HORDALAND FYLKESKOMMUNE Internasjonalt arbeid Arkivsak 200809950-1 Arkivnr. 058 Saksh. Astrup, Ingebjørg Lillefjære-Tertnæs, Charlotte Torgersen, Matti Roksvåg, Berit Titlestad, Tor Saksgang Kultur- og ressursutvalet Samferdselsutvalet Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.02.2009 11.02.2009 24.02.2009 12.03.2009 17.03.2009 INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND SAMANDRAG Tinging Under handsaminga av budsjettet for 2008 vedtok fylkestinget m.a.: Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei sak om evaluering og strategi for det internasjonale arbeidet. Evaluering Det har vore eit mål at arbeidet med evaluering og strategi skulle ha brei forankring i Hordaland fylkeskommune. Prosjektgruppa som vart nedsett har hatt ei brei prosess internt i fylkesadministrasjonen. Fylkesrådmannen si leiargruppe har vore styringsgruppe for arbeidet. Det er og gjort ei kartlegging av internasjonal aktivitet ved vidaregåande skular i 2007. Resultatet av kartlegginga finn ein i vedlegg til denne saka. Når oppdraget om evaluering er knytt til utarbeidinga av ein ny strategi, er det naturleg å foreta evalueringa også ut frå framtidige behov og ikkje berre i frå det som var målsetjingane i 2004- strategien. I materialet som er presentert i saksframlegget, har vi utført - ei vurdering av arbeid og tiltak i perioden 2004 2008 i forhold til strategipunkta i planen frå 2004. - ei vurdering av det internasjonale arbeidet knytt til dei fem hovudområda for internasjonal samhandling. Dei fem hovudområda for aktivitet og samhandling (Internasjonale organisasjonar, programsamarbeid, samarbeidsregionar, Vest-Noregs Brusselkontor og prosjektarbeid ut over det som er nemnt i dei førre kategoriane), har ein valt som fellesstruktur for planlegging og rapportering i den nye strategien.
Den internasjonale strategien for perioden 2009 2012 skal ein følgja opp med årlege handlingsplanar for alle verksemdsområda. Strategi for det internasjonale arbeidet 2009-2012 1a. Visjon Hordaland fylkeskommune skal ha eit aktivt internasjonalt engasjement med sikte på å fremje gjensidig kulturforståing og styrkje Hordaland som ein attraktiv og konkurransedyktig region. 1b. Målsetjingar Måla for internasjonalt samarbeid er: - Skape ein arena for gjensidig læring for å bidra til å løyse felles regionale utfordringar - Gje ungdom internasjonal kompetanse, kulturforståing og erfaring - Utvikle Hordaland som ein kreativ, inkluderande og innovativ region med gode lokalsamfunn gjennom samarbeid med regionar i andre land - Møte framtidige klimautfordringar gjennom internasjonalt samarbeid og kunnskapsutvikling. - Sikre ei berekraftig utvikling av kyst- og fjordområda i fylket, t.d. gjennom tettare samarbeid med regionar rundt Nordsjøen, og andre kystorienterte regionar. - Arbeide for å påverke Hordaland sine rammevilkår gjennom å fremje våre interesser i nasjonale og internasjonale forum. - For å nå dei måla som ein har for arbeidet, vel ein å peika på nokre strategipunkt som i denne samanhengen har å gjere med bevisste vegval. 1c. Strategi Strategiane for det internasjonale samarbeidet er: - Styrkje prosjektsamarbeid som støttar opp under fylkeskommunen sine prioriterte satsingar - Vere oppdatert på internasjonale trendar og utviklingstrekk. - Auke bruken av internasjonale program for ungdom - Nytte kunnskap og erfaring frå internasjonale miljø inkludert det fleirkulturelle norske samfunnet og våre samarbeidsregionar - Auke bruken av EU/EØS-program i det regionale utviklingsarbeidet - Styrke samarbeidet kring sjøretta aktivitetar gjennom samarbeidsregionar, organisasjonar og prosjekt - Styrkje kompetansen på EU og EØS-avtalen i fylket - Vere ein aktiv deltakar i interregionale organisasjonar 2. Prioriterte tema I den internasjonale strategien vert følgjande prioriterte tema løfta fram for å tydeleggjere det internasjonale engasjementet inn mot nokre område som er sentrale for Hordaland. Det er viktig at prioriteringar av område vert klargjort for aktuelle samarbeidspartar og dei tilsette i eigen organisasjon. Dei fire temaområda vil bli utdjupa gjennom dei konkrete tiltaka i handlingsplanen. a. Ungdom - Utdanning og kulturutveksling: I lys av at fylkeskommunen er skuleeigar, og i lys av rolla som regional utviklingsaktør, er det særleg viktig å ha ei aktiv rolle i høve til å lære ungdom internasjonalt medansvar, både gjennom opplæringstiltak og den meir uformelle læringssituasjonen som t.d. gjennom kultur- og fritidsaktivitetar. b. Kunnkapsbasert innovasjon: Fylkeskommunen skal vere ein medhjelpar og partnar for næringsliv, institusjonar og organisasjonar i høve til å møte utfordringane med globalisering. Dette gjeld ikkje minst i høve til forsking (FoU) og teknologioverføring. Dette arbeidet krev ein internasjonal kompetanse og kulturforståing hos aktørar gjennom heile fylket. c. Klima, energi og miljø: Fylkeskommunen arbeider med ein fylkesdelplan for klima. Klimautfordringane er globale, og gode løysingar er avhengig av internasjonalt samarbeid og kunnskapsoverføring. 2
d. Sjøretta aktivitetar: Som kystfylke er det viktig at Hordaland har særleg fokus på nærings- og samfunnsliv knytte til sjøretta aktivitetar, og at ein styrkjer samarbeid med andre regionar i Nordsjøområdet. 3. Hovudkategoriar av internasjonalt arbeid 3a. Europeiske organisasjonar: Fylkeskommunen skal styrkje det politiske engasjementet i europeiske organisasjonar med særleg fokus på Nordsjøkommisjonen. Gjennom deltaking ønskjer ein å påverke politiske prosessar i Europa Hordaland fylkeskommune skal delta aktivt og med breidde både politisk og fagleg, søkje politiske verv, og styrkje rapporteringa om aktivitetane. Særleg fokus på regional utvikling innan heile breidda av fylkeskommunen sine oppgåver og tenester Sentrale partnarar i dette arbeidet er dei andre fylka på Vestlandet gjennom Vestlandsrådet 3b. Program og prosjektarbeid: Hordaland fylkeskommune tar sikte på å delta i internasjonalt program- og prosjektarbeid der dette kan bidra til å nå prioriterte målsetjingar i fylkeskommunale planar og strategiar. I fleire program er det og eit krav at det regionale nivået skal vere representert i prosjekta. Fylkeskommunen skal arbeide for eit tettare prosjektsamarbeid i Nordsjøområdet og Nordområda Det skal vere fokus på prosjekt innan heile breidda av fylkeskommunen sine oppgåver og tenester Fylkeskommunen skal ha ei sterk satsing på program retta mot ungdom Hordaland fylkeskommune skal i dette arbeidet ha eit aktivt samarbeid med den regionale partnarskapen i Hordaland: kommunane, kompetanseinstitusjonane og næringslivet, samt institusjonar og organisasjonar. 3c. Samarbeidsregionar: Samarbeidet med våre sentrale samarbeidsregionar skal vidareførast gjennom konkrete handlingsplanar. Hordaland fylkeskommune har f.t. samarbeidsavtalar med Orknøyane, Nedre-Normandie, Kaunas og Cardiff. For andre regionar som fylkeskommunen har samarbeid med, skal vi leggje vekt på å få fram konkrete tidsavgrensa avtalar der dette gagnar våre målsettingar. Bruke samarbeidsregionane som aktuelle samarbeidspartnarar i utviklingsprosjekt og anna samarbeid der det er relevant (t.d. elev- og lærarutveksling mellom vidaregåande skolar). Samarbeidet skal jamleg evaluerast i høve til prioriteringar frå begge partar Samarbeid med regionar utanfor Europa skal vurderast Sentrale partnarar vil vere næringsliv, kompetanseinstitusjonar og anna Samarbeidsavtalar skal godkjennast av fylkesutvalet. 3d. Vest-Noreg Brusselkontor: Fylkeskommunen skal bruke Vest-Norges Brusselkontor (VNB) aktivt som kontaktpunkt og lyttepost i høve til det som skjer i EU. Hordaland fylkeskommune skal bruke VNB som viktig kontaktpunkt og møteplass for regionsamarbeidet i Europa Aktivt bruk av VNB som instrument i høve til eigne mål og strategiar. VNB skal vere ein viktig informasjonskanal for lærarar og elevar Vest-Norges Brusselkontor skal arbeide med heile feltet av fylkeskommunale tenester og bidra til å synleggjere Hordaland som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar Hordaland fylkeskommune skal bruke VNB som ressurs for å auke kompetansen om EU/EØSspørsmål i fylket. 4. Økonomi Dei føreslegne tiltaka skal finansierast gjennom fylkeskommunen sitt ordinære budsjett, og innspel må kome i samband med budsjettprosessen. I tillegg til budsjetta til fagavdelingane, er det verkemiddel knytte til satsingsområda i Regionalt utviklingsprogram (RUP). For ekstraordinære tiltak kan det leggjast fram einskildsaker for dei politiske utvala. 3
FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget vedtek Strategi for det internasjonale arbeidet 2009 2012 slik den ligg føre. Paul M.Nilsen Ingebjørg Astrup Vedlegg: - Det internasjonale arbeidet i Hordaland fylkeskommune. Evaluering 2004-2008. Strategi 2009-2012 - Kartlegging av dei internasjonale aktivitetane på dei vidaregåande skolane 4
FYLKESRÅDMANNEN, 26.01.2009: Sjå vedlagte hefte 5