn på måloppnåelse ved utgangen av 10.trinn. Fag: Samfunnsfag. Hovedområde: Historie. Kompetansemål

S1-eksamen hausten 2017

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Retningslinjer for FN-akkreditering gjennom LNU

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Eit lærande utdanningssystem?

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune...

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

CP IT-COMENIUS-C3PP

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

[2016] FAGRAPPORT. FAG: Samfunnsfag 2015/2016 KODE: KLASSE/GRUPPE:10A/10B TALET PÅ ELEVAR:45. SKULE:Lye Ungdomsskule.

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

HARALDSVANG SKOLE Årsplan 8.trinn FAG:Samfunnsfag

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

[2016] FAGRAPPORT. FAG: Samfunnsfag 2015/2016 KODE: KLASSE/GRUPPE:10A/10B TALET PÅ ELEVAR:45. SKULE:Lye Ungdomsskule

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Årsplan i Samfunnsfag Trinn 8 Skoleåret Haumyrheia skole

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Til deg som bur i fosterheim år

Oppgaver/Aktiviteter/lærestoff (Hvordan sjekke måloppnåelse) Undersøk påstanden: Elever blir kjørt til skolen fordi de har lang vei.

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Læreplan i samfunnsfag

Ansvarsreform og stortingsmelding; ideologi, ansvar og tiltak. Geir Johannessen Medlem av arbeidsutvalet i FO og leiar av seksjon for vernepleiarar

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

8 Det politiske systemet i Noreg

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk?

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Program OSTERØY HØGRE

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Transkript:

1 Fridom med ansvar Manifest om den kristendemokratiske forståinga av fridom Førsteutkast 1 1 1 1 1 0 1 1

1 1 1 1 1 1 0 1 Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU) bygger politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. I tida etter andre verdskrig har kristendemokratiet vore ei av dei leiande rørslene i Europa, og her høyrer KrF og KrFU naturleg heime. Ideologien byggjer ikkje på system, men på trua på verdiar og eit mål om å realisere desse i eit samfunn. Det mest grunnleggjande prinsippet for kristendemokratar er mennesket sin ibuande verdi. Personen får verdien sin i kraft av å vere menneske, uavhengig av eigenskapar. Mennesket er født fritt, med evne til å resonnere og velje mellom rett og gale. Det heilskaplege menneskesynet vårt vektlegg òg sterkt den personlege fridommen og det personlege ansvaret. Fridom betyr ansvar, både for oss sjølv og for våre medmenneske. Forståinga til kristendemokratiet av fridom er aktuell i eit samfunn der individualisme og sjølvrealisering står sterkt. Mennesket er eit fellesskapsvesen. Vi er født i inn i fellesskap, og det er der vi utviklar personlegdommen vår og fridommen vår. Vi blir heile menneske først i relasjon med andre, der personlegdommen til kvar enkelt ikkje blir viska ut, men mangfaldet blomstrar. Kristendemokratiet har derfor eit aktivt fridomsomgrep, der mennesket ikkje er seg sjølv nok, men blir fritt i møte med andre. Vår tid er prega av viktige debattar om fridom. Globaliseringa har gjort ufridommen blant verdas fattige nærare og ført til at ulike kulturar møtast oftare enn før. I lys av debatten om det fleirkulturelle samfunnet er religionsfridommen og grensene for den sett på prøve. Det same gjeld i høgste grad ytringsfridomen. Vi har i dag ein velferdsstat som, på godt og vondt, er meir til stades i livet til enkeltpersonen enn nokon gang før. Ei anna side ved fridomsforståinga som er blitt aktuell er balansegangen mellom positiv og negativ fridom. Felles for alle desse dimensjonane av fridom er at kristendemokratar vernar om fridommen. Fridommen skal vere reell, han må kunne utøvast og ikkje finnast på papir for å ha verdi. Derfor vektlegg vi og ansvaret som følgjer av fridommen og relasjonane kvar person står i. Utan desse blir fridommen til den sterke lett ofra for fridommen andre personar. Vi meiner det gode samfunnet blir skapt ut frå gode verdiar, ikkje system. Derfor må vi halde fram med både å kjempe for fridommen, og debattere kva fridommen eigentleg er. 0 1

1 1 1 1 1 1 0 1 0 1 Personleg fridom Kristendemokratiet har ei personalistisk forståing av mennesket. Dette er eit menneskesyn som hevdar at personen aldri kan løysast opp i eit kollektiv. Det er ikkje nasjonar eller samfunnsklassar, men personar som har den høgaste verdien,. Samtidig slår dette menneskesynet fast at personen er fødd til fellesskap med andre og realiserer seg sjølv gjennom fellesskap. Som enkeltpersonar fyller vi alle ulike roller og står i ulike relasjonar til kvarandre. Vi er unike menneske som ikkje kan erstattast. Såleis står personalismen i sterk kontrast til kollektivistiske samfunnssyn, som kan akseptere at systemet går føre personen. Personalismen står òg i kontrast til individualismen gjennom at fridommen til mennesket ikkje handlar om å vere fri frå andre, men å vere fri gjennom medmenneska våre. Fridom krev aktiv deltaking i relasjonar til andre, og ein fridom som berre handlar om å trekke seg tilbake, vil ikkje vere reell. Når kristendemokratiet ser ein samanheng mellom fridom og fellesskap gjeld dette òg maktfordeling mellom store og små fellesskap. Fridommen dei små fellesskapa har, til å løyse oppgåver sjølv, er sentral, og berre når det er nødvendig skal større fellesskap trå inn for å hjelpe. Dei små, naturlege fellesskapa, er nødvendige både for å utøve fridom og for å danne menneske som kan leve sjølvstendige liv. Det er i familien vi lærer språk, relasjonar og å fungere i fellesskap. Dei store fellesskapa, i tillegg til å opptre som subsidium, har òg dei naturlege oppgåvene sine. Demokratiet sikrar moglegheit til aktiv deltaking i samfunnsstyringa. Storsamfunnet vernar fridommen, og sikrar samtidig fridom til å delta i statsstyringa. Subsidiaritetsprinsippet, som er eit maktfordelingsprinsipp, seier at større fellesskap berre skal trå inn når dei små fellesskapa ikkje klarer å løyse oppgåvene sine. Målet skal vere at dei små fellesskapa igjen kan løyse oppgåvene sine. ALT 1: Prinsippet betyr at makt i utgangspunktet alltid ligg på det lågaste nivået, som vidare fordeler makt oppover dersom det er nødvendig. ALT : Prinsippet betyr at makt i utgangspunktet ligg på det lågaste nivået, og at noko makt blir delegert opp til staten som igjen fordeler oppgåver utover til det nivået som best kan handtere det. ALT : Prinsippet betyr at dei naturlige fellesskapa har sine oppgåver som dei skal løyse. Til forskjell frå tøylelaus fridom er fridom til det felles beste ikkje ein abstrakt idé, men fridom slik vi alle opplever den i kvardagen. Denne fridommen er utøvd i levande fellesskap og kan ikkje trekkast så langt at han går utover andre i fellesskapet. Usunne fellesskap har òg potensiale til å undergrave fridommen til personar. I slike fellesskap må fridommen til å forlate fellesskapet vere ivareteken.

1 1 1 1 1 1 0 1 0 1 Fridom kan ikkje bli forstått utan ansvar, fordi det å stå ansvarleg er beviset på at valet ein gjer er eit reelt val. Alt 1: Ansvaret for andre personar får vi i møte med andre i dei relasjonane og dei fellesskapa vi inngår i. Nestekjærleiken tilseier at vi har eit ansvar for alle personar. Likevel har vi eit særskilt ansvar for dei næraste fellesskapa vi deltar i. Dette vil seie at vi har eit større ansvar for eigne barn enn andre sine barn og større ansvar for nordmenn enn for svenskar. Det er fortsatt en stor urett at personar lever i absolutt fattigdom. Alt : Nestekjærleiken er radikal og kjenner ingen grenser. Ansvaret vårt gjelder derfor like mykje for alle personar. Fordi vi er feilbarlege personar blir ikkje dette ivaretatt i praksis. Fridom for ytring, tru og tanke Ei av dei mest grunnleggjande drivkreftene i mennesket er å søke etter svar på spørsmål om eigen eksistens. Svært mange personar finn svar på desse spørsmåla gjennom religion og andre livssyn. Mennesket er eit fellesskapsvesen, og mange søker derfor saman i både mindre og større fellesskap som kyrkjelydar, forbund og andre forsamlingar for å møte andre personar og reflektere saman over essensielle spørsmål. Kristendemokratiet meiner at religion må vernast frå politisk overstyring og at trusfridommen er ein svært viktig rett. Samtidig er ikkje religion og livssyn kun ei privatsak som kan leggast igjen heime når ein skal på jobb og skule. Tru og tanke er ein fundamental del av identiteten til mange og vil alltid påverke slutningar og handlingar. Slik er religion og livssyns uløyseleg knytt til personen. Alle menneske skapar meining i tilveret og har dermed eit livssyn, uavhengig av kor reflektert og velgrunna dette er. Dermed er heller ingen personar eller livssyn nøytrale. Kristendemokratiet meiner derfor at eit livssynsope samfunn er nødvendig for reell trusfridom. Ei av dei viktigaste oppgåvene til samfunnet er å verne om retten personar har til å velje sjølv kva dei ønskjer å tru på og, så langt som mogleg, legge til rette for å kunne leve i tråd med overtydinga si. Det er å hegne om menneskets fridom. Det er ikkje oppgåva til politikken å kritisere eller diktere læra til kvar enkel religion eller livssyn. Politikken skal derimot verne retten personar har til å seie, tru og meine akkurat det ein måte ønskje. Derfor meiner kristendemokratiet at det å verne sentrale rettar som tru- og ytringsfridom, er ei politisk oppgåve. ALT1: Politikken skal derimot ikkje forby blasfemiske ytringar. ALT: Sidan religion er ein sentral del av mange personer sin identitet bør staten kunne hindre grove tilfelle av blasfemi.

1 1 1 1 1 1 0 1 0 1 Som ein del av ytringsfridommen har alle personar rett til å kunne diskutere og kritisere eit anna menneske eller felleskaps tru, tanke og idear. Grunntanken bak ytringsfridommen er at alle skal kunne ytre det ein måtte ønskje utan å bli knebla av personar eller fellesskap som blir rekna som maktinnehavarar. Det er viktig å gjøre et skilje mellom det som er umoralsk og det som er ulovleg. I eit liberalt samfunn er dette ulike storleikar. Fordi ei ytring er tilleten betyr det ikkje at den er moralsk riktig. Alt 1: Ytringsfridommen ein svært viktig rett. Men det betyr ikkje at vi bør tillate grovt krenkande ytringar som rasisme og oppfordringar til vald. Ytringsfridommen er ikkje absolutt og må vurderast opp mot andre grunnleggjande rettar. Alt : Ytringsfridommen er ein fundamental rett og kan ikkje kompromissast med. Staten bør aldri forby ytringar, uansett om de kan bli sett på som umoralske. Grensa går ved det som undergraver menneskets verdigheit, som oppfordringar til vald. Autentisk fridom Fridom i kristendemokratisk ideologi er tett knytt til synet på person og fellesskap. Sjølv om personen har ein grunnleggjande fridom, har han/ho òg fridom under ansvar, fordi dei er ein del av eit fellesskap. Ofte blir det gjort eit skilje mellom negativ fridom, som forstår fridom som vern frå overgrep, og positiv fridom, som forstår fridom som noko som aktivt må leggast til rette for. Kristendemokratiet sitt mål er å finne den autentiske fridomen. Dette fridomsomgrepet er knytt til kristendemokratiet sitt mål om å la personen realisere potensialet sitt. Skal personen nå målet om å realisere potensialet føresett dette at staten ikkje grip inn inn i den personlege fridommen unødvendig, til dømes gjennom urettmessige forbod. Fridommen blir i kristendemokratisk ideologi sett på som ein sentral menneskeleg verdi som føresett at personen skal kunne handle etisk riktig. Det er viktig at fridom som dette ikkje blir avgrensa eller hindra slik at personen i realiteten blir umyndiggjort. Alle personar har rett på fridom frå undertrykking og reguleringar som grip unødvendig mykje inn i den personlege fridommen. Den autentiske fridommen i kristendemokratisk ideologi har likevel fellespunkt med positiv fridom. Ein skal ikkje berre ha fridom frå det som hindrar ein i å realisere potensialet sitt, men òg fridom til å realisere det. For å unngå at den individuelle fridommen til nokre går utover fridommen til andre er ein avhengig av reguleringar og forbod for å ha eit velfungerande samfunn. Den autentiske fridommen i kristendemokratisk ideologi legg til rette

1 1 1 1 1 1 0 1 for personleg fridom, som òg betyr fridom under ansvar. Dermed vil ikkje den personlege fridommen til ein eller nokre få personar gå utover fellesskapen. Tanken om ein autentisk fridom er meir krevjande enn konsepta om positiv og negativ fridom, sidan denne søker ein fridom som er reell og ikkje berre abstrakt. Fridom og likskap Fridom og likskap blir ofte presentert som motsetningar. Tradisjonelt har høgresida vektlagt fridom, og venstresida likskap. Verdiane fridom og likskap vil i nokre tilfelle stå i motsetning til kvarandre. Målet for kristendemokratiet er at den enkelte har fridom til å realisere sitt potensial.. ALT 1: For å sikre fridom for alle må ikkje dei økonomiske ulikskapane bli for store. Sidan økonomisk handlerom fører til økte moglegheiter, føreset fridom for alle ein stor grad av økonomisk likskap. Vi er født med ulikt talent, ferdigheter og kapasitetar, noko vi sjølv ikkje er ansvarlege for og derfor ikkje har fortent. Det er derfor nødvendig med utjamning for å ivareta den like verdien til alle personar. ALT : Menneske er skapt unike. Denne forskjellen inneber at ein har ulike talent, ferdigheiter og ulike kapasitetar. Målet for kristendemokratiet er derfor ikkje ei radikal utjamning, men å sikre at det ikkje blir lagt hindringar i moglegheitene til den enkelte til å realisere potensialet sitt. Absolutt fattigdom kan vere eit slikt hinder. Det er visse føresetningar som må være oppfylt for at personar skal kunne nyte godt av fridommen sin. Skulegang er ein av desse. I eit demokratisk samfunn må eit minimum av fridom vere at alle personar har ressursar til å delta i demokratiet og samfunnslivet. Å sikre tilstrekkeleg fordeling inneber òg at ulikskapane ikkje må bli så store at dei aller rikaste kan bruke ressursane sine til å få urettmessige fordelar igjennom bruk av rikdommen sin, som til dømes i form av politisk påverknad. Kristendemokratiet krev ikkje full økonomisk likskap. ALT 1 :Likevel kan vi ikkje akseptere store ulikskapar, både på grunn av om til ujamn maktbalanse men òg urettferd. Dette bryt grunnleggande med den samfunnsanda eit kristendemokratisk samfunn bør vere prega av. ALT : Rettferd handlar om å gi folk som fortent. Fordi vi alle er ulike og opptrer ulikt er resultatet at vi òg fortenar ulikt. Kristendemokratiet meiner samfunnet må bygge på eit verdigrunnlag som er felles på tvers av økonomisk ulikskap. 0 1

1 1 1 1 1 1 0 1 0 1 Kristendemokrati den tredje vegen Kristendemokratiet skilder seg klart frå individualismen og kollektivismen gjennom det personalistiske menneskesynet. Ein person kan berre bli forstått gjennom han/hennar relasjonar til andre, samtidig som systema aldri kan ha forrang for personen. Samfunnet består av fleire ulike store og små fellesskap som personen er ein del av. Desse fellesskapa er ein nødvendig føresetnad for utøvinga av fridommen til personen. Eit samfunn med fridom for tru og tanke i det offentlege rom er eit samfunn som er godt rusta til å møte mange av utfordringane som er knyt til eit fleirkulturelt samfunn. Tru og tanke er grunnleggande for ein person sin identitet og såleis sterke drivkrefter i vala personen tar. Oppgåva til politikken er fortrinnsvis å verne fridommen til personen til ytring, tru og tanke, og i mindre grad å verne systemet eller den enkelte læra og innhaldet til religionen. I norsk politikk har høgresida tradisjonelt hatt eigarskap til fridom som den sentrale verdi, medan venstresida har hatt eigarskap til likskapstanken. Dette har ført til at desse verdiane ofte blir presentert som motsetningar. Men kristendemokratiet meiner at begge deler er nødvendige føresetnader for å oppfylle kvarandre. Eit samfunn med for store økonomiske forskjellar vil redusere fridommen til mange personar til å realisera potensialet sitt. Samtidig krevjar ikkje kristendemokratiet full økonomisk likskap, sidan personar har ulike talent, ferdigheitar og kapasitet. Kristendemokratiets mål er det felles beste for alle personar, og det krev ein balanse mellom likskap og fridom for alle, og ikkje berre enkelte. Medan høgresida vektlegg fridom frå offentlig overstyring (negativ fridom), meiner venstresida at offentleg tilrettelegging for fridom (positiv fridom) er det som gagnar samfunnet mest. Den kristendemokratiske ideologien følgjer begge sidene eit stykke på veg, men deler ingen av tankanke fullt ut. Fridom i kristendemokratisk ideologi er autentisk, og legg til rette for personleg fridom, som òg betyr fridom under ansvar. Den personlege fridommen til ein eller nokre få personar kan ikkje gå utover fellesskapen. Den autentiske fridommen er reell og ikkje berre abstrakt, og er derfor meir krevjande å realisera enn konsepta om positiv og negativ fridom. Kristendemokratiet representerer, med bakgrunn i dette manifestet, ein tredje veg, mellom individualisme og kollektivisme. Detta medfører at kristendemokratiske parti som Kristeleg Folkeparti og Kristeleg Folkepartis Ungdom høyrar naturleg heime i sentrum av norsk politikk. Det opnar opp for politisk samarbeid både til høgre- og venstresida i enkeltsakar, men identiteten består i å være eit sentrumsparti.