Møtereferat Vår ref: 15/01591-3 Dato: 26.05.2015 1 av 6 Håvard Ulstein, tlf. Havard.Ulstein@hib.no Referat avdelingsråd AL 21.05.2015 Til stades: Torstein Selvik, rådsleiar Oddrun Hallås Randi Moe Bente Brathetland Jeanette Haukeland Bakke Maria Brosvik Marianne Veiteberg Bjørg Kristin Selvik Per Arne Michelsen Fråfall: Kjærsti Rønneberg Lorentz Reitan Saksliste Sak 38 14/15 Godkjenning av møteinnkalling. Godkjenning av saksliste. Sak 39 14/15 Godkjenning av referat frå møtet 14.04.2015 (Vedlegg 1). Sak 40 14/15 Sak 41 14/15 Sak 42 14/15 Orienteringssaker. Den gode læraren. Avdelingsstrukturevaluering. Sak 43 14/15 Avdelingsrådet 2011-15. Sak 44 14/15 Eventuelt.
2 av 6 Sak 38 14/15 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste. Møteinnkallinga og sakslista vart godkjente utan merknader. Sak 39 14/15 Godkjenning av referat frå møtet 14.04.2015. Referatet vart godkjent utan merknader. Sak 40 14/15 Orienteringssaker Orientering frå dekanen Nye programansvarlege på AL. Det har vore ein viss kontinuitet i leiarskapen på avdelinga frå 1994. Den neste perioden er det meir utskifting. To stillingar skal opp i styret i junimøtet. I tillegg er prodekanstillingane utlyst internt. - GLU1-7. Relativt få søkarar. Den aktuelle kandidaten til stillinga, Bodil Risøy, har ikkje mykje erfaring frå UH-sektoren, men har gjort eit godt inntrykk i intervjua som har vore. - GLU5-10 og SeKKK. Jan Helge Kallestad og Silje Onsrud Valde held fram i stillingane. - BLU. Margareth Eilifsen tar over som programansvarleg. - Bachelor- og master. Denne programansvarlegstillinga har den siste perioden vore delt på dei to prodekanane. Den er lyst ut, men prosessen er ikkje ferdig før 11. juni. Den eine søkaren som står igjen har gjort eit godt inntrykk. - SUF. Det er gjennomført intervju og skal opp i styrets junimøte. Det er ein aktuell kandidat. Søkartal 2015/16. Generelt positivt. Det er ei auke i førsteprioritetssøkarar over alt. Størst auke i GLU5-10. Masterutdanningane har starta på arbeidet med kven som er kvalifiserte. Per i dag står det endå fleire på lista enn den vedlagte. AL møtte styret. Dette er eit fast møte ein gong i året. Møtet tok føre seg dei store framtidige sakene i tillegg til at senterleiarane fekk presentere sentra. Eit hovudsakleg positivt møte, m.a. fordi sentra ligg litt skjult i organisasjonen. Det viktige med denne faste posten i stret er at det er plass til promotering av det avdelingane ser som viktig. Bachelor i drama og anvendt teater. Innføringa av GLU førte til ein vanskeleg situasjon for drama som tilbyr ein master. Det har derfor blitt eit hol i utdanningsløpet på AL, noko som gjer rekruttering vanskeleg. Det vil bli opptak kvart andre år og utdanningstilbodet fekk støtte til meirutgifter i oppstartfasen. Midlar til dagens 60 studiepoengskurs går inn i
3 av 6 bachelorløpet. På spørsmål om framleis satsing på kunstfaga svarte dekanen at det gjenstår å sjå kva slags satsingsområde den neste strategiske planen vil ha. Orientering frå studentrepresentantane Val til studentparlamentet 21. mai. Val til studentrådsstyret. Det vil bli ein god del utskifting. Sak 41 14/15 Den gode læraren Dokument i saka Vedlegg 4: Den gode læreren. Til denne saka hadde eksternt medlem Else Berit Kyte og studentrepresentant Marianne Veiteberg fått i oppdrag å snakke om den gode læraren og tankar rundt kva som må til. Kyte fokuserte i all hovudsak på ein del kjernespørsmål som ho meinte var viktige for å dyrke fram gode lærarar. Det handla om å finne ut kva kompetanse som er nødvendig. Her trakk ho fram at komande lærarar må vere gode på å nyttegjere seg forsking, ha menneskekunnskap og læringsleiing. I dette låg faga og fagkunnskapen lærarar skal undervise i implisitt. Kyte gjekk deretter over på spørsmålet om korleis bygge gode barnehagar og skular som gir relevant opplæring. Det handla om lærande organisasjonar og kultur for læring i det livslange perspektivet, om klokskap og dei eigenskapane som ein treng for å velje det rette i eit heilskapleg bilde. Og ikkje minst handla det om å ha klokskap for å få god leiarskap ut frå eit etisk medvit og skjønn. Til slutt stilte Kyte eit ope spørsmål som ho ikkje forsøkte å kome med svaret på. Det etiske medvitet ein må ha, har ein det? Veiteberg valde å rette merksemda på kva er god praksis ut frå ein tanke om at den gode læraren er avhengig av den gode praksisen. Ut frå eit studentperspektiv er opplevinga at ein innanfor utdanningane legg føringa på kvantitet føre kvalitet. Det at studentane skal bli ferdige på normert tid blir viktig. Mange får godkjent praksis utan å fortene det. vurderingane frå praksislærarar viser seg av og til å vere kopiar av andre vurderingar. Kvifor har ikkje praksislærarar nok tid når dei har fulle klasser ved sidan av? Det er viktig at praksislærarane har tid nok til å gi studentane gode praksisperiodar. Det er også eit spørsmål om at alle studentar er fødde lærarar eller om dei treng meir tid. Det er for få som stryk og som blir meldt inn til skikkanemnda. Det er mange som ikkje tør å melde i frå. Veiteberg avslutta med å legge vekt på at god praksis blir skapt av praksisskulane i eit tett samspel med høgskulen, der den individuelle oppfølginga er god. Diskusjonen som følgde tok utgangspunkt i innleiingane og hadde følgjande hovudmoment: Skikka? Ein del studentar passar ikkje som lærarar og bør stryke eller bli rettleia ut. For å bli meldt til skikkanemnda, må ein ha gjort noko alvorleg. For mange som får godkjent praksis. Dette er det ei felles semje om på høgskulen. Saman med tilfella av kopiering av vurderingar i praksis er dette noko ein arbeider
4 av 6 med, men som ein ikkje har funne dei gode svara på. Kvantitet forventa ut frå nasjonale retningslinjer. Innføringa av kravet om at praksislærarar skal ha 15 sp i rettleiingskompetanse kan gi betre kvalitet. Eit dilemma i praksis er t.d. studentar som har fått bestått dei to første åra fordi praksislærarane såg potensialet og som fort kan få bestått dei to siste åra fordi dei har bestått dei to første. Prøveundervisning. Det kan vere ein god ide å arrangere prøveundervisning. Det er mange som er gode på intervju, men som ikkje fungerer i skulen. Dei som ikkje fungerer er vanskeleg å bli kvitt. Utvikling av profesjonelt skjønn. Det første steget i den profesjonelle utviklinga skjer i lærarutdanningane. Det andre steget skjer i yrket. I ei profesjonsutdanning er praksis ein vesentleg del for å få fram dei gode sidene ved komande lærarar, slik som presentasjonen til Kyte viste. Dette er også noko som bør vere ein del av undervisninga. Ein har mange kompetansar, ei av dei er det profesjonelle skjønnet som er til hjelp for å kunne prioritere fagleg godt. Eksempelvis arbeider barnehagelærarar saman med assistentar. Den store skilnaden mellom dei er utøvinga av det profesjonelle skjønnet. Her vil også rettleiing av nyutdanna vere til god hjelp. Fag og faglegheit. Det å kunne faget ein underviser i er ein viktig faktor for å få den trygge læraren. PEL-faget. Har enda opp i å bli ein samlesekk som ikkje alltid er knytt til det som skjer i skulen. Kopling mellom presentasjonane. Studentane fortel om ein automatisert praksis, medan Kyte handlar meir om det etiske. Ein bør i større grad involvere praksisfeltet i den samtalen/diskusjonen. Flott om ein gjennom samarbeid kunne få ei felles forståing om kva som må til for å få fram den gode læraren. Etiske dilemma og fremjing av ei felles forståing. Ein kunne ha laga til ei ordning der studentane skriv ned etiske dilemma undervegs i praksis som ein ved faste tidspunkt kunne tatt opp til diskusjon. Korleis lage studieplanar for å få eit godt studium? Alle føringar som kjem fører til overfylte studieplanar som ikkje gir nok rom for, eller tid til, studentanes refleksjon og medverknad. Det er viktig å sette dei gode måla for studentane. Konkretisering viktig. Praksislærarane kan ha ulike måtar å bli belønna på, men kjenner dei på ansvaret ein har som praksislærar? Sak 42 14/15 Avdelingsstruktur Dokument i saka Sak 32 14/15 Avdelingsstruktur Eit utval er sett ned på avdelinga for å evaluere dagens struktur. Dekanen og prorektor Bjørg Kristin Selvik har to roller som utfyller kvarandre og i denne saka heldt dei kvar sitt innlegg som grunnlag for diskusjonen. Dekanen viste til at fristen for avdelinga i arbeidet er 1. juni. Det er mange sider å diskutere ved understrukturen. Det er sprikande og mange meiningar. Mandatet er å evaluere. Må
5 av 6 finne punkta som kan diskuterast for å få det betre til med ein endra struktur. Det har blitt mykje debatt om faginstitutt vs. programinstitutt og gruppa har brukt mykje tid på å skildre AL. AL er annleis enn dei to andre avdelingane. Lagar ein faginstitutt vil det for AL vere vanskeleg å finne ut kven som skal vere utdanningsansvarlege. Strukturerer ein etter utdanningar, må kanskje dagens seksjonar fragmenterast. Personalansvar og forsking er mykje diskutert. Forsking fungerer godt i dag, mest truleg pga. god personkjemi og ikkje struktur. Gruppa har fått mange gode innspel frå seksjonane som blir med vidare i diskusjonen. Bjørg Kristin Selvik tok utgangspunkt i oppdragsbrevet til avdelingane som hadde spørsmål om dagens organisering er hensiktsmessig, om det tverrfaglege perspektivet, om samfunnsoppdraget, osv. Deretter stilte ho spørsmålet om korleis kan ein best organisere seg for å ivareta alle dei ulike omsyna. I tillegg kjem forvaltninga inn. Rektoratet meiner at å nå dei faglege måla må vere det viktigaste. I tillegg kjem personalansvaret som kan vere utydeleg for ein del tilsette. ALs hovudoppgåve må vere å forme strukturen. KD seier at vi skal utdanne så og så mange. Då må utdanningsansvarlege vere tydelege i strukturen. Vil store faginstitutt vere til hinder for det tverrfaglege perspektivet? Kan ein sjå føre seg leiarar med ulike oppgåver, type instituttleiarar med eit ansvar og ein utdanningsleiar med eit anna ansvar? Korleis organiserer vi oss best for å nå målet om å utdanne dei gode lærarane, få det gode samarbeidet med praksisfeltet og andre? Frå diskusjonen Kven skal forskinga serve? Dersom forskinga skal serve utdanningane og samfunnsmandatet, er det utdanningane eller faga ein skal forske på? Ein kan uansett ikkje berre forske på fag. Fagleg identitet på seksjon/faginstitutt vs. fragmentert fagmiljø på prograministitutt? Kva konsekvensar får store endringar med to campusar. Ein vart lova likeverdige campusar, men det ser ut til å vere gløymd etter innflytting. Ped/BLU. Ønskjer ei profesjonsfundamentert organisering, men er nok den einaste seksjonen på AL som ønskjer det. fordelen er dedikasjon til eit felt og ei utdanning. Må slik sett tenke meir utdanning enn fag. Utdanningane har førsteprioritet, men den faglege identiteten er viktig. Etablerer ein eit tredje nivå i institutt binder ein seg kanskje til større merksemd på leiing. Forsking og utdanning må høyre saman. Forskinga skal vere utdanningsdrivande. Samtidig er det viktig å vere litt rause, sjølv om vi ikkje er ein grunnforskingsinstitusjon. Med utdannings/programinstitutt, kva med mastergradene? Skal master vere i eit løp saman med bachelor? Stor semje i seksjonane om at fageiningane må bestå. Diskusjonen vart avslutta med stor semje om at det kom til å bli ei viktig sak for det nye avdelingsrådet hausten 2015.
6 av 6 Sak 43 14/15 Avdelingsrådet 2011-2015 Dokument i saka Saksoversikt 2011-15 Diskusjonen om korleis rådet har jobba og korleis rådet bør jobbe handla om rådet betyr noko for organisasjonen AL, om rådet bør bli brukt på ein annan måte som t.d. høyringsinstans slik at det ikkje blir for likt seksjonsleiarmøta, om dekanen har hatt nytte av rådet og om det burde vere fellesmøte med dei andre avdelingsråda. For dekanen skil avdelingsrådet seg ut m.a. som følgje av dei eksterne representantane. Å få til konkrete råd i ein del saker rådet har tatt opp har vore vanskeleg. Delvis handlar det om når sakene kjem i årshjulet og korleis rådsmøta er plassert i høve dei.