Sjekkliste for skulen sitt inneområde Føremålet med denne sjekklista er å leggje til rette for eit rutinemessig tilsyn for å førebyggje ulykker inne i skulebygningane. Denne sjekklista må sjåast på som ein rettleiar i arbeidet for å førebyggje ulykker. Ein oppfordrar skulane til å lage ei eiga sjekkliste tilpassa eigen skule, som ein del av skulen sitt internkontrollsystemet. Undervisningsrom Er kranene som er tilgjengelege for dei minste barna skåldesikre slik at varmtvatnet ikkje overstig 38 0 C? Er elektrisk armatur verna i lokala for gymnastikk, bad og omkledning? Er det sklisikkert belegg i garderobe/dusjanlegg? Er gymnastikksalen fri for ulykkesfeller som kantar, skarpe dørhandtak, e.l? Blir det utført regelmessig ettersyn på apparata i gymnastikksalen? Har skulen verneutstyr til bruk i kjemi- og fysikktimen? Er det installert utstyr for å skylja augene og nøddusj i lokala der det er fare for synsskader eller antenning av klede og hår? Blir kjemikaliar, vaskemidlar o.l. forsvarleg oppbevart? Er det riktig verneutstyr i sløyd- og formingsrom? Er skap og hyller sikra mot velting? Veit elevane kva dei skal gjere dersom det begynner å brenne? Har undervisningsromma tryggleiksglas (laminert) i dører med store glasflater? Er det vindaugssperre på vindauga? Finst det fyrstehjelpsutstyr i formingsrom, verkstader, laboratorier etc.? Tilfredsstiller alle spesialrom gjeldande forskrifter?
Inngangsparti/korridorer/trapper Er inngangspartiet fritt for snublefelle? Er det stødige og snublefrie avturkingsmatter i vindfanget? Har skulen tryggleiksglas (laminert) i utsette vindauger og dører med store glasflater og sidefelt slik at elevane ikkje kuttar seg opp viss dei skulle falla/ springa mot det? Er dørene utforma slik at dei hindrar alvorlege klemskader og klipping av fingrar? Er det sklisikkert golvbelegg i trapper og korridorar? Er gelender og rekkverk utforma slik at elevane ikkje kan klatra og skli på dei?
Sjekkliste for skulen sitt uteområde Fordi skulegardar er svært forskjellige frå kvarandre, er det vanskeleg å komme med ei fullstendig liste over sjekkpunkt for det ulykkesførebyggjande arbeidet. Denne sjekklista må sjåast på som ein rettleiar i korleis ein tenker ulykkesførebygging. Ein oppfordrar skulane til å lage ei eiga sjekkliste tilpassa eigen skulegard, som ein del av skulen sitt internkontrollsystem. En god regel kan vere: Det som ser farleg ut kan vere farleg, men det som ser trygt ut skal vere trygt! Skulegarden Har utetrappa ei sikker utforming? (tryggleik, rekkverk) Er asfalten i skolegården fri for sprekker og hol som kan vere snublefeller? Er servicetrafikken til skulen trygg? Er området fritt for skarpe gjenstander og uheldig plasserte steinar? Er området fritt for busker og trær med torner eller giftige bær? Er det tilfredsstillande inngjerding mot fareområder som vatn, trafikk, anleggsplassar o.l.? Har dei små barna eit eige område i skulegarden som er spesielt tilrettelagt for dei? Blir det gjennomført rutinemessige tilsynsrunder? Er det montert snøfangar på eventuelle skråtak over leikeplassar/inngangar? Leikeapparat Er leikeapparata konstruert og montert i overensstemmelse med "Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr av 19.07.96? (Produkt- og elektrisitetstilsynet ISBN 82-91057-23-0) Har alle leikeapparat med fallrisiko støtdempande underlag (40 cm djupt lag av ubyggbar sand)? Blir dette etterfylt? Er leikeapparata godt festa og utan utståande skarpe delar? Er bolter og skruer nedsenka og godt tilskrudd?
Dersom spiker er brukt, er dei skikkeleg slått inn og spissene bøygd? Er bevegelige delar og fjører på leikeapparata utforma slik at dei ikkje kan klemme/klippe fingre? Er leikeapparata slik utforma at barna ikkje kan henge seg fast? (Det skal bl.a. ikkje vere opningar mellom 11 og 23 cm) Blir leikeapparat og trematerialer jamleg sjekka for rust-, brot-, og slitasjeskader? Er fotball-/handballmål godt festa til underlaget? Er fotball-/handballbane plassert føremålstenleg i forhold til andre leikeområder? (Trong for nett?) Tilkomst til skulen Er tilkomsten til skulen trygg? Er tilkomstveg og uteplass tilfredsstillande brøyta vinterstid? Vert skulegarden, gangvegar og trapper strøydde tilfredsstillande vinterstid?
Sjekkliste for barnehagen sitt inneområde Sjekklistene kan leggast inn som ein del av barnehagen sitt internkontrollsystem. Regelmessige tilsynsrunder (for eksempel 2 gonger per år) bør bli foretatt av barnehagepersonalet, f.eks saman med byggansvarleg. Sjekklistene for både ute- og inneområder vil vere gode hjelpemiddel i denne prosessen, og bør kunne føre til at tal ulykker/uhell blir redusert. Generelt Viss det er trapp og hems i barnehagen, er gelender/rekkverk slik utforma at det ikkje innbyr til klatring? Er rekkverket høgt nok? Viss gelender/rekkverk har stående sprosser, er opninga mellom desse maks. 10 cm? Viss barnehagen har trapper med opne trinn, er opninga mellom desse maks. 10 cm? Er trapper sikra med trappegrind både oppe og nede? Er vindauga sikra slik at dei ikkje kan bli opna meir enn 10 cm i luftestilling? Har barnehagen tryggleiksglas (laminert) i utsette vindauger og dørar med store glasflater og sidefelt slik at barna ikkje kuttar seg opp viss dei skulle falla/springa mot det? Er store glasfelt godt merka slik at dei er godt synlege? Er dørane utforma slik at dei hindrar alvorlege klemskader og klipping av fingrar? Er barnehagen utstyrt med brannvarslingsanlegg og brannslukningsutstyr? Er eventuelle kjølerom, fryseskap eller tørkeskap mogleg å opne innanfrå for eit barn (uten smekklåser )? Har barnehagen fyrstehjelpsutstyr og er det forsvarleg plassert? Veit dei tilsette korleis fyrstehjelp skal ytast (gjennomført kurs etc.)? Har barnehagen en beredskapsplan slik at ein veit kva som skal gjerast i ein eventuell ulykkessituasjon?
Blir det gjennomført regelmessige tilsynsrunder? Opphaldsrom Er det installert barnesikrede stikkontakter eller blir det brukt glatte stikkontaktbeskyttere som barna ikkje greier å pirke ut? Er alle varmeomnar lågtempererte, maks overflatetemperatur 60 C? Har eventuelle eldsteder nødvendig skjerming? Er møblane solide og stødige? Er møblane utan skarpe hjørne og kantar? Er giftige planter fjerna? Er bokhyller/reolar festa til veggen? Dersom det er ribbevegger i barnehagen, ligg det ei stødig madrass med god støtdemping i nedfallsområde under bruk? Leiker Er leiker som blir brukt av god tryggleiksmessig kvalitet? Blir leikene jamleg sjekka og vedlikehaldt? Er leikene slik at dei ikkje har lause deler som barn kan sette i halsen eller på annen måte skade seg på? Er tusjer og fargestiftar giftfrie? Kjøkken Er komfyren barnesikker (kasserollevern, steikeomnsdør med låg overflatetemperatur og sperre)? Er temperaturen varmtvasstanken stilt slik at det varme vatnet ikkje overstig 55 0 C? Blir kjemikaliar, medisiner og skarpe/spisse gjenstander oppbevart utanfor barna si rekkevidde?
Bad/toalett Har baderommet sikrede skap/skuffer for oppbevaring av toalettartiklar og vaskeog reinhaldsmidlar? Er kranane som er tilgjengelege for barna skåldesikra slik at varmtvatnet ikkje overstig 38 0 C?
Sjekkliste for barnehagen sitt uteleikeområde Uteleikeområda skal bl.a. vere med på å gje barna utfordringar. Mange hevdar likevel at storstilt ulykkesførebygging er til hinder for barna si moglegheit for utfordringar. Dersom slike utsagn er sanne, foregår ikkje førebygging på ein føremålstenleg måte. En god regel vil vere: Det som ser farleg ut, kan vere farleg, men det som ser trygt ut skal vere trygt! Fordi uteleikeområde er svært forskjellige frå kvarandre, er det vanskeleg å komme med ei fullstendig liste over sjekkpunkt for det ulykkesførebyggjande arbeidet. Denne sjekklista må sjåast på som ein rettleiar i korleis ein tenkjer ulykkesførebygging. Ein oppfordrar barnehagen til å lage ei eiga sjekkliste tilpassa eige uteleikeareal, som ein del av barnehagen sitt internkontrollsystem. Er uteområdet forsvarleg inngjerda og trafikksikra? Er servicetrafikken til barnehagen trygg? Er bakkeoverflata godt drenert slik at vassdjupn over 10 cm blir unngått? Er overflata fri for glasskår? Er leikeapparata konstruert og montert i overensstemmelse med Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr av 19.07.96? (Produkt- og elektrisitetstilsynet ISBN 82-91057-23-0) Har alle leikeapparata som inneber fallrisiko støtdempende underlag? (for eksempel 20-40 cm sjiktet, ikkje byggbar sand) Er alle konstruksjonar/apparater godt festa? Er leikeapparata utan utståande deler eller skarpe kantar som barna kan falle ned på eller snuble i? Er bolter og skruer nedsenka og godt tilskrudd? Dersom spiker er brukt, er dei skikkeleg slått inn og spissene bøygd? Er bevegelige deler og fjører på leikeapparata utforma slik at dei ikkje kan
klemme/klippe fingre? Er det oppbremsingsflate på slutten av sklier? Ved frittståande sklie; er det sklisikker plattform øvst ved rekkverket som går naturleg over i selve sklia? Er huske/vippesetene av støtdempende materiale? (for eksempel bildekk) Er huskestativa plassert på eit avskjerma område slik at andre aktivitetar ikkje kjem i konflikt med huskenes utsvingsområde? Er leikeapparata slik utforma at barna ikkje kan henge seg fast? (Det vil bl.a. si at det ikkje skal vere opningar som er mellom 11 og 23 cm.) Har barnehagen ein trygg akebakke? (Oppbremsingflate uten farlege hindringar) Er uteområdet fritt for stikkbusker og/eller giftige planter/busker? Er tilkomstveg og uteplass tilfredsstillande brøyta og strøydde på vinterstid? Er farlege skrentar og stup sikra? Er ulike leikeapparater plassert slik at dei ikkje står i vegen for kvarandre eller kjem i konflikt med andre leikeaktivitetar? Er støypte fundamenter på leikeapparater avslutta minst 20 cm under bakken og tildekte med fyllmasse? Blir leikeapparater og tremateriale jamleg sjekka for rust-, brott-, og slitasjeskader? Blir det gjennomført rutinemessige tilsynsrunder? Er det montert snøfangar på event. skråtak over lekeområder/inngangar?