Høyring NOU 2012:15 Politikk for likestilling

Like dokumenter
Saksbehandler: Tom Norman Trender Arkiv: 006 &13 Arkivsaksnr.: 12/ Dato:

Høringsuttalelse til NOU 2012:15 Politikk for likestilling

Barne-, likestillings- og Inkluderingsdepartementet Samlivs- og likestillingsavdelingen Postboks 8036 Dep 0030 Oslo Nordfold 7.

Deres ref.: 12/6969 Vår ref.: 207.8/NSS Dato: 19. desember 2012

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

HØRING - POLITIKK FOR LIKESTILLING

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 Oslo. 17. januar Høringssvar - NOU 2012:15 Politikk for likestilling

Komite for kultur og miljø Sak 137/12 Høring Politikk for likestilling

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Høring. NOU 2012:15 Politikk for likestilling

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

HØRING - NOU 2005: 8 LIKEVERD OG TILGJENGELIGHET. Vedlagt følgjer høyringsuttale frå Flora kommune vedteken i Flora bystyre

NOU 2012: 15 Politikk for likestilling

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Prop. 79 L. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)

i Unao Barne-, likestilling- og diskrimineringsdepartementet Postboks 8036, Dep Oslo Høringssvar: Politikk for likestilling

Høringsuttalelse NOU2012: 15 Politikk for likestilling

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Høring NOU 2012:15 Politikk for likestilling. Vi viser til høringsbrev av

Høyring - Framlegg om forbod mot ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og utdanningsinstitusjonar

LIKESTILLINGS-, INKLUDERINGS-, OG MANGFALDSPOLITISK PLATTFORM

BY- OG SAMFUNNSENHETEN. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

UNIVERSITETET I BERGEN

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er:

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Høring - NOU 2012:15 Politikk for likestilling

Pedagogisk plattform

Elev- og lærlingombod i HFK

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Alles jobb ingens ansvar? Mainstreamingog flerdimensjonaliteti likestillingspolitikken

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring - Framlegg til endringar i opplæringslova og privatskulelova

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Høyring - Framlegg om endring i Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Likestilling og diskriminering

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018

Vår ref.: Deres ref.: Dato: 12/ AMVE 12/

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Barne-, familie- og likestillingsdepartementet. Postboks 8036 Dep 0030 Oslo. Høring NOU 2012: 15 Politikk for likestilling

Vedlegg: doc; doc

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Høring NOU 2018:6 Varsling - verdier og vern

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

. Ø-.._! `..._..,...,...

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

+ 4) gis:1. 4 k. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 Oslo


Postmottak KD. Vår dato Deres dato Vår referanse Vår saksbehandler / Gun Aamodt

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Høyring - Demensplan 2020

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling

Du må tru det for å sjå det

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh : Arkivkode: Dato: 06/ Tove Neset, C84 & tove.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Høyring - forslag til endringar i kommunelova og enkelte andre lover (eigenkontrollen i kommunane m.m.)

Det vises til departementets høringsbrev av 12. oktober 2012 om NOU 2012:15 Politikk for likestilling, med høringsfrist 17. januar 2013.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Likestillingsutvalget ved utvalgsleder Hege Skjeie. Presentasjon ved pressekonferanse

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Likestillingskofferten. for barnehager. verktøy PEDAGOGISK FOR LIKESTILLING

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Høring - NOU 2017:6 Offentlig støtte til barnefamiliene

Retten til nødvendig rådgiving Udir

Utvikling av likestillingspolitikk. Hege Skjeie For Kvinner på tvers

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

KLAGE PÅ DISKRIMINERING

Bli lærling i BYGGOPP

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

HØyring - lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring - om deltaking og engajement i lokalpolitikken

Transkript:

Vår dato Deres dato Vår referanse Vår saksbehandler 16.01.2013 12/01257-14 May-Britt Heimsæter Avdeling Deres referanse Arkivkode Direkte telefon Seksjon for juridiske 62 24142229 spørsmål Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Høyring NOU 2012:15 Politikk for likestilling Vi viser til departementet sitt høyringsbrev av 12.10.2012 og oversender her svaret vårt. Utdanningsforbundet leverte òg høyringssvar i forbindelse med NOU 2011:18 Struktur for likestilling. Utdanningsforbundet var positiv til å opprette ein ny organisasjonsstruktur inkludert eit eige likestillingsdirektorat med fem regionskontor. Utdanningsforbundet støtta og at det skulle opprettast eit forum for likestilling (trepartssamarbeid). Utdanningsforbundet støttar i all hovudsak utvalet sine tilrådingar i NOU 2012:15 Politikk for likestilling. Utvalet sin bruk av forsking, samling av kunnskap og analyse på likestillingsfeltet gir eit godt bilete av stoda i Noreg. Utdanningsforbundet er nøgd med at utvalet har lagt rettferdsprinsippet til grunn for arbeidet, og vektlagt eit overordna, fleirdimensjonalt og samfunnspolitisk perspektiv på utgreiinga. Ein målretta og tiltaksorientert politikk for likestilling er ei samfunnsutfordring, og sjølv om likestillings- og diskrimineringslovgjevinga beskyttar individet, er det kollektivet som må finne løysingane i ein konstruktiv dialog omkring utvalet sine fire innsatsområder; folkestyre, valfridom, fordeling og sårbarheit. Utdanningsforbundet er einig i at alle, uansett kjønn og bakgrunn, har lik rett og moglegheit til å delta i demokratiet, til å ta frie og uavhengige utdannings- og yrkesval. Desse er viktige føresetnader for at eit samfunn skal vere ope og rettferdig. At ansvar og økonomiske rammer delast likt mellom kjønna, er også nødvendige føresetnader for reell likestilling. I NOU 2012:15 Politikk for likestilling har barnehage og skule ein sentral plass i implementeringa i fleire av forslaga som skisserast og utgreiast. Utdanningsforbundet meiner at arbeidet for eit rettferdig og likestilt samfunn er ein del av lærarprofesjonen sitt etiske ansvar og samfunnsmandat. Utdanningsforbundet ynskjer ei konkret satsing på eit målretta og systematisk arbeid for å fremme likestilling og likeverd på eit overordna nivå og i kvar enkelt barnehage og skule. Postadresse Besøksadresse E-post/Internett Postboks 9191 Grønland Hausmanns gate 17 post@utdanningsforbundet.no Tlf. + 47 24 14 20 00 Org.nr. 884 026 172 0134 OSLO 0182 OSLO www.utdanningsforbundet.no Faks + 47 24 14 21 00 Bankkonto 1600.40.30714

2 Utdanningsforbundet ser at arbeidslivet både speglar og er sentral premissleverandør for verdiane i eit samfunn. Derfor er verdsettinga av ulike yrke og profesjonar avgjerande for ein vellukka og gjennomførleg likestillingspolitikk. Av same grunn bør partane i arbeidslivet ha eit målretta og forpliktande likestillingsperspektiv i tariffpolitikken. Utvalet viser til Lønnskommisjonen sine konklusjonar (NOU 2008:6 Likelønnskommisjonen) på at dei største utfordringane ligg i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Kvinnedominerte yrke er i hovudsak dårlegare betalt enn mannsdominerte yrke. Utdanningsforbundet meiner det er beklageleg at utvalet ikkje kjem med konkrete forslag om korleis vi kan oppnå likelønn i Noreg. Utgreiinga viser til at det er ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad i Noreg og at unge ofte vel tradisjonelt når dei skal velje yrke og utdanning. Utvalet ynskjer blant anna at arbeidet mot kjønnsstereotypiar må prioriterast tidleg i utdanningsløpet. I rapporten er det lagt lite vekt på samfunnspåverking elles når det gjeld jenter og gutar sine identifikasjonar og val. Vi tenkjer då særleg på media og reklamen sin aukande innflytelse, forsterka av teknologien sine mange moglegheiter, for eksempel sosiale medium. I utgreiinga kjem det fram at det er lite fokus på likestilling i barnehage og skule. I mange av tilrådingane blir det brukt ord som «kan» og «bør». For å oppnå resultat må det tydeleg komme fram i tilrådingane og tiltaka kven som har ansvaret og kva ein er forplikta til. Likestillingsarbeidet må forankrast i planverket i heile utdanningsløpet. Blir det opp til den enkelte barnehage og skule å søke midlar eller å ha fokus på dette arbeidet, kan det lett bli nedprioritert i ein travel kvardag. Det har tidlegare kome gode handlingsplanar og rettleiingar for likestillingsarbeidet i Noreg. Alle handlingsplanar og rettleiingar må sjåast i samanheng for å vurdere kva slag utvikling det har vore i arbeidet med likestilling. Utdanningsforbundet etterlyser derfor ein oversikt over kva som har blitt gjennomført av tiltak, for eksempel i «Likestilling 2014». Utdanningsforbundet vil presisere at gode planar har liten verdi dersom dei ikkje blir følgd opp i praksis. Utdanningsforbundet vil kommentere utvalde program og tilrådingar på dei fire områda. Folkestyre Likestilte vallister og program for breidde i folkestyret Utvalet tilrår at det blir teke inn i vallova at kommunestyre, fylkesting og storting drøftar likestillingsstatus i det gjeldande folkevalde organet hausten før kvart val. Det blir avgjort ved alminneleg fleirtal om det skal stillast krav om at kvart kjønn skal vere representert med minst 40 prosent på vallister ved det kommande valet. Utvalet tilrår òg eit landsdekkande program for breidde i folkestyret, med mål å auke kvinneandelen og andelen med etnisk minoritetsbakgrunn lokalt, regionalt og nasjonalt.

3 Utdanningsforbundet støttar tilrådingane. Det er viktig å arbeide for likestilt deltaking i det politiske Noreg. Valfridom Program for frie utdanningsval Utvalet tilrår at det blir sett i gang eit landsdekkande program for frie utdanningsval. Dette er ei pedagogisk satsing på likestilling. Utvalet foreslår å etablere eit eige ressursmiljø for å fremme likestilling i lærarutdanning og læremiddel. Dei foreslår også bruk av incentivordningar som likestillingsstipend og kjønnspoeng. Den pedagogiske satsinga på likestilling, som blir tilrådd for heile utdanningsløpet, krev kompetansehevingstiltak retta mot barnehagen og skulen, i form av rettleiings- og opplæringstiltak. Utvalet tilrår at satsinga driftast av direktoratet for likestilling, slik det er foreslått i NOU 2011:18 Struktur for likestilling, i eit samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Utdanningsforbundet støttar tilrådingane, men vil peike på at tilsette i barnehage og skule må ha avsett tid og ressursar til desse tiltaka, om det skal være realiserbart. Utdanningsforbundet meiner det er viktig å styrke Kunnskapsdepartementet sitt ansvar for likestillingsarbeidet i barnehage og skule. Utvalet foreslår styrking av likestillingsperspektivet i rådgjevingstenesta. Det inneber styrking i faget utdanningsval spesielt og mentorordningar i vidaregåande opplæring innanfor sterkt kjønnssegregerte fag. Utdanningsforbundet støttar tilrådinga og ynskjer ei brei satsing gjennom ei styrka rådgjevingsteneste. Rådgjevingstenesta blir prioritert ulikt, tidsressursen er for knapp og kompetansen varierer. Det er viktig å rettleie mot utdannings- og yrkesval som ikkje segmenterer kjønnstradisjonar. Styrka rådgjeving kan òg bidra til å hindre fråfall. Dersom dei unge fortset å velje så tradisjonelt som i dag, vil den kjønnsdelte tendensen i arbeidsmarknaden forsterkast. Styrkinga av rådgjevingstenesta må vere forpliktande og ikkje opp til kvar enkelt kommune. Utvalet tilrår etablering av eit ressursmiljø for å styrke arbeidet med likestilling i førskule- og lærarutdanning og i læremiddel. Ressursmiljøet skal etablerast som ein fagleg uavhengig komité eller eit råd som administrativt kan forankrast i eit direktorat for likestilling. Utdanningsforbundet støttar forslaget fordi høgare utdanning og særleg lærarutdanningane har behov for ein slik ekstrainnsats for å fokusere på og skolere i likestilling i barnehage og skule. Vidare er det behov for eit ressursmiljø som bidrar fagleg til likestilling og til arbeid mot diskriminering i læremidla.

4 Som verkemiddel til likestilling i utdanningsval tilrår utvalet incentivordningar som likestillingsstipend. Utvalet foreslår at ein kan få likestillingsstipend både i vidaregåande og høgare utdanning, dersom ein vel ei studieretning med sterk underrepresentasjon av eins eige kjønn. Utdanningsforbundet støttar ikkje ordninga med likestillingsstipend. Utdanningsforbundet meiner dette verkemiddelet har avgrensa verdi sett i forhold til det viktige haldningsskapande arbeidet som må prioriterast i barnehage, skule og i samfunnet elles. Utvalet tilrår ein meir målretta og systematisk bruk av den eksisterande ordninga med kjønnspoeng innan høgare utdanning, og ein gjennomgang av kva fag som oppfyller kriteriene for å få kjønnspoeng. Utdanningsforbundet støttar at eksisterande ordning med kjønnspoeng blir gjennomgått og utvida, og ser det som viktig å få fram erfaringar ein har så langt. Trepartsavtale I høyringssvar på NOU 2011:18 Struktur for likestilling understrekar Unio behovet for eit systematisk partssamarbeid om likestilling. Utvalet si tilråding av ei trepartsavtale om likestilling i arbeidslivet vil vere eit godt tiltak for å møte dei store likestillingsutfordringane. Utdanningsforbundet støttar utvalet si tilråding om at myndigheitene tar initiativ til eit slikt samarbeid etter mønster av IA-avtalen. Utvalet foreslår at denne trepartsavtala skal vere ei sjølvstendig avtale på nasjonalt og lokalt nivå. Utdanningsforbundet meiner at eit trepartssamarbeid kan bidra til å løyse likestillingsutfordringar lokalt. Likestillingsavtala bør byggast opp rundt aktivitetsplikta i likestillings- og diskrimineringslovgjevinga. Det er viktig med eit aktivt likestillingsarbeid på alle nivå, og tillitsvalde må i sterk grad medverke. Utvalet foreslår at arbeidsgjevar si plikt til å drøfte aktivitetsplikta med dei tilsette må komme fram i lovteksten. Utdanningsforbundet meiner at ei slik forankring i lovverket er svært viktig for å oppnå trepartsavtala sin intensjon om større aktivitet og meir treffsikre likestillingstiltak. Utvalet tilrår at utgreiingsplikta fell bort, om ein inngår likestillingsavtale. Utdanningsforbundet er einig i at ei likestillingsavtale i seg sjølv kan bidra til aktivt likestillingsarbeid, og at bortfall av rapporteringa kan vere eit incentiv til å inngå likestillingsavtale. Men bortfall av utgreiingsplikta kan gjere det vanskelegare å kontrollere om aktivitetsplikta blir følgd opp i den enkelte verksemd. Utdanningsforbundet meiner derfor at ei likestillingsavtale må innehalde ei form for evaluering, for å sikre at likestillingsavtala blir følgd opp.

5 Fordeling Utvalet meiner dagens foreldrepengeordning ikkje likestiller fedrar og mødrer som omsorgspersonar. Utvalet tilrår at fedrar får sjølvstendig rett til uttak av foreldrepengar. Forslaget inneber at gjeldande aktivitetskrav for mor, når far tar ut foreldrepengar, fell bort. Utdanningsforbundet støttar at fedrar får sjølvstendig rett til uttak av foreldrepengar. Det er òg viktig at far får ha den reelle omsorga den tida han er i permisjon, slik mor har når ho har permisjon åleine. Utdanningsforbundet er redd for at bortfall av aktivitetsplikta for mor når far har permisjon, kan føre til det motsette. Utvalet tilrår at foreldreperioden etter fødsel delast i tre like store delar; ein del til mor, ein del til far og ein fellesdel dei fritt kan dele mellom seg. Utdanningsforbundet støttar utvalet si tilråding om tredeling av foreldrepermisjonen. Utvalet tilrår at det blir innført ei minsteyting på inntil 2G for dei som ikkje har opparbeidd seg rett til foreldrepengar gjennom yrkesaktivitet. Utdanningsforbundet støttar ei slik minsteyting, då det vil gje økonomisk tryggleik for personar med svak arbeidstilknyting. Det er viktig at det blir sett i gang tiltak som kvalifiserer for og aukar tilgangen til arbeidslivet for desse personane. Utvalet foreslår at det blir innført rett til omsorgspengar ved nære pårørande sin sjukdom etter folketrygdlova. Forslaget er på 10 dagar og skal organiserast etter same prinsipp som ved sjuke barn. Utdanningsforbundet støttar dette forslaget. Med denne ordninga kan omsorgsarbeidet lettare kombinerast med lønna arbeid. Sårbarheit Program for førebygging av seksuell trakassering Utvalet foreslår eit program for å satse på det førebyggjande arbeidet på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. Arbeidet for å auke bevisstheita om kjønn, kropp og seksualitet blir gjort til ein integrert del av skulen sin innsats mot mobbing. Utdanningsforbundet presiserer behovet for å ha eit breiare perspektiv på førebygging og trakassering med fokus på menneskeverdet. For eksempel er det viktig å ha respekt for menneske uansett kva familiestruktur ein lever i. Utdanningsforbundet støttar utvalet si tilråding på dette området, men meiner arbeidet med fordel kan inkludere barnehagen og barnetrinnet i tillegg. Det er mykje merksemd rundt barn og ungdom som opplever å bli trakassert og mobba via dei elektroniske media. Skulen har ei viktig rolle når det gjeld å skape haldningar og å undervise

6 på måtar som motverkar diskriminering. Kunnskap om seksualitet, kjønnsroller, forventningar og maktkampar mellom unge kan bidra til å førebyggje kjønnsrelatert mobbing. Utdanningsforbundet meiner det er rimeleg at skulen tek ein del av ansvaret for korleis elevane skal nytte media og korleis dei kan ta vare på eigen identitet og integritet i kommunikasjonen over nett. Utdanningsforbundet støttar behovet for kunnskap for alle tilsette, og helsesystertilbodet må vere tilgjengeleg på alle skular kvar dag. Lovgrunnlaget Utvalet tilrår at det blir eit eige punkt i opplæringslova 9a om forbod mot seksuell trakassering. Utdanningsforbundet støttar utvalet i at forbod mot seksuell trakassering blir teke inn i denne paragrafen, slik at dette blir tydeleggjort. Utdanningsforbundet vil igjen påpeike at alle, uansett kjønn og bakgrunn, må få lik rett og moglegheit til å delta i demokratiet, og til å ta frie og uavhengige utdannings- og yrkesval. Slik kan vi få eit samfunn som er ope og rettferdig. Med vennleg helsing Utdanningsforbundet Vigdis Sandmo Eriksen seksjonssjef May-Britt Heimsæter seniorkonsulent Kopi: Unio