Notat Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 18.03.2015 Frå: Administrerande direktør Sakhandsamar: Saka gjeld: Olav Hesjedal Kostbare legemiddel Administrerande direktør si orientering pkt. 2 Styresak 012/2015 O Styremøte 27.03.2015 I styremøte 22.01.2015 bad styret om eit notat til styremøte i mars om kostbare legemiddel, som viser grupper/styring/utvikling/isf. Kva er kostbare legemiddel? Kostbare legemiddel er helseføretaksfinansierte legemiddel til behandling av utvalde sjukdommar innanfor ulike fagområde. Tilstandar som gjev rett til bruk av dyre legemiddel, er mellom anna multippel sklerose (MS), inflammatoriske tarmlidingar, ulike revmatologiske sjukdommar og alvorleg psoriasis. I tillegg kjem behandling av dystoni, spastisitet og augesjukdomar som maculaødem og degenerasjon. Frå 2014 vart også ein del medikament innanfor kreftbehandling overført til kostbare legemiddel. Det gjeld pasientar med metastasar, prostatakreft og malignt melanom med spreiing (hudkreft). Ordninga omfattar både pasientstyrt behandling, der det vert brukt såkalla H-reseptar (H for hospital), og sjukehusbehandling med injeksjon av medikamentet. Sjukehusbehandling med dyre legemiddel vert gjennomført på mange poliklinikkar og sengepostar i Helse Førde. Eksempel er augeavdelinga, barneavdelinga, medisinsk avdeling, revmatologi, nevrologi og kreft. Kostbare legemiddel vert nytta på alle dei somatiske sjukehusa våre. Som regel er det dagbehandling, men i få tilfelle får alvorleg sjuke pasientar oppstart som døgnpasientar på sengepost. Pris på eit medikament avgjer ikkje om det høyrer til kostbare legemiddel. Helseføretaket dekkjer utgifter for desse medikamenta uavhengig av om dei vert gjevne i eller utanfor sjukehus. Ordninga omfattar om lag 60 ulike medikament.
Utvikling i særrekneskap (ansvar 410060) i medisinsk klinikk: Rekneskapen frå 2011 til 2014 syner følgjande utvikling i løpande kroner (x1000): Medikamentkostnader er alle faktura frå apotek for H-reseptar levert direkte til pasient, og alle kostbare legemiddel brukt i sjukehusa våre. DRG-inntekt er berre inntektene frå H-reseptar utskrivne av legar tilsett i Helse Førde. Ser me nærare på medikamentkostnadene så er dei fordelt på følgjande måte: Medikament kostnader 2011 2012 2013 2014 Levert ut frå apotek 27 539 31 906 38 735 46 875 Kjøp brukt på sjukehus 19 671 22 874 20 185 19 623 Kjøp av tenester/intern periodisering 96 1 631 1 803 5 563 Sum 47 306 56 411 60 723 72 061
Dette syner ein sterk auke i kostnader for H-reseptar, medan utgifter til kostbare medikament brukt på sjukehus har vore om lag konstant i perioden. Auken i kostnader levert frå apotek frå 2013 til 2014 er forklart med kreftmedikamenta som vart tilført ordninga. Faktura for kreftmedikamenta var 9 millionar kroner i 2014. Utgifter til kostbare legemiddel i Helse Førde samanlikna med regionen Dette biletet syner forbruk i kroner per 1000 innbyggjar i Helse Vest og per fylke i same periode som i biletet ovanfor (kilder: SLS, SSB). Det er liten skilnad mellom dei ulike fylka i kroner per innbyggjar (jamfør skalaen på y aksen). Vi ser også at auken i kostnadsbiletet er lågare i Sogn og Fjordane enn i Helse Vest frå 2013 til 2014. Ut frå differansar i kostnadsbiletet mellom fylka, er det uråd å konkludera med ulik praksis for bruk av kostbare medikament i pasientbehandlinga. Til det er differansane for små, og det er for mange ukjende faktorar. Inntekter Det ligg føre eit eige regelverk for finansiering av kostbare legemiddel med særskilde krav til registrering i elektronisk pasientjournal. Registreringa må vera komplett og korrekt. Det er ulik finansiering av medikament som pasienten får ved behandling på sjukehuset, og medikament som pasienten administrerer sjølv heime. DRG-inntektene i særrekneskapen for høgkost i Helse Førde inneheld refusjon for H-reseptar utskrivne av legar i føretaket. Dette utgjorde 21,1 millionar kroner i 2014. 11 prosent av H-reseptane som vart fakturert til Helse Førde i 2014, var utskrivne av legar utanfor vårt helseføretak. Inntektene for desse reseptane inngår ikkje i særrekneskapen for høgkost. DRGinntektene for pasientar som vert behandla på sjukehuset, er heller ikkje synlege i særrekneskapen. Desse vert inntektsførte på avdelinga som behandlar pasienten. I 2014 utgjorde dette 12,3 millionar. DRG-inntekter: Dette omfattar berre kostbare legemiddel som apoteka leverer direkte til pasientane. Frå 2013 til 2014 auka ISF-refusjonen frå 40 prosent til 50 prosent. Samstundes vart DRG-indeksen redusert for fleire preparat, som synt i følgjande tabell: Bakgrunnen for reduksjon i refusjonsordninga var at det blei føresett at rimelegare preparat skulle takast i bruk, noko som ikkje er gjennomført (på landsbasis).
Driftstilskotet er ein del av det rammetilskotet Helse Førde mottar. Tilskotet er historisk fastlagt. Det er blitt prisjustert kvart år, uavhengig av andre endringar. Følgjande er ikkje inkludert i særrekneskapen: 1. Inntekter til pasientar behandla inne på sjukehuset. DRG-inntekta vert tildelt avdelingane som behandlar pasienten. 2. Inntekter frå H-reseptar utskrivne av legar ikkje heimehøyrande i Helse Førde. 3. I 2014 vart fleire kreftmedikament implementerte i H-reseptsystemet. Det vart innbaka eit eige driftstilskot for desse som vart gitt i det samla rammetilskotet til Helse Førde. Det kan gjerast eit estimat over dei tre punkta ovanfor: 1. I 2014 vart det generert 604 DRG-poeng (12,3 millionar kroner i inntekt) på poliklinisk aktivitet der det er gjeve høgkostmedikament. Ein gjennomgang av DRG-indeksane for desse konsultasjonane syner at det i snitt aukar med 85 prosent når det er konsultasjon med medikament i høve utan. Nyttar me dette forholdstalet så skulle om lag 10,4 millionar av desse inntektene vore ført i særrekneskapen. 2. Inntekter frå H-reseptar på reseptar utskrivne av legar ikkje heimehøyrande i fylket er vanskeleg å stipulera, då vi ikkje har detaljar innanfor gjestepasientoppgjeret som syner naudsynte opplysningar. Tek vi utgangspunkt i andelen som desse utgjer (11 prosent) i høve det vi kjøper hos apoteka, så skulle vi ha ei inntekt på 2,6 millionar kroner for dette. Det vi får av dette ligg på gjestepasientoppgjeret og ikkje i særrekneskapen. 3. For å handtere nye kreftmedikament budsjetterte Helse Førde med ein kostnadsauke på 10 millionar kroner i 2014. Dette tilskotet vart ikkje lagt i særrekneskapen for høgkostmedikament. Slik endrast biletet frå ein netto kostnad på 29,9 millionar kroner til 6,9 millionar kroner. Reglar for oppstart av behandling med kostbare legemiddel og bruk av tilrådd medikamenttype Alle fagområde har retningslinjer for oppstart av behandling med dyre legemiddel. I Helse Førde nyttar vi «Nasjonale faglige retningslinjer for bruk av TNF-α hemmere og andre biologiske betennelsesdempende legemidler innen revmatologi, gastroenterologi og dermatologi.» Utfordringa er at dei er uklare, og gjev plass for skjøn. Vi kan ikkje venta meir detaljerte retningslinjer i Norge i nær framtid. Oppstart av behandling og val av preparat er likevel ikkje avhengig av den enkelte lege. Som eksempel kan nemnast
revmatologi. Avgjerda vert ikkje tatt direkte i konsultasjonen, men i ein «kommisjon» der LIS-lege eller overlege legg fram aktuell pasient. Det skal vera minst to overlegar til stades. LIS-råda er godt kjende. Dette biletet syner omfanget av bruk av Remicade/Remsima i ulike poliklinikkar og sengepostar i Helse Førde. Status på omstilling frå Remicade til Remsima frå januar 2013 til desember2014 er synt ovanfor. Byte frå Remicade til Remsima har vore kontroversielt, og nasjonale fagorganisasjonar og pasientorganisasjonar har frårådd overgang til Remsima. Omlegginga har likevel starta. Frå april 2015 er det planlagt at alle pasientar skal få Remsima i Helse Førde, også dei som står på Remicade no. Unnatak skal berre vera ved alvorlege biverknader. Styring og kontroll/problem ved kontroll Koding ved utskriving av H-resept: H-Reseptar kan skrivast ut ved ein konsultasjon, ved innlegging i sjukehus eller ved indirekte kontakt (telefon). Alle reseptar skal registrerast av lege i DIPS med ICD10-kode for aktuell tilstand + særkode WL000 for resept og særkode for medikament. Liste over særkodar for medikament som inngår i ordninga, er oppført på side 31 og 32 i ISF-heftet for 2015. Nye medikament kan komme med gjennom året. Årleg refusjon må vera registrert ved stenging av tredje tertial (årsavslutning). Koding i sjukehus: For døgnpasientar registrerer lege at medikamentet er administrert under opphaldet med NCMP-kode for infusjon og særkode for medikamentet. Dette gjev DRG for opphaldet. Omfatta av tertialstenging. Kvar
avdeling som brukar kostbare legemiddel har sjølv ansvar for at personellet er kjende med medisinske prosedyrar og system for korrekt koding. Data frå DIPS vert 1. i kvar månad sendt til Analysesenteret for handsaming og gruppering. Vi får grupperte data tilbake, samt eigen rapport for H-reseptar. Mangelfull registrering av H-reseptar er markert. DRG-controllar går gjennom rapporten og korrigerer der rapporteringa ikkje er komplett. DRG-controllar sjekkar at kodinga av medikament administrert i sjukehus er komplett registrert, og rettar der det er mangelfullt. DRG-controllar sikrar at det blir kontrollert mot H-reseptregisteret og utleverte medikament frå sjukehusapotek før årsavslutning. Problem ved kontroll av koding: Det er i dag uråd å kontrollera om H-Reseptar som er utskrivne av legar utanfor vårt helseforetak, har blitt koda rett og oppfyller krava til refusjon. Vi kan forventa at ny forskrift som for tida er på høyring, kan avhjelpe dette. Det vert gjennomført kontroll av alle fakturaer som kjem til Helse Førde av seksjonsoverlege på revmatologisk seksjon. Kontrollen inneheld om prisen er i samsvar med LIS-anbod, og om lege hadde formell rett til å ordinere. Det er umogeleg å kopla faktura til resept eller pasient. Kontrollen er såleis av avgrensa verdi. Oppsummering 1. Utgifter for kostbare legemiddel i Helse Førde er om lag på same nivå som i Helse Vest. 2. Kostnadsauken frå 2013 til 2014 er lågare i Helse Førde enn gjennomsnittet i Helse Vest 3. Kostnader for høgkostmedikament brukt på sjukehusa våre, har vore konstant sidan 2010. Det tyder på at våre legar til kvar tid har nytta dei rimelegaste medikamenta. 4. Vi har ein konkret plan om byte frå Remicade til Remsima. 5. Særrekneskapen for dyre medikament inneheld ikkje alle inntekter. Ein korrigert rekneskap syner ein netto kostnad på om lag 7 millionar kroner i staden for 30 millionar kroner.