Moglegheiter for ein digital teikneserie



Like dokumenter
BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Samansette tekster og Sjanger og stil

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Brukarrettleiing E-post lesar

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


Kva er økologisk matproduksjon?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Brødsbrytelsen - Nattverden

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Valdres vidaregåande skule

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

«Ny Giv» med gjetarhund

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mmm...med SMAK på timeplanen

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Lotteri- og stiftingstilsynet

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Månadsplan for Hare November

Vurdering av allianse og alternativ

Finansiering av søknaden

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Sporing og merking. Merking

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Sandeid skule SFO Årsplan

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kvalitetsplan mot mobbing

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Transkript:

Moglegheiter for ein digital teikneserie av Olaf Moriarty Solstrand Dette essayet var opphavleg mi eksamensoppgåve i DOK-1010: Dokument- og medieteori fra humanistisk perspektiv ved Universitetet i Tromsø, det humanistiske fakultet, våren 2006. Med unntak av at forsida er endra og at ein skrivefeil er retta, er denne teksten identisk med det originale essayet. Innhaldet er altså ikkje oppdatert etter mai 2006. Samandrag: Introduksjonen av hypertekststrukturar skaper ein ny måte å skrive på. Det gjelder òg teikneseriar. I dette essayet ser eg på nokre av moglegheitene som opnar seg for teikneserien som dokumentasjonsform når den skal tilpassast til nye elektroniske media, og korleis desse moglegheitene blir brukt i praksis og eventuelt kvifor dei ikkje blir brukt i praksis.

Innleiing Bruk av bilete er ein dokumentasjonsmåte som har eksistert i tusenvis av år til dømes har dei eldste holemaleria vi kjenner til blitt datert til å vera 32 000 år gamle 1. På eitt tidspunkt tok nokon denne ideen eitt steg vidare, og formidla det dei ønska å dokumentere med ein sekvens på fleire bilete. Dette er ein teknikk som gjennom historia har blitt gjenteke stadig oftare, og som no utførast fleire tusen gonger dagleg over heile verda. Lund skriv at når ein distinktiv måte å dokumentere noko på blir gjenteke, oppstår det ein dokumentasjonstradisjon som vi kan kalle ei dokumentasjonsform 2. Å formidle eit bodskap ved å plassere fleire bilete etter kvarandre, det vi kallar teikneseriar, er altså ei dokumentasjonsform. Teikneserien blir, som andre dokumentasjonsformer, påverka av den teknologiske utviklinga. I følgje McCloud spelte oppfinninga av boktrykkarkunsten ei like stor rolle for teikneseriar som for tekst 3, og når Bolter i samband med verdsvevens suksess skildrar korleis presentasjon av hypertekststrukturar skaper ein ny måte å skrive på, 4 omfattar den utviklinga òg teikneseriar. I dette essayet vil eg sjå på nokre av moglegheitene som opnar seg for dokumentasjonsforma når ein skal tilpasse teikneseriane til nye elektroniske media, og korleis desse moglegheitene blir brukt i praksis og kvifor dei eventuelt ikkje blir brukt i praksis. Den digitale teikneserien McCloud definerer teikneseriar som «[j]uxtaposed pictorial images in deliberate sequence, intended to convey information and/or to produce an aesthetic response in the viewer». 5 Dette er ein definisjon som seier lite kanskje overraskande lite om kva dokumenta innanfor dokumentasjonsforma har felles. Definisjonen seier ingenting om media og middel eit rådande paradigme i det tjuande hundreåret har vore at teikneseriar er trykksverte på papir, men ein vil òg kunne finne teikneseriar produsert med andre middel det vera seg alt frå broderi eller veggmaleri 6 til millionar av pikslar på ein dataskjerm. 1 Wikipedia, oppsøkt 29.05.2006, s.v. «Cave painting». 2 Niels Windfeld Lund, «Documentation in a complementary perspective» i DOK 1010 Dokument- og medieteori fra humanistisk perspektiv: Vår 2006, red. av Roswitha Skare (Tromsø: Universitetet i Tromsø, Det humanistiske fakultet, 2006), 6. 3 Scott McCloud, Understanding comics (New York: HarperPerennial, 1994), 9. 4 Jay David Bolter, Writing space: Computers, hypertext and the remediation of print, 2. utg. (Mahwah, New Jersey: Lawrence Erlbaum associates, 2001), 27. 5 McCloud, Understanding comics, 9. 6 Døma er henta frå McCloud, Understanding comics, 12 15. 2

Det einaste McClouds definisjon seier om teikneseriens fysiske aspekt, er at han skal bestå av meir enn eitt bilete, desse bileta skal ha eit biletleg innhald 7 og dei skal vera sidestilte 8. Det eksisterer rettnok fleire tradisjonar for korleis ein teikneserie skal sjå ut, der teikneseriestriper, teikneserieblad og teikneserieromanar kanskje er dei mest framtredande, men dokumentasjonsforma slik eg ser på ho i dette tilfellet vil omfatte dei alle, i tillegg til dei seriane som måtte falle utanfor alle desse tradisjonane. Sosiale og mentale aspekt ved ein teikneserie er definisjonen heller ikkje veldig avgrensande. Når det gjeld innhald, set McClouds definisjon berre eitt krav, og det er at ein teikneserie skal formidle informasjon eller skape ein estetisk respons. Formidling er rettnok eit så elementært krav at ein finn det att i dei fleste definisjonar på kva eit dokument er 9. Levys talking things er gjenstandar vi har gitt taleemne 10 fordi vi ønskjer å formidle eit bodskap gjennom dei, medan Briet seier at dokumentet skal vera bevart med det føremål å representere, attskape eller bevise eit fenomen 11. Det kravet denne definisjonen set til teikneseriens innhald er altså berre det som normalt krevjast av alle dokument. Ein digital teikneserie vil vera eit digitalt dokument som fyller krava til å kunne kallast ein teikneserie. Buckland skrive i si utreiing om kva eit digitalt dokument er at å definere dokumentet basert på funksjon vil vera meir fruktbart enn ein definisjon basert på form, format eller medium. 12 Den digitale teikneseriens funksjon kjenner vi frå teikneseriens definisjon, den er å formidle informasjon eller framkalle estetisk respons i tilskodaren noko eg har argumentert for at eg meiner er underforstått i uttrykket dokument. Denne prosessen skal dessutan skje gjennom sidestilte bilete i sekvens at den lagra digitale representasjonen skal bestå av dette blir derimot umogleg, ettersom denne eksisterer berre som binærkode. Denne koden kan derimot, som Levy skriv, få ei sansbar form, ein perseptibel kopi 13, som kan 7 Om ein reknar kvar bokstav som eit bilete vil denne teksten og vera ein teikneserie, men ettersom bokstavane representerer lydar og ikkje har eit eiget meiningsinnhald, fell dei ikkje inn under McClouds pictorial images. McCloud, Understanding comics, 8 9. 8 Med «sidestilte» meinast at bileta blir presentert som enkeltbilete i rom i staden for augeblikk i tid, som når ein til dømes presenterer 24 bilete i sekundet i ein film 9 Dette føresett rettnok at ein bruker ein dokumentdefinisjon som godtar estetisk formidling som dokumenter eit døme på ein definisjon som ikkje gjer det, er Scott, som skriv om oljemaleri at dei «might be regarded as aesthetic remains rather than documents». John Scott, A matter of record: Documentary sources in social research (Cambridge: Polity press, 1990), 13. 10 David M. Levy, Scrolling forward: Making sense of documents in the digital age (New York: Arcade Publishing, 2001), 23. 11 Suzanne Briet, Qu est-ce que la documentation?, overs. av Ronald E. Day og Laurent Martinet (nettkjelde: Wayne State University, 200? [1951]). 12 Michael Buckland, «What is a digital document?» (nettkjelde: School of information management and systems, University of California, 1998). 13 Levy, Scrolling forward, 138 139. 3

innehalde alt frå rein tekst til digitale musikkfiler, og det er i denne forma vi må etterspørja bilete i sekvens. Ein digital teikneserie er altså eit dokument som presenterer sitt innhald gjennom ein sekvens av enkeltbilete i digitale media. Som alltid ved remediering vil dette medieskiftet føre til ei reorganisering av eigenskapane til teikneserien, og skape nye moglegheiter. Nye moglegheiter? Når ei dokumentasjonsform blir ført inn i eit nytt medium det fenomenet Bolter omtaler som remediering 14 vil det nye mediet jf. Bolter ta det gamles stad ved å låne og reorganisere skrivekarakteristikken og attskape det gamle mediets kulturelle rom, ved å imitere eigenskapane til det gamle mediet, men samtidig implisitt eller eksplisitt hevde å forbetre det 15. Mediet skal altså ikkje berre skape endring dette skal vera ei fordelaktig endring for at remedieringa skal vera nyttig. Dette verker openbart, men er det tilfelle i praksis når det gjelder teikneseriar? At ein digital teikneserie er ulik ein papirteikneserie er veldig tydeleg, den mest openbare endringa er nettopp at serien er framstilt i eit anna medium men er denne endringa positiv? Om ein ser på Dagbladet.nos teikneseriesider 16, vil ein ved første augekast finne lite som skil seriestripene her frå stripene i papirutgåva. Med det unntaket at dei fysiske aspekta er endra slik at ein ser teikneserien som pikslar på ein monitor i staden for som trykksverte på papir, verkar kvart dokument nesten identisk med sin papirtvilling, og dei små skilnadane vi legg merke til treng ikkje gagne nettserien papirteikneserien er mellom anna skarpare, den bruker inga tid i det heile tatt på å laste, og den stiller ingen krav til nettlesar og operativsystem den krev ikkje eingong at du har ei datamaskin 17. Når ein tar konteksten i omsyn, vil ein derimot sjå at seriane på Dagbladet.no har fleire moglegheiter ein ikkje finn i papirutgåva. At netteikneserien består av ein kodestreng i motsetning til blekk på papir, gjer at serien er langt lettare å handtere. Teikneserien er ikkje lenger ein fysisk ting, men ein kode ein idé som datamaskina klarer å omdanne til ei visuell oppleving. Dette gjer at teikneserien er lettare å få tak i dersom eg ønskjar å finne ei papirutgåve av den, må eg fysisk dra til ein butikk der teikneserien er i sal, og serieheftet eller avisa der min serie står på trykk må ha blitt 14 Bolter, Writing space, 23. 15 Ibid. 16 Dagbladet.no: Tegneserie (nettkjelde: DB medialab, 2006). 17 For fleire grunnar til fordelar ved papirteikneseriar, sjå Scott McCloud, Reinventing comics (New York: HarperCollins Perennial, 2000), 175. 4

fysisk frakta til den aktuelle butikken innan eg kom dit. Bestiller eg abonnement på bladet eller avisa kan eg minske denne avstanden for min eigen del, men framleis må nokon frakte teikneserien til meg. For å få tak i den digitale teikneserien trenger eg berre å trykke på nokre knappar, og så kjem serien rett heim til meg 18. Denne fleksibiliteten har fleire fordelar. At ein teikneserie består av bits i staden for atomar 19, kan òg gjera at ein kan lagre fleire andre teikneseriar i nærleiken av den daglege og gjera dette arkivet tilgjengeleg via hypertekst ein vil til dømes på Dagbladet.nos «Pondus»- side kunne finne eit arkiv der alle stripene frå dei siste to vekene ligger tilgjengeleg 20, andre nettseriar legger ut atskillig større arkiv 21. Til samanlikning har ingen av butikkane i mitt nærområde to veker gamle aviser på lager. Denne forenkla leveringsprosessen gjer òg at dørene blir vidare for kven produsenten av serien kan vera. Rettnok kan nesten kven som helst lage ein papirteikneserie, men det vil ofte vere sterkt avgrensa kven mottakaren av dokumentet kan vera. Dersom målet med teikneserien er å nå ut til eit større publikum, gjer høge trykke-, frakt- og reklameutgifter gjerne at marknaden er førehaldt dei få store aktørane. I motsetning kan kven som helst med tilgong til ein vevtenar fritt publisere sine digitale teikneseriar der, og vevhotell og domenenamn er ein ressurs som berre blir billigare. 22 Desse fordelane er ting alle digitale teikneseriar har felles, men remedieringa gir òg ei rekke moglegheiter som ikkje alle veljar å bruke. Det er ikkje tilfeldig at ei digital Pondusstripe ved første augekast er identisk med papirutgåva av same stripe stripa er laga for å stå på trykk på papir, og den digitale framstillinga av dette blir rekna som ein kopi av dette. Serieskaparar som lager sine seriar spesielt for digital levering, vil derimot ha eit breiare utval av moglegheiter å velja mellom. Teikneserien Questionable content av J. Jacques 23 har alle dei same fordelane som seriane ein finn på Dagbladet.no, og det er òg normalt nok for nemnte serie, ettersom seriens presentasjon ikkje krevjar så mange moglegheiter som ein ikkje har på papir. Ved minst eitt 18 Dette er strengt talt ikkje bokstavleg talt riktig for alle digitale teikneseriar ein kan sjå for seg at eg lagar ein digital teikneserie utelukkande for eiget bruk, og så lenge eg ikkje legger denne ut på nettet, vil den heller ikkje vera tilgjengeleg for andre. Serien vil heller ikkje vera like raskt tilgjengeleg dersom den seljast/distribuerast via CD-ROM, ettersom produsenten då veljar å transportere serien som ein fysisk gjenstand i staden for som rein maskinkode. Derimot vil alle digitale teikneseriar ha moglegheita til å vera så lett å få tak i, ei moglegheit ein ikkje har for fysiske teikneseriar. 19 Samanlikninga er henta frå McCloud, Reinventing comics, 167. 20 Frode Øverli, «Pondus» i Dagbladet.no: Tegneserie (nettkjelde: DB medielab, 2006). 21 Til dømes har PVP av Scott Kurtz eit arkiv som går tilbake til 4. mai 1998. Scott Kurtz, PVP (nettkjelde: Scott Kurtz, 2006). 22 For meir informasjon om dette aspektet ved digitale dokument anbefaler eg kapitlet om digital levering i Reinventing comics: McCloud, Reinventing comics, 190-195. 23 J. Jacques, Questionable content (nettkjelde: J. Jacques, 2006). 5

høve har derimot denne serien nytta seg av ei moglegheit dei færraste som lager papirteikneseriar ville hatt. Ei Questionable content-side er normalt 600 x 1418 pikslar stor, og består av fire like store ruter, men på sida som blei lagt ut 23. februar 2006, skjedde eit stort høgdepunkt i den pågåande historia, som gjorde at forfattaren følte at han trengte meir plass, og han ønska ikkje å strekke den pågåande historia inn i nok ei side for å nå dette høgdepunktet. Difor innehaldt denne sida, i motsetning til normalen, seks ruter, og formatet var 600 x 2118 pikslar. 24 Dette høyrast i utgangspunktet ikkje veldig revolusjonerande ut, men prinsippet bak dette er eit svært viktig konsept i digitale teikneseriar. Når ein lager seriar på papir, har ein eit avgrensa format ein må halde seg til. Lager ein seriestriper for aviser, har ein eit areal til disposisjon, og kan ikkje gå utanfor dette. Lager ein seriar for blad eller teikneserieromanar, har ein litt større kontroll over plassen, men ein er likevel inneslutta av papirformatet. Enkelte kompenserer for dette ved å blåse opp formatet til det mangedobbelte av kva som er normalt 25, men dei færraste har i det heile tatt moglegheit til slikt, og ein vil likevel framleis ha ei grense for kor stor serien kan vera. Når ein teikneserie er trykt på papir, vil det alltid vera ei storleik i midlet som set grenser for dokumentets fysiske aspekt. Ein digital teikneserie vil ikkje ha slike grenser 26, og storleiken på dokumentet er utelukkande bestemt av dokumentet. Den digitale teikneserien har, som McCloud omtaler det, eit «uendelig lerret» 27, og medan Jacques held seg til å leggja til nokre ekstra ruter ein sjeldan gong, bruker andre serieskaparar langt meir av lerretet. Serieskaparen Demian 5 lager eksperimentelle teikneseriar med varierande men ofte veldig høg breidde 28, og PoCom-UK-001 29, eit samarbeidsprosjekt mellom tjue serieskaparar, utnytter lerretet til det fulle 30 og er dessutan eit døme på det Bolter kallar interaktiv fiksjon, 24 J. Jacques, «Number 564: If you need me I can always be found» i Questionable content (nettkjelde: J. Jacques, 2006). 25 Eit døme på dette er Art Spiegelman, In the shadow of no towers (New York: Pantheon books, 2004). 26 Dette tyder naturleg nok ikkje at ein kan vise heile teikneserien på skjermen samtidig. Akkurat som når ein jobber eit Word-dokument eller viser ei nettside, vil dokumentet vera alt for stort til at det er fordelaktig å vise heile dokumentet på skjermen samtidig, difor fokuserer ein på å vise den delen ein jobber med, og har høve til å bla seg fram og tilbake i dokumentet når ein får bruk for det. 27 McCloud, Reinventing comics, 222. 28 Demian 5, When I am king (nettkjelde: Demian5.com, 200?). 29 Nick Abadzis et.al., PoCom-UK-001 (nettkjelde: E-merl.com, 2003). 30 Sjølv om det skal innrømmast at PoCom-UK-001 i utgangspunktet var ein fysisk teikneserie, var den ikkje eit produkt som blei vist fram på papir, derimot var den stilt ut på ein vegg under Comica-festivalen på The Institute for contemporary arts i London, i juni 2003. Teikneserien dekkja då eit område som var 2,5 meter høgt og 17 meter langt. 6

der hypertekst «offers the reader a new literary experience in which she can share control of the text with the author» 31. Ei anna moglegheit er å leggja inn ein tredje dimensjon i serien. McCloud skildrar korleis ein kan la kvar rute i serien vera innebakt i den førre slik at ein når ein klikkar seg innover i historia vil ein få ei kjensle av å dykke djupare inn i serien 32, eller korleis ein kan stille opp bileta i serien i rette vinklar slik at ein aldri veit kva som venter rundt neste hjørne. 33 Desse verkemidla vil ikkje berre gi ein uendelig med plass å lage teikneserien på dei vil òg forandre heile måten ein leser på. Nye alternativ, konservative val Det finst altså ei rekke nye moglegheiter som opnar seg for korleis ein teikneserie kan sjå ut i eit digitalt medium. Då må ein spørja seg kvifor ein ikkje ser slike verkemiddel i bruk oftare. Dette er eit område som er ganske uutforska, så her kan eg berre kome med teoriar. Når ei dokumentasjonsform trer inn i eit nytt medium, er det heilt vanleg med ein periode der det nye mediet imiterer det gamle, til dømes var dei første bøkene var så godt som identiske med handskrivne manuskript 34. Ein viktig grunn til at digitale teikneseriar tar med seg mange aspekt frå først og fremst avisseriane, er at mange av desse seriane er laga for aviser, der den digitale publiseringa blir sett på som ein tilleggsgeskjeft. Det finst rettnok òg teikneseriar i «avisformat» som ikkje publiserast andre stader enn på nettet, men ein kan tenkja seg at dette for mange gryande serieskaparar kanskje er eit utstillingsvindauge der ein publiserer sine seriar, men utan å seie frå seg sjansen til å bli «oppdaga» av avisene. Når det er framstilt slik, får ein eit inntrykk av at papirteikneseriar har høgare status enn nettseriar. Dette kan vera riktig i så fall kan grunnen kanskje vera at papir har vore det rådande paradigmet for teikneserien i over hundre år men ein langt enklare grunn kan vera at det ikkje er så enkelt å tene pengar på digitale teikneseriar enno. Dersom ein lager striper berekna på papir, vil ein kunne selja trykkerettar til serien og tene pengar på dette, medan det enno ikkje eksisterer noko slikt som teikneserieforlag som satsar på digitale seriar 35. Det er 31 Bolter, Writing space, 121 122. 32 Dette første punktet har McCloud òg prøvd ut i praksis: Scott McCloud, The right number (nettkjelde: Scott McCloud, 2004). 33 McCloud, Reinventing comics, 227. 34 Bolter, Writing space, 14. 35 Så vidt meg bekjent. Med forbehold om at eg kan ta feil på dette punktet. 7

fullt mogleg å tene pengar på digitale teikneseriar 36, men i motsetning til papirseriar er denne bransjen ikkje så etablert enno, og då er det færre som våger å satse på den. Det krevjar òg eit kunnskapsløft å kunne produsere meir avanserte seriar. For å remediere ein enkel papirteikneserie er det nok å kunne bruke ein skanner for å kopiere teikneserien til digital kode. Skal ein derimot endre på serien ved å leggja inn aspekt som berre kan opplevast digitalt og som må skapast digitalt må ein eige og meistre den nødvendige programvaren for å lage desse. Å la lesaren dykke innover i historia slik McCloud gjer med The right number 37 er ikkje så vanskeleg med eit program som Flash Professional, men det krevjar at ein bruker 699 $ på å skaffe programmet, og at en lærer seg å bruke det. Dette kunnskapsløftet vil i beste fall kome av seg sjølv når dei nye media blir utbreidde nok, men om dette ikkje skjer, og vi går ut frå at slik kunnskap tilfører den digitale teikneserien noko positivt, oppstår i verste fall eit uheldig klasseskilje blant serieskaparane ein situasjon som kan samanliknast med den Manuel Castells skildrar når han seier at multimedieverda vil bli busett av brukarar og forbrukarar, dei som klarer å velja sine kommunikasjonsstiar og dei som må ta til takke med å velja mellom førehandsinnstilte alternativ 38. Ein siste grunn til at dei nye moglegheitene ikkje i så stor grad blir teke i bruk, kan vera at mange serieskaparar og -lesarar synest at teikneserien er bra nok som den er, og at ein difor ikkje treng å ønskje noko betre. Dette er ein situasjon som både er forståeleg og sannsynleg men den vil neppe vare. Vi har berre skrapa i overflata av kva ein kan gjera med digitale teikneseriar, og på same måte som boktrykkarkunsten etter nokre generasjonar gjekk bort frå å etterlikna handskrift for å gjera tekstrommet lettare å lese 39, vil digitale teikneseriar sannsynlegvis ein dag for fullt ta til seg dei moglegheitene mediet kan by på. Vegen framover Lund skriv at eitkvart dokument er eit 100 % fysisk fenomen, eit 100 % mentalt fenomen og eit 100 % sosialt fenomen 40. Den digitale teikneserien har problem på alle desse områda. Som eit sosialt fenomen er den eit dokument det ikkje finst ein klar kultur for, noko som gjer den til eit usikkert yrke få tør å satse på. Som eit mentalt fenomen er vi framleis så tidleg i paradigmeskiftet at mange ikkje ser at det kan kome skilnadar ut av å satse på desse moglegheitene. Som eit fysisk fenomen blir digitale seriar ofte feilaktig tillagt dei fysiske 36 For meir informasjon om korleis dette er mogleg anbefalast McCloud, Reinventing comics, 181 189. 37 McCloud, The Right Number. 38 Manuell Castells, The rise of the network society, 2. utg. (Oxford: Blackwell Publishing, 2000), 402. 39 Bolter, Writing space, 14. 40 Lund, «Documentation in a complimentary perspective», 3. 8

aspekta til sin forfar papirteikneserien. Det desse punkta har felles, er at dei alle skuldast at digitale teikneseriar framleis er ein ny teknologi. Eg meiner difor at desse problema er for startvanskar å rekna og vil forbetra seg over tid, og ein kan sannsynlegvis sjå fram til at digitale teikneseriar om få generasjonar tar i bruk langt fleire moglegheiter enn dei gjer i dag, og at dokumentasjonsforma går ei spennande framtid i møte. Den digitale teikneserien har eit hav av moglegheiter framfor seg, og vi har berre så vidt skrapa i overflaten. 9

Bibliografi Abadzis, Nick, Matt Abbiss, Patrice Aggs, Sarnath Banerjee, Brad Brooks, Faz Choudhury, Malcy Duff, Tom Gauld, Daniel Goodbrey, Paul Gravett, Daniel Johnstone, Roger Langridge, Simone Lia, Gary Northfield, Paul Peart-Smith, Barnaby Richards, Dave Shelton, Mark Stafford, Chris Ware og Zeel. PoCom-UK-001. Nettkjelde: E-merl.com, 2003, http://www.e-merl.com/pocom.htm (oppsøkt 29.05.2006). Bolter, Jay David. Writing space: Computers, hypertext and the remediation of print. 2. utgåve. Mahwah, New Jersey: Lawrence Erlbaum associates, 2001. Briet, Suzanne. Qu est-ce que la documentation? Oversatt av Ronald E. Day og Laurent Martinet. Nettkjelde: Wayne State University, 200? [1951], http://ella.slis.indiana.edu/~roday/briet.htm (oppsøkt 28.05.2006). Buckland, Michael. «What is a digital document?» Nettkjelde: School for information management and systems, University of California, 1998, http://www.sims.berkeley.edu/~buckland/digdoc.html (oppsøkt 28.05.2006). Castells, Manuell. The rise of the network society. 2. utgåve. Oxford: Blackwell Publishing, 2000. Dagbladet. Dagbladet.no: Tegneserie. Nettkjelde: DB medialab, 29.05.2006, http://www.dagbladet.no/tegneserie/ (oppsøkt 29.05.2006). Demian 5. When I am king. Nettkjelde: Demian 5, 200?, http://www.demian5.com/king/wiak.htm (oppsøkt 29.05.2006). Jacques, J. Questionable content. Nettkjelde: J. Jacques, 29.05.2006, http://www.questionablecontent.net (oppsøkt 29.05.2006).. «Number 564: If you need me I can always be found». I Questionable content. Nettkjelde: J. Jaques, 23.02.2006, http://www.questionablecontent.net/view.php?comic=564 (oppsøkt 29.05.2006). Kurtz, Scott. PVP. Nettkjelde: Scott Kurtz, 29.05.2006, http://www.pvponline.com (oppsøkt 29.05.2006). Levy, David M. Scrolling forward: Making sense of documents in the digital age. New York: Arcade publishing, 2001. Lund, Niels Windfeld. «Documentation in a complementary perspective». I DOK 1010 Dokument- og medieteori fra humanistisk perspektiv: Vår 2006, redigert av Roswitha Skare. Tromsø: Universitetet i Tromsø, Det humanistiske fakultet, 2006. Opphavleg utgitt på Internett, 10

http://thedocumentacademy.hum.uit.no/students/niels.lund/documentation.html (dokumentet er ikkje lenger tilgjengeleg (oppsøkt 23.04.2006)). McCloud, Scott. Understanding comics. New York: HarperPerennial, 1994.. Reinventing comics. New York: HarperCollins Perennial, 2000.. The right number. Nettkjelde: Scott McCloud, 2004, http://www.scottmccloud.com/comics/trn/intro.html (oppsøkt 29.05.2006). Scott, John. A matter of record: Documentary sources in social research. Cambridge: Polity press, 1990. Spiegelman, Art. In the shadow of no towers. New York: Pantheon books, 2004. Øverli, Frode. «Pondus». I Dagbladet.no: Tegneserie. Nettkjelde: DB medialab, 29.05.2006, http://www.dagbladet.no/tegneserie/pondus/ (oppsøkt 29.05.2006). 11