Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Bispen, Kommunehuset Dato: 28.08.2014 Tid: 17:00 (før kommunestyremøtet) Forfall skal meldast til utvalssekretær som syrgjer for innkalling av varamedlemmar. Varamedlemmar møter berre ved spesiell innkalling. Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 98/14 PS 99/14 PS 100/14 Tilskott til vatningsanlegg - klage på vedtak Gjennomføring og fullfinansiering av Bismo reinseanlegg Søknad om støtte frå næringsfondet til arrangering av Hausttakk 2014. Ymse
Arkivsak: 2014/331-5 Arkiv: 223 Saksbehandlar: Svein Holen Dato: 12.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 95/14 Formannskapet 19.08.2014 98/14 Formannskapet 28.08.2014 Tilskott til vatningsanlegg - klage på vedtak Saksdokument: Søknad dagsett 24.04.2014 (ikkje utsendt) Formannskapssak 58/14 (13.05.2014) (ikkje utsendt) Klage på vedtak dagsett 19.05.2014 (vedlagt) Saksutgreiing: Erling Dagsgard m.fl. har sendt klage på vedtak i formannskapet 13.05.2014. Klaga kom inn innan klagefristen. Gardane Kummen gnr. 52 bnr. 1, Teigen gnr. 53 bnr. 1, Brandsarbakken gnr. 54 bnr. 5, Brandsar gnr. 54 bnr. 1 og 2 og Olsstuggu Brandsar gnr. 54 bnr. 4 søkte kommunen om tilskott til utbetring av felles vatningsanlegg. Formannskapet gav avslag med grunngjeving i at dette var vedlikehald. Ordninga med tilskott til vatningsanlegg har eksistert sidan 1990-talet og det har vore mange søknader til behandling sidan ordninga kom. Det har gjennom saksbehandlinga også vorte lagt ei føring for praktiseringa av ordninga. Dette har mellom anna ført til at utgifter til utskifting av pumpe har vorte godkjent i tilskottsgrunnlaget dersom det har vore andre utgifter i tillegg. Det samla kostnadsoverslaget i søknaden er på kr 345 000, der pumper utgjer kr 250 000. Vurdering: Kostnadsoverslaget omfattar fleire bruk og stort samla areal, og er derfor ikkje å vurdere som høgt sett i forhold til tilsvarande søknader som omfattar eitt bruk. Sjølve kostnadsfordelinga mellom pumper og anna materiell er heller ikkje avvikande frå andre søknader. Det er ikkje løyvd tilskott til vatningsanlegg til noko av desse bruka siste fem åra. Rådmannen meiner at omsynet til likeverdig behandling tilseier at klaga blir teke til følgje. Rådmannen si innstilling 1. Formannskapet imøtekjem klaga og løyver inntil kr 86 000,- i tilskott til utviding og oppdatering av felles vatningsanlegg til gardane Kummen gnr. 52 bnr. 1, Teigen gnr. 53 bnr. 1, Brandsarbakken gnr. 54 bnr. 5, Brandsar gnr. 54 bnr. 1 og 2 og Olsstuggu Brandsar gnr. 54 bnr. 4. 2. Tilskottet utgjer inntil 25% av ein kostnad på kr 345 000. 3. Midlane blir løyvde frå næringsfondet og ført på kontostreng 1470 450 3293 355.
4. Det blir sett tre års arbeidsfrist frå løyvingsdato. 5. Ein føresetnad for at kommunen skal gje tilskott er at mottakar ikkje har uoppgjorte, forfalne restansar mot kommunen. Behandling i Formannskapet - 19.08.2014 Ordførar Rolv Kristen Øygard sette fram forslag om utsetjing av saka. Dette vart vedteke med 4 mot 1 røyst. Vedtak i Formannskapet - 19.08.2014 Saka utsett. Formannskapet vil gå gjennom tidlegare praksis før saka blir teke opp til ny behandling.
Teknisk drift Arkivsak: 2012/872-51 Arkiv: M41 Saksbehandlar: Ove John Plassen Dato: 20.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 99/14 Formannskapet 28.08.2014 64/14 Skjåk kommunestyre 28.08.2014 Gjennomføring og fullfinansiering av Bismo reinseanlegg Saksutgreiing Det vart i november 2012 inngått avtale med Norconsult på Lillehammer om prosjektering av nytt Bismo reinseanlegg. Med bakgrunn i ynskje og behov frå Skjåk kommune, utarbeidde Norconsult forprosjekt for den nye reinseanlegget med tilhøyrande leidningsnett og oppgradering av vegen fram til anlegget. I forprosjektet er nytt Bismo reinseanlegg kostnadsrekna til 38,0 millionar kroner eks mva, basert på entreprisekostnadar 1. kvartal 2013. Prosjektet er finansiert over 3 år (2012, 2013 og 2014) basert på forprosjektet med til saman 38,0 millionar kroner. I prosjekteringsfasen har det vore gjort ein del endringar og påført prosjektet ein del ekstrakostnadar det ikkje var teke høgde for i forprosjektet. For eksempel inndeling av rein og urein sone i personaldelen, utarbeiding av reguleringsplan for området, etablering av eigen transformatorstasjon for reinseanlegget, osv. I tillegg har det vore ein relativt stor prisstigning i bygge- og anleggsbransjen siste åra. Alle entreprisane har nå vore ute på anbod og ein har danna seg eit bilte over totalkostnaden på prosjektet. Entreprisekostandane og byggherrekostnadane vil koma på til saman 43,5 millionar kroner eks mva. Dvs. at det må til ei ny løyving på 5,5 millonar kroner for å fullfiansniere prosjektet. Fjerning/omdisponering av eksisterande Bismo reinseanlegg er ikkje inkludert i totalkostnaden. Vurdering For å kunne inngå kontrakt med entreprenørar må det fattast politisk vedtak om prosjektet skal gjennomførast slik det er planlagt og prosjektert. Det må også fattast vedtak på fullfinansieringa av prosjektet. Fjerning/omdisponering av eksisterande reinseanlegg er ikkje teke inn i prosjektet da det ikkje er teke stilling til framtidig bruk av bygget og tomta.
Rådmannen si innstilling Formannskapet tilrår kommunestyret å fatte fylgjande vedtak: Bygging av nytt Bismo reinseanlegg blir gjennomført slik det er planlagt og prosjektert Prosjektet blir fullfinansiert med lånemidlar og lagt inn i investeringsbudsjettet for 2015 Det utarbeidast ein plan for bruken av eksisterande reinseanlegg og ei eventuell omregulering av området.
Næring Arkivsak: 2014/630-2 Arkiv: C03 Saksbehandlar: Marianne Stensgård Dato: 22.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 100/14 Formannskapet 28.08.2014 Søknad om støtte frå næringsfondet til arrangering av Hausttakk 2014. Saksutgreiing Skjåk kommune mottok søknad om økonomisk støtte til Hausttakk 2014, den 20.08. I søknaden kjem det fram at Skjåk kjøpesenter/ Senterforeninga, som er alle butikkane pluss eigar av kjøpesenteret, ønskjer å ta oppgåva med å arrangere Hausttakk 2014 dersom dei får fullfinansiert arrangementet. Det er stutt tid til arrangementet og for å kome i mål vender dei seg til Skjåk kommune med håp om raskt, og helst umiddelbart svar, på søknaden. Det står vidare at det skal jobbast med organisering og mobilisering blant næringsaktørar og andre for framtidige arrangement i Skjåk. Søkjarane har som mål å arrangere Ståk i Skjåk og Hausttakk 2015 i tillegg. Initiativtakarane er avhengige av å få fullfinansiert arrangementet. Ein av grunnane for engasjementet er trua på Hausttakk som konsept og at eit år utan arrangementet er eit daudt arrangement og at det vil krevje for mykje å få det i gang at ved seinare høve. Planane for Hausttakk 2014 fylgjer lesten som har vore før, men det vert og sett på nye måtar å løyse det på. Søkjarane ser det som viktig å få opp engasjementet og ei dugnadsånd blant aktørane, både gamle og nye. Finansieringsplan 2014. KOSTNADAR Budsjett Godtgjersle administrasjon 15.000,- Honnorar foredragshaldarar 5.000,- Premiar og gåver 1.000,- Marknadsføring inkl distribusjon 15.000,- Leige av lyd 4.000,- Leige av telt 28.000,- Flagging langs vegen Skjåk kommune 3.500,- Leige av bord, Skjåk kommune 2.500,- Kopiering, Skjåk kommune 6.000,- Forsikring? Uforutsette kostnadar 10.000,- SUM 90.000,- FINANSIERING Budsjett Standleige 5.000,- Skjåk kommune/regionrådet 85.000,- SUM 90.000,-
Skjåk kjøpesenter bidreg med strøm, areal, regnskap og revisjon, tilrettelegging på plassen, møter og praktisk gjennomføring. Vurdering Haustakk er eit arrangement som har vorte ein tradisjon i Skjåk. Det er med på å marknadsføre bygda på ein positiv måte gjennom landbruket og matproduksjon som går føre seg i bygda. Arrangementet har vore bygd opp med eit fagmøte på fredagskvelden, med aktuelle tema innafor landbrukspolitikk, mat og matproduksjon. Laurdag har det vore marknadsdag med sal av lokale matprodukt og diverse underhaldning Det har og vore demonstrert produksjonsmetodar av mat, nedskjering av slakt, hermetisering av kjøtkaker, bruk av vedfyrt bakeomn mv. Det har og vore arrangert ølsmaking, whiskysmaking, akevittsmaking mv. Hausttakk kom til som ein ide på landbrukskontoret og har vore drive frå der i 5-6 år til Skjåk Arrangement AS vart etablert. Dei dreiv det i to år med noko innleigd hjelp frå tidlegare ansvarleg frå næringskontoret. Arrangementa vart tatt ut av eigarmeldinga til det som etter kvart vart Skjåk Utvikling AS og det skulle jobbast med å få næringslivet til å drive arrangementa vidare. Det har no kome eit initiativ frå Senterforeninga og eigaren av Skjåk kjøpesenter om at dei ønskjer å arrangere årets Haustakk. Dei ser og for seg at dei vil arrangere Ståk i Skjåk og Hausttakk også i 2015. Dette meiner rådmannen at vi kan kome attende til etter at evalueringa av næringsfondet og Skjåk Utvikling er gjennomført. Skjåk Utvikling innførte standleige når dei overtok arrangementa. Tidlegare har denne vore gratis. Kommunen har motteke fleire negative kommentarar til at dette vart innført. Eitt av måla med Hausttakk har vore å syne fram mangfaldet av matprodusentar og matproduksjon som går føre seg i Skjåk. Det er dette som er med på å heve kvaliteten og originaliteten til arrangementet. Ved å ta standleige kan det vere med å ekskludere dei minste produsentane. Utan produsentar blir det heller ikkje noko arrangement. Rådmannen er positiv til at næringsaktørar vil ta på seg Hausttakk 2014. Det er regionrådet og Skjåk kommune som er utfordra på å bidra med tilskott til fullfinansiering av arrangementet med eit budsjett på 90.000,- totalt. Regionrådet har ikkje handsama søknaden i skrivande stund, men tilskottet kan samla ikkje overstige kr 90.000,- Rådmannen si innstilling 1) Formannskapet vedtek å gje støtte til Senterforeininga ved Skjåk kjøpesenter for å arrangere Hausttakk 2014. 2) Tilskottet frå regionkontoret og Skjåk kommune utgjer inntil kr 90.000,- medrekna budsjettert inntekt av standleige. 3) Utbetaling av tilskottet skjer etter at rekneskap med spesifikasjon av kostandane ligg føre. 4) Beløpet vert teke frå næringsfondet og overført konto: 1470.450.3255.325. 5) Eventuelle arrangørar av Ståk i Skjåk og Hausttakk 2015 kjem formannskapet og kommunestyret attende til, etter at evalueringa av Skjåk Utvikling AS og bruken av næringsfondet er gjennomført.